Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Trivleg hagekonsert for 90-årig æresmedlem.

08.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ei flott musikkstund på Haugland
 
I 1986 var Trygve A. Haugland utnemnd til æresmedlem i Uskedal musikklag.  Den 13.juli runda den spreke tidlegare musikaren 90 år.  Då han feira dagen med ope hus i Helgheim var musikklaget forhindra i å spela då storparten av grovmessingen var bortreist på ferie.  Dermed vart øvingskvelden tirsdag brukt til å heidra æresmedlemmen med ein liten konsert.
 
Klikk på bilete for full storleik
Æresmedlemmen Trygve Haugland sette tydeleg pris på besøket.
 
 
Trygve Haugland spelte forskjellige instrument i Uskedal musikklag, men lengste tida hugsar vi han som ein stødig og god tubaist.  Etter at han slutta som aktiv, har han heile tida vist stor interesse for laget, og han har vore ein svært så positiv publikummar.  Siste opptreden med musikklaget hadde han under hovudprogrammet på 17.mai i 2015.  Då var han songsolist med korpset i Norge, mitt Norge.  Trygve er også velkjend for å ha god og kraftig bassrøyst, og denne vakre framføringa sit nok godt i minnet på mange av dei som var blant publikum.
 
Tirsdag kveld rigga altså musikkgjengen seg til i vakre omgjevnader i hagen til Trygve og Sigrun på Haugland.  Etter å ha starta den vesle konsertavdelinga med utdrag av Jubilantmarsj, fekk Trygve og Sigrun høyre både frelsesarmèmusikk, ein av Trygve sine mange favorittsongar Vestland, Vestland og feiande vals før musikklaget avslutta med meir marsjmusikk.  Då bandet trødde til med valsen Helsing til Sykkylven, heiv like godt det spreke og danseglade paret seg uti dansen frå tilhøyrarplassen sin på terrassen.  
 
Etter musikken vart alle invitert inn der Sigrun, Trygve og dottera Tove Skår baud på kaffi, brus og knallgode kaker.  Stemningen var topp, praten gjekk godt og det var mykje god mimring.  Utan tvil ei kvelstund som alle som var til stades, sette stor pris på.  På tampen legg vi til at Sigrun og Trygve har meir som snart kan feirast.  Den 22.august har dei vore gift i 65 år.  Visste de at det heiter kronjuvelbryllup?  Fantastisk er det i alle fall!
 
Klikk på bilete for full storleik
Vertskapet Trygve og Sigrun saman med yngstedottera Tove Skår. Trygve viser fram beviset på at han vart utnemnd til æresmedlem i 1986. Den er laga av Tor Lakselv.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Tove Skår og Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
23.02.2019
Arbeidsuhell i skogen.
Ein person vart i går, fredag 22. februar, frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter eit arbeidsuhell i skogen på Musland. Lege og ambulanse kom straks til. På Facebook les vi at personen er operert for brot i ryggen og i eine kragebeinet. Familien melder at personen er ved godt mot.

kb
21.02.2019
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. febr. kl. 14
Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. februar kl. 14. Opningstidene inntil vidare er fredag - sundag kl. 14 - 20. I påskehelga vil det vera ope kvar dag. Menyen er fornya.

kb
21.02.2019
Planprogram til ny K.plan ute på høyring.
Ein observant lesar gjer oss merksam på at planprogrammet til ny kommunedelplan for Kvinnherad kommune er ute på høyring. Uskedalen med sine 9 % av innbyggjarane i kommunen er så langt ikkje nemnd med eit ord i plandokumentet. Gå inn og send kommentar. Du finn meir på: www.kvinnherad2015.no

kb
21.02.2019
Påminning om årsmøte i Friluftslaget i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19.
Styret i Uskedal Friluftslag minner om årsmøte som skal vera i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga, 10 i talet, har møterett med to medlemer kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det drøfting om vidare arbeid og utvikling av Stemneplassen og område som høyrer til.

Styret
20.02.2019
Venstrelista skal vera klar i dag.
Nominasjonskomiteeen i Venstre har meldt frå om at lista til Kommunevalet 2019 skal vera klar for kunngjering i løpet av dagen. Så langt vi kjenner til vil Venstre halda fram med kummulering av dei to fyrste kandidatane på lista.

kb
19.02.2019
Familiekonsert på Bedehuset i morgon, onsdag 20. febr. kl. 17.
Tårnagentkoret inviterer til familiekonsert i morgon, onsdag 20. februar kl. 17 på Bedehuset. Konserten vert på ei vanleg øving. Det vert mykje song og moro. Alle er velkomne.

Nelly og Eva



19.02.2019
Rekene i stranda på Rød kan vera krill.
Daude reker i stranda på Rød kan vera krill. Det er ikkje uvanleg at krill vert skylt på land på denne måten. Det er mange liknande døme frå kysten der det er stadfesta at det er krill, ikkje reke. Saka har skapt stor merksemd og Uskedalen.no skriv meir når fagkunnskapen er på plass.

kb
18.02.2019
Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19.
Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte.

kb
17.02.2019
Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune.
Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen.

kb
17.02.2019
Thaivogna opnar fredag 22. februar.
Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny.

kb
Siste Nyhende
23.02.2019
Risdungen på Stemneplassen vart fjerna i dag.
Tor Ove Haugland og Lars Haugland frå Uskedal Bondelag var på Stemneplassen før kl. 08.00 i dag og starta arbeidet med lessing og bortkøyring av den store risdungen som har over mange år lege på Friluftsplassen. Med dette har Bondelaget mest på dugnad gjort eit stort arbeid for Uskedal Friluftslag. Motytinga er at laget kan få bruka møterommet til sine møte i 2019 utan leige.
22.02.2019
Dei fyrste kundane var på plass før Thaivogna opna i dag.
Thaivogna eller meir nøyktig  Poon Tip:s Thai take away opna for matsal i dag. Alt før opninga kl. 14 var dei fyrste kundane på plass. 22. februar er det tidlegaste det har vore opning etter vinterstenging. Innehavar Pornthip Pomngern fortel at ho har 20 ulike rettar på menyen. Catering til grupper må tingast på førehand.
21.02.2019
Uskedal Friluftslag meir aktiv enn på lenge.
Arbeidet dei siste åra syner eit meir aktivt friluftslag enn på lenge, På årsmøte i går vart Ove Magne Myhre attvald som leiar. Med seg i styret har han: Audun Eik, Kristian Bringedal, Einar Gjertsen og Jofrid Eik. Varamedlemer er: Tormod Myklebust og Trond Johannes Myklebust. I møterommet er det montert varmepumpe og heile plassen er rydda for skog og kratt.
21.02.2019
Petter Uteligger med gripande tale om inkludering.

350 menneske fekk eit sterkt møte med Petter Uteligger i dag i Kulturhuset Husnes. I 90 minuttar og det utan manus fortalde han levande om den store inkluderingsdugnaden, ein dugnad som berre går og går utan ein slutt. Mange frå Uskedalen sat i salen, anten som arbeidssøkjar, som lærar, som kommunetilsett eller som representant frå ei verksemd som har høve til å hjelpa dei som prøver å koma tilbake i arbeid. NAV Sunnhordland med god støtte frå NAV Kvinnherad var tilskipar.
21.02.2019
Daud krill i stranda - truleg eit naturleg fenomen.
Store mengder daud krill i eit belte på over 100 meter farga stranda på Rødsvågen raud. Gullborg Søvik frå Havforskinga fortel at slike hendingar ikkje er uvanlege langs kysten. Det vert i snitt rapportert inn daud krill i slike mengder fire gonger i året. Ein er ikkje sikre på årsaka, men det er sjeldan ein ved prøve finn gift i krill.
20.02.2019
Vedlikehald på 25 kummar på Kjærlandssido.
I denne veka er det vedlikehald på alle kummane som ligg langs kommunal veg på Kjærkandssido. Det er entreprenør Hauge Forskaling som er tildelt jobben med reinsking, justering, forskaling og støyping av tilsaman 25 kummar. Det same arbeidet er gjort i Omvikdalen og det med gode resultat.
20.02.2019
Kvinnherad mållag med styre- og årsmøteplass i Uskedalen.
Kvinnherad mållag hadde årsmøte i Gamleskulen i går kveld. Ny i styret er Arne Torget. Kristian Bringedal held fram som leiar og Eli Roseth Eik er 1. varamedlem i styret. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er nestleiar. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen for 2019.
18.02.2019
Stor politiøving over to dagar i Uskedalen.
Politiet i Kvinnherad melder frå om at det vert ei større øving lagt til Uskedalen onsdag og torsdag i denne veka. Øvinga er lagt til sentrum og vil gå på dag- og kveldstid. Politioverbetjent og spesialist Knut Olav Myklebust frå Uskedalen er øvingsleiar. Han er koordinator for operativ trening og skarpskyttarleiar. Les kva Politiet skriv om øvinga.
18.02.2019
Daud reke observert på Rødsvågen.
Ein turgåar observerte store mengder daud reke på Rødsvågen i dag. Plassen ligg nokre hundre meter innom Bøkkerverkstaden. Rødsvågen er synleg frå Fylkesvegen og har sitt særpreg ved at det er langgrunt og at vågen fjærar turr to gonger i døgeret. Brakkvatn gjer at det på vågen alltid er eit variert og rikt dyreliv med mange biotopar. Det er ikkje kjend kva som er årsaka til den daude reka.
Sponsorar
Ospelunden
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS