Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Rause gåver til gode aktivitetar.

21.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
59 glade mottakarar.
 
Det var mange blide ansikt i Kulturhuset Husnes i kveld då haustgåvetildelinga til Sparebank1Stiftinga Kvinnherad vart avvikla.  Og med god grunn!!  Det vart delt ut nær 7 millionar kroner fordelt på 59 søknader.  Ein del av dei heldige mottakarane var her frå bygda, og representantar for Uskedal idrettslag tok den lette turen opp på scenen 5 gonger i samband med ulike gode prosjekt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fornøgde idrettslagsrepresentantar, Knut Johannes Ripel, Erlend Bjørnebøle, Roar Musland, Helene H. Bjørnebøle og Hilde Tungesvik Myklebust med nokre av mottakardiploma.
 
 
Største summen fekk idrettslaget til ny tidtakarbu i Fjellhaugen skisenter med 210.000 kr.  Dette er eit fellesprosjekt med idrettslaga i Rosendal og Omvikdalen, men det er søkt i Uskedal idrettslag sitt namn. Den nye bua er planlagt litt høgre oppe.  Det gir fleire fordeler.  Det vert betre snøforhold, og dessutan er det eit pluss, særleg for dei yngre løparane, at dei unngår den kraftige stigninga like etter start.  Elles fekk idrettslaget 58.000 kr til å innreie det nye lager- og utstyrshuset ved kunstgrasbanden.  Klatregruppa fekk 45.000 kr til det gode arbeidet dei er i gang med for å utvikla aktivitetstilbodet sitt.  I tillegg fekk laget gåve til merkeutstyr på Heio(18.000 kr) og utstyr til ATV.(25.000 kr).
 
Klikk på bilete for full storleik
Monica Herrmann takkar frå skulemusikken medan musikar Ebba H. Fossli viser fram diplomen.
 
Men det var fleire som kunne glede seg over store og betydningsfulle gåver.  Uskedal skulemusikk fekk kjærkomne 100.000 kr til kjøp av nye instrument.  Dei var også blant dei som var valde ut til å fortelje litt om aktiviteten sin og sei takkeord for gåva. Styrerepresentant Monica Herrmann som tok mot gåva saman med kornettist Ebba Herrmann Fossli, bar fram takkeorda og understreka kva det hadde å seia for drifta av laget.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ove Myhre og Audun Eik representerte friluftslaget.
Uskedal friluftslag var også blant dei heldige denne kvelden.  Dei fekk 45.000 kr til slåtteutstyr og varmepumpe.  Dermed vert det mogeleg å realisera desse to tiltaka som har vore ønskte i fleire år.
 
 
 
Fleire andre lag med mange aktive uskedelingar mottok også gåver.  Nokre av desse var også representert med uskedelingar som mottakarar på scenen.  Torger Øye, Lars Wang og Tor Arne Nygård tok mot 45.000 kr til arbeidet dei driv i Veteranbusslaget HSD bilane.  Jan Tore Johnsen var blant dei tre som mottok 100.000 kr då Kvinnherad lokallag av NFU fekk denne flotte summen i støtte til det gode og viktige tiltaket som sommarleiren deira på Halsnøy er.
 
Kjell Yri representerte Kvinnherad turlag då dei mottok 280.000 til parkeringsareal m.m. ved turstartpunktet ved Hellandsrundkøyringa.  Utflytt uskedeling Terje Bakke var blant representantane frå Kvinnherad Bogeskyttarklubb som fekk 70.000 kr til 3D-materiell. I tillegg vart det delt ut gåver mange lag frå heile Kvinnherad.  Ein del av desse har også uskedelingar på medlemslistene sine.
 
Tina Eik mottok gåva til klatregruppa i UIL.
 Komplett liste over gåvene vil de etterkvart finne på heimesida til Sparebankstiftinga.  Magnhild Haugland og Svein Arne Eidsvik frå styret i stiftinga var blant utdelarane.
Dei vel 120 frammøtte vart servert rundtykke, masse gode kaker, kaffi, te og brus.
 
 
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland.
Foto: Lars Wang og Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.04.2019
Årsmøte i Uskedal Vassverk onsdag 8. mai kl. 19.30.
Dette er ei kunngjering om at årsmøte i Uskedal Vassverk vert onsdag 8. mai kl. 19.30 i Uskedal skule. Viktig saker: Endring av vedtektene, justering av årsavgifta, status nytt inntak Eik og ny leidning til fylkesvegen, informasjon om inntak Haugland. Saker frå medlemene må sendast styret innan 30. april. Sakspapira kan hentast på Byggeriet. Elektronisk versjon: Kontakt Terje Myklebust - temyk@online.no

Styret
25.04.2019
Uskedalsreklame i beste sendetid.
Programmet Helt naturlig med innslaget frå Johannes Hauge på Skorpo var god reklame og profilering av Uskedalen, og det i beste sendetid med eit sjåartal på over 500 000. Det vart eit gripande møte med Johannes som døydde 24. mars i år. Målfrid og Terje Myklebust var med på filminga og i programmet.

kb
24.04.2019
Brannstyrkane er flytta til Kaldestad på Husnes.
Tre brannbilar og tankbil passerte Uskedalen for kort tid sidan, no onsdag kveld. Neste brann er på Kaldestad på Husnes. Nøyaktig plass er vest for Kvinnherad Viaregåande skule. Tankbilane hentar vatn i Skogvegen. Det er regn i lufta, men ikkje nok til å stoppa ein brann.

kb
24.04.2019
Branntroppen i Uskedalen er med på sløkking i Åkra.
Uskedal Brann og Redning er med på søkkearbeid i Åkra. Det siste er at skogbrannen er under kontroll. Vegen inn til Åkra har mellom anna vore stengd i over to timar.

kb
24.04.2019
SPAR løpet går laurdag 25. mai.
Det årlege SPAR løpet med start og mål på Sandakaien er lagt til laurdag 25. mai kl. 13. Løparane spring i 4 klassar i løypetrasear med ulik lengde. Uskedal Idrettslag saman med SPAR Uskedalen er arrangør. Det er fine premiar. 

kb
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
Siste Nyhende
26.04.2019
Sogelagsmedlemer møtest til årsmøte i Uskedalen.
Kvinnherad Sogelag har i helga lagt årsmøte 2019 til Uskedalen, laurdag 27. april kl. 13 i Gamleskulen. Audun Eik frå Uskedalen er styrmedlem. Anny Nygård Mehl har vore leiar dei siste åra. Etter årsmøte og lunsj vert det informasjon om verksemda Hjønnevåg og tur til Vonheim og Haugland skulemuseum.
24.04.2019
No er boka om dokter Haugen komen

Opptakten til boka om dokter Haugen byrja som ein serie her på nettstaden før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. I dag vart boka, der også mange uskedelingar bidrar, lagt ut til sals.
24.04.2019
Soknerådslista er klar for innlevering.
Soknerådslista for det lokale kyrkjevalet 2019 er klar for innlevering før fristen 30. april. Etter framlegg frå noverande sokneråd er de gjort vedtak på sonknemøte om å gå for ei redusert liste med fire faste medlemer og fem varamedlemer. Talet kan vera fire, seks, åtte eller ti faste medlemer i tillegg til fem varmedlemer. 
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS