Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Uskedalen med sentral posisjon på Tilflyttarsamling 2018.

27.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Uskedal utvikling er Årets bygdalag og vil stå fram på tilflyttarsamlinga med presentasjon. Gunn Mari Moberg er leiar.
 
Det er no klart at Uskedalen vil vera i ein viktig del av programmet på tilflyttarsamlinga på Husnes onsdag 7. november. Både Uskedal utvikling og koret Røysterett for Alle vil stå fram med presentasjon og song. Den årlege tilflyttarsamlinga er eit samarbeidstiltak mellom Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune. Alle dei 340 tilflyttarane det siste året er inviterte skriftleg. Uskedal utvikling er årets bygdalag og vil særleg få merksemd.
 

Røysterett for Alle kan sjå tilbake på 30 års drift utan stopp. Koret har vore aktivt i mange og ulike samanhengar. Det er nok å nemna ei rekkje konsertar, større prosjekt og utanlandsturar. No sist var Røtsterett for Alle til Krakow i Polen og hadde fleire konsertar i kyrkjer og i Saltgruvene.

 

På tilflyttarsamlinga er det høve for laga og organisasjonar å vera med. Med dette har laga ein viktig arena for profilering og rekruttering av nye medlemer.

 

Gunn Mari Moberg, leiar i Uskedal utvikling, vil mellom anna informera om arbeidet med bygdeutvikling i Uskedalen, om møteplassen i Gamleskulen med Kafe Tiaren og om nettsida Uskedalen.no.

 

Det vert innlegg av både ordførar og konstituert rådmann. Utdeling av tilflyttarprisen er ein viktig del av programmet. Det vert også utdeling av gåver frå Tysnes Sparebank, SpareBank 1 SR-bank og frå Sparebanken Vest. 

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Røysterett for Alle / Kristian Bringedal

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Røysterett for Alle 30 år og vil ha innslag på Tilflyttarsamling 2018.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2018
Gåvetildeling til fem lag frå Uskedalen.
Fem lag med adresse Uskedalen er invitert til Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad si gåveutdeling i kveld på Husnes. Det er: Uskedal Idrettslag ( 4 prosjekt ), Uskedal Idrettslag - klatregruppa, Kvinnherad Turlag, Uskedal Friluftslag og Uskedal Skulemusikklag, tilsaman 8 tildelingar. Meir om utdelinga kjem i eige innlegg seinare.

kb
21.11.2018
Gode tilbod på Elins Matgleder i dag, onsdag 21. nov.
Det langope på Elins Matgleder, Uskedalen, i dag med mange gode tilbod. Opningstida er kl. 10 - 22. Elin bakar mellom anna julebrød og grovbrød. Det er 25 % på alle julegåver og 60 % på andre varer i salskroken.

kb
20.11.2018
Hallgeir Snilstveit og Magne Huglen på AP lista
Hallgeir Snilstveit og Magne Huglen er nominert på AP si liste til kommunevalet 2019. Snilstveit er sett opp på 18. plass. Huglen er ankermann. Magne Huglen har vore fast medlem i kommunestyret i ein periode. Han var også leiar i Komite for oppvekst og kultur. Enstad og Mikkelsen er kumulert på 1. og 2. plass.

kb
20.11.2018
Kunstboka om Aud S. Myklebust vert seld på SPAR.
Kunstboka med tittelen Skaperglede som medisin vert seld på SPAR Uskedalen. Boka handlar om Aud Sørheim Myklebust, bur på Nordås i Fana og har feirebustad og atelier på Myklebust i Uskedalen. Mange av motiva i boka er frå Uskedalen. Dei som alt har tinga boka, vil få boka signert og utlevert tysdag 4. desember på Kafe Tiaren. Tinging til Kristian Bringedal på mobil 915 31 487. Pris: kr. 350,-

kb
20.11.2018
Sal av bjørkeved i 60 l sekk.
Røysterett for Alle sel bjørkeved i 60 liter sekk. Veden er hoggen høgt oppe i Hauglandslia. Pris pr. sekk: kr. 70,- Ta kontakt på mobil: 930 39 003

kb
19.11.2018
Kyrkjekoret Nordsaang i Husnes kyrkje i kveld kl. 19.
Kyrkjekoret Nordsaang vert med på konsert i Husnes kyrkje i kveld, måndag 19. november. Kantor Eva Megyesi vil framføra musikk av Mons Leidvin Takle, i tillegg til song av norske folketonar. Mannen hennar, Pawel, spelar roleg og romantisk musikk på orgel. Alle er velkomne til Husnes kyrkje i kveld kl. 19.

kb
18.11.2018
Lina Håland - tilbake i Uskedalen på konfirmasjonnsdagen 12. mai 2019.
Det vart i kyrkja i dag gjort kjend at Lina Håland er tilbake sundag 12. mai 2019  på konfirmasjonsdagen i Uskedalen. Prosten i Sør Fylket og i Sunnhordland har sagt ja til at Lina skal stå for den kyrkjelege handlinga med dei konfirmantane ho har starta førebuinga med.

kb
16.11.2018
Skulemusikantar sel adventskalendarar ved Spar på laurdag.
Salget av den kjekke advendtskalendaren til Uskedal skulemusikk går godt.  I morgon, laurdag, kan dei som enno ikkje har fått tak i den, få kjøpt den utanfor Spar Uskedalen.  Frå kl.12 til ca.15 vil musikantar selja den utanfor butikken.  Elles er den å få kjøpt hos Gros Blomster og ved å ta kontakt med musikarar og foreldre.

tid
16.11.2018
Brannstasjonen - F.skapet vil ha ei betre saksutgreiing.
Saka om nedlegging av fire brannstasjonar i Kvinnherad vart sendt tilbake til administrasjonen med ynskje om ei meir fyldig utgreiing. Med dette er saka utsett og det er uvisst kva tid saka kjem opp på nytt.

kb
16.11.2018
Pubkveld på Dønhaug med bassisten Tore Nordahl Pedersen.
Vi minner om pubkvelden i Dønhaugkjedlaren i kveld frå kl. 20. Bassisten Tore Nordahl Pedersen vil framføra pop- og rocklåtar frå 1960 og 70 talet. Fyrste settet går kring kl. 21. Inngang: kr. 100,-

kb
Siste Nyhende
20.11.2018
Jon Fosse kveld i Dønhaugkjedlaren, torsdag 29. november.
Torsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug. Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og viktig. Jon Fosse er ikkje berre dramatikar, men også romanforfattar og lyrikar m.m. Kva er det som kjenneteiknar Fosse si dikting?
19.11.2018
Feirar 10 år med gode tilbod og langope.
I morgon, tirsdag, er det 10 år sidan Gro Hjelmeland opna Gros Blomster i det tidlegare Sætre-bygget like ved Grano i sentrum av Uskedalen.  Dette har vore 10 gode år både for butikken og ikkje minst for oss som er kundar der.  Dette vert markert med gode tilbod, gratislotteri til alle som handlar denne dagen og lengre opningstid.
18.11.2018
Ei inkluderande musikalsk reise med Tore i Dønhaugkjedlaren.
Me fekk eit raust innsyn i kva som har oppteke Tore som musikant frå 60-talet fram til no.  Det skein godt gjennom at her sat ein mann som ikkje var ein meinar av kva me bør lika – nei, han ville dela det som har forma smaken hans opp gjennom åra – og så sto me fritt til å ta imot etter eigen smak.

18.11.2018
Farvel til Lina Håland med mykje lovsong, ord og tonar.

Det vart ei gudsteneste slik det måtte bli som farvel til soknepresten i Uskedalen, Lina Håland. Gospel, lovsong, konfirmantane og nådemåltidet i nattverden var viktige element i ei gudsteneste vi seint vil gløyma. Det vart motteke med spontan applaus då Lina Håland fortalde at ho kjem tilbake til Uskedalen 12. mai 2019 for å stå for konfirmasjonen. Ein brannalarm straks etter postludiet fekk alle ut av kyrkja og dermed vart det samling på kyrkjebakken med kaffi, kake og helsingar.
16.11.2018
Den siste gudstenesta til Lina Håland før avreise til Sandnes.

Det er venta mykje folk i Uskedal kyrkje i morgon, sundag 18. novmber kl. 11, på den siste gudstenesta til sokneprest Lina Håland før avreise til Sandnes. Prosten i Sunnhordland, Svein Arne  Theodorsen, vert med på gudstenesta. Det same vert gospelkoret Abraham med Lina Håland som solist. Musikalsk leiar for koret, Bjarte Lending, vil også vera organist i morgon og han saman med presten har funne fram til høvelege salmar. 
15.11.2018
7. klasse jobbar med kulturhistorisk filmprosjekt.
7. klasse i Uskedalen gjer førearbeidet til å dokumentera vår kulturhistorie festa til filmen. Bakgrunnen er eit tilbod frå filmskapar Merete Offerdal Tveit til 7. klassane i Kvinnherad om å finna og få presentert gode historiar på film. Etter nokre timar i den gamle skulestova på Haugland, delvis i rolle så går det mot ei filmatisering av ein skuledag i eldre tid.
15.11.2018
Mange flotte gevinstar på adventskalendaren i år.
Interessa for den populære adventskalendaren til Uskedal skulemusikk er stor også i år.  Det er ikkje rart for etter at eg har fått mine i hende, synes eg at det er ekstra flotte gevinstar i år.  Fram til juleaftan vert det trekt 40 gevinstar som vert kunngjort dagleg her på uskedalen.no.
14.11.2018
Takk til 30 frivillige for heilårsdrift på Kafe Tiaren.
I kveld var frivillige kafevertar inviterte til Frivilligfest i Gamleskulen. Uskedal utvikling ynskjer med dette å takka alle for den store innsatsen med å drifta Kafe Tiaren. Bortsett frå nokre tysdagar i jule og nyttårshelga er kafeen open heile året med tre vertar kvar tysdag i ein turnus 8. kvar veke. I tillegg kjem ringevikarar og Rustne Menn som kvar siste tysdag i månaden syter for allsong og musikk. Alf Hjønnevåg er rekneskapsførar og ser til at det er orden på økonomien.
14.11.2018
Brannstasjonssaka går vidare til kommunestyre.
Framlegg om nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen er sak i Formannsskapet i dag. Slik saka er skriven, kan det sjå ut som om det er ei vedtakssak. Ordførar Peder Sjo Slettebø stadfestar overfor Uskedalen.no at saka skal vidare til Kommunestyre, truleg i møte torsdag 29. november. Uskedalen er i framlegget ei av fire bygder der det er snakk om å leggja ned branntroppen.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS