Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ei inkluderande musikalsk reise med Tore i Dønhaugkjedlaren.

18.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Bassisten Tore Nordahl Pedersen i full konsentrasjon.
 
Me fekk eit raust innsyn i kva som har oppteke Tore som musikant frå 60-talet fram til no.  Det skein godt gjennom at her sat ein mann som ikkje var ein meinar av kva me bør lika – nei, han ville dela det som har forma smaken hans opp gjennom åra – og så sto me fritt til å ta imot etter eigen smak.

 

Då Tore sette i gang klokka 20.55, var det alt kome om lag 40 tilhøyrarar, og det nærma seg 50 etter kvart som kvelden leid. Ned Milllers ʺKingof the Roadʺ opna ballet – ei velvald sviske som fekk tilhøyrarane i stemning.
 

Stemning er eit stikkord for denne kvelden.Tore er ein fyr som likar å kommunisera, og her vart det fleirvegs kommunikasjon frå starten. Ein såg akslene til Tore koma ned i avslappa stilling alt før fyrste applausen, og han batt nummera ledig og engasjert saman, ga oss opplysningar om artistar, bakgrunnen til fleire av dei, og hadd eeit svært variert musikalsk utval å ausa av.

  

Han var innom blues, rock, soul, country, reggae, pop – ja, det meste – men ankerstaden kan etter mitt syn anast i gitarmusikk og blues. Carlos Santana var ein gjengangar i materialet hans, og ein allsidigare musikar skal ein jo leita lenge etter.
 
Tore leverte med stort engasjement, og nett dette med at han var så på heile tida, kommenterte musikk, komplimenterte publikum, oppfordra til dansing og til å synga med, ga ei svært god stemning i kjedlaren. Me opplevde ein bassist med ei høgrehand som var både stø og variert. Der bassen skulle vera ʺi beatʺ, var han det,og der musikken kravde meir variasjon i tilslag og tonegang, dansa fingraneover strengene. Bra levert, Tore!
 
Korkje Tore, Bob Dylan eller Ole Paus er storsongarar, men Tore song med innleving og intensitet, og me trudde på han. Han trefte i tillegg tonen meir enn dei to andre eg har nemnt.

  

Me fekk og veta noko Tore ikkje snakkar så mykje om sjølv: Venstrearmen vart dregen inn i ei kappsag for ein del år sidan, og at han i det heile tatt fungerer er ein kombinasjon av godt kirurgarbeid frå Rikshospitalet si side – og ikkje minst – intens og målmedviten trening frå han som eig armen. Han spela vanleg gitar før denne hendinga.

  

Då Tore ga seg i halv tolv tida, hadde han levert om lag tretti songar gjennom tre avdelingar, og kunne endeleg koma nedpå att.

 

Tore er oppvaksen på Os, og flytta hit til Uskedalen saman med Dina etter at han ga seg som glasmeister. Det var mange av familie og kjende frå Os som hadde kome hit for å få med seg arrangementet. Med si sosiale framferd har han raskt vorte med på både det eine og det andre her lokalt, så i tillegg var det møtt fram eit variert utval av tilhøyrarar frå bygda og.
 

Det er verd å merka seg at det ikkje vart ein del av kjedlaren der osingane sat, og kvinnheringane i ein annan – i Tore si ånd vart Dønhaugkjedlaren ein leir, der osingar og kvinnheringar sat stort sett om einannan, prata, dansa og skåla saman.

  

For å karakterisera kvelden, kjenner eg meg freista til å nytta eit ord Tore likar å bruka når han er litt opplyfta høgtidsam: Framifrå!

 
Tore har ei fin, lun formidlingsform og god kommunikasjon med dei 50 frammøtte i Dønhaugkjedlaren.

Tekst/foto: Svein Rimestad

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.04.2019
Årsmøte i Uskedal Vassverk onsdag 8. mai kl. 19.30.
Dette er ei kunngjering om at årsmøte i Uskedal Vassverk vert onsdag 8. mai kl. 19.30 i Uskedal skule. Viktig saker: Endring av vedtektene, justering av årsavgifta, status nytt inntak Eik og ny leidning til fylkesvegen, informasjon om inntak Haugland. Saker frå medlemene må sendast styret innan 30. april. Sakspapira kan hentast på Byggeriet. Elektronisk versjon: Kontakt Terje Myklebust - temyk@online.no

Styret
25.04.2019
Uskedalsreklame i beste sendetid.
Programmet Helt naturlig med innslaget frå Johannes Hauge på Skorpo var god reklame og profilering av Uskedalen, og det i beste sendetid med eit sjåartal på over 500 000. Det vart eit gripande møte med Johannes som døydde 24. mars i år. Målfrid og Terje Myklebust var med på filminga og i programmet.

kb
24.04.2019
Brannstyrkane er flytta til Kaldestad på Husnes.
Tre brannbilar og tankbil passerte Uskedalen for kort tid sidan, no onsdag kveld. Neste brann er på Kaldestad på Husnes. Nøyaktig plass er vest for Kvinnherad Viaregåande skule. Tankbilane hentar vatn i Skogvegen. Det er regn i lufta, men ikkje nok til å stoppa ein brann.

kb
24.04.2019
Branntroppen i Uskedalen er med på sløkking i Åkra.
Uskedal Brann og Redning er med på søkkearbeid i Åkra. Det siste er at skogbrannen er under kontroll. Vegen inn til Åkra har mellom anna vore stengd i over to timar.

kb
24.04.2019
SPAR løpet går laurdag 25. mai.
Det årlege SPAR løpet med start og mål på Sandakaien er lagt til laurdag 25. mai kl. 13. Løparane spring i 4 klassar i løypetrasear med ulik lengde. Uskedal Idrettslag saman med SPAR Uskedalen er arrangør. Det er fine premiar. 

kb
23.04.2019
Kafe Tiaren på sin faste vekedag, tysdagen.
Kafe Tiaren har sine rutinar med sin faste kafedag i Gamleskulen, tysdagen frå kl. 11. Det er feil å sei at Kafe Tiaren startar opp i dag etter påske. Kafe Tiaren hadde nemleg ope i påskeveka. I dag er det ny samling med god mat til ein utruleg rimeleg pris, kr. 10 pr. eining. Difor: Du vil ikkje angra på å ta turen. Alt smakar like godt.

kb
22.04.2019
Rosar ungdomen for fin framferd på låvedansen
Innehavar av Dønhaug Gjestegard og arrangør av den årlege påskedansen, Magne Huglen, takkar og rosar ungdomen for fin framferd og god stemning. Det er kjekt å ha så fine ungdomar på besøk på Dønhaug. Truleg vert det same opplegget i påsken 2020, skriv Huglen på si FB side.

kb
22.04.2019
GRETZKY BR vann Habibs Minneløp på Bjerke Travbane.
Travhesten GRETZKY BR vann enno ein gong eit viktig løp på Bjerke Travbane, Habibs Minneløp for 4 - 6 åringar. Trude Helen Døssland og samburaren eig hesten saman med tre venepar. Kusken var Magnus Telen Gundersen. GRETZKY BR vann med minst 4 hestelengder på konkurrentane.

kb
22.04.2019
Gutar 14 arrangerer sykkelrebus onsdag 1. mai.
Den årlege sykkelrebusen rundt dalen er lagt til onsdag 1. mai  frå kl. 11. Start og mål er ved Uskedal skule. Det er fotballaget G 14 Rosendal/Uskedalen som er arrangør. I løypetraseen er det postar med oppgåver. Det er tre fine premiar til vinnarane. Inntekta går til dekking av kostnad med reise og deltaking på Norway Cup.

kb
21.04.2019
Kveldsgudsteneste med songkvintett.
Det er kveldsgudsteneste i dag, 1. Påskedag, i Uskedal kyrkje kl. 19.30. Prest er Arne Nataas. Organist: Kantor Eva Megyesi. Ein songkvintett frå kyrkjekoret Nordsaang vert med på gudstenesta. Dei syng mellom anna salmen Under krossen stod med tåra, tekst frå før 1306, omsett til nynorsk av Bernt Støylen i 1927. Velkomne til gudsteneste i kveld.

kb
Siste Nyhende
26.04.2019
Sogelagsmedlemer møtest til årsmøte i Uskedalen.
Kvinnherad Sogelag har i helga lagt årsmøte 2019 til Uskedalen, laurdag 27. april kl. 13 i Gamleskulen. Audun Eik frå Uskedalen er styrmedlem. Anny Nygård Mehl har vore leiar dei siste åra. Etter årsmøte og lunsj vert det informasjon om verksemda Hjønnevåg og tur til Vonheim og Haugland skulemuseum.
24.04.2019
No er boka om dokter Haugen komen

Opptakten til boka om dokter Haugen byrja som ein serie her på nettstaden før jul i 2014, med overveldande og positiv respons både frå lesarar og innsendarar av historiar. I dag vart boka, der også mange uskedelingar bidrar, lagt ut til sals.
24.04.2019
Soknerådslista er klar for innlevering.
Soknerådslista for det lokale kyrkjevalet 2019 er klar for innlevering før fristen 30. april. Etter framlegg frå noverande sokneråd er de gjort vedtak på sonknemøte om å gå for ei redusert liste med fire faste medlemer og fem varamedlemer. Talet kan vera fire, seks, åtte eller ti faste medlemer i tillegg til fem varmedlemer. 
23.04.2019
TV programmet Helt naturlig startar i morgon, onsdag 24. april.
Programserien Helt naturlig med innslag om Johannes Hauge på Skorpo startar i morgon, onsdag 24. april, på NRK1. Det naturfotografen og produsenten Jan Grønseth som er ansvarleg for naturporgrammet som vert sendt på datoane 24. april, 1. mai og 15. mai. Johannes Hauge døydde 24. mars i år og hans bortgang vil bli lagt inn i rulleteksten på skjermen.
20.04.2019
Båtens Verden med artikkel om Uskedal Båtlag
Der båtlag møter bygd er tittelen på ein fire siders artikkel i båtmagasinet Båtens Verden. Båtmagasinet har avtale med Kongelige Norske Båtforening ( KNBF ) og når ut til mange tusen lesarar, anten i abonnement eller i laussal i kioskar eller butikkar. SPAR Uskedalen sel Båtens Verden. Tre utgåver i året går ut til alle medlemene i KNBF, eit tal på 37000 medlemer. Artikkelen om båthamna i Uskedalen har såleis stor profilerings- og marknadsføringsverdi for bygda og for heile kommunen.
18.04.2019
Påskegudsteneste med dåp og læringsøkt.
Vikarprest Arne Nataas la like godt inn ei læringsøkt før gudstenesta tok til i dag. Det vart gjort for for å skjøna samanhengen mellom jødane si påskefeiring som minne om utfriinga frå Egypt og Jesu lidingshistorie. På skjærtorsdag vaska Jesus læresveinane sine føter. Av dette skjønar vi at skir har to tydingar, døypa og reinsa. Soleis høvde det godt at vesle Eva vart døypt i dag og fekk namn oppkalla etter oldemor si, Eva Myklebust.
18.04.2019
God handel og mange nøgde påskegjester.

Påskegjestene strøymer til Uskedalen, anten det er hyttefolk, gjester på Rabben Feriesenter, Øyro Maria, Båthamna eller det er faste gjester som er heime hos slekta si i Uskedalen. Dette gjer at onsdagen i påskeveka er den beste handledagen på SPAR. Påskeafta er også god, men ikkje noko slår onsdagen før Skjærtorsdag. Faste gjester i båt kjem kvar påske tilbake til Uskedalen. Det same gjer dei som kjem med vogner og i bubil. Mange ynskjer å bu i hytter.
17.04.2019
Alle billettane er selde til påskedansen på Dønhauglåven i kveld.
Alt er klart for årets låvedans på Dønhaug. Magne Huglen ynskjer alle velkomne til ein triveleg kveld med god musikk og topp stemning. Viktig informasjon til alle som har kjøpt billett og skal på låven i kveld:

16.04.2019
Internasjonalt møte i Dønhaugkjellaren
Fredag 26. april får Husnes Jazzklubb besøk av Freedoms Trio, ein trio med røter og musikalsk inspirasjon frå tre verdsdelar. Konseptet deira er world-jazz med afro-brasiliansk påverknad.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS