Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Helselaget var med på Frivilligsamling på Rosendalstunet

20.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
Astri Haugse og Marit Hauge saman med Eli Roseth Eik var med på førjulssamlinga på Rosendalstunet.
 
Uskedal Helselag var måndag i denne veka på frivilligsamling på Rosendalstunet. Verksemdleiar, Leif Kongestøl, helsa 25 frivillige velkomne til førsjulestreff. Av desse kom tre deltakarar frå Uskedalen, Marit Hauge, Astri Haugse og Eli Roseth Eik. Frilligkoordinator for Rosendalstunet og Heimetenester Nord, Malin Omvik,  var med på møte.
 
Frivilligkoordinatoren vil samordna alle aktivitetar. Dersom ein ynskjer å skipa til aktivitetar på tunet, eller delta i aktivitetar der,  er det ho som har oversikta. Ho vil til dømes samordna transport for dei som treng det, både til trening og Syng med oss. Dersom frivillige kan ta på seg transportteneste, vil dei få godtgjersle etter køyrde kilometer. Det er berre å melda seg som frivilig til Kongestøl eller Malin.

Loddsalet på Syng med oss har overskot. Det vil gå til velferdstiltak for bebuarane.

Det vart stilt spørsmål om Fallforebyggjande trening. Kongestøl opplyste at nokre ikkje får tilbod om slik trening avdi ein ikkje veit om dei. Dei som ynskjer å delta på slik trening, eller deira pårørande, kan ta kontakt med Kongestøl eller Malin Omvik. Fastlegane vil bli oppmoda om å orientera aktuelle pasientar  om tilbodet. 

Har ein høve til å bli besøks- eller turven, ta kontakt. Kanskje har ein eit par timar i månaden. Det vart peika på at dei frivillige treng yngre folk med. Dei langt fleste frivillige er passert 70 år. 

Bustaden i Spania har god kapasitet. Har ein lyst å prøva eit opphald der er det også Kongestøl som veit råd. Kanskje kan fleire reisa saman? Kanskje treng ein einkvan med til hjelp under reisa. Raumasol ligg like ved. Ein har tilgang til heimesjukepleie, fysioterapeut, basseng og liknande. Slike ting vil han og Malin hjelpa til med.

Gamle skjerma avdeling er  pussa opp og klar til å bli bufellesskap for 8 personar. Avdelingane på Rosendalsunet er oppkalla etter fjell. Bufellesskapet heiter Melderskin. Det vert opna i januar 2019. I februar vil også den siste avdelinga ved Rosendalstunet endeleg bli opna.

Det var ei hyggeleg stund med kaffi, blautkake og julebrød.


Tekst/foto: Eli Roseth Eik
Nett: Kristian Bringedal
 
Klikk på bilete for full storleik
Verksemdleiar Leif Kongestøl inviterte til frivilligsamling på Rosendalstunet.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.06.2019
Ikkje allsong på Kafe Tiaren i morgon.
Grunna ferietur vert det ikkje Allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag 25. juni. Straks Rustne Menn er samla, vert det funne ny dato for neste allsong.

kb
24.06.2019
Treng to personar ekstra til rigging onsdag frå kl. 11.
Riggegruppa treng to personar ekstra på onsdag frå kl. 11 til kl. 16. I tilegg treng ein ein person i riggegruppa frå kl. 16 til kl. 23. Meld dykk til Lene Gjuvsland Skjelnes på Festidalen si heimeside eller på Facebook. Må vera over 18 år.

kb
23.06.2019
Hesjedugnad på Dønhaug tysdag kl. 17.
Det vert hesjedugnad på Dønhaug tysdag 25. juni kl. 17. Ta med rive. Alle er velkomne til å vera med på ein sosial aktivitet, i tillegg at du er med på å skapa eit triveleg festivalområde.

kb
23.06.2019
Scora 2 i Obos-ligaen.
Viking-spelar Harald Nilsen Tangen er for tida på utlån til Obos-jumbo Tromsdalen saman med 2 andre Viking-ungdommar. I dag var han tilbake på heimlege trakter då TUIL møtte Sandnes Ulf. Harald kom inn like før pause, og han sette verkeleg sitt preg på kampen. Han utlikna Sandnes-leiinga to ganger, men likevel vart det 3-2 tap mot Sandnes-laget som er tippa i øvre skikt på tabellen.

tid
23.06.2019
G12 ballgutar på Viking/BodøGlimt kamp sundag kveld.
Gutar 12 frå Uskedalen er i Stavanger og får vera med på Viking/BodøGlimt kamp på Viking stadion. Dei har fått det ærefulle oppdraget i å vera ballgutar. Til opninga bar dei inn flagget. Meir informasjon kjem i eige innlegg. Trond Mykleust er trenar for laget. Lars Johan Myklebust er kontaktperson overfor Viking.

kb
23.06.2019
Gudstenesta i kveld går ut.
Grunna sjukdom vert det ikkje gudsteneste i Uskedal kyrkje i kveld. Det er Prosten i Sunnhordland som melder frå om dette. Til dei som les Uskedalen.no: Meld frå til dei som ikkje er på nettet. At ei gudsteneste vert avlyst på denne måten, vert kalla messefall. Ikkje gudsteneste slik det var tillyst i kveld, sundag 23. juni kl. 19.30.

kb



22.06.2019
To uskedalselevar fekk målpris.
Redaksjonen gjer merksam på at det var to uskedalselevar frå kvar sin 10. klasse som fekk målpris frå Kvinnherad Mållag. Innlegget skrive hin dagen er korrigert og retta. Heider og ros går til Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit.

Red.
19.06.2019
Det sig på med frivillige til Festidalen.
Lene Gjuvsland Skjelnes melder at det aukar på med frvillige til Festidalen. Gode oppslag og delingar på Facebook har hjelpt på. Men: Festidalen treng enno frivillige på laurdagen. Gå inn på Festidalen si heimeside og meld dykk på.

kb
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
Siste Nyhende
25.06.2019
Gunnar Haugland er blind - er inne på uskedalen.no kvar dag.
Gunnar Haugland frå Klammeren i Uskedalen har sidan 1957 budd på Rubbestadneset og hadde arbeidet sitt på Wichmann Motorfabrikk som driftsassistent og planleggjar for hovud- og delmontering fram til 1986. Ein augesjukdom førte til at han vart sterkt synshemma og til slutt blind. Kvar dag er han inne på nettsida Uskedalen.no og røysta til ein med namnet Olav les teksten. Den same ordninga gjeld for Haugesund Avis og Bergen Arbeidarblad. Han har database med namna på alle i familien og dato for dato les ei røyst namnet på den som har fødselsdag med rett alder.
24.06.2019
Kvinnherad Turlag vart tildelt kr. 75.000,- frå SR-bank stiftinga.
Kvinnherad Turlag ved styreleiar Kjell Yri og kasserar Klara Bakke vart på SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad si samling på fredag tildelt kr. 75.000,- . Løyvinga skal brukast til generelt arbeid med å fremja eit naturvenleg og trygt friluftsliv i Kvinnherad kommune. Tildelinga omfatta også Valen sjukehus/Valenstiftinga som fekk ein lik sum til kjøp av båt med påhengsmotor.
24.06.2019
Pyntegruppa gjer jobben sin.
Pyntegruppa med Gina Berge-Soldal i spissen gjer jobben i år også. Tema er eit landleg liv med bonden og familien hans i arbeid. Alt på Syne på Rød møter du det som kan vera Mannen med ljåen. På Nedre Fet ved avkøyrsla til Døssland vert vi kjende med heile familien. Ein av dei mange veterantraktoren til far og son Olsen er på plass.
23.06.2019
Nytt opplag og nye historiar om dokter Haugen.
Boka om dokter Haugen har selt svært godt både i og utanom Kvinnherad, melder boknemnda. Per i dag er det ikkje fleire bøker på lager, og det vil difor koma eit nytt opplag med mindre endringar og rettingar. Venteleg vil 2. opplaget bli ferdig i løpet av sommaren. I mellomtida blir det arbeidd med ei nettside om dokteren, der om lag 50 nye historiar om han vil bli publiserte. Kjem det endå fleire historiar inn, vil desse òg koma på nettsida.
23.06.2019
Festivalcampen vert rigga og klargjort.
Arbeidet med klargjering og rigging av Festivalcampen er i full gang. Ansvarlege i år som i fjor er Eirik Kvindesland og Johan Nærøy frå Stavanger. Campen er på same område nede ved elva. Målet er å skapa god festivalstemning i eit trygt og triveleg miljø. Johan Nærøy framhevar den vakre naturen i Uskedalen og heile atmosfæren rundt dette med Festidalen.
22.06.2019
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit fekk pris for god målbruk.
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit i kvar sine avgangsklassar vart på avslutningsfesten på Rosendal ungdomsskule i går tildelt målprisen for god målbruk. Det er Kvinnherad mållag som kvart år deler ut ein symbolsk mållagspris til den beste nynorskbrukaren i 10. klassane på ungdomsskulane Øyatun, Husnes og Rosendal. Styremedlem i Kvinnherad mållag, Gaute Lund, sa fram helsing og overrekte Saima og Joacim gåvekort.
21.06.2019
Eit stort steg for realisering av Noregs høgaste klatretårn i Uskedalen.
På eit ekstra tildelingsmøte i SpareBank 1- stiftinga i dag vart Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa løyvd 2 mill. kr til det som kan verta Noregs høgaste klatretårn. Steinar Haugland, Chris Fossli og Vigdis Gammelsæther presenterte prosjektet som har eit liknande tårn i Åndalsnes som modell.
20.06.2019
Kan Midtsumarskonserten bli ein tradisjon i Uskedalen ?
Enno ein vellukka Midtsumarskonsert med GLIMRAH i Uskedalen gjer at mange tenkjer: Kan dette bli ein årleg konsert lagt til Uskedalen og ungdomshuset Helgheim. Musikalsk leiar, Maria Malmsten og dei fem andre medlemene er godt nøgde med framføringa og ikkje minst med den gode publikumstilstrøyminga med nær på 70 tilhøyrarar.
19.06.2019
Patruljehunden MALVIN går av for aldersgrense.
Politi- og patruljehunden MALVIN vert teken ut av viktige oppdrag, etter sju år i teneste for Politiet i Haugesund. Hundeførar og eigar er Elisabeth Eidsvik frå Uskedalen. MALVIN er av typen Malinoies og kjem eigentleg frå Bjoa i Vindafjord kommune. Elisabeth Eidsvik og hunden hennar har vore involvert i mange krevjande og risikofylte oppdrag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS