Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Bård Kolltveit med praktbok om HSD båtane.

30.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Lokale maritime bøker sel godt for tida. Den siste omhandlar 38 HSD båtar i passasjer- og lasterutene.
 
Det går slag i slag med maritime bøker. Den siste er skriven av Bård Kolltveit og har tittelen HSD - båtane. Meir enn 40 passasjer- og lastebåtar i HSD flåten vert omtalt. Mange av dei gjekk i ruter der Uskedalen var lagt i med stopp. Det er nok i nemna EIDFJORD og HALSNØY i Kvinnheradruta, HARDANGERFJORD i Odda ruta og HORDALAND i Stavangerruta. I tillegg kjem ULVIK og ULLENSVANG i lasterutene.
 

Bård Kolltveit frå Odda har skrive ei rekkje bøker med maritimt innhald, alt frå HSD sine jubileumsøker, rederihsitorie og ikkje minst standardverket om norsk cruisefart. Kolltveit ( f. 1942 ) har vore tilsett på Norsk sjøfartsmuseum på Bygdøy som konservator, direktør og forskingsleiar. Han har frå tidleg alder synt interesse for lokal  rutefart og samferdsle. Bakgrunnen og kjelder for mykje av det som er skrive i HSD boka, finn vi i HSD posten, eit meldingsblad i HSD frå 1942 fram til tidleg på 1980 talet.

 
Klikk på bilete for full storleik
MS HARDANGERFJORD er størst av alle HSD båtar med Uskedalen som fast stopp i sommarruta på 1960 talet.

Uskedalen med to DS kaiar hadde mange av HSD båtane til kai anten i rute frå Bergen mot Hardanger eller i rute til Bergen og Haugesund/Stavanger. Størst av alle er MS HARDANGERFJORD, bygd på AS Stord Verft 1959. Ein oversikt frå Harald Sætre syner at alt året etter er Uskedal kai i Beinavikjo lagt inn med stopp kvar sundag kl. 17.15 i rute til Bergen. Det var i sommarruta. Frå 1962 vert det også stopp i rute til Odda kvar fredag kl. 22.30. Slik var det stort sett kvar sommar på 1960 talet.

 

Bård Kolltveit har stor kunnskap om HSD og passasjer/lastebåtane. Ein annan person vi kjenner godt, Harald Sætre, har det same. Sætre med sine fire bøker om lokalruter, båtar og ferjer er brukt som kjelde. Nokre av bileta er frå Harald Sætre si fotosamling. Kapabel forlag med Otto Ersland er utgjevar.

 

Det vil vera ei stor glede for mange i Uskedalen å få hand om boka om  HSD båtane.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Faksimile frå HSD posten/Otto Ersland/Harald Sætre

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Meldingsbladet HSD posten, der han sjølv har vore fast skribent, hovudkjelde til Kolltveit si bok.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
13.10.2018
Branntroppen var med på båtberging på Sunde.
Branntropp Uskedal var med på båtberging på Sunde i går. Det var MS NYSAND som tok i vatn og som gjekk til kai for å letta skuta så mykje at den akutte faren var over.

kb
12.10.2018
To nye firma i september.
Det er registrert to nye firma i Uskedalen i september. Det er Steinsvåg Legeverksemd v/ Magnus Kr. B Steinsvåg ( enkeltmannsføretak ) og AJ Utleige og Eigedom v/ Arvid Hjelmeland - utleige av eigen eller leigd fast eigdedom.

kb
Siste Nyhende
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
12.10.2018
800 sekker ved gjev pengar i lagskassen.

Å vera medlem i jubileumskoret Røysterett for Alle er meir enn song og konsertar. I over 15 år har koret vore i Hauglandslia på veding. Arbeidet er sosialt. Dessutan gjev det pengar i lagskassen. I 2018 reknar styret med at ein vil pakka og selja 800 sekker  ved som igjen fører til ei inntekt kring kr. 50.000,-.
11.10.2018
Ny løe på gamal tuft i Gardsbarnehagen.
Ein gardsbarnehage må ha ei løe og slik vert det i Dønhaug Gardsbarnehage. Arbeidet starta med riving av den gamle løa, utreisking og murarbeid før nytt reisverk i stål kom på plass for kort tid sidan. No er det tid for plating av vegger og tak. Løa skal vera klar til bruk tidleg i det nye året, 2019. Kostnaden er rekna til kr. 500.000,-. I tillegg kjem stor eigeninnsats.
10.10.2018
Bibelkurset held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober.

Kurset Bibelreisen med soknepresten Per Hjemdal som kursleiar held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober kl. 19. Del to av kurset handlar om Det nye Testamentet og det ope for alle der dei mest kjende bibelhistoriane vert formidla på ein ny og interessann måte. Kurset er utarbeidd av Bibelselskapet og er gratis for kyrkjelydane i Den norske kyrkja.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS