Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

90-årig historieforteljar og munnspelar sentral i flott julefest!

28.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Trygve Haugland gav festlyden eit flott ekstrainnslag då han trekte fram munnspelet.
 
Den tradisjonsrike julefesten i Vonheim vil bli hugsa ekstra godt dette året.  I tillegg til dei faste gode innslaga, bidrog 90-årige Trygve A. Haugland i to programpostar som publikum sette svært stor pris på.  Den fullsette salen fekk oppleva han både som munnspelar og som formidlar av historia til Vonheim og til denne festen.  Elles var det mykje kjekt på programmet på festen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var fullt på alle stolar då Tor Ove Haugland ønskte velkommen
 
Klikk på bilete for full storleik
Kusinene Nora og Ida les juleevangeliet.
 
Frammøtet var så godt at arrangørane sette fram ekstra stolar før Tor Ove Haugland ønskte velkommen.  Musikklaget innleia programmet med julemusikk slik dei har gjort på alle festane frå 1987.  Deretter var det klart for juleevangeliet som vart fint framført av kusinene Nora Huse Kristoffersen og Ida K. Øyjord.
 
Etter dette fekk vi eit svært interessant 'historisk kvarter'.  Tor Ove Haugland var intervjuar og bestefar hans Trygve Haugland fortalde om historia til forsamlingshuset Vonheim frå det først var stall i Sandvikjo, vidare til det fungerte som ungdomshuset Helgheim nede i bygda til det enda opp der det no står i 1934.  Han  hugsa flyttinga godt, og fortalde mellom anna at han som liten gut sat på lasset då materialane vart frakta med hest og kjerre til Haugland der huset vart bygd opp att etter 'ein dugnad til tusen'!
 
Han kunne og fortelja at han hadde høyrt at det hadde vore strid om plasseringa.  Først var det meininga at det skulle plasserast der utfloren til Steinar og Cathrine Haugland står, men då kom det protestar frå øvre delen av dalen.  Etter oppmåling vart huset plassert der det står i dag,  Tomten vart kjøpt av Kristoffer Haugland(bruket som Bjørn Egil Haugland eig i dag), og etter det Trygve hadde høyrt var det kona til læraren Andreas Haugland som betalte tomten med 500 kroner.  Det var også usemje når det kom til lovar, og det var ein ganske heit strid.  Noko av dette gjekk på om det skulle vera bedehus elle grendahus.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var svært interessant å høyra då Trygve fortalde historiske glimt i samtale med sonesonen Tor Ove
 
 
Julefestar har det vore kvart år heilt frå starten.  Trygve meiner den første var for 82 år sidan. Det var læraren som styrte med festane.  Dei starta alltid med juleevangeliet.  Han fann og alltid noko til opplesing i julehefte, og elles var det alltid mykje song.  Første tida utgjorde alltid elevane på skulen songkor.  Trygve var med alt på første festen, og han minnest då dei var 11 elevar i koret rundt 1940 og song trestemt under nemnde lærar Haugland si leiing.  Det var ikkje stopp i julefestane i krigsåra.
 
Juletregang høyrde med, og dei var ofte 3-4 ringar rundt treet.  Festen vart alltid avslutta ved at dei stod rundt treet og song siste verset av No koma Guds englar.
 
Det var også andre årvisse festar i Vonheim som var svært mykje brukt første tida, - m.a. haustfestar.  I den samanheng kunne han fortelja at sidan det ikkje var kjøkken, måtte dei ty til naboane når dei skulle mat.  Då vart det kokt på Heio, og så vart maten boren i store gryter.
 
Dei frammøtte fekk ei svært interessann historiestund krydra med artige små opplevingar gjennom åra.  I tillegg til at det var svært interessant å høyra på Trygve, vil eg og framheva barnebarnet Tor Ove som kom svært godt frå rolla som godt førebudd intervjuar.
 
Søstrene Sunniva og Karoline hadde kjekke selskapsleikar.
 
Jentene vann over gutane i den spennande stafetten skoleiken
Etter dette var det ungdommane som tok seg av neste programinnslag.  Sjølvsagt høyrde dei kjekke selskapsleikane med.  Med stødig hand styrde søstrene Sunniva og Karoline Ersland Myklebust publikum gjennom tre kjekke leikar.  God underhaldning og konkurranseinstinktet kom tydeleg fram både hos unge og eldre i både skoleiken, finneleiken og då dei skulle konkurrera om å vera raskast å få isbitar til å tina.  
 
 
Nissen vart møtt med munnspelmusikk då han kom med pakkar til barna.
 
Før det vart matøkt, fekk vi eit skikkeleg bonusinnslag.  Trygve A. Haugland hadde teke med seg munnspelet og viste til fulle at han ikkje hadde gløymt gamle kunster frå då han ofte spela til turdansar i Helgheim i krigsåra og åra som fulgte.  Han opna med Glade jul før han fulgte opp med gammal reinlendar.  Ekstranummer vart forlangt, og  då trylla han fram Dansen på måkeskjer.  Det var nok mange i salen som hadde lyst å ta seg ein svingom då!  I det han var ferdig, kom nissen inn døra, og då slo 90-åringen like godt til med På låven sitter nissen.  Tenk dåke den julestemninga!!!
 
Etter programmet var det som vanleg klart for matøkt før det vart avslutta med gang rundt juletreet.  
 
Etter å ha vore på rundt 30 juletrefestar i Vonheim, kan eg slå fast at denne tradisjonen lever vidare i beste velgåande.  Ja, forma er stigande, og etter årets fest å dømma, er den på veg mot nye høgder!!
 
 
 
Uskedal musikklag har spelt på Vonheimsfesten dei 32 siste åra.
 
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
25.03.2019
Presisering til notis om Elveeigarlaget.
Noverande styre fungerer fram til ny organisasjon med nye vedtekter er på plass. Ei arbeidsgruppe startar arbeidet alt i morgon, tysdag 26. mars, med sitt fyrste planmøte. Det er eit hastearbeid som må gjerast for å tilpassa drifta slik det offentlege og forvaltninga krev. Med bakgrunn i framlegg frå arbeidsgruppa vert det kalla inn til omframt årsmøte.

kb
25.03.2019
Styret i Elveeigarlaget tok attval.
Etter årsmøte i Elveeigarlaget sist fredag held styret fram med sine oppgåver. Leiar er Trond Lekva Myklebust. Styremedlemer: Kjetil Fossheim, Tor Jarle Kjærland og Jostein Almås. Varamedlem: Geir Enes. Rekneskapsførar: Lars Haugland. 

kb
23.03.2019
Deltar i solist og korpskonkurranse i helga.
Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk deltar i korpskonkurransen Hordablæsten i helga.  Dei deltar i 3.divisjon der det er 12 korps.  Dei speler søndag. To av musikarane deltar også i solistkonkurransen.  Det er Nils Rainer Vågen, euphonium, frå USM(f. 2003) og Maren R. Grøtte frå RSK, kornett/trompet, (f.2001).  Solistkonkurransen går lørdag.  Nils Rainer skal spele Pie Jesu(Loyd Webber) og Nocturne(Løvland), og han går på scenen 18.20.  Han skal konkurrera med 31 andre, m.a. stortalentet Frøya Hoen Tjore.  Maren skal spele Grand Fantasia(Hartmann). I hennar klasse er det 22 deltakarar, og blant dei er det fleire som allereie har markert seg som musikarar.  Vi ønskjer dei lukke til!

tid
21.03.2019
Innsamlinga til Ukraina, måndag 1. april.
Den store innsamlingsdagen for å fylla opp traileren til Korosten i Ukraina er måndag 1. april. Nøyaktig innsamlingsrute i Kvinnherad vert kunngjort seinare. Men alt no kan vi ta fram kle, sko, leiker m.m. og pakka i sekker. Maks last er 90 kubikkmeter.

kb
21.03.2019
Cafe Hylleblomen opnar 12. april i Skålagato.
Elins Matgleder melder på Facebook at Cafe Hylleblomen opnar fredag 12. april kl. 10 i Skålagato.Uskdalen.no har før hatt innlegg med bilete frå oppussinga og arbeidet med klargjering. Mest vegg i vegg med kafeen ligg Restaurant Fiolen.

kb
20.03.2019
Stig Berge-Soldal er søkjar til rektorstilling på Husnes ungdomsskule.
Stig Berge-Soldal er ein av fem søkjarar til rektorstillinga på Husnes ungdomsskule. Han er for tida skuleleiar på Uskedal skule. Lilli Britt Urheim, som tidlegare var  rektor i Uskedalen, har nokre år vore rektor på Husnes før ho no vert leiar på Hatlestrand.

kb
20.03.2019
Attval på styre i Idrettslaget.
Uskedal Idrettslag hadde årsmøte i går kveld. Dei i styret som var på val, tok attval. Idrettslaget kan syna til ei stabil drift med gode trenarar og instruktørar. Styret er: Chris Fossli ( leiar ), Helene Huse Bjørnebøle, Lars Haugland, Geir Enes, Per Korsvold og Håvard Lunde.

kb
19.03.2019
Stig Framnes gjekk Skøytebirken på fredag.
Stig Framnes frå Uskedalen/Oslo gjekk Birkebeinarrennet på fredag. Det var den såkalla Skøytebirken, ikkje det ordinære skirennet vi kjenner frå før. Skilnaden er at ein skøytar og at rennet går dagen før hovudrennet. Traseen og lengda ( 54 km ) er den same. Så langt vi kjenner til, var Stig Framnes den einaste deltakaren frå Uskedalen i år.

kb
18.03.2019
Uskedal Trelastlager vert seld.
Det er i dag gjort kjend at den tradisjonsrike verksemda Uskedal Trelastlager vert lagt ut for sal. Uskedal Trelastlager med eigar Tørres Myklebust starta trelasthandel på Eikelandet i 1929. Uskedal Trelastlager har vore i samanhangande drift i ein og same familie over fire generasjonar. Finn Guddal er dagleg leiar i dag. Meir informasjon kjem seinare.

kb
18.03.2019
Sau og Geit møte i kveld kl 19.30 i Gamleskulen.
Kvinnherad Sau og Geit inviterer til møte i kveld, måndag 18. mars, kl. 19.30 i Gamleskulen. Arne Oftedal frå Mattilsynet vert med. Han vil orientera om ny dyrevelferdslov. Veterinær Svein Rimestad informerer om den føreståande lamminga. Det vert også innlegg av Janne Alsaker.

kb
Siste Nyhende
25.03.2019
Storfint handverkarbesøk på Bygdetunet Rød og Bøkkeren.
På laurdag gjesta seks handverkarar Bygdetunet Rød og Bøkkerverkstaden. Handverkarar var samla i Kvinnherad på kurs i lagging med Knut E. Skåla som instruktør. Inger Smedsmo frå Dokumentasjonssenteret på Maihaugen på Lillehammer var med på samlinga. På Rød fekk deltakarane sjå lagga og fletta gjenstandar. På Bøkkerverkstaden fekk alle innsyn i bøkkerfaget.
25.03.2019
Frå russisk og tsjekkisk musikk til Troldhaugens Brullupsmarsj
Det var ein sjeldan vakker konsert med stor variasjon vi fekk vera på i kyrkja sundag kveld. Med tre profesjonelle musikarar på internasjonalt nivå og syskena Avrora ( 5 år ) og Artur ( 7 år ) Zimin, vart konserten spesiell og minnerik. Klassisk konsert med innslag av jazz er ikkje noko vi høyrer så ofte i Uskedalen. Soknerådet med Thor Inge Døssland i spissen var tilskipar, eit godt val i ein konsert med sikker regi og presis gjennomføring.
24.03.2019
Pettersutstilling har med motiv frå Uskedalen.
Neste helg har Ingvar Pettersen ( f. 1949 ) utstilling i Grendahuset i Herøysundet, laurdag og sundag, kvar dag frå kl. 14 til kl. 17. Av 25 bilete er det fire motiv frå Uskedalen. Bileta syner natur- og kulturlandskap med fjellmotiv av Ulvanoso og Fjellandsbøvatn. Eit anna motiv er frå Vodlen med gavlabåten Fjordmann på Storsund. Bileta er innramma og har ein pris frå kr. 1.000,- og oppover.
23.03.2019
Godt elvefiske i 2018 trass lite vatn og stenging.
Fangststatistikken i Elveeigarlaget for 2018 syner at det har vore eit relativt godt fiske i Uskedalselva trass i lite vatn og stenging i store deler av sesongen. Det vart seld 220 døgnkort til ein pris til kr. 375,- pr. stk. Trond Lekva Myklebust har vore leiar. Med seg i styret har han hatt: Kjetil Fossheim, Tor Jarle Kjærland, Lars Haugland ( kassastyrar ) og Jostein Almås. Varamedlem: Geir Enes. Det har ikkje vore ordinært styremøte anna enn kontakt på telefon og e-post.
22.03.2019
Nydyrking på Haugland - treng meir massar.
Det er mykje dyrking i Uskedalen for tida, både på Rød, i Friheim og på Haugland. Det som var tre mindre stykke på Haugland vert no lagt ut, planert og dyrka opp til ny slåttemark. Lars Haugland og sønene Johannes og Øystein gjer jobben. Arealet høyrer til gardsnumer 125, bruk 7. Eigar er Margot Haugland. Det nye stykke er målt opp til 10 dekar.
21.03.2019
Betre og fornya turstiskilting.
I regi av det kommunale Turstiprosjektet vert alle skilt fornya og bytte ut. Til no har det på mange plassar vore treskilt som har synt vegen til fjells frå startpunkta nede i dalen. Ein vil framleis bruka treskilta i lia og på fjellet. På sikt vert alt bytt ut med nye standard skilt. Steinar Haugland i Turgruppa fortel at ein kvar vår går over og ser til at all skilting er på plass.
20.03.2019
Vil ny eigar halda fram med trelast- og byggevarer i Uskedalen ?
Det vart i denne veka gjort kjend at eigarane sel aksjane sine i Uskedalen Trelastlager AS. Ei samanhangde drift sidan opninga i 1929 på Eikelandet går dermed mot slutten. Uskedal Trelastlager har i 90 år vore ei solid verksemd med stor tillit i markedet. Varemerke deira har vore kvalitet, nærhet og fagkunnskap. Mange vil sakna den drifta familien har stått for. Difor knyter det seg store forventningar til om ny eigar held fram med trelasthandel i Uskedalen.
20.03.2019
Søndag vert det ei skikkeleg flott konsertoppleving i Uskedalen!
Det ligg an til ei særdeles flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge, men musikalske gjester, i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.  Etter å ha fått med meg glimt frå øvingane, kan eg lova topp innslag både frå dei tre professjonelle musikarane og frå dei to usedvanleg flinke og sjarmerande barna.
19.03.2019
Flink ungdom sel VG og tener sine eigne pengar.
Oliver Enes og Fredrik Simensen Haugland, begge snart 14 år, ligg ikkje på latsida i helgane. Dei ynskjer å spara og tena sine eigne pengar. Det vert gjort slik at Fredrik sel VG på laurdagane, Oliver på sundagane. Det er lausal og avisa vert levert på døra til dei som melder frå. Restopplaget vert selde til dei ein går på døra til. Oliver har alt vore aktiv ei tid. Fredrik fekk innsyn i jobben sist sundag. Han reknar med å vera klar innan kort tid.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS