Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Julehelsing frå ordføraren jula 2018.

23.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
 
Kjære Kvinnheringar! Julefreden er i ferd med å senka seg, og rundt oss ser vi snø på fjella og stjerner på himmelen.

Det er ei vakker tid vi no går inn i. Ei tid der vi kjem saman med slekt og vener, gler oss over gåver og deler gode måltid. Det er viktig å vera tilstades og nyta augneblinka der vi for ei lita stund legg kvardagen til side.
 
Året 2018 er i ferd med å ebba ut, og vi ser attende på eit år med mange positive hendingar i Kvinnherad. For meg som ordførar har det vore gildt å vera med på opning av store prosjekt, og eg vil trekka fram opninga av det nye Rosendalstunet, Opsangervegen og den nye vegen gjennom Lundsneset. Det er viktig at vegane er trygge å ferdast på, men det er også viktig at det er fint og triveleg rundt oss. Kvinnherad kommune vil i 2019 og i åra som kjem gjera meir for å løfta sentrumsområda og trygga vegane våre. Eit anna viktig prosjekt i det nye året vil vera realisering av ny idrettshall. Dette er eit prosjekt som vil komma heile kommunen til nytte, og eg ser fram mot ei realisering som vil vera særleg positiv for barn og unge.

For ein ordførar er det alltid stas å opna nye vegar og bygg, men det eg synes er aller mest stas med å vera ordførar, er møte med enkeltmenneska. Etter året som har gått sitt eg att med mange fine og sterke inntrykk etter møte med kvinnheringar i alle aldrar. Kvinnheringane er eit gildt og ope folkeslag, og eg vil takka dykk for at eg alltid blir tatt så godt i mot der eg ferdast. Som ordførar får ein vera med på både gleder og sorger, noko som sett djupe spor når eg no sjølv ser attende på året som har gått.

Spesielt inntrykk gjev det å møta menneske med sterkt engasjement for andre. Dette er unikt innan idretten. Hanne Larsen i TRIO er eit engasjert menneske som verkeleg har gjort inntrykk på meg. Saman med fleire andre står ho på, og legg ned tallause timar for barn og unge. Eg vil også trekka fram Svein Åge Vangdal og innsatsen han med fleire legg ned for idrettslaget Strand-Ulv. Arvid Næs er ein institusjon i Rosendalsidretten, og på Halsnøy er idrettslaget med Richard Erlandsen i spissen no i ferd med å reisa eit nytt, flott klubbhus. Valeparken, Erslandsparken og den nye aktivitetsparken i Uskedalen er døme på innsats frå menneske med engasjement for andre. Det er kjekt å sjå korleis aktive idrettslag gir levande bygder.

Det frivillige livet i Kvinnherad er rikt på alle område. Mange kvinnheringar engasjerer seg i tilrettelegging for friluftsliv gjennom Kvinnherad Turlag. Turlaget er ei samlande folkerørsle for heile kommunen, og feira i 2018 sitt 20-årsjubileum. Takk og til alle som gjennom bygdalag og velforeiningar står på og skapar samhald og trivnad i bygdene. Ei varm helsing vil eg senda til alle som arbeider frivillig for eldre både i lokalsamfunnet og på institusjon. Velferdssamfunnet er ikkje berre det offentlege, vi er heilt avhengige av dei frivillige for å kunna gje innbyggarane den velferden dei fortener.

Eg vert bevega når eg møter menneske med utviklingshemming og deira næraste. Dette viser meg at mangfaldet blant oss er noko av det aller beste vi har. I januar vart eg invitert i 50-årsdag til Gro Natvik. Ho bur i bufellesskapen i Kaldanesvegen. Livsgleda og varmen som var i dette selskapet vil eg aldri gløyma, og eg ser attende på dette som eit av mine finaste minne frå 2018.

Fint er det også å vera på besøk på institusjonar der eldre er saman med sine næraste, og eg får sjå korleis familieband er sterke frå dei aller eldste til dei aller yngste. Det er også gledeleg å sjå det gode arbeidet som våre tilsette i omsorgstenestene legg ned for å gje sine pasientar ein god kvardag. I år vil eg trekka fram sjukepleiar Åshild Lygre ved Rosendalstunet, som på eiga fritid tok med seg bebuarar ved sjukeheimen på konsert i Baroniet. Vi er heldige som har slike medarbeidarar i Kvinnherad kommune.

Året 2018 gav mange gledesstunder. Takk til lokale krefter som arrangerer til dømes konsertar, revyar, jubileumsfestar, festivalar og meir til. Vi treng slike opplevingar i kvardagen, og det er av stor verdi for oss alle at nokon stiller opp og skipar til eit høgt tal varierte arrangement. Takk også til alle som stiller opp som publikum. Det er ved å delta vi best kan takka dei som skipar til. Å støtta opp om lokale arrangement ved sjølv å delta er også eit viktig bidrag til at ein kan halda fram med slike. Eit godt døme og fint minne frå 2018 er Pink Floyd-prosjektet som vart arrangert i Kulturhuset Husnes, og som vi no kan gle oss over å få oppleva også neste år.

Juletida kjenner vi som ei tid for hygge og fellesskap. Mange opplever likevel at juletida er ei tid der kjensler som sakn, sorg og einsemd blir forsterka.

Nokon feirar jul der ein av stolane rundt bordet for første gong står tom. Eg tenker denne jula spesielt på dei som har mista sine kjære i ulukker eller kreftsjukdom.

Nokon vil vera einsame av ulike grunnar, og nokon kan oppleva sorg som følge av vanskar med rus eller økonomisk uføre. I denne tida tenker eg særleg på dykk. Eg ynskjer at alle som opplever juletida vanskeleg vil finna håp og trøyst.

Vi lever i ei tid der Kvinnheradsamfunnet er prega av optimisme og framtidstru. Arbeidsløysa er låg, og næringslivet melder om betre tider og gode framtidsutsikter. Dette gjev tryggleik for arbeidsplassar, hus og heim, og det skapar vilje til å satsa på ei framtid i Kvinnherad. Eg vil takka alle som tør å satsa, og som tek risiko for å skapa arbeid til seg sjølv og andre. Nye etableringar bidreg til fleire tilbod for alle som bur her. Dette er med på å skapa levande lokalsamfunn i heile Kvinnherad. Eg håpar 2019 vil bli eit godt år for alle som arbeider og driv næring i Kvinnherad.

Eg vil nytta høvet til å helsa alle som i julehelga er på arbeid og held samfunnet i gong når dei fleste får nyta lange og gode fridagar. Takk for at de stiller opp, slik at alle kan kjenna seg trygge på at helsevesen, beredskap og naudsynte tenester er tilgjengelege gjennom heile juletida.

Når vi no går inn i det nye året, går vi også inn i det siste året av denne valperioden. Eg vil takka for at eg har fått vera dykkar ordførar dei siste åra. Det har vore eit stort privilegium å få vera den øvste tillitsvalde i kommunen, og når veljarane i september neste år skal seia sitt, vil eg uansett utfall av det vera djupt takksam.

Lat oss saman gå inn i julehøgtida med påminning om at lyset som vart tent i Betlehem for over to tusen år sidan alltid vil skina for oss alle.

Eg ynskjer dykk alle ei strålande jul, og eit godt nytt år!


Helsing
Peder Sjo Slettebø
ordførar.
 
Nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.06.2019
Ikkje allsong på Kafe Tiaren i morgon.
Grunna ferietur vert det ikkje Allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag 25. juni. Straks Rustne Menn er samla, vert det funne ny dato for neste allsong.

kb
24.06.2019
Treng to personar ekstra til rigging onsdag frå kl. 11.
Riggegruppa treng to personar ekstra på onsdag frå kl. 11 til kl. 16. I tilegg treng ein ein person i riggegruppa frå kl. 16 til kl. 23. Meld dykk til Lene Gjuvsland Skjelnes på Festidalen si heimeside eller på Facebook. Må vera over 18 år.

kb
23.06.2019
Hesjedugnad på Dønhaug tysdag kl. 17.
Det vert hesjedugnad på Dønhaug tysdag 25. juni kl. 17. Ta med rive. Alle er velkomne til å vera med på ein sosial aktivitet, i tillegg at du er med på å skapa eit triveleg festivalområde.

kb
23.06.2019
Scora 2 i Obos-ligaen.
Viking-spelar Harald Nilsen Tangen er for tida på utlån til Obos-jumbo Tromsdalen saman med 2 andre Viking-ungdommar. I dag var han tilbake på heimlege trakter då TUIL møtte Sandnes Ulf. Harald kom inn like før pause, og han sette verkeleg sitt preg på kampen. Han utlikna Sandnes-leiinga to ganger, men likevel vart det 3-2 tap mot Sandnes-laget som er tippa i øvre skikt på tabellen.

tid
23.06.2019
G12 ballgutar på Viking/BodøGlimt kamp sundag kveld.
Gutar 12 frå Uskedalen er i Stavanger og får vera med på Viking/BodøGlimt kamp på Viking stadion. Dei har fått det ærefulle oppdraget i å vera ballgutar. Til opninga bar dei inn flagget. Meir informasjon kjem i eige innlegg. Trond Mykleust er trenar for laget. Lars Johan Myklebust er kontaktperson overfor Viking.

kb
23.06.2019
Gudstenesta i kveld går ut.
Grunna sjukdom vert det ikkje gudsteneste i Uskedal kyrkje i kveld. Det er Prosten i Sunnhordland som melder frå om dette. Til dei som les Uskedalen.no: Meld frå til dei som ikkje er på nettet. At ei gudsteneste vert avlyst på denne måten, vert kalla messefall. Ikkje gudsteneste slik det var tillyst i kveld, sundag 23. juni kl. 19.30.

kb



22.06.2019
To uskedalselevar fekk målpris.
Redaksjonen gjer merksam på at det var to uskedalselevar frå kvar sin 10. klasse som fekk målpris frå Kvinnherad Mållag. Innlegget skrive hin dagen er korrigert og retta. Heider og ros går til Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit.

Red.
19.06.2019
Det sig på med frivillige til Festidalen.
Lene Gjuvsland Skjelnes melder at det aukar på med frvillige til Festidalen. Gode oppslag og delingar på Facebook har hjelpt på. Men: Festidalen treng enno frivillige på laurdagen. Gå inn på Festidalen si heimeside og meld dykk på.

kb
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
Siste Nyhende
25.06.2019
Gunnar Haugland er blind - er inne på uskedalen.no kvar dag.
Gunnar Haugland frå Klammeren i Uskedalen har sidan 1957 budd på Rubbestadneset og hadde arbeidet sitt på Wichmann Motorfabrikk som driftsassistent og planleggjar for hovud- og delmontering fram til 1986. Ein augesjukdom førte til at han vart sterkt synshemma og til slutt blind. Kvar dag er han inne på nettsida Uskedalen.no og røysta til ein med namnet Olav les teksten. Den same ordninga gjeld for Haugesund Avis og Bergen Arbeidarblad. Han har database med namna på alle i familien og dato for dato les ei røyst namnet på den som har fødselsdag med rett alder.
24.06.2019
Kvinnherad Turlag vart tildelt kr. 75.000,- frå SR-bank stiftinga.
Kvinnherad Turlag ved styreleiar Kjell Yri og kasserar Klara Bakke vart på SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad si samling på fredag tildelt kr. 75.000,- . Løyvinga skal brukast til generelt arbeid med å fremja eit naturvenleg og trygt friluftsliv i Kvinnherad kommune. Tildelinga omfatta også Valen sjukehus/Valenstiftinga som fekk ein lik sum til kjøp av båt med påhengsmotor.
24.06.2019
Pyntegruppa gjer jobben sin.
Pyntegruppa med Gina Berge-Soldal i spissen gjer jobben i år også. Tema er eit landleg liv med bonden og familien hans i arbeid. Alt på Syne på Rød møter du det som kan vera Mannen med ljåen. På Nedre Fet ved avkøyrsla til Døssland vert vi kjende med heile familien. Ein av dei mange veterantraktoren til far og son Olsen er på plass.
23.06.2019
Nytt opplag og nye historiar om dokter Haugen.
Boka om dokter Haugen har selt svært godt både i og utanom Kvinnherad, melder boknemnda. Per i dag er det ikkje fleire bøker på lager, og det vil difor koma eit nytt opplag med mindre endringar og rettingar. Venteleg vil 2. opplaget bli ferdig i løpet av sommaren. I mellomtida blir det arbeidd med ei nettside om dokteren, der om lag 50 nye historiar om han vil bli publiserte. Kjem det endå fleire historiar inn, vil desse òg koma på nettsida.
23.06.2019
Festivalcampen vert rigga og klargjort.
Arbeidet med klargjering og rigging av Festivalcampen er i full gang. Ansvarlege i år som i fjor er Eirik Kvindesland og Johan Nærøy frå Stavanger. Campen er på same område nede ved elva. Målet er å skapa god festivalstemning i eit trygt og triveleg miljø. Johan Nærøy framhevar den vakre naturen i Uskedalen og heile atmosfæren rundt dette med Festidalen.
22.06.2019
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit fekk pris for god målbruk.
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit i kvar sine avgangsklassar vart på avslutningsfesten på Rosendal ungdomsskule i går tildelt målprisen for god målbruk. Det er Kvinnherad mållag som kvart år deler ut ein symbolsk mållagspris til den beste nynorskbrukaren i 10. klassane på ungdomsskulane Øyatun, Husnes og Rosendal. Styremedlem i Kvinnherad mållag, Gaute Lund, sa fram helsing og overrekte Saima og Joacim gåvekort.
21.06.2019
Eit stort steg for realisering av Noregs høgaste klatretårn i Uskedalen.
På eit ekstra tildelingsmøte i SpareBank 1- stiftinga i dag vart Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa løyvd 2 mill. kr til det som kan verta Noregs høgaste klatretårn. Steinar Haugland, Chris Fossli og Vigdis Gammelsæther presenterte prosjektet som har eit liknande tårn i Åndalsnes som modell.
20.06.2019
Kan Midtsumarskonserten bli ein tradisjon i Uskedalen ?
Enno ein vellukka Midtsumarskonsert med GLIMRAH i Uskedalen gjer at mange tenkjer: Kan dette bli ein årleg konsert lagt til Uskedalen og ungdomshuset Helgheim. Musikalsk leiar, Maria Malmsten og dei fem andre medlemene er godt nøgde med framføringa og ikkje minst med den gode publikumstilstrøyminga med nær på 70 tilhøyrarar.
19.06.2019
Patruljehunden MALVIN går av for aldersgrense.
Politi- og patruljehunden MALVIN vert teken ut av viktige oppdrag, etter sju år i teneste for Politiet i Haugesund. Hundeførar og eigar er Elisabeth Eidsvik frå Uskedalen. MALVIN er av typen Malinoies og kjem eigentleg frå Bjoa i Vindafjord kommune. Elisabeth Eidsvik og hunden hennar har vore involvert i mange krevjande og risikofylte oppdrag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS