Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Norsiden Askøy – Rosendal/Uskedal J17

01.10.2018
Klikk på bilete for full storleik
Arkivbilete Rosendal / Uskedal J17
 
Rosendal/Uskedal (R/U) reiste til Askøy tidleg laurdag morgon for å møte Askøy Nordsiden/Appolo som ligger nedst på tabellen med 0 poeng så langt denne sesongen. Været var ikkje det beste, det var vind og det regna på tvers frå alle kantar, surt å kaldt både for dei som spelte og dei som såg på.
 
R/U tok kommando over kampen med ein gong, på ein bane som såg ut som den var laga tidleg på 80 talet med betong og litt filt oppå. R/U hadde fleire sjansar tidleg i omgangen men det skulle gå 9 min og fleire cornerar før ballen satt i mål. Målskorar var Thea. R/U trykker på og får mange cornerar i denne perioden 6-8 stk. på de 15 første minuttane av omgangen. 
 
Ballen blir spelt opp på Ina, ho tar ein fin dragning og avsluttar klinsj i hjørna og det står 2-0 til R/U. Bare 3 min seinare får R/U ein ny corner og Lene skrur ballen rett i mål. To minutt seinare fyrer Silje av et skot som keeper må gje retur, Ina plukkar opp og det står 4-0 til R/U etter spelt 20 minutt av første omgang.
 
Etter dette har både Hanna og Ida Marie sjansar til å lage mål, men ballen går rett utanfor for begge to. Det er R/U som til dei grader styrer denne kampen i vinden (medvind for R/U). Norsiden Askøy har vel ikkje hatt ein reel målsjanse så langt i kampen.
 
Etter 35 minutt er det eit fint veggspel mellom Silje og Ina, som Silje set i mål. Kort tid etter fyrer Ina laus frå 16 meter og fullfører sitt hat trick og 6-0 til R/U. Ina skulle få sette ein ball til i mål før pause med ein innøvd variant på corner, men dommaren annullerer målet, då han miner ballen har vert over «dødlinja».
 
R/U går ut i 100 i 2. omgang og det er utruleg at det ikkje kjem mål før det er spelt 53 min. Då er det Ina som igjen kjem åleine med keeper og trillar ballen elegant i hjørne til 7-0 for R/U. Etter 56 minutt blir igjen Ina spelt fint gjennom med pasning frå Emma, som blir Ina sitt 5. mål for dagen og det 8’ande for R/U. Kampen er vel i realiteten over på dette tidspunktet. 8 minuttar seinare kjem Emma på skothold og det står 9-0.
 
Etter 74 spelte minuttar kjem Thea åleine med Keeper og lobbar elegant over keeper og setter det 10’ende målt for R/U.
 
Etter dette roar kampen seg litt, men det skulle komma eit mål til frå R/U og sjølvsagt er det Ina som igjen snappar ballen på midtbanen, går åleine med keeper og trillar ballen enkelt i mål. Ina skårar dermed dobbel hat trick i denne kampen. 
 
Etter denne kampen ligg R/U på toppen av tabellen med 10 poeng og 4 spilte kamper. Det ser lyst ut for laget, men det er mange kamper igjen og mykje kan skje fram øve. Til kampen mot Bergen Nord 2 den 6. oktober er blant annet Ina, Guro og Ida Marie ikkje tilgjengeleg.
 
Laget mot Nordsiden-Askøy:
  • May Beate Brakstad
  • Eli Omvik
  • Amalie Hovden
  • Marte Bøyum
  • Lene Furdal (1 mål)
  • Hanna Tvilde
  • Ida Marie K. Eidsvik
  • Guro Leganger
  • Thea S. Taranger (2 mål)
  • Silje Soldal (1mål)
  • Ina T. Sandvik (6 mål)
 
Innbytarar:
  • Camilla Ripel
  • Lisa Jonetta Ølvestveit
  • Emma Øen (1 mål)
  • Maria Hatteberg
  • Ingeborg Flatebø
 
Tekst: Tor Gundersen / Erlend Bøyum
Foto: Arkivbilete Rosendal / Uskedal J17
Nett: Hans Ordin Østebø
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.06.2019
Ikkje allsong på Kafe Tiaren i morgon.
Grunna ferietur vert det ikkje Allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag 25. juni. Straks Rustne Menn er samla, vert det funne ny dato for neste allsong.

kb
24.06.2019
Treng to personar ekstra til rigging onsdag frå kl. 11.
Riggegruppa treng to personar ekstra på onsdag frå kl. 11 til kl. 16. I tilegg treng ein ein person i riggegruppa frå kl. 16 til kl. 23. Meld dykk til Lene Gjuvsland Skjelnes på Festidalen si heimeside eller på Facebook. Må vera over 18 år.

kb
23.06.2019
Hesjedugnad på Dønhaug tysdag kl. 17.
Det vert hesjedugnad på Dønhaug tysdag 25. juni kl. 17. Ta med rive. Alle er velkomne til å vera med på ein sosial aktivitet, i tillegg at du er med på å skapa eit triveleg festivalområde.

kb
23.06.2019
Scora 2 i Obos-ligaen.
Viking-spelar Harald Nilsen Tangen er for tida på utlån til Obos-jumbo Tromsdalen saman med 2 andre Viking-ungdommar. I dag var han tilbake på heimlege trakter då TUIL møtte Sandnes Ulf. Harald kom inn like før pause, og han sette verkeleg sitt preg på kampen. Han utlikna Sandnes-leiinga to ganger, men likevel vart det 3-2 tap mot Sandnes-laget som er tippa i øvre skikt på tabellen.

tid
23.06.2019
G12 ballgutar på Viking/BodøGlimt kamp sundag kveld.
Gutar 12 frå Uskedalen er i Stavanger og får vera med på Viking/BodøGlimt kamp på Viking stadion. Dei har fått det ærefulle oppdraget i å vera ballgutar. Til opninga bar dei inn flagget. Meir informasjon kjem i eige innlegg. Trond Mykleust er trenar for laget. Lars Johan Myklebust er kontaktperson overfor Viking.

kb
23.06.2019
Gudstenesta i kveld går ut.
Grunna sjukdom vert det ikkje gudsteneste i Uskedal kyrkje i kveld. Det er Prosten i Sunnhordland som melder frå om dette. Til dei som les Uskedalen.no: Meld frå til dei som ikkje er på nettet. At ei gudsteneste vert avlyst på denne måten, vert kalla messefall. Ikkje gudsteneste slik det var tillyst i kveld, sundag 23. juni kl. 19.30.

kb



22.06.2019
To uskedalselevar fekk målpris.
Redaksjonen gjer merksam på at det var to uskedalselevar frå kvar sin 10. klasse som fekk målpris frå Kvinnherad Mållag. Innlegget skrive hin dagen er korrigert og retta. Heider og ros går til Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit.

Red.
19.06.2019
Det sig på med frivillige til Festidalen.
Lene Gjuvsland Skjelnes melder at det aukar på med frvillige til Festidalen. Gode oppslag og delingar på Facebook har hjelpt på. Men: Festidalen treng enno frivillige på laurdagen. Gå inn på Festidalen si heimeside og meld dykk på.

kb
17.06.2019
Uskedal Trelastlager er seld - meir informasjon i morgon.
Det er i dag gjort kjend at Uskedal Trelastlager er seld. Meir informasjon om salet og den nye eigaren kjem på Uskedalen.no i morgon, tysdag 18. juni.

kb
14.06.2019
Strålande veke for Ingar Kiplesund.
Ingar Kiplesund(22), lengdehoppar og son til Hildegunn frå Haugland, har hatt ei strålande innleiing på sesongen.  Søndag slo han til med pers på 7.94 m i Spania.  Tirsdag fulgte han opp med sterke 7.83 m, og under Bislett Games i går vann han lengdekonkurransen med 7.77 m.  Dette er dei tre beste konkurransane han har levert i karriera så no vert det spennande å sjå om han passerer 8 meters grensa, og også Kristen Fløgstad sin 46 år gamle norgesrekord på 8.02 i nær framtid.

tid
Siste Nyhende
25.06.2019
Gunnar Haugland er blind - er inne på uskedalen.no kvar dag.
Gunnar Haugland frå Klammeren i Uskedalen har sidan 1957 budd på Rubbestadneset og hadde arbeidet sitt på Wichmann Motorfabrikk som driftsassistent og planleggjar for hovud- og delmontering fram til 1986. Ein augesjukdom førte til at han vart sterkt synshemma og til slutt blind. Kvar dag er han inne på nettsida Uskedalen.no og røysta til ein med namnet Olav les teksten. Den same ordninga gjeld for Haugesund Avis og Bergen Arbeidarblad. Han har database med namna på alle i familien og dato for dato les ei røyst namnet på den som har fødselsdag med rett alder.
24.06.2019
Kvinnherad Turlag vart tildelt kr. 75.000,- frå SR-bank stiftinga.
Kvinnherad Turlag ved styreleiar Kjell Yri og kasserar Klara Bakke vart på SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad si samling på fredag tildelt kr. 75.000,- . Løyvinga skal brukast til generelt arbeid med å fremja eit naturvenleg og trygt friluftsliv i Kvinnherad kommune. Tildelinga omfatta også Valen sjukehus/Valenstiftinga som fekk ein lik sum til kjøp av båt med påhengsmotor.
24.06.2019
Pyntegruppa gjer jobben sin.
Pyntegruppa med Gina Berge-Soldal i spissen gjer jobben i år også. Tema er eit landleg liv med bonden og familien hans i arbeid. Alt på Syne på Rød møter du det som kan vera Mannen med ljåen. På Nedre Fet ved avkøyrsla til Døssland vert vi kjende med heile familien. Ein av dei mange veterantraktoren til far og son Olsen er på plass.
23.06.2019
Nytt opplag og nye historiar om dokter Haugen.
Boka om dokter Haugen har selt svært godt både i og utanom Kvinnherad, melder boknemnda. Per i dag er det ikkje fleire bøker på lager, og det vil difor koma eit nytt opplag med mindre endringar og rettingar. Venteleg vil 2. opplaget bli ferdig i løpet av sommaren. I mellomtida blir det arbeidd med ei nettside om dokteren, der om lag 50 nye historiar om han vil bli publiserte. Kjem det endå fleire historiar inn, vil desse òg koma på nettsida.
23.06.2019
Festivalcampen vert rigga og klargjort.
Arbeidet med klargjering og rigging av Festivalcampen er i full gang. Ansvarlege i år som i fjor er Eirik Kvindesland og Johan Nærøy frå Stavanger. Campen er på same område nede ved elva. Målet er å skapa god festivalstemning i eit trygt og triveleg miljø. Johan Nærøy framhevar den vakre naturen i Uskedalen og heile atmosfæren rundt dette med Festidalen.
22.06.2019
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit fekk pris for god målbruk.
Saima Lomheim Døssland og Joacim Snilstveit i kvar sine avgangsklassar vart på avslutningsfesten på Rosendal ungdomsskule i går tildelt målprisen for god målbruk. Det er Kvinnherad mållag som kvart år deler ut ein symbolsk mållagspris til den beste nynorskbrukaren i 10. klassane på ungdomsskulane Øyatun, Husnes og Rosendal. Styremedlem i Kvinnherad mållag, Gaute Lund, sa fram helsing og overrekte Saima og Joacim gåvekort.
21.06.2019
Eit stort steg for realisering av Noregs høgaste klatretårn i Uskedalen.
På eit ekstra tildelingsmøte i SpareBank 1- stiftinga i dag vart Uskedal Idrettslag ved Klatregruppa løyvd 2 mill. kr til det som kan verta Noregs høgaste klatretårn. Steinar Haugland, Chris Fossli og Vigdis Gammelsæther presenterte prosjektet som har eit liknande tårn i Åndalsnes som modell.
20.06.2019
Kan Midtsumarskonserten bli ein tradisjon i Uskedalen ?
Enno ein vellukka Midtsumarskonsert med GLIMRAH i Uskedalen gjer at mange tenkjer: Kan dette bli ein årleg konsert lagt til Uskedalen og ungdomshuset Helgheim. Musikalsk leiar, Maria Malmsten og dei fem andre medlemene er godt nøgde med framføringa og ikkje minst med den gode publikumstilstrøyminga med nær på 70 tilhøyrarar.
19.06.2019
Patruljehunden MALVIN går av for aldersgrense.
Politi- og patruljehunden MALVIN vert teken ut av viktige oppdrag, etter sju år i teneste for Politiet i Haugesund. Hundeførar og eigar er Elisabeth Eidsvik frå Uskedalen. MALVIN er av typen Malinoies og kjem eigentleg frå Bjoa i Vindafjord kommune. Elisabeth Eidsvik og hunden hennar har vore involvert i mange krevjande og risikofylte oppdrag.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS