Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Klart for den mest tradisjonsrike julefesten i Uskedalen.

25.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Dei frammøtte kosar seg alltid på juletrefestane i Vonheim.
 
For nokre tiår sidan var det tett mellom dei tradisjonelle julefestane her i bygda.  Seinare har ein etter ein falle frå, men fjerdedagsfesten i Vonheim på Haugland held stand!  Denne festen i forsamlingshuset for Haugland og Musland er utvilsomt den mest tradisjonsrike julefesten som vert arrangert i bygda, og framleis er den så populær at den samlar fullt hus.  På festen i år får vi høyra glimt frå denne festen si lange historie.
 
Klikk på bilete for full storleik
Julenissen likar så godt den spesielle kontakten med barna på denne festen.
 
Festen er kvart år bygd etter same ramma.  På programmet er det alltid julemusikk, opplesing, leikar og andre programinnslag som første del av festen.  Etter det er det matøkt der alle kosar seg med medbrakte godsaker og kaffi.  Barna pleier å få utdelt brus. Dette føregår i matsalen i kjellaretasjen, og under denne økta vert det ofte besøk av nissen.  Ryktet seier at julenissen likar seg så godt på denne festen at han vil ta turen også i år.  - Eg får så utruleg fin kontakt med borna på denne festen, har julenissen uttalt om dette.

Etter matøkta vert festen avslutta med gang rundt juletreet.  Det er verkeleg julestemning når dei gode og velkjende julesongane og juleleikane tonar frå den glade gjengen som omkransar juletreet.

 
Vonheims-festen vart for første gong arrangert midt på 1930-talet, altså kort tid etter at forsamlingshuset var klart til bruk i 1934.  Trygve A. Haugland(90 år) er nok den som har vore på flest julefestar i Vonheim.  På festen i år vil han i eit samtaleinnslag gje festlyden glimt frå korleis han har opplevt denne tradisjonsrike festen gjennom meir enn 80 år, frå han var liten gut.  Dette blir nok svært interessant!
 
Tor Ove Haugland, i styret for Vonheim, lovar elles ein skikkeleg juletrefest etter den faste leisten også i år.  Fjerde juledag(28.12.) kl.16.30 opnar festen med ei lita konsertavdeling med Uskedal musikklag slik det har vore på alle dei 31 siste føregåande festane.  Sjølvsagt er det julemusikk på programmet, og dei vil m.a. spele Holly Jolly Christmas og Sonjas song frå Reisen til julestjernen.  Dei avsluttar som alltid med ein kjend julesong der festlyden syng med.  Elles lovar Tor Ove både opplesing og selskapsleikar som får stemningen til å gå i taket.  
 
Programmet er på altså plass, og det vert heilt sikkert ei kjekk julestund i Vonheim frå klokka halv fem og eit par timar utover fjerde juledag.  Til denne festen pleier folk i krinsen mest gå mann av huse, og i tillegg kjem ein del andre med ei eller anna form for tilknyting.  Ei flott juleoppleving er det!!
 
 
Selskapsleikane er alltid populære både blant barn og vaksne.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto frå festane 2015, 2016 og 2017: Thor Inge Døssland
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.06.2019
Ikkje allsong på Kafe Tiaren i morgon.
Grunna ferietur vert det ikkje Allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag 25. juni. Straks Rustne Menn er samla, vert det funne ny dato for neste allsong.

kb
24.06.2019
Treng to personar ekstra til rigging onsdag frå kl. 11.
Riggegruppa treng to personar ekstra på onsdag frå kl. 11 til kl. 16. I tilegg treng ein ein person i riggegruppa frå kl. 16 til kl. 23. Meld dykk til Lene Gjuvsland Skjelnes på Festidalen si heimeside eller på Facebook. Må vera over 18 år.

kb
23.06.2019
Hesjedugnad på Dønhaug tysdag kl. 17.
Det vert hesjedugnad på Dønhaug tysdag 25. juni kl. 17. Ta med rive. Alle er velkomne til å vera med på ein sosial aktivitet, i tillegg at du er med på å skapa eit triveleg festivalområde.

kb
23.06.2019
Scora 2 i Obos-ligaen.
Viking-spelar Harald Nilsen Tangen er for tida på utlån til Obos-jumbo Tromsdalen saman med 2 andre Viking-ungdommar. I dag var han tilbake på heimlege trakter då TUIL møtte Sandnes Ulf. Harald kom inn like før pause, og han sette verkeleg sitt preg på kampen. Han utlikna Sandnes-leiinga to ganger, men likevel vart det 3-2 tap mot Sandnes-laget som er tippa i øvre skikt på tabellen.

tid
23.06.2019
G12 ballgutar på Viking/BodøGlimt kamp sundag kveld.
Gutar 12 frå Uskedalen er i Stavanger og får vera med på Viking/BodøGlimt kamp på Viking stadion. Dei har fått det ærefulle oppdraget i å vera ballgutar. Til opninga bar dei inn flagget. Meir informasjon kjem i eige innlegg. Trond Mykleust er trenar for laget. Lars Johan Myklebust er kontaktperson overfor Viking.

kb
23.06.2019
Gudstenesta i kveld går ut.
Grunna sjukdom vert det ikkje gudsteneste i Uskedal kyrkje i kveld. Det er Prosten i Sunnhordland som melder frå om dette. Til dei som les Uskedalen.no: Meld frå til dei som ikkje er på nettet. At ei gudsteneste vert avlyst på denne måten, vert kalla messefall. Ikkje gudsteneste slik det var tillyst i kveld, sundag 23. juni kl. 19.30.

kb



22.06.2019
To uskedalselevar fekk målpris.
Redaksjonen gjer merksam på at det var to uskedalselevar frå kvar sin 10. klasse som fekk målpris frå Kvinnherad Mållag. Innlegget skrive hin dagen er korrigert og retta. Heider og ros går til Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit.

Red.
19.06.2019
Det sig på med frivillige til Festidalen.
Lene Gjuvsland Skjelnes melder at det aukar på med frvillige til Festidalen. Gode oppslag og delingar på Facebook har hjelpt på. Men: Festidalen treng enno frivillige på laurdagen. Gå inn på Festidalen si heimeside og meld dykk på.

kb
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
Siste Nyhende
25.06.2019
Gunnar Haugland er blind - er inne på uskedalen.no kvar dag.
Gunnar Haugland frå Klammeren i Uskedalen har sidan 1957 budd på Rubbestadneset og hadde arbeidet sitt på Wichmann Motorfabrikk som driftsassistent og planleggjar for hovud- og delmontering fram til 1986. Ein augesjukdom førte til at han vart sterkt synshemma og til slutt blind. Kvar dag er han inne på nettsida Uskedalen.no og røysta til ein med namnet Olav les teksten. Den same ordninga gjeld for Haugesund Avis og Bergen Arbeidarblad. Han har database med namna på alle i familien og dato for dato les ei røyst namnet på den som har fødselsdag med rett alder.
24.06.2019
Kvinnherad Turlag vart tildelt kr. 75.000,- frå SR-bank stiftinga.
Kvinnherad Turlag ved styreleiar Kjell Yri og kasserar Klara Bakke vart på SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad si samling på fredag tildelt kr. 75.000,- . Løyvinga skal brukast til generelt arbeid med å fremja eit naturvenleg og trygt friluftsliv i Kvinnherad kommune. Tildelinga omfatta også Valen sjukehus/Valenstiftinga som fekk ein lik sum til kjøp av båt med påhengsmotor.
24.06.2019
Pyntegruppa gjer jobben sin.
Pyntegruppa med Gina Berge-Soldal i spissen gjer jobben i år også. Tema er eit landleg liv med bonden og familien hans i arbeid. Alt på Syne på Rød møter du det som kan vera Mannen med ljåen. På Nedre Fet ved avkøyrsla til Døssland vert vi kjende med heile familien. Ein av dei mange veterantraktoren til far og son Olsen er på plass.
23.06.2019
Nytt opplag og nye historiar om dokter Haugen.
Boka om dokter Haugen har selt svært godt både i og utanom Kvinnherad, melder boknemnda. Per i dag er det ikkje fleire bøker på lager, og det vil difor koma eit nytt opplag med mindre endringar og rettingar. Venteleg vil 2. opplaget bli ferdig i løpet av sommaren. I mellomtida blir det arbeidd med ei nettside om dokteren, der om lag 50 nye historiar om han vil bli publiserte. Kjem det endå fleire historiar inn, vil desse òg koma på nettsida.
23.06.2019
Festivalcampen vert rigga og klargjort.
Arbeidet med klargjering og rigging av Festivalcampen er i full gang. Ansvarlege i år som i fjor er Eirik Kvindesland og Johan Nærøy frå Stavanger. Campen er på same område nede ved elva. Målet er å skapa god festivalstemning i eit trygt og triveleg miljø. Johan Nærøy framhevar den vakre naturen i Uskedalen og heile atmosfæren rundt dette med Festidalen.
22.06.2019
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit fekk pris for god målbruk.
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit i kvar sine avgangsklassar vart på avslutningsfesten på Rosendal ungdomsskule i går tildelt målprisen for god målbruk. Det er Kvinnherad mållag som kvart år deler ut ein symbolsk mållagspris til den beste nynorskbrukaren i 10. klassane på ungdomsskulane Øyatun, Husnes og Rosendal. Styremedlem i Kvinnherad mållag, Gaute Lund, sa fram helsing og overrekte Saima og Joacim gåvekort.
21.06.2019
Eit stort steg for realisering av Noregs høgaste klatretårn i Uskedalen.
På eit ekstra tildelingsmøte i SpareBank 1- stiftinga i dag vart Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa løyvd 2 mill. kr til det som kan verta Noregs høgaste klatretårn. Steinar Haugland, Chris Fossli og Vigdis Gammelsæther presenterte prosjektet som har eit liknande tårn i Åndalsnes som modell.
20.06.2019
Kan Midtsumarskonserten bli ein tradisjon i Uskedalen ?
Enno ein vellukka Midtsumarskonsert med GLIMRAH i Uskedalen gjer at mange tenkjer: Kan dette bli ein årleg konsert lagt til Uskedalen og ungdomshuset Helgheim. Musikalsk leiar, Maria Malmsten og dei fem andre medlemene er godt nøgde med framføringa og ikkje minst med den gode publikumstilstrøyminga med nær på 70 tilhøyrarar.
19.06.2019
Patruljehunden MALVIN går av for aldersgrense.
Politi- og patruljehunden MALVIN vert teken ut av viktige oppdrag, etter sju år i teneste for Politiet i Haugesund. Hundeførar og eigar er Elisabeth Eidsvik frå Uskedalen. MALVIN er av typen Malinoies og kjem eigentleg frå Bjoa i Vindafjord kommune. Elisabeth Eidsvik og hunden hennar har vore involvert i mange krevjande og risikofylte oppdrag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS