Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Fullt hus på storveis Internasjonal kulturfest.

20.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Det var fullt hus på den flotte festen.
 
Det måtte setjast ut både ekstra stolar og ekstra bord i Kulturhuset Husnes då det vart arrangert Internasjonal kulturfest fredag ettermiddag i samband med TV-innsamlingsaksjonen. I overkant av 280 publikummarar fekk oppleva eit imponerande og variert program med både verbale og musikalske innslag, og det heile vert toppa med eit matbord som det er umogeleg å konkurrera med på andre arrangement.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mohammed A. Mohammed hadde eit tankevekkjande, interessant og lærerikt innlegg.
 
- Det store vendepunktet for meg kom då eg fekk sommarjobb ved Herøysund kompetansesenter i 2013, sa mellom anna Mohammed A. Mohammed frå Somalia, Beinavikjo og Uskedalen då han fortalde om si reise frå han kom som flyktning til Kvinnherad i 2011.  Mesteparten av tida etterpå har han budd i Uskedalen, først på Steinsletto og siste tida i leilighet på Uskedal Brygge i Beinavikjo.
 
Frå første tida kunne han fortelja om mykje einsemd, ja, utanom skuletida var livet einsemd. Han beskreiv det med at han kunne sitja 4-5 timar i sofaen og tenkja; - utan å vita kva han tenkte på. Då han etter søknad fekk den omtala sommarjobben byrja eit nytt liv.  Han fekk kollegaer, og vidare fekk han venner, julebord og andre personalsamlingar.  Han fekk fritid med turar, bading, quiz og mange andre aktivitetar.  Alt, som eit resultat av det positive svaret på jobbsøknaden.
 
Mohammed kom også med råd ut frå sine erfaringar. 
- Det er viktig å delta.  Delta i frivillig arbeid. Det er viktig, sa han og fortalde at det gjorde han før han fekk jobben. I tillegg sa han at det er viktig å stå på og ikkje gje opp.  Han fortalde om ein kamerat som no går på høgskule i Bergen som hadde sendt jobbsøknad kvar dag i to år.  Då fekk han endeleg jobb!  Det gav resultat.
 
Det var både interessant, lærerikt og tankevekkjande å høyra det Mohammed fortalde på trygg og god norsk med tydelege dialektinnslag.  Nokre sambygdingar var i salen og fekk høyra det, men langt fleire burde fått oppleva det!  Kanskje burde vi arrangere ein internasjonal kveld her i bygda?
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Yuko Shuto framførte både japansk og norsk popmusikk.
 
 
Camilla Øvstebø med nydeleg Dolly Parten-tolkning.
Men det var også mykje anna flott på programmet.  Det starta med at 6 elevar frå Undarheim skule framførte appell i samband med innsamlingsaksjonen.  Med flott framføring og godt innhald gav dei festen ein fin start.  Musikkinslaga var mange og gode.  Kulturskuleelev Vilde Bø Røssland framførte TV-aksjonssangen Til deg, -  vakkert slik dette talentet kan. Kjekt var det når grunnskuleelevar fekk heile salen med på BLI MED dansen.  For første gong fekk eg høyra Yuko Shuto frå Japan, norskelev ved Integrering og opplæring og lærar i kulturskulen.  På profesjonelt vis framførte ho to popsongar på hovudinstrumentet sitt piano.  Først fekk vi høyra ein japansk poplåt før ho spelte velkjende You raise me up av Rolf Løvland.  Camilla Øvstebø, tilsett ved Integrering og opplæring, viste seg i sitt nummer som ein framifrå Dolly Parton-tolkar med si nydelege stemme og sitt gode gitarspel.  Den musikalske delen av det oppsette programmet var avslutta med kraftfull rock.  Først viste kulturskulelærar Mauricio Weimar korleis eit trommesett kan handterast i eit par nummer før det gode kulturskulebandet Cold Chase som stadig er i fin utvikling, avslutta det oppsette programmet.
 
 

Men det var ikkje slutt med det. Kvelden vart toppa med to ekstranummer. Og for nokre ekstranummer!!!  Først viste 6 år gamle Abdul Karim frå Rosendal og Syria seg som ei komande rockestjerne med imponerande og kraftfull songstemme der han song med skikkeleg feeling.  Heilt til slutt fekk vi oppleva eritreisk folkemusikk framført av Semereab Beyene, elev ved KVV.  Tidlegare var Semereab mykje brukt som musikar både i bryllup og andre store samkomer.  Han er ein meister på det eritreiske strengeinstrumentet krar i tillegg til at han syng flott. Eg lovar eg skal gjera mitt for at vi får høyra han i Uskedalen og!

 
Førsteklassingen Abdul Karim frå Malmanger skule imponerte.
 
Flott avslutning med Semereab på krar og song, og kameratane hans Tesfit, Ibrahim og Okbagebriel med eritreisk dans.
 
Maten denne kvelden er eit kapittel for seg.  Det er alltid mykje god mat på desse festane, men i år trur eg det slo alle rekordar.  Fleire langbord var fylte med nydelege rettar frå mange forskjellige land. Du finn ikkje maken på nokon fest!  Det var så mykje godt å velja i, altså!  Mange bidrog, men hovuddelen av æra for dette må gå til elevar ved Integrering og opplæring.  Mange har gjort ein stor jobb, nokre i fleire dagar.  Tusen takk til dei.  Resultatet vart ei gourmetisk oppleving utan sidestykke.  
 
Eit av dei velfylte matborda
 
 
Og midt blant all den gode maten og det fine programmet var masse flotte folk som kosa seg saman.  Konferansier Anne Sofie Kjeka leia festen på ein god måte med utfyllande informasjon om TV-aksjonen mellom innslaga.
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.03.2019
Deltar i solist og korpskonkurranse i helga.
Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk deltar i korpskonkurransen Hordablæsten i helga.  Dei deltar i 3.divisjon der det er 12 korps.  Dei speler søndag. To av musikarane deltar også i solistkonkurransen.  Det er Nils Rainer Vågen, euphonium, frå USM(f. 2003) og Maren R. Grøtte frå RSK, kornett/trompet, (f.2001).  Solistkonkurransen går lørdag.  Nils Rainer skal spele Pie Jesu(Loyd Webber) og Nocturne(Løvland), og han går på scenen 18.20.  Han skal konkurrera med 31 andre, m.a. stortalentet Frøya Hoen Tjore.  Maren skal spele Grand Fantasia(Hartmann). I hennar klasse er det 22 deltakarar, og blant dei er det fleire som allereie har markert seg som musikarar.  Vi ønskjer dei lukke til!

tid
21.03.2019
Innsamlinga til Ukraina, måndag 1. april.
Den store innsamlingsdagen for å fylla opp traileren til Korosten i Ukraina er måndag 1. april. Nøyaktig innsamlingsrute i Kvinnherad vert kunngjort seinare. Men alt no kan vi ta fram kle, sko, leiker m.m. og pakka i sekker. Maks last er 90 kubikkmeter.

kb
21.03.2019
Cafe Hylleblomen opnar 12. april i Skålagato.
Elins Matgleder melder på Facebook at Cafe Hylleblomen opnar fredag 12. april kl. 10 i Skålagato.Uskdalen.no har før hatt innlegg med bilete frå oppussinga og arbeidet med klargjering. Mest vegg i vegg med kafeen ligg Restaurant Fiolen.

kb
20.03.2019
Stig Berge-Soldal er søkjar til rektorstilling på Husnes ungdomsskule.
Stig Berge-Soldal er ein av fem søkjarar til rektorstillinga på Husnes ungdomsskule. Han er for tida skuleleiar på Uskedal skule. Lilli Britt Urheim, som tidlegare var  rektor i Uskedalen, har nokre år vore rektor på Husnes før ho no vert leiar på Hatlestrand.

kb
20.03.2019
Attval på styre i Idrettslaget.
Uskedal Idrettslag hadde årsmøte i går kveld. Dei i styret som var på val, tok attval. Idrettslaget kan syna til ei stabil drift med gode trenarar og instruktørar. Styret er: Chris Fossli ( leiar ), Helene Huse Bjørnebøle, Lars Haugland, Geir Enes, Per Korsvold og Håvard Lunde.

kb
19.03.2019
Stig Framnes gjekk Skøytebirken på fredag.
Stig Framnes frå Uskedalen/Oslo gjekk Birkebeinarrennet på fredag. Det var den såkalla Skøytebirken, ikkje det ordinære skirennet vi kjenner frå før. Skilnaden er at ein skøytar og at rennet går dagen før hovudrennet. Traseen og lengda ( 54 km ) er den same. Så langt vi kjenner til, var Stig Framnes den einaste deltakaren frå Uskedalen i år.

kb
18.03.2019
Uskedal Trelastlager vert seld.
Det er i dag gjort kjend at den tradisjonsrike verksemda Uskedal Trelastlager vert lagt ut for sal. Uskedal Trelastlager med eigar Tørres Myklebust starta trelasthandel på Eikelandet i 1929. Uskedal Trelastlager har vore i samanhangande drift i ein og same familie over fire generasjonar. Finn Guddal er dagleg leiar i dag. Meir informasjon kjem seinare.

kb
18.03.2019
Sau og Geit møte i kveld kl 19.30 i Gamleskulen.
Kvinnherad Sau og Geit inviterer til møte i kveld, måndag 18. mars, kl. 19.30 i Gamleskulen. Arne Oftedal frå Mattilsynet vert med. Han vil orientera om ny dyrevelferdslov. Veterinær Svein Rimestad informerer om den føreståande lamminga. Det vert også innlegg av Janne Alsaker.

kb
17.03.2019
Sundags VG på døra - ring: 400 58 372
Ynskjer du å kjøpa sundags VG og få avisa levert på døra, ja, då kan du ta kontakt med Oliver Enes på mobil: 400 58 372. Han har 20 aviser og sel i sentrum og i Korsneset. Han brukar om lag 2 - 3 timar på jobben. Meir informasjon med bilete kjem i eige innlegg.

kb
17.03.2019
Uskedal Bondelag til Voss på studietur.
Neste helg skipar Uskedal Bondelag til studietur til Voss. På laurdagen vert det synfaring på Bjørke, på gardsbruket til Ragnhild Tennebekk Bjørke og Olav Hjetland Bringedal. Før avreise på sundagen er det lagt inn omvisning og ei læringsøkt på Voss Jordbruksskule. Om lag 30 personar deltek på turen. Nortura og Felleskjøpet sponsar med m.a. mat for grilling i tunet på Bjørke.

kb
Siste Nyhende
23.03.2019
Godt elvefiske i 2018 trass lite vatn og stenging.
Fangststatistikken i Elveeigarlaget for 2018 syner at det har vore eit relativt godt fiske i Uskedalselva trass i lite vatn og stenging i store deler av sesongen. Det vart seld 220 døgnkort til ein pris til kr. 375,- pr. stk. Trond Lekva Myklebust har vore leiar. Med seg i styret har han hatt: Kjetil Fossheim, Tor Jarle Kjærland, Lars Haugland ( kassastyrar ) og Jostein Almås. Varamedlem: Geir Enes. Det har ikkje vore ordinært styremøte anna enn kontakt på telefon og e-post.
22.03.2019
Nydyrking på Haugland - treng meir massar.
Det er mykje dyrking i Uskedalen for tida, både på Rød, i Friheim og på Haugland. Det som var tre mindre stykke på Haugland vert no lagt ut, planert og dyrka opp til ny slåttemark. Lars Haugland og sønene Johannes og Øystein gjer jobben. Arealet høyrer til gardsnumer 125, bruk 7. Eigar er Margot Haugland. Det nye stykke er målt opp til 10 dekar.
21.03.2019
Betre og fornya turstiskilting.
I regi av det kommunale Turstiprosjektet vert alle skilt fornya og bytte ut. Til no har det på mange plassar vore treskilt som har synt vegen til fjells frå startpunkta nede i dalen. Ein vil framleis bruka treskilta i lia og på fjellet. På sikt vert alt bytt ut med nye standard skilt. Steinar Haugland i Turgruppa fortel at ein kvar vår går over og ser til at all skilting er på plass.
20.03.2019
Vil ny eigar halda fram med trelast- og byggevarer i Uskedalen ?
Det vart i denne veka gjort kjend at eigarane sel aksjane sine i Uskedalen Trelastlager AS. Ei samanhangde drift sidan opninga i 1929 på Eikelandet går dermed mot slutten. Uskedal Trelastlager har i 90 år vore ei solid verksemd med stor tillit i markedet. Varemerke deira har vore kvalitet, nærhet og fagkunnskap. Mange vil sakna den drifta familien har stått for. Difor knyter det seg store forventningar til om ny eigar held fram med trelasthandel i Uskedalen.
20.03.2019
Søndag vert det ei skikkeleg flott konsertoppleving i Uskedalen!
Det ligg an til ei særdeles flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge, men musikalske gjester, i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.  Etter å ha fått med meg glimt frå øvingane, kan eg lova topp innslag både frå dei tre professjonelle musikarane og frå dei to usedvanleg flinke og sjarmerande barna.
19.03.2019
Flink ungdom sel VG og tener sine eigne pengar.
Oliver Enes og Fredrik Simensen Haugland, begge snart 14 år, ligg ikkje på latsida i helgane. Dei ynskjer å spara og tena sine eigne pengar. Det vert gjort slik at Fredrik sel VG på laurdagane, Oliver på sundagane. Det er lausal og avisa vert levert på døra til dei som melder frå. Restopplaget vert selde til dei ein går på døra til. Oliver har alt vore aktiv ei tid. Fredrik fekk innsyn i jobben sist sundag. Han reknar med å vera klar innan kort tid.
19.03.2019
Vonheim - ein av 160 søkjarar til Sparebank 1 midlar.
Det er innan fristen 12. mars søkt midlar frå Sparebank 1- stiftinga Kvinnherad for 30 mill. kr. Talet søkjarar på sju år er tredobla. Snittet på tildelte gåver har auka frå 120.000,- til 180.000,- pr. søkjar. Disponerte midlar på 7,5 mill. kr i år rekk til 25 % av søknadsmassen. Styret for forsamlingshuset Vonheim har søkt om støtte til innlagt vatn og nytt toalett- og sanitæranlegg.
18.03.2019
SELSTAD treng fleire notbøtarar i Uskedalen.
SELSTAD søkjer etter nobøtarar til sin avdeling i Uskedalen. Det er erstatning for tilsette som har vald å gå over i anna jobb. Totalt har SELSTAD 8 tilsette i Uskedalen. Egil Pile er driftsleiar på SELSTAD sin serviceavdeling i lokala til Eidsvik Skipsbyggeri AS. Å vera notbøtar er eit eige fag og all opplæring vert gjort ved hovudkontoret i Måløy.
17.03.2019
Krafttak mot kreft med russen som bøsseberarar.
Den årlege kreftaksjonen Krefttak mot kreft vart gjennomført i heile Kvinnherad  dag. Russen var bøsseberarar og i Uskedalen var 10 ungdomar engasjerte i innsamlinga. Sju av ti overlever kreftsjukdomen i dag, men statistikken bak tala fortel kva kreft som enno har låg overleving. Innsamla midlar i år går difor til forsking og behandling av kreft der få overlever.
Sponsorar
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS