Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ida Gjengedal - ny kokk på Elins Matgleder.

06.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ida Gjengedal er tilsett og byrja i kokkestilling på Elins Matgleder.
 
Ida Gjengedal ( 29 år ) er tilsett som kokk på Elins Matgleder, i 70 % stilling. Stor arbeidsmengd i Rosendal gjer at Elin Enes må utvida, mellom anna for å få avlastning i mange av dei arbeidsoppgåvene som føl med å driva restaurant og catering i Rosendal og i Uskedalen. Gjengedal kjem frå Gloppen, er flytta til Herøysundet og har bakgrunnen sin frå hurtigruta og Thon Hotel Bristol i Bergen.
 

Ida Gjengedal har ei syster som bur i Herøysundet. Ho og sambuaren ville flytta frå Bergen og såg seg etter ein jobb i restaurantbransjen. Ho var merksam på Elins Matgleder og sende inn ein open søknad. Etter ein kort samtale vart ho tilsett og tok til i jobben 1. august. Før det har Ida vore med som ekstrahjelp nokre helgar og for å få eit inntrykk.

 

Ida Gjengedal har læretida og fagbrevet sitt frå hurtigruta NORDLYS. Her var ho i heile 9 år, på slutten som assisterande kjøkkensjef på hurtigruta FINNMARKEN. Så vart det to år som kjøkkensjef på Thon før turen gjekk til vakre Kvinnherad. Ho og samburaren likar naturen her med fjelltoppar og friluftsliv.

 

Ida Gjengedal har erfaring frå det meste innan restaurant- og kjøkkenbransjen. I Rosendal er det formatet mindre. Ein må jobba på mindre golvflate. Fordelen er å koma tett på gjestene. Vertsskapsrollen er viktig noko ho gler seg til i kvardagen. Ida er også klar for å ta oppgåver på produksjonskjøkkenet i Uskedalen.

 

Elin Enes fortel at førebels er kokken tilsett i 70 % stilling. Ho vil sjå det litt an, men truleg vert stillingen utvida. Sidan opninga i Rosendal 16. juni har det vore hardkøyr med mange timars arbeid i døgeret. Ho ser fram til avlastning og litt meir fritid. Elins Matgleder har mangedobla omsetnaden sidan ho opna restaurant i Skålagata, noko Uskedalen.no vil skriva meir om i eige innlegg.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Elin Enes/ Kristian Bringedal

 
Klikk på bilete for full storleik
Ida Gjengedal har bakgrunne sin frå hurtigruta og Thon Hotell Bristol i Bergen.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
15.08.2018
Helge Furdal - gravplassmedarbeidar etter Inger Elise Helgeland.
Inger Elise Helgeland er pensjonist. Ho har sidan 2002 vore gravplassmedarbeidar og kyrkjetenar i Kvinnherad. Helge Furdal er tilsett i hennar stilling og vil mellom anna ha ansvaret for gravplassen i Uskedalen.

kb
14.08.2018
Til laga/organisasjonar om oppstarten etter sommarferien.
Uskedalen.no vil gjera kjend oppstarten av treningar, øvingar og andre aktivitetar. Send korte meldingar til uskedalen.no@gmail.com

Red
13.08.2018
Vasslekkasjen er lokalisert.
Vasslekkasjen er lokalisert til tett ved Eikebrua på utsida, i område der Roald Eik har verkstaden sin. 2 - 3 husstandar er omfatta av skaden. Eikelandet Brygge er på eigen ledning og har difor vatn. Det vert vurdert i morgon kva tiltak ein iverkset for å utbetra skaden.

kb
13.08.2018
Røysterett for Alle startar øvingane på torsdag kl. 19.
Blandakoret Røysterett for Alle byrjar øvingane frå og med torsdag 16.08.
Koret har øvingane i Helgheim, frå kl. 19.00-21.30, og har torsdag som fast øvingsdag. Nye medlemer er alltid velkomne!

Svein Rimestad
13.08.2018
Skulestart torsdag 16. august.
Skuleåret startar torsdag i denne veka, torsdag 16. august. 2. 7. klasse møter som vanleg kl. 08.20.1. klasse møter kl. 09.30. Det er 10 elevar i 1. klasse i år.

kb
12.08.2018
Ny lekkasje på nettet til Vassverket.
Uskedal Vassverk melder om ein større lekkasje på nettet. Lekkasjen er like stor som heile forbruket. Leiar, Hans Reidar Kjærland, bed om tilbakemelding dersom nokon ser vatn som renn ut. Om ikkje lekkasjen vert funnen, må Vassverket stengja ned deler av område for på den måten finna skaden. Meld frå til Hans Reidar Kjærland på mobil 997 01 819.

Vassverket.
11.08.2018
Sætre signerer bok på Libris Husnes i dag.
Harald Sætre kjem til Libris Husnes i dag, laurdag, kl. 12 for å signera den siste boka
61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET. Boka vart lansert på Hamnadagane i Haugesund og likeins promotert på Fjordsteam festivalen i Bergen sist helg.

kb
10.08.2018
Idrettsmerketaking måndag 13. august.
Det vert idrettsmerketaking for medlemer i Uskedal Idrettslag på Heio måndag 13. august kl. 17.30.  Alle er velkomne, både tidlegare og nye merketakarar.

Idrettslaget
09.08.2018
Orgeltonar og mannsgruppe i kyrkja 20. august.
Det vert sommarkonsert i kyrkja måndag 20. august. kl. 19. Kantor Eva Megyesi spelar mellom anna Handel og Bach på orgel. Mannsgruppa Bakmennene og musikkgruppa Rustne Menn er ein del av programmet. Bakmennene, som denne kvelden står fram som kvartett, syng to salmar tostemt. Meir informasjon kjem.

kb
08.08.2018
Styrketreninga for vaksne startar måndag 10. sept.
Uskedal Helselag melder at styrketreninga for vaksne startar måndag 10. september kl. 11 i Gamleskulen.Trimmen er gratis for alle som er medlemer i Helselaget. Andre må rekna ei lita avgift. Tilbodet er ope for alle, uansett alder.

kb
Siste Nyhende
15.08.2018
Vasslekkasjen på Eikelandet er utbetra.
Vasslekkasjen på Eikelandet er utbetra og dei tre abonnentane, som var omfatta av skaden, har fått vatnet tilbake. Vasslekkasjen var både på ein gamal og ein ny ledning. Det var dermed lekkasje på to ledningar på same plassen. Into Røyr med gravar frå Kvinnherad Maskin har utbetra skaden i dag.
15.08.2018
Møte med Svein Ragnar Myklebust og Torleif Helvik i musikalen EVITA.
Reidar Myklebust og Uskedalen.no fekk koma bak scenen i Moster Amfi på laurdag i møte med Svein Ragnar Myklebust frå Stord/Uskedalen. Myklebust ( tangentar ) er ein av 18 musikarar i orkesteret i den store oppsetjinga av musikalen EVITA. Ein anna sentral person frå Kvinnherad er Torleif Helvik frå Herøysundet på lydavvikling. Helvik har i mange år vore lydansvarleg på Festidalen.
13.08.2018
450 billettar vert selde til Låvedansen på laurdag.
Det er ikkje berre Tysnesfest, Country Festivalen i Seljord og andre store festivalar som får vitjing av Gunslingers.  Laurdag 25. august kjem dei til Dønhaug i Uskedalen for sjette  gang for å stå for musikken.  På Dønhaug har dei samla full låve kvar gong dei har vore her. Det vert seld 450 billettar, alt på nettet via billetto.no. Det vert ikkje sal av billettar lokalt eller ved inngangen.
13.08.2018
Frå Minnesota for å finna plassen der oldefaren kom frå.
Peggy og Berge Johnson kom like frå Minnesota i USA for å finna plassen på Fjellandsbøle der oldefaren kom frå. Saman med eit barnebarn, Anders, har dei vore to veker på Rød, hos Anlaug Rød. Turen gjekk også til Hjelmeland i Ryfylke og like fram til bygda Fundingsland der oldefar til Peggy kom frå. Gjestene frå Minnesota kan sjå tilbake på minnerike dagar i Kvinnherad med dagsturar i område og i møte med norsk kultur.
11.08.2018
Spreke uskedelingar i Folgefonna Opp.
I dag vart det flotte motbakkeløpet Folgefonna Opp arrangert for 7. gong.  Løparane kjem i mål ved Fonnabu, og då har løparane lagt bak seg 11km og 1400 høgdemeter.  Det er litt av ein kraftprestasjon, men med veret som var i dag, var det heilt sikkert ei kjempeoppleving for sprekingar, og nokre av desse sprekingane er frå Uskedalen.
10.08.2018
Godt elvefiske etter opninga 4. august.
Med lite nedbør og vatn har Uskedalelva vore stengd i store deler av denne sommaren. Då er det gledeleg at etter opninga 4. august er det alt registrert fangst på meir enn 20 fiskar, om lag likt fordelt på aure og laks. Den største registrerte fangsten til no er laks på 6 kg. Det er elles teke fisk på 4,1 kg, 2,2 kg og 1,5 kg.  I snitt ligg vekta kring 2 kg. 
09.08.2018
Vakkert pynta ved thai-vogna.
At det er vakkert pynta i sentrum av bygda vår, er av stor verdi.  Det legg både fastbuande og tilreisande merke til, og alle set pris på at det er fint og ryddig.   Alle er nok einige i at sentrumsbildet fekk eit skikkeleg løft etter at Gro opna blomsterbutikk.  Derfor er det kjekt å sjå at andre følgjer opp for å gjera sentrum så fint som mogeleg.
09.08.2018
Ny trafo er på plass i Sekundærstasjonen.
Den nye trafoen vart løfta og jekka på plass i Sekundæren i går, onsdag 8. august. Arbeidet med oppgradering av stasjonen og linenettet har stort sett gått etter oppsett plan. Den nye trafoen er på 46 tonn og har ei yteevne på 30 MVA ( mega volt ampere ). Trafoen frå 1971 vog mest like mykje, men hadde ei yteevne på 20 MVA. Arbeidet vert gjort for å auka kapasiteten og sikra ei stabil drift.
08.08.2018
Uskedalen - vår andre heimplass.
Noreg er vårt andre heimland og Uskedalen er vår andre heimplass, seier ekteparet Christa og Lothar Hannuschka til Uskedalen.no på den siste dagen før avreise frå Rabben Feriesenter i Uskedalen til Dortmund i Tyskland. Frå 1990 og kvart år framover har Christa og Lothar lagt ferien sin til Uskedalen. På desse 28 åra har dei knytta kontakt med bygda og folkelivet her. Dei har mange minne og gode opplevingar å sjå tilbake på.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS