Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Bed om tafikksikringstiltak snarast i Korsneset og Ospelunden.

29.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Korsnes Vel og Uskedal utvikling bed om trafikksikring straks på FV 48 i område ved utlkøyringane frå begge byggefelta.
 
Uskedal Utvikling og Korsnes Vel frontar på nytt saka om trafikksikringstiltak på Fylkesveg 48 ved byggefelta Korsneset og Ospelunden. Saka er ein gjengangar utan at noko er gjort så langt, bortsett frå at fartsgrensa er 60 km. No bed søkjarane om ei snarleg løysing før ei alvorleg ulukke oppstår. Alle bebuarane i begge byggefelta støttar søknaden og det er lagt ved underskriftsliste.
 

I søknaden til Kvinnherad kommune kjem det fram ei god grunngjeving for å trafikksikra område i høve til mjuke trafikantar.

 
  • Born busette i Korsneset byggefelt lyt kryssa FV 48 kvar dag til og frå skulen
  • Det er busshaldeplass på begge sider av FV 48. Ein stor del av passasjerande, medrekna ungdomsskuleelevane, må kryssa vegen
  • Born og ungdom som skal på fritidsaktivitetar eller til Uskedal sentrum, må kryssa vegen
  • Born og vaksne som ferdast mellom byggefelta, må kryssa vegen. Dette gjeld særleg på sommaren då mange brukar den offentlege badestranda nedfanfor Korseneset
  • Ballbinge og leikeplass på nedsida av fylkesvegen, gjer at mange også må kryssa vegen. Denne kryssinga vil berre auka den dagen ny leikeplass er på plass i Ospelunden

Kryssinga i dag er i 60 sona og det har alt vore mange nestenulukker. I 2008 var det ei dødsulukke på staden. Søknaden, som også er underskriven av Uskedal skule/ Uskedal barnehage og Uskedal Idrettslag, gjeld å finna ei straksløysing i område frå og med innkøyringa til Ospelunden byggefelt til og med innkøyringa til Korsneset byggefelt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor trafikk og mange mjuke trafikantar langs vegen og ved kryssing av vegen gjer at område framstår som risikofylt og med mange nestenulukker.

Som ei kortsiktig løysing bed søkjarane om at fartsgrensa vert redusert og at det vert lagt til rette for gangfelt med lysregulering.

 

Uskedalen.no føl opp denne saka. Som fylgje av kontakt mellom Uskedal utvikling og Vegvesenet, er det utført trafikkmåling for både fart og passerande bilar. Resultatet vert lagt fram for Uskedal utvikling, Kvinnherad kommune og Politiet så snart dei er klare.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.02.2019
Arbeidsuhell i skogen.
Ein person vart i går, fredag 22. februar, frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter eit arbeidsuhell i skogen på Musland. På Facebook les vi at personen er operert for brot i ryggen og i kragebein. Familien melder at personen er ved godt mot.

kb
21.02.2019
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. febr. kl. 14
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. februar kl. 14. Opningstidene inntil vidare er fredag - sundag kl. 14 - 20. I påskehelga vil det vera ope kvar dag. Menyen er fornya.

kb
21.02.2019
Planprogram til ny K.plan ute på høyring.
Ein observant lesar gjer oss merksam på at planprogrammet til ny kommunedelplan for Kvinnherad kommune er ute på høyring. Uskedalen med sine 9 % av innbyggjarane i kommunen er så langt ikkje nemnd med eit ord i plandokumentet. Gå inn og send kommentar. Du finn meir på: www.kvinnherad2015.no

kb
21.02.2019
Påminning om årsmøte i Friluftslaget i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19.
Styret i Uskedal Friluftslag minner om årsmøte som skal vera i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga, 10 i talet, har møterett med to medlemer kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det drøfting om vidare arbeid og utvikling av Stemneplassen og område som høyrer til.

Styret
20.02.2019
Venstrelista skal vera klar i dag.
Nominasjonskomiteeen i Venstre har meldt frå om at lista til Kommunevalet 2019 skal vera klar for kunngjering i løpet av dagen. Så langt vi kjenner til vil Venstre halda fram med kummulering av dei to fyrste kandidatane på lista.

kb
19.02.2019
Familiekonsert på Bedehuset i morgon, onsdag 20. febr. kl. 17.
Tårnagentkoret inviterer til familiekonsert i morgon, onsdag 20. februar kl. 17 på Bedehuset. Konserten vert på ei vanleg øving. Det vert mykje song og moro. Alle er velkomne.

Nelly og Eva



19.02.2019
Rekene i stranda på Rød kan vera krill.
Daude reker i stranda på Rød kan vera krill. Det er ikkje uvanleg at krill vert skylt på land på denne måten. Det er mange liknande døme frå kysten der det er stadfesta at det er krill, ikkje reke. Saka har skapt stor merksemd og Uskedalen.no skriv meir når fagkunnskapen er på plass.

kb
18.02.2019
Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19.
Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte.

kb
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
Siste Nyhende
22.02.2019
Dei fyrste kundane var på plass før Thaivogna opna i dag.
Thaivogna eller meir nøyktig  Poon Tip:s Thai take away opna for matsal i dag. Alt før opninga kl. 14 var dei fyrste kundane på plass. 22. februar er det tidlegaste det har vore opning etter vinterstenging. Innehavar Pornthip Pomngern fortel at ho har 20 ulike rettar på menyen. Catering til grupper må tingast på førehand.
21.02.2019
Uskedal Friluftslag meir aktiv enn på lenge.
Arbeidet dei siste åra syner eit meir aktivt friluftslag enn på lenge, På årsmøte i går vart Ove Magne Myhre attvald som leiar. Med seg i styret har han: Audun Eik, Kristian Bringedal, Einar Gjertsen og Jofrid Eik. Varamedlemer er: Tormod Myklebust og Trond Johannes Myklebust. I møterommet er det montert varmepumpe og heile plassen er rydda for skog og kratt.
21.02.2019
Petter Uteligger med gripande tale om inkludering.

350 menneske fekk eit sterkt møte med Petter Uteligger i dag i Kulturhuset Husnes. I 90 minuttar og det utan manus fortalde han levande om den store inkluderingsdugnaden, ein dugnad som berre går og går utan ein slutt. Mange frå Uskedalen sat i salen, anten som arbeidssøkjar, som lærar, som kommunetilsett eller som representant frå ei verksemd som har høve til å hjelpa dei som prøver å koma tilbake i arbeid. NAV Sunnhordland med god støtte frå NAV Kvinnherad var tilskipar.
21.02.2019
Daud krill i stranda - truleg eit naturleg fenomen.
Store mengder daud krill i eit belte på over 100 meter farga stranda på Rødsvågen raud. Gullborg Søvik frå Havforskinga fortel at slike hendingar ikkje er uvanlege langs kysten. Det vert i snitt rapportert inn daud krill i slike mengder fire gonger i året. Ein er ikkje sikre på årsaka, men det er sjeldan ein ved prøve finn gift i krill.
20.02.2019
Vedlikehald på 25 kummar på Kjærlandssido.
I denne veka er det vedlikehald på alle kummane som ligg langs kommunal veg på Kjærkandssido. Det er entreprenør Hauge Forskaling som er tildelt jobben med reinsking, justering, forskaling og støyping av tilsaman 25 kummar. Det same arbeidet er gjort i Omvikdalen og det med gode resultat.
20.02.2019
Kvinnherad mållag med styre- og årsmøteplass i Uskedalen.
Kvinnherad mållag hadde årsmøte i Gamleskulen i går kveld. Ny i styret er Arne Torget. Kristian Bringedal held fram som leiar og Eli Roseth Eik er 1. varamedlem i styret. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er nestleiar. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen for 2019.
18.02.2019
Stor politiøving over to dagar i Uskedalen.
Politiet i Kvinnherad melder frå om at det vert ei større øving lagt til Uskedalen onsdag og torsdag i denne veka. Øvinga er lagt til sentrum og vil gå på dag- og kveldstid. Politioverbetjent og spesialist Knut Olav Myklebust frå Uskedalen er øvingsleiar. Han er koordinator for operativ trening og skarpskyttarleiar. Les kva Politiet skriv om øvinga.
18.02.2019
Daud reke observert på Rødsvågen.
Ein turgåar observerte store mengder daud reke på Rødsvågen i dag. Plassen ligg nokre hundre meter innom Bøkkerverkstaden. Rødsvågen er synleg frå Fylkesvegen og har sitt særpreg ved at det er langgrunt og at vågen fjærar turr to gonger i døgeret. Brakkvatn gjer at det på vågen alltid er eit variert og rikt dyreliv med mange biotopar. Det er ikkje kjend kva som er årsaka til den daude reka.
18.02.2019
Basar og konsert som generalprøve til Hordablæsten.
I fjor samarbeidde Uskedal skulemusikk og Rosendal skulekorps om deltaking i korpskonkurransen Hordablæsten.  Det var ein suksess både musikalsk og sosialt.  Denne sesongen har derfor dei to korpsa hatt eit tettare samarbeid, og 24.mars er dei igjen på plass i på scenen i Grieghallen.  Før det kan bygdefolk og andre få høyre programmet dei skal spele når det vert arrangert basar med konsert  den 10.mars.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS