Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Røysterett for Alle gjer Krakow

19.09.2018
Klikk på bilete for full storleik
Sakral song på katolsk messe.
 
Som ein lekk i 30-årsjubileet til Røysterett for Alle sto ein tur til Krakow i Polen på agendaen 13.-16. september. Det vart ei opplevingsrik langhelg i ein region med ei svært så variert og interessant fortid og notid.Turnemnda hadde, saman med reisebyrået, fått snikra eit opplegg som femna det meste, både historie, kultur og det å oppleva byen og interessante stader i området rundt.
 

  

Me landa på Krakow lufthamn torsdag klokka 12.30, og alt klokka 16.00 var me i gang med byvandring i Gamlebyen. Ursula, guiden vår, leia oss gjennom alle dei programmerte delene desse dagane. Ho hadde budd fleire år i Sverige, og snakka svensk så godt som utan aksent. Når ho i tillegg var ei svært triveleg dame som delte raust ut frå eit kunnskapstilfang som verka utømeleg, kunne ikkje utbyttet vorte betre.
 
Den to timar lange vandringa gjennom Gamlebyen enda opp med ein konsert på det vesle torget bak Mariakyrkja. Det var ein heil del folk til stades då me byrja, og det samla seg fort fleire. Akustikken på torget var god, og me fekk svært god respons frå publikum. Når me i tillegg var godt nøgde med eigen prestasjon, gjekk me trøstig til middag den kvelden. 

 
 
Gode varer til torgs

Neste dag sto saltgruvene i Wieliczka, i utkanten av byen, for tur. Her har det vorte vunne ut salt i fleire hundre år. Gruvene er over 135 m under bakken på det djupaste, og systemet avgangar er fleire mil lange. Den djupaste delen av gruva er det hogge ut ein stor katedral. Her hadde me ein konsert på 10-12 minuttar, og det var ganske spesielt å syngja på ein slik stad. Det var god atterljom, og dirigent Maria fann songar som høvde godt i eit slikt lokale. Etter ei variert vandring, med god informasjon i ganske uvante omgjevnader, kom me opp att i dagsens ljos etter vel to timar.

 
Midt på dagen var det avslapping eller shopping, alt etter lynne og hug, før det bar til St. Nicolaskyrkje, eit kvarters gange frå hotellet. Me hadde heldigvis god tid til førebuing og oppvarming, for det er mykje røystebruk som skal tilpassast i store rom med steinvegger og krikar og krokar. Klokka 18.00 song me litt til liturgien i fredagsmessa, før me hadde ein tre kvarters konsert for dei som vart att etter messa. Konserten var annonsert ved oppslag, og det var minst like mange til stades under konserten som under messa.Det var ei oppleving å synga i ein slik hall og tilhøyrarane ga inntrykk av å setja pris på songane. Me hadde ei kjensle av at sjølve utføringa gjekk vel, og middagen, som denne kvelden var i Ariel Restaurant i Jødisk Kvartal, vart difor fortært med godt samvit.
 

Laurdagen starta tidleg med bussavgang kl. 06.20 til Auschwitch og Birkenau.  Desse utryddingsleirane frå andre verdskrigen er vel kjende. Eg avgrensar meg difor til å seia at det vart skræmande og nært å få sjå dimensjonar, detaljar i systematikk, og kor effektiv, brutal og full av vondskap gjennomføringa hadde vore.  Alle brukbare eignelutar vart overtekne av Det Tredje Riket, og til og med håret til fangane vart klipt av og nytta i klede. Då drifta var på det høgste, hamna over 9 000 menneske i krematorieomnane dagleg i leiren Birkenau. Stemninga i bussen attende til byen var ganske lågmælt.  
 

Resten av dagen var til fri disposisjon i byen, og på kvelden hadde me ein fin avskilsmiddag på restaurant Szara Ges (Grågåsa) i Gamlebyen. Denne restauranten kan me verkeleg gå god for! 
 

Det var ein sliten, men vel nøgd gjeng som plukka med seg bagasjen på Flesland klokka halv to på sundag.
 
 

Torsdag klokka 19.00 snur me bladet og tek til med øvingar på nytt stoff i Helgheim. Dette vil vera eit strategisk lurt tidspunkt å starta på for nye medlemer.  No stiller me likt med omsyn til kjennskap til stoffet, og de er meir enn hjarteleg velkomne!

 
 

Tekst: Svein Rimestad

Foto: Magnar Bjørke

Nett: Kristian Bringdal

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
13.10.2018
Branntroppen var med på båtberging på Sunde.
Branntropp Uskedal var med på båtberging på Sunde i går. Det var MS NYSAND som tok i vatn og som gjekk til kai for å letta skuta så mykje at den akutte faren var over.

kb
12.10.2018
To nye firma i september.
Det er registrert to nye firma i Uskedalen i september. Det er Steinsvåg Legeverksemd v/ Magnus Kr. B Steinsvåg ( enkeltmannsføretak ) og AJ Utleige og Eigedom v/ Arvid Hjelmeland - utleige av eigen eller leigd fast eigdedom.

kb
Siste Nyhende
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
12.10.2018
800 sekker ved gjev pengar i lagskassen.

Å vera medlem i jubileumskoret Røysterett for Alle er meir enn song og konsertar. I over 15 år har koret vore i Hauglandslia på veding. Arbeidet er sosialt. Dessutan gjev det pengar i lagskassen. I 2018 reknar styret med at ein vil pakka og selja 800 sekker  ved som igjen fører til ei inntekt kring kr. 50.000,-.
11.10.2018
Ny løe på gamal tuft i Gardsbarnehagen.
Ein gardsbarnehage må ha ei løe og slik vert det i Dønhaug Gardsbarnehage. Arbeidet starta med riving av den gamle løa, utreisking og murarbeid før nytt reisverk i stål kom på plass for kort tid sidan. No er det tid for plating av vegger og tak. Løa skal vera klar til bruk tidleg i det nye året, 2019. Kostnaden er rekna til kr. 500.000,-. I tillegg kjem stor eigeninnsats.
10.10.2018
Bibelkurset held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober.

Kurset Bibelreisen med soknepresten Per Hjemdal som kursleiar held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober kl. 19. Del to av kurset handlar om Det nye Testamentet og det ope for alle der dei mest kjende bibelhistoriane vert formidla på ein ny og interessann måte. Kurset er utarbeidd av Bibelselskapet og er gratis for kyrkjelydane i Den norske kyrkja.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS