Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

God mottaking av Tjerand Aske-boka.

31.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Frode Sæbø sikrar seg boka. Han er ein av dei som har bidrege til det interessanne innhaldet i boka.
 
Laurdag for ei veke sidan lanserte Kristian Hus boka si om bygdeoriginalen Tjerand Aske, «Den sindige villmannen».  Vel 60 personar møtte fram til lanseringa i Sjøstova på Borgundøy.  Forfattaren gav dei frammøtte eit godt innblikk i livet til denne evnerike personen som ikkje alltid var like heldig med det han gjorde.  Han fortalde også om arbeidet med boka.
 
Kristian Hus har lagt ned eit stort arbeid for å skaffa grunnlag til å skriva boka om dette spesielle kvardagsmennesket frå det avsidesliggjande småbruket på Borgundøy.  Dette har han skaffa seg ved å intervjua personar som kjende til Tjerand Aske, ved å grava i gamle lokalaviser og andre arkiv.  På det viset har han funne fram til tidlegare lite kjende ting om denne kunnskapsrike eventyraren og hardhausen.
 
Frå tidlegare hadde vi høyrt om Tjerand Aske som han som sykla og gjekk på ski over Folgefonna, og om dyretragediane som var knytta til han.  Kristian Hus teiknar eit langt meir ekte og nyansert bilde av denne interessane personen frå Borgundøy.  Hus kan kunsten å skriva om kvardagsmenneske!
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var interessant å høyra Kristian Hus fortelja om arbeidet med boka under lanseringa på Sjøstova
 
 
At vi i Uskedalen kjenner mest til dyretragediane, er nok naturleg.  Dei fleste sauene i den andre dyrevernsaka hamna nemleg her i bygda.  Tidlegare har de lese her på sida om sauene på Musland, og at Aske budde under ein hidlar fleire dagar og lurte seg inn i fjøset for å sjå sauene sine om nettene.  Det er også blitt kjent at ein del av sauene hamna på Kjærland.  Hans Reidar Kjærland kan fortelja at far hans, Leif Kjærland, overtok ein del av sauene som kom frå Aske.
 
Hans Reidar fortel at dyrlækjar Tore Bratseth tok kontakt med far hans og spurde om han hadde plass til sauene.  Grunnen til dette var sikkert at dei hadde teke i bruk ny låvebygning.  Den gamle løa stod framleis der Hans Reidar har våningshus i dag.  Leif Kjærland sa han kunne ta nokre, men han hadde ikkje plass til alle.  På spørsmål frå Bratseth etter andre, føreslo Leif då at han kunne høyra med Torger Musland som han hadde god kontakt med.  Dermed hamna sauer frå Aske både på Kjærland og Musland.
 
Hans Reidar fortel vidare at han hugsar det banka på døra ein kveld etter det var blitt mørkt.  Utanfor stod ein uflidd og langhåra kar, Tjerand Aske, med spørsmål om sauer frå han var der.  Leif kunne bekrefta det, og då Tjerand spurde om å få sjå dei, blei Leif med han bort i gamleløa slik at han fekk gjensyn med dei kjære dyra sine.  Etter at dei hadde sett sauene, baud Leif han inn på kveldsmat.  Hans Reidar hugsar denne langhåra og ustelte mannen som lite snakkesaleg, men han var svært takksam for måten han vart motteken på, og for maten. Han spurde om dei visste kor resten av sauene var, og  Leif fortalde då at ein del var på Musland. Aske ville då sjå dei også.  Han vart då tilbydd overnatting slik at han kunne gjera det neste dag.  Det takka han ja til.  Neste dag for han tidleg av garde før han fekk frukost.  Leif og kona Margit var i fjøset og mjølka, og Tjerand Aske var innom og takka for seg før han for på dalen med kurs for Musland.  Hans Reidar hugsar at mora, Margit, hadde eit svært styr med vask av sengkleda etter dette besøket.
 
I boka 'Den sindige villmannen' får vi også høyra korleis Frode Sæbø som bur i Korsnes, hugsar Tjerand Aske.  Sterkast i minnet har han då Aske gråtande og ropande heldt i landtauet og prøvde å halda båten igjen då sauene hans vart henta.  Frode var då mannskap på 'Fjelldur' som frakta sauene.  Dei opprivande scenane gjorde sterkt inntrykk på 16 åringen.
 
I boka klarer Kristian Hus også å få fram andre og interessante sider ved denne spesielle, evnerike eventyraren som døydde uventa på gata i Oslo om lag 70 år gammal.  Det er ei interessann bok, også for oss som kjende lite eller inkje til 'Den sindige villmannen'.  Dette er god lokalhistorie frå ei nær fortid. Boka har gode illustrasjonar og bilete på god papirkvalitet.  Den er å få kjøpt hos bokhandlarane på Husnes og i Rosendal samt nokre andre butikkar.  Den kan også tingast på epost: kristian@skimtvis.no
 
 
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.11.2018
Gåvetildeling til fem lag frå Uskedalen.
Fem lag med adresse Uskedalen er invitert til Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad si gåveutdeling i kveld på Husnes. Det er: Uskedal Idrettslag ( 4 prosjekt ), Uskedal Idrettslag - klatregruppa, Kvinnherad Turlag, Uskedal Friluftslag og Uskedal Skulemusikklag, tilsaman 8 tildelingar. Meir om utdelinga kjem i eige innlegg seinare.

kb
21.11.2018
Gode tilbod på Elins Matgleder i dag, onsdag 21. nov.
Det langope på Elins Matgleder, Uskedalen, i dag med mange gode tilbod. Opningstida er kl. 10 - 22. Elin bakar mellom anna julebrød og grovbrød. Det er 25 % på alle julegåver og 60 % på andre varer i salskroken.

kb
20.11.2018
Hallgeir Snilstveit og Magne Huglen på AP lista
Hallgeir Snilstveit og Magne Huglen er nominert på AP si liste til kommunevalet 2019. Snilstveit er sett opp på 18. plass. Huglen er ankermann. Magne Huglen har vore fast medlem i kommunestyret i ein periode. Han var også leiar i Komite for oppvekst og kultur. Enstad og Mikkelsen er kumulert på 1. og 2. plass.

kb
20.11.2018
Kunstboka om Aud S. Myklebust vert seld på SPAR.
Kunstboka med tittelen Skaperglede som medisin vert seld på SPAR Uskedalen. Boka handlar om Aud Sørheim Myklebust, bur på Nordås i Fana og har feirebustad og atelier på Myklebust i Uskedalen. Mange av motiva i boka er frå Uskedalen. Dei som alt har tinga boka, vil få boka signert og utlevert tysdag 4. desember på Kafe Tiaren. Tinging til Kristian Bringedal på mobil 915 31 487. Pris: kr. 350,-

kb
20.11.2018
Sal av bjørkeved i 60 l sekk.
Røysterett for Alle sel bjørkeved i 60 liter sekk. Veden er hoggen høgt oppe i Hauglandslia. Pris pr. sekk: kr. 70,- Ta kontakt på mobil: 930 39 003

kb
19.11.2018
Kyrkjekoret Nordsaang i Husnes kyrkje i kveld kl. 19.
Kyrkjekoret Nordsaang vert med på konsert i Husnes kyrkje i kveld, måndag 19. november. Kantor Eva Megyesi vil framføra musikk av Mons Leidvin Takle, i tillegg til song av norske folketonar. Mannen hennar, Pawel, spelar roleg og romantisk musikk på orgel. Alle er velkomne til Husnes kyrkje i kveld kl. 19.

kb
18.11.2018
Lina Håland - tilbake i Uskedalen på konfirmasjonnsdagen 12. mai 2019.
Det vart i kyrkja i dag gjort kjend at Lina Håland er tilbake sundag 12. mai 2019  på konfirmasjonsdagen i Uskedalen. Prosten i Sør Fylket og i Sunnhordland har sagt ja til at Lina skal stå for den kyrkjelege handlinga med dei konfirmantane ho har starta førebuinga med.

kb
16.11.2018
Skulemusikantar sel adventskalendarar ved Spar på laurdag.
Salget av den kjekke advendtskalendaren til Uskedal skulemusikk går godt.  I morgon, laurdag, kan dei som enno ikkje har fått tak i den, få kjøpt den utanfor Spar Uskedalen.  Frå kl.12 til ca.15 vil musikantar selja den utanfor butikken.  Elles er den å få kjøpt hos Gros Blomster og ved å ta kontakt med musikarar og foreldre.

tid
16.11.2018
Brannstasjonen - F.skapet vil ha ei betre saksutgreiing.
Saka om nedlegging av fire brannstasjonar i Kvinnherad vart sendt tilbake til administrasjonen med ynskje om ei meir fyldig utgreiing. Med dette er saka utsett og det er uvisst kva tid saka kjem opp på nytt.

kb
16.11.2018
Pubkveld på Dønhaug med bassisten Tore Nordahl Pedersen.
Vi minner om pubkvelden i Dønhaugkjedlaren i kveld frå kl. 20. Bassisten Tore Nordahl Pedersen vil framføra pop- og rocklåtar frå 1960 og 70 talet. Fyrste settet går kring kl. 21. Inngang: kr. 100,-

kb
Siste Nyhende
20.11.2018
Jon Fosse kveld i Dønhaugkjedlaren, torsdag 29. november.
Torsdag 29.nov. er det «Fosse-kveld» på Dønhaug. Jon Fosse sine dramastykke vert spela på dei mest viktige scenane i både Europa og verda elles. Mange spør kva det er som gjer denne litteraturen så verdskjend og viktig. Jon Fosse er ikkje berre dramatikar, men også romanforfattar og lyrikar m.m. Kva er det som kjenneteiknar Fosse si dikting?
19.11.2018
Feirar 10 år med gode tilbod og langope.
I morgon, tirsdag, er det 10 år sidan Gro Hjelmeland opna Gros Blomster i det tidlegare Sætre-bygget like ved Grano i sentrum av Uskedalen.  Dette har vore 10 gode år både for butikken og ikkje minst for oss som er kundar der.  Dette vert markert med gode tilbod, gratislotteri til alle som handlar denne dagen og lengre opningstid.
18.11.2018
Ei inkluderande musikalsk reise med Tore i Dønhaugkjedlaren.
Me fekk eit raust innsyn i kva som har oppteke Tore som musikant frå 60-talet fram til no.  Det skein godt gjennom at her sat ein mann som ikkje var ein meinar av kva me bør lika – nei, han ville dela det som har forma smaken hans opp gjennom åra – og så sto me fritt til å ta imot etter eigen smak.

18.11.2018
Farvel til Lina Håland med mykje lovsong, ord og tonar.

Det vart ei gudsteneste slik det måtte bli som farvel til soknepresten i Uskedalen, Lina Håland. Gospel, lovsong, konfirmantane og nådemåltidet i nattverden var viktige element i ei gudsteneste vi seint vil gløyma. Det vart motteke med spontan applaus då Lina Håland fortalde at ho kjem tilbake til Uskedalen 12. mai 2019 for å stå for konfirmasjonen. Ein brannalarm straks etter postludiet fekk alle ut av kyrkja og dermed vart det samling på kyrkjebakken med kaffi, kake og helsingar.
16.11.2018
Den siste gudstenesta til Lina Håland før avreise til Sandnes.

Det er venta mykje folk i Uskedal kyrkje i morgon, sundag 18. novmber kl. 11, på den siste gudstenesta til sokneprest Lina Håland før avreise til Sandnes. Prosten i Sunnhordland, Svein Arne  Theodorsen, vert med på gudstenesta. Det same vert gospelkoret Abraham med Lina Håland som solist. Musikalsk leiar for koret, Bjarte Lending, vil også vera organist i morgon og han saman med presten har funne fram til høvelege salmar. 
15.11.2018
7. klasse jobbar med kulturhistorisk filmprosjekt.
7. klasse i Uskedalen gjer førearbeidet til å dokumentera vår kulturhistorie festa til filmen. Bakgrunnen er eit tilbod frå filmskapar Merete Offerdal Tveit til 7. klassane i Kvinnherad om å finna og få presentert gode historiar på film. Etter nokre timar i den gamle skulestova på Haugland, delvis i rolle så går det mot ei filmatisering av ein skuledag i eldre tid.
15.11.2018
Mange flotte gevinstar på adventskalendaren i år.
Interessa for den populære adventskalendaren til Uskedal skulemusikk er stor også i år.  Det er ikkje rart for etter at eg har fått mine i hende, synes eg at det er ekstra flotte gevinstar i år.  Fram til juleaftan vert det trekt 40 gevinstar som vert kunngjort dagleg her på uskedalen.no.
14.11.2018
Takk til 30 frivillige for heilårsdrift på Kafe Tiaren.
I kveld var frivillige kafevertar inviterte til Frivilligfest i Gamleskulen. Uskedal utvikling ynskjer med dette å takka alle for den store innsatsen med å drifta Kafe Tiaren. Bortsett frå nokre tysdagar i jule og nyttårshelga er kafeen open heile året med tre vertar kvar tysdag i ein turnus 8. kvar veke. I tillegg kjem ringevikarar og Rustne Menn som kvar siste tysdag i månaden syter for allsong og musikk. Alf Hjønnevåg er rekneskapsførar og ser til at det er orden på økonomien.
14.11.2018
Brannstasjonssaka går vidare til kommunestyre.
Framlegg om nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen er sak i Formannsskapet i dag. Slik saka er skriven, kan det sjå ut som om det er ei vedtakssak. Ordførar Peder Sjo Slettebø stadfestar overfor Uskedalen.no at saka skal vidare til Kommunestyre, truleg i møte torsdag 29. november. Uskedalen er i framlegget ei av fire bygder der det er snakk om å leggja ned branntroppen.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS