Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Bruktsalg og kafè i Helgheim.

21.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Nytt, godt tilbod i Helgheim 10. og 11. november.
 
Den 10. og 11. november er det planar om eit nytt og spennande tilbod i ungdomshuset Helgheim her i Uskedalen.  Då vert det lagt opp til brukthandel og kafè. Dette kan verta både nyttig og sosialt.  No etterlyser iniativstakaren folk som ønskjer stand for å selja brukte eller nye ting slik at det flotte tiltaket kan gjennomførast.
 
Det er Liv Astrid Myhre som står bak tiltaket, og ho fortel at  på lørdagen satsar dei på dame/herrekle samt sko, vesker,smykker og anna som høyrer til.  
Søndagen opnar dei også opp for barnekle og utstyr. Dersom nokon har spesielle ting som fell utanfor desse kategoriane, går også det heilt fint etter avtale, men Liv Astrid gjer klart at dei ikkje ønskjer store ting som t.d. møblar.
 
For at arrangementet skal gjennomførast, treng ein om lag 20 som har stand, og det er rimeleg å kjøpa standplass.  Det kostar 200 kr for å ha stand på arrangementet begge dagane. Stand må bestillast på førehand, og det gjer ein ved å kontakta Liv Astrid Myhre på mobil 990 42 327. Det er også mogeleg å senda melding om det på facebook.  Ho bed om at interesserte er raske med påmelding då det er begrensa med plasser.  Ho treng også tid for å organisera messa på ein best mogeleg måte.
 
I tillegg til å kika, kjøpa og prata vil ein også kunna kosa seg med god mat.  Lørdag blir det salg av heimelaga kyllingsuppe, kaffi og kaker, og søndag blir det heimelaga kjøttkaker, heimelaga karamellpudding, kaffi og kaker. Det vert altså lagt opp til verkeleg koselege dagar.
 
Vi håpar at det vert god interesse for standar, for dette kan verta eit veldig kjekt tilbod desse to novemberdagane.  Det vert ein flott plass å møtast, akkurat slik vi har behov for i Uskedalen.  Telefonnummeret til Liv Astrid var altså 990 42 327.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Arkivfoto
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
15.01.2019
Årsmøte i Sogelaget er lagt til Uskedalen.
Årsmøte 2019 i Kvinnherad Sogelag er lagt til Uskedalen. Møtedato er laurdag 27. april. I forkant av sjølve årsmøte vert det føredrag, synfaring og gjesting med bakgrunn i eit tema som høver med plassen. Styremedlem Audun Eik er med i førebuingsnemnda.

kb
15.01.2019
Sagbekken - ikkje Saghaugbekken.
Ein lesar har merka seg det Uskedalen.no skreiv om vegutbering på Fylkesvegen ved nedkøyrsla til Beinavikjo. Rett namn på bekken skal vera Sagbekken, ikkje Saghaugbekken. Takk for merknad.

Red.
14.01.2019
Opningstider for Elins Matgleder, Rosendal
Elins Matgleder, Rosendal startar opp etter juleferien torsdag 17. januar kl. 11.
Nye opningstider er:
Torsdag - laurdag: kl. 11 - 17.
Sundag: kl. 14 - 18.

kb
14.01.2019
Skirenn til helga.
Med lovande vermeldingar ser det ut til at det planlagte skirennet i langrennskarusellen søndag kjem til å gå som planlagt.  Rennet går i klassisk stil, og det er UIL som er arrangør. Påmeldinga er opna, og det kan gjerast HER.  Arrangørane oppfordrar alle til å nytta høve til å vera med i trimklassen.

tid.
13.01.2019
Møte om framtidig eldrepolitikk, tysdag 15. jan. kl. 18.
Helselaga Seimsfoss, Rosendal og Løfallstrand inviterer til møte om framtidig eldrepolitikk i kommunen. Uskedal helselag er invitert og vil delta på møte. Møte er ope for alle og vil ha fokus på tiltak for eldre i åra framover. Møte er i Rosendal samfunnshus tysdag 15. januar kl. 18.00.

kb
12.01.2019
Gudsteneste med vikarprest Arne Natås.
Gudstenesta denne helga er ved vikarprest i Sunnhordland Prosti, Arne Natås. Natås har før vore sokneprest i Røldal. Det er nattverd. Gudstenesta i Uskedal kyrkje er kl 11.

kb
12.01.2019
Vasslekkasjen er lokalisert, men ikkje med nøyaktig funnplass.
Vasslekkasjen er lokalisert til Korsneset Byggefelt, men ein veit framleis ikkje nøyaktig plass. Difor bed leiar i Uskedal Vassverk alle om å sjekka vassinntaket til husa sine. Alle med naust og uthus må vera særleg merksame, høyra om det er sus i røyrane eller om det er ein synleg lekkasje i tunet eller i vegen. Det renn ut 3 liter pr. sekund. Ta kontakt med Hans Reidar Kjærland på mobil: 997 01 819

Uskedal Vassverk
11.01.2019
Gundersen sluttar som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag.
Kvinnheringen skriv i dag at Tor Gundersen ikkje held fram som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag. Tor Gundersen har i mange år vore engasjert som trenar for ulike fotballag i Kvinnherad.

kb
11.01.2019
Gunslingers tilbake til Dønhaug i påskeveka.
Dansebandet Gunslingers kjem til Uskedalen i påskeveka, onsdag 17. april. Låvedansen på Dønhaug med Gunslingers samlar alltid mykje folk. Då er det berre å gled seg og få kjøpt billett.

kb
Siste Nyhende
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
13.01.2019
Brille funnen og teken vare på.
Brille er funnen på gangvegen mellom Hagetunet og busslomma. Vi har skrive om dette før, men ingen har henta brilla som vart hengd opp i gjerde på ein godt synleg plass. Brilla med snor ligg i etui. Det kan vera barnebrille.
13.01.2019
Vikarpresten la inn ei læringsøkt for borna om dåpen.
Tidlegare sokneprest i Røldal, Arne Nataas, er prostiprest og vikar i prestetenesta i Uskedalen fram til ny sokneprest er på plass. I dag på 2. sundag i Openberringstida fekk kyrkjelyden eit møte med Nataas gjennom gudsteneste, dåp og nattverd. Dåpsbarnet Ludvig vart døypt på det som vert omtala som Jesus sin dåpsdag. Ikkje nok med det: Borna i kyrkja i dag fekk ei oppleving og eit minikurs om kva som må til for å gjennomføra ein dåp.
12.01.2019
Den store utreisedagen for sydentur til Gran Canaria.
Gran Canaria er eit populært reisemål for mange uskedelingar. Berre i dag har 10 personar frå eller med nær tilknyting til bygda avgang frå Bergen eller Stavanger med fly med Las Palmas som destinasjon. Talet på dei, som store deler av vinteren bur fast på øya, er om lag det same. I vekene framover kan ein såleis rekna at 20 uskedelingar feirerer i dette område.
11.01.2019
Synfaring på Rød og Haugland med ny kulturkonsulent
Ny kulturkonsulent etter Linda Øen er Anita Lykkja. Lykkja kjem frå Valdres, men har i mange år vore kulturkonsulent i ein av dei mange kommunane på Helgelandskysten. Ho tok til i stillinga på nyåret og brukar dei fyrste vekene på å gjera seg kjend i Kvinnherad. Linda Øen, som no er tilsett som direktør på Sunnhordland Museum, var  med på synfaringa i Uskedalen, dette for å letta overgangen og innføringa i mange saker for Anita Lykkja.
10.01.2019
Stian Helland er søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Stian Helland ( f. 1972 ) er søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Helland kjem frå Fitjar og har sidan 2014 vore sokneprest i Ringsaker. Han har utdanninga si frå Det Teologiske Menighetsfaktultet ( MF) 2008 - 2014. Stian Helland kan syna til ei brei erfaring frå yrkeslivet og frå kyrkjeleg og kulturelt arbeid.
10.01.2019
Utbetring av Fylkesvegen ved Sagbekken.
Det har lenge vore ei generande dump i vegen der den gamle Sagbekken går i røyr under Fylkesveg 48. No vert skaden utbetra. Det er Kvinnherad Maskin som gjer jobben på oppdrag for MESTA. Årsaka til skaden er truleg brot på hovudrøyra som igjen har ført til søkk i vegbanen.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS