Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Ove Myhre og Håkon Røssland er klar for Fjordsteam.

02.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
DS STORD bakkar ut og er klar for rute til Bergen på årets Fjordsteam.
 
Med slag i skipsklokka og tut i fløyta seig DS STORD 1 frå kai i Rosendal i dag kl. 11. Knappe 40 passasjerar var på plass og med dei som kjem til på Tysnes, vert talet i overkant av 50 på seglasen til Fjordsteam i Bergen. Av ombordstigande gjester finn vi Ove Magne Myhre frå Uskedalen. Innseglinga  på Byfjorden og Vågen med parade er frå kl. 18 i kveld. Meir enn 70 farty er påmelde til veteranskipsfestivalen denne helga.
 

DS STORD 1 gjekk i rute frå Bergen i går og kom til Rosendal på ettermiddagen. I god tid før avgang kl. 11 i dag var mykje folk samla på kaien, nokre som passarsjerar, nokre bubilgjester og andre dampbåtinteresserte personar. Turen til Bergen er rekna til fem timar. Det er påstigande passarsjerar på Malkenes og på Våge. Det er servering om bord og det vert høve til å få sjå seg omkring på fartyet.

 

Ove Magne Myhre gler seg til turen. Han er oppvaksen med båt og var mykje med foreldra sine på sjøen frå han var liten gut. Bestefaren, Mikkjel Myhre, var med på råstoffarten som førar på skuter tilhøyrande hermetikkfabrikken på Beinavikjo. Ove ser fram til å få koma i maskinrommet og sjå maskin, kjele og andre tekniske installasjonar.

 

Håkon Røssland, tidlegare entreprenør, har alltid hatt båt. Han er meir enn mange interessert i dampdrivne farty og livet om bord. Håkon er godt kjend langs leia og er ei levande kjelde med sine lokalkunnskapar.

 

Fleire uskedelingar er på veg til Fjordsteam i morgon og vil ta del i markeringa med føredrag og skipsbesøk.

 

Harald Sætre er som vanleg ein sentral person med ny bok og medhjelpar på informasjonskiosken. Han er sett opp med eit føredrag laurdag kl. 14 ombord på DS HESTMANDEN. Tittelen er: Dei kom tilbake - veteranferjer og fjordabåtar i Hordaland.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ove Magne Myhre og Håkon Røssland på shelterdekket, to av totalt 50 passarsjerar på turen til Bergen i dag.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.05.2019
Trening til SPAR løpet på onsdag kl. 17.30.
Det vert trening til SPAR løpet onsdag i denne veka kl 17.30 - 18.30. Frammøte på Sandakaien. Alle skal få springa sin løyper. SPAR løpet er på laurdag med start kl. 13. Påmelding på Uskedal Idrettslag si nettside.

kb



20.05.2019
Damejakke funnen på stien mot Solfjell.
Ei damejakke, storleik 46, vart i dag kl. 12 funnen på stien opp mot Solfjell. Jakka er lys/grå og har merke Endurance. Jakka er teken vare på og kan hentast hos Konstanse Tveit, mobil: 95195861.

kb
20.05.2019
Fellesgudsteneste for Kvinnherad i Uskedalen, 2. juni.
Det vert fellesgudsteneste for alle 12 kyrkjene i Uskedalen sundag 2. juni kl. 11. Dette har vore prøvd før med godt frammøte. Kyrkjekoret Nordsaang vert med. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi med mat i Strandstovo, i Båtlaget sitt nye velferdsbygg.

kb
17.05.2019
Ei inkluderande 17. mai feiring i Uskedalen
17. mai i Uskedalen samlar folk frå mange nasjonar. I dag talde vi representantar frå  minst 13 land, - Tyskland, Sverige, Belgia, Spania, Brasil, Nederland, Ukraina, Litauen, Somalia, Syria, Ungarn, Polen og Noreg. Nokre er truleg utelatne.

kb
16.05.2019
Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.
Jostein Soldal skal ha talen på Stemneplassen i morgon, 17. mai. Jostein er elev i 10. klasse ved Rosendal ungdomsskule. I helsinga vil han ta fram kva eldre og unge legg i omgrepa fred og fridom. Fridom er ikkje sjølvsagt, sjølv om hans generasjon ikkje har opplevd noko anna. Kom og høyr Jostein Soldal på Stemneplassen.

kb
14.05.2019
Ta vare på vipa.
Harald Sætre Arnevik stod fram på NRK1 i kveld med oppmoding om ta vare på vipa. Harald og Kjelrun Eik driv gard på Halsnøy og på Eik i Uskedalen. Vipebestanden er sterkt redusert og Sætre Arnevik er ein av fleire bønder i Hordaland som i gardsdrifta legg inn tiltak for å berga vipa i den viktige tida då fuglen legg egg, i klekkinga og 21 dagar fram til fuglen er flygedyktig.

kb
14.05.2019
Guatemalabesøk på Bøkkeren i morgon, onsdag 15. mai.
Kvar gong det er Guatemalabesøk i Kvinnherad, vert gjestene saman med venskapsgruppa inviterte til Bøkkerverkstaden på Rød. Vermeldingane er gode. Det vert lagt opp til langbord med benker på kaien. Menyen er lubbesild, poteter, flatbrød og alkoholfritt øl. Samlinga på Rød er frå kl. 18.

kb
11.05.2019
På vinnarlaget i Holmenkollstafetten.
Thomas Myklebust Heggøy(Rabben Feriesenter) var på Gular sitt vinnarlag i eliteklassen då Vårens vakraste eventyr vart arrangert i dag.  Gular var over minuttet føre Strindheim som vart nr. 2. IL Tjalve vann kvinneklassen.  Fleire uskedelingar sprang på ulike lag i den populære stafetten.

tid
10.05.2019
Kyrkjegardsboka vert seld og signert på SPAR i dag.
Kyrkjegardsboka KJÆRT ER MINNET vert signert på SPAR, Uskedalen i dag, fredag 10. mai, mellom kl. 16.00 og kl. 18.00. Forfattar Morten Nygård er på plass og skriv helsing i boka. KJÆRT ER MINNET, bind 1, har med to artiklar frå Uskedalen, tilsaman på 30 sider.

kb
09.05.2019
Ja og nei i Forvaltningskomiteen.
Karl Otto Gravdal, ny hytteeigar på Holmen, fekk dispensasjon til å riva og byggja nytt naust, som høyrer til eigedomen. Det kan søkjast om byggeløyve. Same eigar fekk ikkje dispensasjon til utviding av kaien med ny kaifront. Tiltaket kan dermed ikkje omsøkjast. Vedtaket i Forvaltningskomiteen var samrøystes.

kb
Siste Nyhende
21.05.2019
Unge lovande løparar frå Holmen i Uskedalen.
Viljar og Amund Berge-Soldal er brør og bur på Holmen. Amund er 12 år og har alt vore ein aktiv løpar nokre år. Viljar er berre 6 år og debuterte på Maileikane i Haugesund i helga som var. Amund vann sin klasse med ny stevnerektord på tida 5.00.5 minuttar.
19.05.2019
Ekstraordinært årsmøte i Uskedal Vassverk 27. mai.
På årsmøte i Uskedal Vassverk 8. mai vart det gjort vedtak om justering av vassavgiftene ved overgang til 8 ulike prisgrupper. Nye vassgifter er bestemt med vanleg fleirtal på årsmøte. Saka på ekstraordinært årsmøte gjeld vedtekstendring § 14. Sjå meir om innkalling og kva styret skriv:
18.05.2019
Grasrotandel til ni lag og organisasjonar i Uskedalen.
Norsk Tipping med Grasrotandelen overfører i desse dagar midlane for første 4 månadene i 2019 til frivillige lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret, tilsaman kr. 860.000 til laga i Kvinnherad. Ni lag i Uskedalen er godkjend for løyving. For perioden 1.januar til 30. april 2019 utgjer summen rundt kr. 60.000,-. Uskedal Idrettslag toppar lista med kr. 32.35,- før Uskedal Skulemusikk med kr. 13.241,-
18.05.2019
Å. leva det er å elska det beste di sjel fekk nå.
Knut Førland siterte Anders Vassbotn i talen sin på 17. mai i Uskedalen. Målet må vera eit betre liv for alle, mellom anna for ungdomen som slit med prestasjonspress og karakterjag. Inkludering og støtte er viktig, ikkje minst med tanke på dei som flyttar til landet og buset seg i Kvinnherad. Dette var noko av det Førland var innom i ein god tale til eit lydhøyrt publikum.
17.05.2019
17. mai feiring i varmt og fint ver.
Salutt - gudsteneste - minnemarkeringar - folketog - korpsmusikk - korsong  - tale for dagen - soloinnslag - leikar for born og vaksne og matsal. Ja, slik er 17. mai i Uskedalen. I det fine veret med langhelg for mange var det mindre folk å sjå i kyrkja og i Aktivittetshuset. Frammøte ved Bauasteinen og på Stemneplassen var om lag som det har vore før.
16.05.2019
Alt er under kontroll dagen før dagen.
Det meste er på plass dagen før dagen. Skulemusikken og Musikklaget øver på spreng. Det meste av rigginga vert gjort i løpet av dagen. Det gjeld bord, stolar og pynting. Premiane skal på plass. Det same med blomedekorasjonar og blomehelsingar. Kaker vert bakt og gjort klart til kafesal i Aktivitetshuset. Leiar i programkomiteen, Line Soltvedt, og medlemene Ronny Lakselv og Ivar Gundersen takkar for godl støtte frå bygdefolket.
15.05.2019
Odd Steinar Arnesen - ny rektor på Uskedal skule.
Odd Steinar Arnesen er i dag tilsett som ny rektor på Uskedal etter Stig Berge-Soldal. Berge-Soldal er frå 1. august tilsett som rektor på Husnes ungdomsskule. Arnesen er 51 år, har lang tenestetid ved Uskedal skule og har i lange periodar vore assisterande leiar. Han er adjunkt med tilleggsutdanning. Odd Steinar Arnesen tek til i den nye stillinga 1. august.
14.05.2019
Seminar på Moster om Olav den Heilage som lovgjevar.
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i haust arbeid med tema: Olav den Heilage som lovgjevar. Vi er særs takksame for at Øyrehagen Sunde har valt å presentere resultatet av sitt faglege arbeid på årets Mosterseminar, 1. Pinsedag, 9. juni kl. 13.30 i Amfisalen.
12.05.2019
150 personar gjekk turmarsj mot vindkraft.
Heile 150 personar møtte fram på sundag for å ta del i DNT og Kvinnherad Turlag sin marsj mot vindkraft på land. Turen gjekk frå Husnesparen til Bremstølen og vidare til Mjelkhaug. Uskedalsfjella er ein del av den nasjonale ramma for vindkraft, utarbeidd av NVE. Områda er definerte som eigna for vindkraft på land.
Sponsorar
Kvinnherad Energi AS
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Ospelunden
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Brødrene Hjønnevåg AS
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
kvinnheringen
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Tysnes Sparebank
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Byggeriet
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS