Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

På tur med Helselaget til Utne og Jondal.

05.11.2018
Klikk på bilete for full storleik
Målet med turen i Uskedal helselag var Hardanger Folkemuseum og utstillinga 1000 bringeklutar. Bilete syner 9 av nøyaktig 1021 bringeklutar.
 

Uskedal helselag var 11. oktober på tur til Hardanger Folkemuseum på Utne. Når vi reiser med buss, har vi plass til mange. Denne gong var det med folk like frå Sandvoll til Austrepodlen. Leif Jarle Bergstø hadde bussen klar ved Gamleskulen. Alle var på plass før oppsett tid kl. 08.00. Undervegs var alle klar ved sine busstopp, og Leif Jarle hadde full kontroll på kor han venta å finna deltakarane.
 
 
 

Etter alt regnet siste tida fekk vi ein strålande dag innover langs fjorden. Målet var utstillinga 1000 bringeklutar. Omvisaren opplyste at det nøyaktige talet var 1021. Bringeklutane var i museet si eige. Det var fyrste gong alle vart vist samla.

 

Bringeklutane kom på 1600-talet. Den gong var det vanleg å ha fleire bringeklutar. I utstillinga var bringeklutane sortert etter teknikk – ikkje alder. Bandet oppe, som er typisk frå renessansen, har vi den dag i dag med ulike mønster. Det var også mange ulike band med geometriske former.Den dyktige formidlaren fortalde levande om alt vi såg. Det var imponerande handarbeid – og endå meir imponerande når vi tenkjer på arbeidsljoset dei hadde den gongen.

 

Vi var også innom bunadsutstillinga. Dette var kjende saker for oss alle. Vi kunne sjå mangfaldet i fargar og mønster på både band og stoff, fine bruredrakter og skautakoner. Kunsten å laga skaut er på veg ut. Den siste, som kan det, har halde kurs for å berga tradisjonen, men det må meir enn eitt kurs til for å læra dette krevjande arbeidet.

 

Etter nydeleg betasuppa, lefse og kaffi var det tid til litt handel i museumsbutikken før vi køyrde til Jondal. Den vegen er ikkje utbetra, men med dyktig sjåfør gjekk det svært så bra. Vi hadde pause ved kyrkja. På førehand hadde vi avtala at kyrkja skulle vera open. Noverande kyrkje vart innvigd i 1888 og er den største kyrkja i Hardanger.

 

Den fine dåpsengelen er truleg frå slutten av 1700-talet. Sjølv har eg gode barndomsminne frå barnedåp med nedsenka dåpsengel. Etter å ha studert bileta og sett oss rundt, gjekk turen heim gjennom Jondalstunellen. Ho, som kom sist på, gjekk sjølvsagt av fyrst. Stor takk til Leif Jarle for trygg og fin køyring.

 
 

Tekst/foto: Eli Roseth Eik

Nett/Redigering: Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Returen gjekk via Jondal med innlagd stopp i kyrkja med den nedseka dåpsengelen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.03.2019
Deltar i solist og korpskonkurranse i helga.
Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk deltar i korpskonkurransen Hordablæsten i helga.  Dei deltar i 3.divisjon der det er 12 korps.  Dei speler søndag. To av musikarane deltar også i solistkonkurransen.  Det er Nils Rainer Vågen, euphonium, frå USM(f. 2003) og Maren R. Grøtte frå RSK, kornett/trompet, (f.2001).  Solistkonkurransen går lørdag.  Nils Rainer skal spele Pie Jesu(Loyd Webber) og Nocturne(Løvland), og han går på scenen 18.20.  Han skal konkurrera med 31 andre, m.a. stortalentet Frøya Hoen Tjore.  Maren skal spele Grand Fantasia(Hartmann). I hennar klasse er det 22 deltakarar, og blant dei er det fleire som allereie har markert seg som musikarar.  Vi ønskjer dei lukke til!

tid
21.03.2019
Innsamlinga til Ukraina, måndag 1. april.
Den store innsamlingsdagen for å fylla opp traileren til Korosten i Ukraina er måndag 1. april. Nøyaktig innsamlingsrute i Kvinnherad vert kunngjort seinare. Men alt no kan vi ta fram kle, sko, leiker m.m. og pakka i sekker. Maks last er 90 kubikkmeter.

kb
21.03.2019
Cafe Hylleblomen opnar 12. april i Skålagato.
Elins Matgleder melder på Facebook at Cafe Hylleblomen opnar fredag 12. april kl. 10 i Skålagato.Uskdalen.no har før hatt innlegg med bilete frå oppussinga og arbeidet med klargjering. Mest vegg i vegg med kafeen ligg Restaurant Fiolen.

kb
20.03.2019
Stig Berge-Soldal er søkjar til rektorstilling på Husnes ungdomsskule.
Stig Berge-Soldal er ein av fem søkjarar til rektorstillinga på Husnes ungdomsskule. Han er for tida skuleleiar på Uskedal skule. Lilli Britt Urheim, som tidlegare var  rektor i Uskedalen, har nokre år vore rektor på Husnes før ho no vert leiar på Hatlestrand.

kb
20.03.2019
Attval på styre i Idrettslaget.
Uskedal Idrettslag hadde årsmøte i går kveld. Dei i styret som var på val, tok attval. Idrettslaget kan syna til ei stabil drift med gode trenarar og instruktørar. Styret er: Chris Fossli ( leiar ), Helene Huse Bjørnebøle, Lars Haugland, Geir Enes, Per Korsvold og Håvard Lunde.

kb
19.03.2019
Stig Framnes gjekk Skøytebirken på fredag.
Stig Framnes frå Uskedalen/Oslo gjekk Birkebeinarrennet på fredag. Det var den såkalla Skøytebirken, ikkje det ordinære skirennet vi kjenner frå før. Skilnaden er at ein skøytar og at rennet går dagen før hovudrennet. Traseen og lengda ( 54 km ) er den same. Så langt vi kjenner til, var Stig Framnes den einaste deltakaren frå Uskedalen i år.

kb
18.03.2019
Uskedal Trelastlager vert seld.
Det er i dag gjort kjend at den tradisjonsrike verksemda Uskedal Trelastlager vert lagt ut for sal. Uskedal Trelastlager med eigar Tørres Myklebust starta trelasthandel på Eikelandet i 1929. Uskedal Trelastlager har vore i samanhangande drift i ein og same familie over fire generasjonar. Finn Guddal er dagleg leiar i dag. Meir informasjon kjem seinare.

kb
18.03.2019
Sau og Geit møte i kveld kl 19.30 i Gamleskulen.
Kvinnherad Sau og Geit inviterer til møte i kveld, måndag 18. mars, kl. 19.30 i Gamleskulen. Arne Oftedal frå Mattilsynet vert med. Han vil orientera om ny dyrevelferdslov. Veterinær Svein Rimestad informerer om den føreståande lamminga. Det vert også innlegg av Janne Alsaker.

kb
17.03.2019
Sundags VG på døra - ring: 400 58 372
Ynskjer du å kjøpa sundags VG og få avisa levert på døra, ja, då kan du ta kontakt med Oliver Enes på mobil: 400 58 372. Han har 20 aviser og sel i sentrum og i Korsneset. Han brukar om lag 2 - 3 timar på jobben. Meir informasjon med bilete kjem i eige innlegg.

kb
17.03.2019
Uskedal Bondelag til Voss på studietur.
Neste helg skipar Uskedal Bondelag til studietur til Voss. På laurdagen vert det synfaring på Bjørke, på gardsbruket til Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Hjetland Bringedal. Før avreise på sundagen er det lagt inn omvisning og ei læringsøkt på Voss Jordbruksskule. Om lag 30 personar deltek på turen. Nortura og Felleskjøpet sponsar med m.a. mat for grilling i tunet på Bjørke.

kb
Siste Nyhende
23.03.2019
Godt elvefiske i 2018 trass lite vatn og stenging.
Fangststatistikken i Elveeigarlaget for 2018 syner at det har vore eit relativt godt fiske i Uskedalselva trass i lite vatn og stenging i store deler av sesongen. Det vart seld 220 døgnkort til ein pris til kr. 375,- pr. stk. Trond Lekva Myklebust har vore leiar. Med seg i styret har han hatt: Kjetil Fossheim, Tor Jarle Kjærland, Lars Haugland ( kassastyrar ) og Jostein Almås. Varamedlem: Geir Enes. Det har ikkje vore ordinært styremøte anna enn kontakt på telefon og e-post.
22.03.2019
Nydyrking på Haugland - treng meir massar.
Det er mykje dyrking i Uskedalen for tida, både på Rød, i Friheim og på Haugland. Det som var tre mindre stykke på Haugland vert no lagt ut, planert og dyrka opp til ny slåttemark. Lars Haugland og sønene Johannes og Øystein gjer jobben. Arealet høyrer til gardsnumer 125, bruk 7. Eigar er Margot Haugland. Det nye stykke er målt opp til 10 dekar.
21.03.2019
Betre og fornya turstiskilting.
I regi av det kommunale Turstiprosjektet vert alle skilt fornya og bytte ut. Til no har det på mange plassar vore treskilt som har synt vegen til fjells frå startpunkta nede i dalen. Ein vil framleis bruka treskilta i lia og på fjellet. På sikt vert alt bytt ut med nye standard skilt. Steinar Haugland i Turgruppa fortel at ein kvar vår går over og ser til at all skilting er på plass.
20.03.2019
Vil ny eigar halda fram med trelast- og byggevarer i Uskedalen ?
Det vart i denne veka gjort kjend at eigarane sel aksjane sine i Uskedalen Trelastlager AS. Ei samanhangde drift sidan opninga i 1929 på Eikelandet går dermed mot slutten. Uskedal Trelastlager har i 90 år vore ei solid verksemd med stor tillit i markedet. Varemerke deira har vore kvalitet, nærhet og fagkunnskap. Mange vil sakna den drifta familien har stått for. Difor knyter det seg store forventningar til om ny eigar held fram med trelasthandel i Uskedalen.
20.03.2019
Søndag vert det ei skikkeleg flott konsertoppleving i Uskedalen!
Det ligg an til ei særdeles flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge, men musikalske gjester, i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.  Etter å ha fått med meg glimt frå øvingane, kan eg lova topp innslag både frå dei tre professjonelle musikarane og frå dei to usedvanleg flinke og sjarmerande barna.
19.03.2019
Flink ungdom sel VG og tener sine eigne pengar.
Oliver Enes og Fredrik Simensen Haugland, begge snart 14 år, ligg ikkje på latsida i helgane. Dei ynskjer å spara og tena sine eigne pengar. Det vert gjort slik at Fredrik sel VG på laurdagane, Oliver på sundagane. Det er lausal og avisa vert levert på døra til dei som melder frå. Restopplaget vert selde til dei ein går på døra til. Oliver har alt vore aktiv ei tid. Fredrik fekk innsyn i jobben sist sundag. Han reknar med å vera klar innan kort tid.
19.03.2019
Vonheim - ein av 160 søkjarar til Sparebank 1 midlar.
Det er innan fristen 12. mars søkt midlar frå Sparebank 1- stiftinga Kvinnherad for 30 mill. kr. Talet søkjarar på sju år er tredobla. Snittet på tildelte gåver har auka frå 120.000,- til 180.000,- pr. søkjar. Disponerte midlar på 7,5 mill. kr i år rekk til 25 % av søknadsmassen. Styret for forsamlingshuset Vonheim har søkt om støtte til innlagt vatn og nytt toalett- og sanitæranlegg.
18.03.2019
SELSTAD treng fleire notbøtarar i Uskedalen.
SELSTAD søkjer etter nobøtarar til sin avdeling i Uskedalen. Det er erstatning for tilsette som har vald å gå over i anna jobb. Totalt har SELSTAD 8 tilsette i Uskedalen. Egil Pile er driftsleiar på SELSTAD sin serviceavdeling i lokala til Eidsvik Skipsbyggeri AS. Å vera notbøtar er eit eige fag og all opplæring vert gjort ved hovudkontoret i Måløy.
17.03.2019
Krafttak mot kreft med russen som bøsseberarar.
Den årlege kreftaksjonen Krefttak mot kreft vart gjennomført i heile Kvinnherad  dag. Russen var bøsseberarar og i Uskedalen var 10 ungdomar engasjerte i innsamlinga. Sju av ti overlever kreftsjukdomen i dag, men statistikken bak tala fortel kva kreft som enno har låg overleving. Innsamla midlar i år går difor til forsking og behandling av kreft der få overlever.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS