Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Jon Fosse kveld i Dønhaugkjedlaren, torsdag 29. november.

20.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Den verdskjende dramatikaren vert presentert i Dønhaugkjedlaren torsdag 29. november.
 
Torsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug. Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og viktig. Jon Fosse er ikkje berre dramatikar, men også romanforfattar og lyrikar m.m. Kva er det som kjenneteiknar Fosse si dikting?
 

Den verdskjende dramatikaren er sjølv i Austerrike,men han seier i ei melding at det er stort at vi arrangerer Fosse-kveld i Uskedalen og at han har stor tillit til at hans gode forfattarkollega, Anne Karin Fonneland, vil presentere litteraturen hans på framifrå vis. Ho har mellom anna skrive mellomfagsoppgåve i litteraturvitskap om dramatikken hans. 
 
Anne Karin Fonneland vil snakka om landskapet og det vestlandske i Fosse si dikting.

Anne Karin seier ho set stor pris på mange av tekstane til Jon Fosse, og ho gler seg til å lese nokre utdrag frå diktinga hans. Ho er oppteken av inspirasjon og dikting som er knytt til landskapet og »det vestlandske» og har jobba med både Olav H. Hauge og Fosse sine tekstar i dette perspektivet. 
 

Egil Vaage, Håkon Røstbø og Ole Bjarte Røssland vil syte for det musikalske på Dønhaug, delvis i samarbeid med Anne Karin og litteraturopplesinga, delvis med fri utfalding av alle sine musikalske talent.

  

6 av bøkene til Jon Fosse er illustrerte av lokale kunstnarar, og det er svært gledeleg at Gaute Haugland, Ingvar Pettersen og Øyvind Sture også vil vere med på Dønhaug denne spennande torsdagskvelden. 
 

Dette kan bli ein særprega og fin kveld, og for å sei det med Jon Fosse – Nokon kjem til å komme, - og det er gratis inngang og plass til mange. Magne vil opne kjellardørene kl.19, og Jon Fosse-presentasjonen startar om lag kl. 20.
       
      
 

Tekst: Vidar Haugland 

Foto: Med løyve frå forfattarane 

Nett: Kristian Bringedal
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
11.12.2018
Rev med skabb skoten på Haugland.
Svein Ottar Rørheim har jakta på rev med skabb den siste veka. I går kveld vart reven skoten. Det er ikkje den same reven som var observert på Døssland i helga. Det tyder på at det er fleire smitta revar i område. Alle med hund må vera merksam på smittefaren. Berre ved at ein hund stryk seg på ei flate der reven har vore, er nok til å overføra smitte.

kb
11.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 11.des. 2018
Også i dag er det trekt ut to heldige vinnarar på skulemusikken sin adventskalendar.  I dag ha vi ein livreddande gevinst, nemleg refleksvest.  Saman med den er ei hue trekt ut på kalendar nr.186.  Desse gevinstane er gjevne av Jvinnherad Energi/Kvinnherad Breiband.  På nr.483 er Bulbe on a rope, gjeven av Power, Husnes, vunnen.Vi gratulerer dei heldige vinnarane.  Samstundes håpar vi at alle brukar refleks/refleksvest slik at dei er godt synlege i trafikken!

USM
10.12.2018
Søkjar om tilbygg på eksisterande løe.
Marita Kjærland søkjer om tilbygg på eksisterande løe, 129/4 på Døssland. Tilbygget skal brukast til ammedyrproduksjon og kaldlager. Søknaden er sak i Forvaltningskomiteen onsdag i denne veka. Rådmannen er positiv og rår til at tilbygget vert bygd slik det er omsøkt. Det er kome ein merknad til tiltaket. I forkant av møte er det lagt opp til synfaring.

kb
10.12.2018
Kan brannstasjonen bli berga ? Ny utsetjing av saka.
Saka i Formannsskapet sist torsdag om nedlegging av fire brannstasjonar vart på nytt sendt tilbake til administrasjonen. Dette kan tyda på at det er ei vanskeleg sak som treng ei grundig utgreiing. Det er ikkje kjend kva tid saka vert sett på sakskartet for 3. gong.

kb
10.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 10.des. 2018
Også i dag er det trekt ut 2 heldige vinnarar.  To temokoppar med godis, gjevne av Kvinnherad Elektro/Uskedal skulemusikk er vunne på nr.426, og Dolce Gusto kaffimaskin, verdi 300,-, gjeven av Uskedal eigedom, er vinnen på nr.123.Vi gratulerer dei heldige!!

USM.
09.12.2018
Juletresalet startar i morgon, måndag 10. desember, ved Elins Matgleder.
Juletresalet ved Elins Matgleder startar i morgon, måndag 10. desember, kl. 08. Det er sal av nordmanna edelgran frå skog i Sandeid. Salet varer heile dagen, fram til kl. 17.00. Elin Enes fortel at ho vil ha ekstra ope laurdag og sundag komande helg.

kb
09.12.2018
Rev med skaff observert på Døssland.
Det er observert ein rev med skabb på Døssland. Reven bør avlivast. Skabb er smittsamt og dermed overførbart til katt og hund. Det er fitt fram for å jakta rev. Det er skotpremie på kr. 400,- pr. dyr. Rev med skabb misser hår og pels og frys ofte i hel på kalde vintrar.

kb
09.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 9.des. 2018
Skrujernsett, verdi 229,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne på kalendar nr. 395, medan gåvekort verdi 300,-kr, gjeve av S. Myklebust Maskinstasjon, er vunne på kalendar nr.476.Vi gratulerer dei 2 heldige vinnarane!

USM.
08.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 8.des. 2018
Vi gratulerer eigarane med nr.211 og 56 med dagens gevinstar.  Gåvekort, verdi 300,-kr, gjeve av Spar Uskedalen, er trekt ut på 211, og eigaren av nr.56 har vunne kokebok, refleksvest og buff.Vi gratulerer.

USM.
07.12.2018
To leilegheter i Nedre Halsabrotet er selde.
To leilegheter i det nye bustadfeltet i Nedre Halsabrotet er selde, kvar for 2,2 mill. kr. Seljar er Actavia Invest AS. Det brannskadde huset på Brekketoppen vart seld for kr. 430.000,-.

kb
Siste Nyhende
11.12.2018
Julekonsert med kor, korps, solistar og gjester.
Alt er klart for ny julekonsert i kyrkja sundag 16. desember kl. 19. Målet med konserten er å skapa refleksjon og julestemning gjennom ord og tonar. Leif Inge Heimvik frå Utåker les juleevangeliet som ein monolog der han formidlar julebodskapen på på ein trygg og god måte utan manus. Tre korps, trekkspelklubb og eit kyrkjekor er med på konserten. Det same er gjester og ikkje minst kantoren Eva Megyesi.
10.12.2018
Bibliotek- og bokbussjubileum.
Kvinnherad bibliotek markerte på laurdag at det var 30 år sidan dei kom inn i nye lokale på Husnes. Før den tid hadde hovudbiblioteket vore i kjellaren i det som den gong var Samfunnshuset Husnes. Mobil bibliotekteneste i Kvinnherad med bokbuss har vore i 25 år. Per Myklebust var bokbussjåfør i nær på 10 år før han vart pensjonist.
09.12.2018
Julevandring i kyrkja - tilbod til barnehagane.
Kvart år er barnehagane i Uskedalen med på Julevandrig i kyrkja, ei dramatisering av juleavangeliet og Jesu fødsel. Det er tilsette i kyrkja med Jan Ove Fagerheim i rollen som Keisar Augustus. Med seg har han trusopplærar Torild Langeland og kantor Eva Megyesi. Julevandringa er eit tilbod til dei eldste borna i Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedal barnehage.
08.12.2018
Kven saknar ny barnesykkel ?
Attgløymde syklar langs vegen er eit aukande problem, noko vi på Uskedalen.no har skrive om mange gonger. No gjeld det ny barnesykkel, lilla med merke MOGUL, som står i Kleivadalen. Tom Haugland fortel at sykkelen ein dag tidleg i veka vart attgløymd ved garasjen hans. Ingen har meldt seg som eigar så langt.
07.12.2018
Laga middag til 15 born i Dønhaug Gardsbarnehage.
Kjøttkaker i brun saus var middagen borna i Dønhaug Gardsbarnehage fekk i går, torsdag 6. desember. Ideen er henta frå Omvikdalen barnehage der Bygdekvinnelaget lagar middag til alle borna ein gong i månaden. I Uskedalen vert det same prøvd i gardsbarnehagen med Målfrid Myklebust, Inger Naterstad og Else Mari Huse som frivillige hjelparar.
06.12.2018
Avrunda jubileumsåret med ein imponerande julekonsert.
Blandakoret Røysterett for Alle skuffar ikkje sitt publikum, heller ikkje i kveld med ein variert og innhaldsrik førjulskonsert i Uskedal kyrkje. Eit nær på fulltalig kor, dyktige solistar og gjester og ikkje minst ein inspirerande og trygg musikalsk leiar, då er grunnlaget lagt for det som truleg er den beste julekonserten i år. For den som ikkje hadde høve til å få dette med seg, ja, då er Ølve kyrkje plassen neste torsdag, 13. desember.
06.12.2018
Hundeskilta er sparka og rivne ned for 3. gong på tre år.
Audhild Lie og Magne Grindheim er plaga med at hundeskilta vert sparka eller rivne ned og det for tredje gong på tre år. Eigendomen deira ligg langs Fylkesvegen og Magne gjer alt han kan for å halda ein fin hage utan hundeskit. Hundeskilta har god effekt og ekteparet forventar at skilta får vera i fred utan vandalisme.
05.12.2018
Tor Bringedal si nye bok vil ha stor interesse i Uskedalen.
Knapt ein stol var ledig i Grendahuset då Tor Bringedal sist sundag presenterte boka Frå Bringedalsbygda til Herøysund - Bygdehistorie 1850 - 2018.  Skulekrinsen Bringedalsbygda med vel 600 innbyggjarar må vera den bygda i Kongeriket der det meste er dokumentert i bokform på ein fagleg og grundig måte, 1,7 kg og 640 sider. I tillegg kjem alt Bringedal skriv om bygda i to tidlegare bøker frå perioden 1837 - 1965.
04.12.2018
Uskedal utvikling er engasjert i saka om brannstasjonen.
Uskedal utvikling vil på styremøte i morgon ha oppe sak om brannstasjonen i bygda. Det er sendt brev til Kvinnherad kommune som syner til sak i Formannsskapet torsdag 6. desember der det er framlegg om å leggja ned fire brannstasjonar. Ein av dei er Uskedalen. Saka vart utsett på møte 14.11 då ein bad om ei økonomisk vurdering og ei meir utføring utgreiing i høve til responstid.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS