Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Filmprosjektet til 7. klasse er avslutta.

14.12.2018
Klikk på bilete for full storleik
7. klasse elevane saman med kontaktlærar og filmskapar samla i skulestova på Haugland.
 
I november månad hadde 7. klasse ved Uskedal skule filmprosjekt. Det var eit tilbod frå filmskapar Merete Offerdal Tveit i regi av Den kulturelle skulesekken. Uskedalen var ein av sju skular som takka ja til bilbodet. Før filminga måtte elevane finna tema og laga utkast til manus. Etter ei grundig førebuing med feltarbeid kom klassen fram til at ein ville dokumentera ein skuledag på Haugland gamle skule.
 
Klikk på bilete for full storleik
Elevane kjem til skulen ein kald haustdag i november.

Sjølve filminga vart gjort onsdag 21. november, ein kald haustdag der elevane fekk kjenna på kroppen kulden før ein fekk god fyr omnen og varme i skulestova. Veka før var klassen på plassen for å gjera seg kjende med korleis det var å vera elev på ein todelt krinsskule. I filmprosessen fekk elevane eit innsyn i det å vera med på filming. Mange av sekvensane vart filma mange gonger, frå ulike vinklar og for å få fram det som var viktig.

 
Klikk på bilete for full storleik
Arvid Johannes Eide med barnebarnet Elias på trappa ved inngangen til skulemuseet.

Innhaldet i den vel 10 minuttar lange dokumentaren er tre delt:

 
  • Elevane frå Haugland til Fjellandsbø kjem til skulen og gjennomfører ein skuledag med utdrag frå nokre fag,- Bibelsoga, song, landkunna og norsk
  • Arvid Johannes Eide, bestefar til ein av elevane, fortel korleis det var å gå på Haugland skule. Han sit på pulten sin og fortel levande om lærar Sigurd Haugland, om fag og ikkje minst om friminuttane og spesielle hendingar
  • Informasjon om skulestova og inventaret, om skulen etter Landsskuleloven i 1860 der krinsar med meir enn 30 born var pålagde å byggja faste skular. Haugland krins fekk sin faste skule i 1893.
 
 

Etter klipping og redigering er filmprosjektet avslutta. Elevane og foreldra har sett filmen. Merete Offerdal Tveit fortel at ho er godt nøgd med filmprosjektet i Uskedalen. Elevane var godt førebudde og gjekk grundig inn i dei ulike rollene. Alle dei sju filmane frå Kvinnherad vert sleppte ein gong på nyåret.

 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Filmskapar Merete Offerdal Tveit gjer eit grundig arbeid med å dokumentera den gamle krinsskulen på Haugland.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.11.2019
Møteveke i Uskedal Bedehus.
Det vert møteveke i Uskedal Bedehus frå onsdag 20. til sundag 24. november, bortsett frå laurdag. Då er det ikkje møte. Talar er misjonær Sverre Hovda. Møtetid: Kvardagar kl. 19. Sundag: kl. 11. Song og musikk. Gåve til misjonen. Alle er velkomne.

Arr: Misjonssambandet
17.11.2019
Fest for frivillige på Kafe Tiaren.
Onsdag i denne veka vert det Frivilligfest for alle som hjelper til på Kafe Tiaren. Kafe Tiaren er ein sentral kulturell og sosial møteplass i Uskedalen med brukarar både frå bygda og frå andre bygder. Tilbodet er ope og i drift kvar tysdag heile året. Alle har motteke personleg invitasjon og det er påmelding til Berit H. Døssland på mobil: 913 07 384.

Kafe Tiaren
15.11.2019
Julebakst på Elins Matgleder i dag, fredag 15. november.
Det er høve til å få kjøpt brune pinnar på Elins Matgleder, Uskedalen og Rosendal, i dag fredag 15. november.

kb
14.11.2019
Alle aktørane er klar for julekonserten 15. desember.
Arbeidet med innslaga på julekonserten i kyrkja sundag 15. desember er i boks. Av kor/korps og enkeltaktørar vert desse med på konserten: Røysterett for Alle, Leif Inge Heimvik, GLIMRAH, kantor Eva Megyesi,  Uskedal musikklag og Uskedal skulemusikk. Gjester er borna Artur Zimin og Avrora Zimina. I tilegg kjem tre salmar.

kb
13.11.2019
FAU på skulen planlegg basar i februar 2020.
FAU på Uskedal skule vil laga til basar i februar månad. Utvalet spør om nokon vil laga gevinstar og premiear. Det kan vera noko frå strikking, sying eller frå sløyden. Ta kontakt med Isabell Stensletten på mobil 480 58 703.

FAU
13.11.2019
Ubemanna julebutikk i Skålagato.
Elins Matgleder melder på si Facebookside at det vert ubemanna Julabutikk og Cafe Hylleblomen i Skålagato i Rosendal. Det vert gjort slik døra er ulåst, kunden går inn og handlar det ein ynskjer for så å betala på Restaurant Fiolen. Det er ikkje ofte vi høyrer om ulåste butikklokale slik Elin Enes gjer det.

kb
12.11.2019
Bygdarock i Helgheim laurdag 30. november.
Det vert Bygdarock i Uskedalen laurdag 30. november. Sløyden Rock står for musikken og det er ein viss fare for at det kan bli både allsong og dans. Sal av hotdogs og drikke. Billettar kan du kjøpa på SPAR, Uskedalen. Alder: 18 år. Inngang: kr. 200,-.

kb
12.11.2019
Lars Haugland - ny leiar i Uskedal Bondelag.
Lars Haugland vart på årsmøte 31. oktober vald til ny leiar i Uskedal Bondelag. Med seg i styret har han: Ingvill E. Myklebust, Marita Kjærland, Kjell Arne Myklebust og Runar Myklebust. Meir informasjon om Bondelaget og landbruksnæringa kjem som eige innlegg.

kb
12.11.2019
Takvøle er naudsynt på Uskedal kyrkje.
I framlegg til kommunal økonomiplan vert det skrive at det trengst omfattande takvøle på Uskedal kyrkje. Skiferhellene er lause fordi lekter og sutak er i dårleg stand. Det er forresten same problemet som på Eid kyrkje på Halsnøy

kb
11.11.2019
Gåveutdeling frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad.
Onsdag 20. november er lag og organisasjonar på nytt inviterte til gåveutdeleing frå SpareBank1-stifitnga Kvinnherad i Kulturhuset Husnes. Samla søknadssum denne gongen er på heile 30 mill. kr. Innan fristen kom det inn 182 søknader. Vi er kjende med at det vert løyvd midlar til prosjekt i Uskedalen, men også at det er avslag på nokre søknader.

kb
Siste Nyhende
17.11.2019
Motbakkeløp til Ådnaklett for 30 år sidan.
På Grenda si framside for 30 år sidan kan vi lesa om motbakkeløp til Ådnaklett. Tormod Myklebust minnest løpet. Han var sjølv med i det Grenda kallar styrkeprøven med start på Uskedal skule og mål i enden av den nylaga skogsvegen frå Myklebust til Ådnaklett. Knut Olav Myklebust ( 9 år den gongen ) var også med. Margun Eik ( Uskedal IL ) vann kvinneklassen.
16.11.2019
Uskedalen er med i nasjonal drikkevasstudie.
Folkehelseinstituttet har invitert personar frå heile landet til å delta i ei spørjegransking om samanhengen mellom drikkevatn og magesjuke. Truleg har mellom 10 og 15 personar i Uskedalen takka ja til å vera  med i dette forskingsprosjektet. Ein gong i månaden svarar deltakarane på eit elektronisk spørjeskjema på E-post. Spørjegranskinga går over 12 månader.
15.11.2019
Røysterett for Alle med heile tre julekonsertar.
Røysterett for Alle går inn i ei travel førjulestid med heile tre julekonsertar i tre bygder, Husnes, Uskedalen og Ølve. På Husnes er Frode Kaldestad med på piano. I Uskedalen er Irene Simonsen akkompagnatør. Konserten inneheld 15 songinnslag. Av desse er nokre nye og har ikkje vore framført før. Koret vil mellom anna framføra Jeg synger julekvad, etter eit opphavleg tysk arrangement.


14.11.2019
Kongens medalje til turleiaren og fjellmannen Kåre Eik.
Den 14. oktober kom det melding frå Slottet om at H.M. Kongen hadde tildelt Kåre Eik frå Rosendal/Seimsfoss Kongens fortjenestemedalje. Bak søknaden om å tildela fortjenestemedaljen til Kåre Eik stod: Rosendal Turnlag – Turgruppa, Rosendal Turnlag – Hovudlaget, Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag. Utdelinga vart markert på Rådhuset i denne veka.

12.11.2019
Minnerik 87 års-markering for heilfrelst Viking-supportar!
Mandag fylte nestoren i Uskedal musikklag, Bjørgulv Eik, 87 år.  Tirsdag var det som vanleg øving i bandet, og då vart sjølvsagt åremålet markert.  Bjørgulv som er særdeles sportsinteressert, har vore ivrig tilhengar av fotbalklubben Viking i tett på 70 år.  At klubben set pris på dette, viste dei tydeleg på markeringa tirsdag.  Dei sette ein ekstra spiss på kvelden, ikkje berre for jubilanten, men også for resten av bandmedlemmene.
12.11.2019
Nedgang i elevtalet kan føra til overgang til Malmanger skule.

I framlegg til Budsjett 2020 og Økonomiplan fram til 2023 rår Koummunedirektøren til at elevane ved Uskedal skule, saman med Omvikdalen skule,  vert overført til Malmanger skule i 2023. Bakgrunnen er ein dramatisk nedgang i elevtalet frå 102 elevar i 2019 til  68 elevar i 2024. Ein føresetnad er ferdigstilling av nye Malmanger skule.
11.11.2019
Klargjering av nye lys til Julagrano.
Når den staselege julegrana i Uskedalen vert tend for 57. gang den 1.desember kl.16, vil den vera pynta med flunkande nye lys.  Dette er blitt mogeleg etter ei flott pengegåve frå Sparebankstiftinga Kvinnherad på 70.000 kroner og ein solid dugnadsinnsats frå eldsjeler i Uskedal musikklag.  Det er musikklagsmedlemmer som i alle år har stått for pynting og vedlikehald.
11.11.2019
Ny 2 mannsbustad i Ospelunden er klar for innflytting
Ein ny 2 mannsbustad over to plan er klar for ferdigstilling i desse dagar. Den eine leilegheten er alt innflytta. Den andre skal vera ferdig i god tid før jul. Tomten til den neste 2 mannsbustaden er skoten ut og vert planert. Betongarbeidet startar i denne veka. Br. Musland har arbeidet med graving, sprenging, muring og planering. Kjell Inge Rørvik og Rune Enæs i Elite Snekkerservice har alt trearbeid. Røyr: Uskedal Røyr og Multiservice. Elektro: Kvinnherad Elektro.
10.11.2019
Nasjonal ølbok med eige kapittel om Humlepungen Ølbryggjarlag.
Robert Smth-Hald si ølbok på forlaget Cappelen Damm sel godt. Boka er i trykken med sitt 3. opplag. Boka kan kjøpast i bokhandelen på Husnes og i Rosendal. Robert Smith-Hald har drive med brygging i heile sitt yrkesaktive liv. Kontakten med Uskedalen tok til for over 10 år sidan. Eit oppdrag for Festidalen på Vertshuset førte til ein varig venskap med Anne Berit og Magne Huglen. Etter det vart det speling på Dønhaug og kontakt med det lokale bryggjarlaget.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS