Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Farvel til Lina Håland med mykje lovsong, ord og tonar.

18.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ei fullsett Uskedal kyrkje tok i dag farvel med Lina Håland.
 

Det vart ei gudsteneste slik det måtte bli som farvel til soknepresten i Uskedalen, Lina Håland. Gospel, lovsong, konfirmantane og nådemåltidet i nattverden var viktige element i ei gudsteneste vi seint vil gløyma. Det vart motteke med spontan applaus då Lina Håland fortalde at ho kjem tilbake til Uskedalen 12. mai 2019 for å stå for konfirmasjonen. Ein brannalarm straks etter postludiet fekk alle ut av kyrkja og dermed vart det samling på kyrkjebakken med kaffi, kake og helsingar.
 

Ei fullsett kyrkje tok i dag farvel med den folkekjære soknepresten. Det var frammøte frå store deler av Kvinnherad og mange uttrykte takksemd for det arbeidet Lina Håland har lagt ned med sin sosiale veremåte for så mange i sorg og glede. Lina Håland har teologisk embetseksamen frå Misjonshøgskulen i Stavanger. Ho vart ordinert i stillinga som sokneprest i Uskedalen 24. august 2014.

 
Klikk på bilete for full storleik
Talen om den blindfødde mannen i Johannes kap 9 vart konkretisert med eit kjært minne, ein dreia trebolle, men med hol i botnen der lyset kjem inn.

I talen sin ved innsetjinga sa ho at målet med tenesta er at menneske skal få møta Jesus på ein god måte, slik ho sjølv hadde møtt han. Ho sa vidare at kyrkja skal vera ein god plass å koma til. Lina Håland har levd opp til denne utsegna. Etter gudstenesta i dag har vi registrert på Facebook at nokre skriv: Uskedal kyrkje - ein god plass å vera i dag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gospelkoret Abraham med sin musikalske leiar, Bjarte Lending, song til slutt Bruremarsj med tonefylgje på orgel og sologitar.

Talen i dag byggjer på teksten frå Johannes 9,1 -14, om mannen som var fødd blind, men som fekk synet tilbake. Jesus tok klar avstand frå jødane sine tankar om at sjukdom. ulukke og motgang måtte vera Guds straff for synd. All liding er eit kall frå Gud til å hjelpa og syna nåde.

 

Nattverden er eit nådemåltid og sjeldan har så mange teke del i nattverden som i dag. Gospelkoret Abraham song mellom anna Har du fyr av Ole Bremnes og salmen Namnet Jesus under utdelinga. To av konfirmantane var med i førebuinga til nattverden.

 
 

Leiar i Uskedal sokneråd, Svanhill Haugland, og representant frå soknene Husnes, Valen og Utåker, Ståle Schille, takka og sa fram helsing til Lina etter gudstenesta. Det same gjorde prosten i Sunnhordland og ein flittig kykjegjest, Ståle Mehl.

 

Det vart ei verdig og fin avskjedsgudsteneste for Lina Håland. Neste stopp i hennar liv er hovudkyrkja i den 5. største byen i Noreg, Sandnes.

 
 

Tekst nett: Kristian Bringedal

Foto: Anja Strùter/Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Ein brannalarm fekk alle ut på kyrkjebakken der det vart sagt fram helsingar og servert tre kaker med påskrift og kaffi. F.v: Lina Håland, prosten Theodorsen og Svanhill Haugland og Ståle Schille.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.02.2019
Arbeidsuhell i skogen.
Ein person vart i går, fredag 22. februar, frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter eit arbeidsuhell i skogen på Musland. På Facebook les vi at personen er operert for brot i ryggen og i kragebein. Familien melder at personen er ved godt mot.

kb
21.02.2019
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. febr. kl. 14
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. februar kl. 14. Opningstidene inntil vidare er fredag - sundag kl. 14 - 20. I påskehelga vil det vera ope kvar dag. Menyen er fornya.

kb
21.02.2019
Planprogram til ny K.plan ute på høyring.
Ein observant lesar gjer oss merksam på at planprogrammet til ny kommunedelplan for Kvinnherad kommune er ute på høyring. Uskedalen med sine 9 % av innbyggjarane i kommunen er så langt ikkje nemnd med eit ord i plandokumentet. Gå inn og send kommentar. Du finn meir på: www.kvinnherad2015.no

kb
21.02.2019
Påminning om årsmøte i Friluftslaget i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19.
Styret i Uskedal Friluftslag minner om årsmøte som skal vera i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga, 10 i talet, har møterett med to medlemer kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det drøfting om vidare arbeid og utvikling av Stemneplassen og område som høyrer til.

Styret
20.02.2019
Venstrelista skal vera klar i dag.
Nominasjonskomiteeen i Venstre har meldt frå om at lista til Kommunevalet 2019 skal vera klar for kunngjering i løpet av dagen. Så langt vi kjenner til vil Venstre halda fram med kummulering av dei to fyrste kandidatane på lista.

kb
19.02.2019
Familiekonsert på Bedehuset i morgon, onsdag 20. febr. kl. 17.
Tårnagentkoret inviterer til familiekonsert i morgon, onsdag 20. februar kl. 17 på Bedehuset. Konserten vert på ei vanleg øving. Det vert mykje song og moro. Alle er velkomne.

Nelly og Eva



19.02.2019
Rekene i stranda på Rød kan vera krill.
Daude reker i stranda på Rød kan vera krill. Det er ikkje uvanleg at krill vert skylt på land på denne måten. Det er mange liknande døme frå kysten der det er stadfesta at det er krill, ikkje reke. Saka har skapt stor merksemd og Uskedalen.no skriv meir når fagkunnskapen er på plass.

kb
18.02.2019
Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19.
Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte.

kb
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
Siste Nyhende
23.02.2019
Risdungen på Stemneplassen vart fjerna i dag.
Tor Ove Haugland og Lars Haugland frå Uskedal Bondelag var på Stemneplassen før kl. 08.00 i dag og starta arbeidet med lessing og bortkøyring av den store risdungen som har over mange år lege på Friluftsplassen. Med dette har Bondelaget mest på dugnad gjort eit stort arbeid for Uskedal Friluftslag. Motytinga er at laget kan få bruka møterommet til sine møte i 2019 utan leige.
22.02.2019
Dei fyrste kundane var på plass før Thaivogna opna i dag.
Thaivogna eller meir nøyktig  Poon Tip:s Thai take away opna for matsal i dag. Alt før opninga kl. 14 var dei fyrste kundane på plass. 22. februar er det tidlegaste det har vore opning etter vinterstenging. Innehavar Pornthip Pomngern fortel at ho har 20 ulike rettar på menyen. Catering til grupper må tingast på førehand.
21.02.2019
Uskedal Friluftslag meir aktiv enn på lenge.
Arbeidet dei siste åra syner eit meir aktivt friluftslag enn på lenge, På årsmøte i går vart Ove Magne Myhre attvald som leiar. Med seg i styret har han: Audun Eik, Kristian Bringedal, Einar Gjertsen og Jofrid Eik. Varamedlemer er: Tormod Myklebust og Trond Johannes Myklebust. I møterommet er det montert varmepumpe og heile plassen er rydda for skog og kratt.
21.02.2019
Petter Uteligger med gripande tale om inkludering.

350 menneske fekk eit sterkt møte med Petter Uteligger i dag i Kulturhuset Husnes. I 90 minuttar og det utan manus fortalde han levande om den store inkluderingsdugnaden, ein dugnad som berre går og går utan ein slutt. Mange frå Uskedalen sat i salen, anten som arbeidssøkjar, som lærar, som kommunetilsett eller som representant frå ei verksemd som har høve til å hjelpa dei som prøver å koma tilbake i arbeid. NAV Sunnhordland med god støtte frå NAV Kvinnherad var tilskipar.
21.02.2019
Daud krill i stranda - truleg eit naturleg fenomen.
Store mengder daud krill i eit belte på over 100 meter farga stranda på Rødsvågen raud. Gullborg Søvik frå Havforskinga fortel at slike hendingar ikkje er uvanlege langs kysten. Det vert i snitt rapportert inn daud krill i slike mengder fire gonger i året. Ein er ikkje sikre på årsaka, men det er sjeldan ein ved prøve finn gift i krill.
20.02.2019
Vedlikehald på 25 kummar på Kjærlandssido.
I denne veka er det vedlikehald på alle kummane som ligg langs kommunal veg på Kjærkandssido. Det er entreprenør Hauge Forskaling som er tildelt jobben med reinsking, justering, forskaling og støyping av tilsaman 25 kummar. Det same arbeidet er gjort i Omvikdalen og det med gode resultat.
20.02.2019
Kvinnherad mållag med styre- og årsmøteplass i Uskedalen.
Kvinnherad mållag hadde årsmøte i Gamleskulen i går kveld. Ny i styret er Arne Torget. Kristian Bringedal held fram som leiar og Eli Roseth Eik er 1. varamedlem i styret. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er nestleiar. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen for 2019.
18.02.2019
Stor politiøving over to dagar i Uskedalen.
Politiet i Kvinnherad melder frå om at det vert ei større øving lagt til Uskedalen onsdag og torsdag i denne veka. Øvinga er lagt til sentrum og vil gå på dag- og kveldstid. Politioverbetjent og spesialist Knut Olav Myklebust frå Uskedalen er øvingsleiar. Han er koordinator for operativ trening og skarpskyttarleiar. Les kva Politiet skriv om øvinga.
18.02.2019
Daud reke observert på Rødsvågen.
Ein turgåar observerte store mengder daud reke på Rødsvågen i dag. Plassen ligg nokre hundre meter innom Bøkkerverkstaden. Rødsvågen er synleg frå Fylkesvegen og har sitt særpreg ved at det er langgrunt og at vågen fjærar turr to gonger i døgeret. Brakkvatn gjer at det på vågen alltid er eit variert og rikt dyreliv med mange biotopar. Det er ikkje kjend kva som er årsaka til den daude reka.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS