Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Jubeldag for jentelaget i Norway Cup.

01.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Jentelaget til UIL er klare for kvartfinale etter to kjempekampar i dag.
 
Onsdagen fekk ein flott start på Ekebergsletta då Uskedalen sitt J14 lag slo til med ein klar 5-1 siger over Nesodden IF i 16-delsfinalen i B-sluttspelet i Norway Cup. Utover dagen skulle det bli meir å jubla for for dette laget medan det vart slutt på cup-eventyret for fleire av dei andre laga. Men alle kunne sjå tilbake på flotte sommaropplevingar i hovudstaden.
 
Jentelaget til UIL fekk to kampar  onsdag.  Etter den gode kampen mot Nesodden gjekk dei vidare til 8-delsfinalen.  I 5-1 sigeren mot Nesodden var første målet sjølvmål, medan Åsne Hjelmeland Arnesen, Emma Myklebust Ripel(2) og Ruth Maria Myklebust sette inn resten av måla.  Kl.17.15 var det klart for 8-delsfinale.  Då møtte dei Kviteseid IL, og jentene fortsette det gode spelet.  Dei var klart best og vann fortent heile 5-0.  Måla vart sett inn av desse spelarane i denne rekkefølgje, Ruth Maria Myklebust, Saima K. Lomheim Døssland, Selma Ovidia Tarberg Guddal, Emma Myklebust Ripel og til slutt fastsette Anna Elisabeth Samland Eik sluttresultatet med ei nydeleg heading.  Vår gode kontaktmann Odd Steinar Arnesen fortel at jentene speler kjempebra og jobbar med topp innsats!  I kvartfinalen torsdag kl.12 møter dei MSIL som i dag vann 3-0 over Haugar.  Vi heiar og gratulerer!!
 
Klikk på bilete for full storleik
Frå J14-laget sin kamp mot Kviteseid i dag.
 
 
Gutelaget til Uskedal IL som leverte så imponerande kamp på tirsdag, møtte KFUM kam. Oslo i 16-delsfinalen i B-sluttspelet.  Det viste seg å vera knalltøff motstand.  Sluttresultatet vart eit heiderleg 1-3 tap, og gutane har absolutt vist at dei kan spela fotball under Oslo-opphaldet.
 
G-16 laget til Rosendal/Uskedalen møtte også svært gode motstandarar frå Nordstrand IF1, og kampen enda med 1-4 tap.  Trenar Odd Steinar Arnesen melder at dei tapte for eit betre lag, men han er svært godt nøgd med det laget har prestert i turneringa.  Han seier han er stolt over det dei har prestert både på og utanfor banen.
 
J16 laget har også svært mange spelarar frå Uskedalen.  Etter å ha gått gjennom innleiingskampane med tre tap, slo dei til med heile 9-0 mot Sauland.  Måla vart sett inn av May Beathe Brakstad, Lene Furdal, Lisa Jonetta Ølvestveit, Thea S. Taranger, Hanna Tvilde(2) og Guro Leganger(3).  Dermed vart det 16-delsfinale mot Årvoll IL seinare på dagen.  Etter ein spennande kamp der Ida Marie K. Eidsvik scora Rosendal sitt mål, var det uavgjort både etter ordinær tid og etter ekstraomgangar. Straffesparkkonkurransen vart ein skikkeleg thriller, og først etter 9 straffar til kvart lag, måtte Rosendalslaget gje tapt, og dermed var eventyret slutt for denne gangen.
 
For dei andre laga gjekk det slik:
  • G13:  KFUM-kam. Oslo1 - Rosendal 8-4, og dermed vart Rosendal slått ut i 64-delsfinalen i A-sluttspelet.
  • G14:  Rosendal - Nordstrand IF Tigers 3-1 i 16-delsfinale i B-sluttspel.  Om Uskedal hadde vunne sin kamp, hadde det artige skjedd at Uskedal og Rosendal hadde møttest i 8-delsfinalen, to lag som kan sjå tilbake på mange kampar mot kvarandre.  I staden møtte Rosendal UIL sine overmenn KFUM-kam. Oslo, og i ein relativt jamn kamp var heile tida Oslo-laget strået kvassare.  Dei vann også fortent 5-2 til slutt, og dermed var sette dei også ein stoppar for vidare cup-eventyr for rosendelingane.
  • G15:  Rosendal - Ballangen 4-3 etter sudden death i ekstraomgangar, og gjekk dermed vidare til 16-delsfinale i B-sluttspelet der dei møtte eit godt lag frå Klemetsrud IL.  Keeper Kristoffer Hauge frå Uskedalen spelte glimrande, og trass i einvegskøyring i første omgang, var det berre 2-0 ved pause.  I 2.omgang var Rosendal langt meir med, samtidig som keeperen fortsette storspelet og reduserte tidleg til 1-2.  Kampen vart uhyre spennande.  Då ca.10 min gjestod gjorde trenaren eit offensivt byte.  Han skifta keeper, og Kristoffer Hauge gjekk fram som spiss.  I kampens siste minutt var han tilbake i mål då Klemetsrud fekk straffe.  Den gjekk over mål, og dermed enda kampen 3-3 og gjekk til ekstraomgangar.  Då dei vart mållause, vart spenninga toppa med straffesparkkonkuranse.  Sjølv om nemnde Kristoffer redda 2, vann Klemetsrud den 3-2.  Kampens store spelar var utvilsamt det nemnde keepertalentet.  Og Uskedalen er godt rusta når det gjeld keeprar.  Karsten H. Bjørnebøle har imponert med solid spel på G14 laget gjennom heile turneringa.
  • J13:  Rosendal - Jerusalem Girls 16-delsfinale i B-sluttspelet vert spela torsdag sidan RT fekk walk over i 32-delsfinale.
  • J14:  Fagernes - Rosendal16-delsfinale i A-sluttspelet vert spela torsdag sidan RT fekk w.o. i 32-delsfinalen.
Det vart altså mange svært spennande kampar i dag.  For mange vart det også slutten på dette eventyret, men det vert spennande også i morgon.  Ekstra spennande for  oss vert det å følgja med J14-laget til UIL som no ser ut til å vera inne i ei god flytsone.  Kjekt vert det og å følgja med dei to gjenverande Rosendalslaga, J13 og J14, som hadde spelefri i dag.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Espen Eik.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
10.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 10.des. 2018
Også i dag er det trekt ut 2 heldige vinnarar.  To temokoppar med godis, gjevne av Kvinnherad Elektro/Uskedal skulemusikk er vunne på nr.426, og Dolce Gusto kaffimaskin, verdi 300,-, gjeven av Uskedal eigedom, er vinnen på nr.123.Vi gratulerer dei heldige!!

USM.
09.12.2018
Juletresalet startar i morgon, måndag 10. desember, ved Elins Matgleder.
Juletresalet ved Elins Matgleder startar i morgon, måndag 10. desember, kl. 08. Det er sal av nordmanna edelgran frå skog i Sandeid. Salet varer heile dagen, fram til kl. 17.00. Elin Enes fortel at ho vil ha ekstra ope laurdag og sundag komande helg.

kb
09.12.2018
Rev med skaff observert på Døssland.
Det er observert ein rev med skabb på Døssland. Reven bør avlivast. Skabb er smittsamt og dermed overførbart til katt og hund. Det er fitt fram for å jakta rev. Det er skotpremie på kr. 200,- pr. dyr. Rev med skabb misser hår og pels og frys ofte i hel på kalde vintrar.

kb
09.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 9.des. 2018
Skrujernsett, verdi 229,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne på kalendar nr. 395, medan gåvekort verdi 300,-kr, gjeve av S. Myklebust Maskinstasjon, er vunne på kalendar nr.476.Vi gratulerer dei 2 heldige vinnarane!

USM.
08.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 8.des. 2018
Vi gratulerer eigarane med nr.211 og 56 med dagens gevinstar.  Gåvekort, verdi 300,-kr, gjeve av Spar Uskedalen, er trekt ut på 211, og eigaren av nr.56 har vunne kokebok, refleksvest og buff.Vi gratulerer.

USM.
07.12.2018
To leilegheter i Nedre Halsabrotet er selde.
To leilegheter i det nye bustadfeltet i Nedre Halsabrotet er selde, kvar for 2,2 mill. kr. Seljar er Actavia Invest AS. Det brannskadde huset på Brekketoppen vart seld for kr. 430.000,-.

kb
07.12.2018
Steinar Hugland- kandidat til Årets namn.
Etter framlegg frå lesarane har lokalavisa Grenda nominert ti namn til Årets namn. Ein av dei er Steinar Haugland frå Uskedalen. Steinar er kjend frå idrettsmiljøet, frå Festidalen og ikkje minst frå tilbodet han har heime på garden for elevar som treng alternativ skule nokre dagar i veka. I Grenda finn du meir om røystinga på Årets namn.

kb
07.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 7.des. 2018
To nye heldige vinnarar får i dag gevinstar på skulemusikken sin adventskalendar.  Eigar av nr.221 vinn eit gåvekort på 300,-kr, gjeve av Gros Blomster, medan nr.484 vinn heimestrikka sokkar m/godis, gjevne av Nelly/Uskedal skulemusikk.Vi gratulerer!!

USM
06.12.2018
Prestestillinga - 2. gongs utlysing.
Soknepreststillinga i Uskedalen er utlyst for 2. gong. Tenestestaden er Uskedal sokn, men også med teneste i andre sokner i Kvinnherad. Soknepresten vil mellom anna ha ansvaret for konfirmantarbeidet og samarbeidet mellom kyrkja, skulen og barnehagen. Utdanningskravet er Cand. theolo med praktikum eller tilsvarande. Søknadsfristen er 6 januar 2019.

kb
06.12.2018
Hardangerfjordmagasinet med reportasje om Ivar Gundersen
Harangerfjordmagasinet med eit opplag på 50 000 eks. kjem ut to gonger i året. I desemberbladet 2018 kan du lesa om Ivar Gundersen - ny banksjef i Sparebanken 1 SR-bank på Husnes. Det vert også skrive om Tysnes Sparebank der Siren Simonnes er avdelingsleiar. Magasinet er gratis og kjem til alle husstandane i Kvinnherad.

kb
Siste Nyhende
09.12.2018
Julevandring i kyrkja - tilbod til barnehagane.
Kvart år er barnehagane i Uskedalen med på Julevandrig i kyrkja, ei dramatisering av juleavangeliet og Jesu fødsel. Det er tilsette i kyrkja med Jan Ove Fagerheim i rollen som Keisar Augustus. Med seg har han trusopplærar Torild Langeland og kantor Eva Megyesi. Julevandringa er eit tilbod til dei eldste borna i Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedal barnehage.
08.12.2018
Kven saknar ny barnesykkel ?
Attgløymde syklar langs vegen er eit aukande problem, noko vi på Uskedalen.no har skrive om mange gonger. No gjeld det ny barnesykkel, lilla med merke MOGUL, som står i Kleivadalen. Tom Haugland fortel at sykkelen ein dag tidleg i veka vart attgløymd ved garasjen hans. Ingen har meldt seg som eigar så langt.
07.12.2018
Laga middag til 15 born i Dønhaug Gardsbarnehage.
Kjøttkaker i brun saus var middagen borna i Dønhaug Gardsbarnehage fekk i går, torsdag 6. desember. Ideen er henta frå Omvikdalen barnehage der Bygdekvinnelaget lagar middag til alle borna ein gong i månaden. I Uskedalen vert det same prøvd i gardsbarnehagen med Målfrid Myklebust, Inger Naterstad og Else Mari Huse som frivillige hjelparar.
06.12.2018
Avrunda jubileumsåret med ein imponerande julekonsert.
Blandakoret Røysterett for Alle skuffar ikkje sitt publikum, heller ikkje i kveld med ein variert og innhaldsrik førjulskonsert i Uskedal kyrkje. Eit nær på fulltalig kor, dyktige solistar og gjester og ikkje minst ein inspirerande og trygg musikalsk leiar, då er grunnlaget lagt for det som truleg er den beste julekonserten i år. For den som ikkje hadde høve til å få dette med seg, ja, då er Ølve kyrkje plassen neste torsdag, 13. desember.
06.12.2018
Hundeskilta er sparka og rivne ned for 3. gong på tre år.
Audhild Lie og Magne Grindheim er plaga med at hundeskilta vert sparka eller rivne ned og det for tredje gong på tre år. Eigendomen deira ligg langs Fylkesvegen og Magne gjer alt han kan for å halda ein fin hage utan hundeskit. Hundeskilta har god effekt og ekteparet forventar at skilta får vera i fred utan vandalisme.
05.12.2018
Tor Bringedal si nye bok vil ha stor interesse i Uskedalen.
Knapt ein stol var ledig i Grendahuset då Tor Bringedal sist sundag presenterte boka Frå Bringedalsbygda til Herøysund - Bygdehistorie 1850 - 2018.  Skulekrinsen Bringedalsbygda med vel 600 innbyggjarar må vera den bygda i Kongeriket der det meste er dokumentert i bokform på ein fagleg og grundig måte, 1,7 kg og 640 sider. I tillegg kjem alt Bringedal skriv om bygda i to tidlegare bøker frå perioden 1837 - 1965.
04.12.2018
Uskedal utvikling er engasjert i saka om brannstasjonen.
Uskedal utvikling vil på styremøte i morgon ha oppe sak om brannstasjonen i bygda. Det er sendt brev til Kvinnherad kommune som syner til sak i Formannsskapet torsdag 6. desember der det er framlegg om å leggja ned fire brannstasjonar. Ein av dei er Uskedalen. Saka vart utsett på møte 14.11 då ein bad om ei økonomisk vurdering og ei meir utføring utgreiing i høve til responstid.
03.12.2018
Jubileumsåret vert avrunda med julekonsert i Uskedal kyrkje, torsdag 6. desember kl. 19.30.
Blandakoret Røysterett for Alle i Uskedalen har feira 30-årsjubileum i år, og som den siste av ulike markeringar gjennom året, vil feiringa verta runda av med to julekonsertar - 6. desember i Uskedal kyrkje, og 13. desember i Ølve kyrkje. 
03.12.2018
Julegrantenning med eige julespel.
I adventstida har det vore lys på julegrana i sentrum sidan 1963. Markeringa har utvikla seg over tid både med omsyn til innhald og tidspunkt. Uskedal Musikkalg har vore med sidan starten. Aktivitetshusets Damevener var i mange år ein viktig part i å utvikla tilskipinga til ei julemesse. Dei siste åra er markeringa forenkla og tilpassa situasjonen med at det er ei samling på ein fredag straks etter arbeidstid.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS