Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Kanonkamp av G14, og G16 forsette sigersdansen.

01.08.2018
Klikk på bilete for full storleik
Uskedalspelarar saman med nokre av spelarane på motstandarlaget. Saman laga dei ein kjempekamp.
 
Uskedalen.no hadde to Oslo-busette observatørar på Ekebergsletta tirsdag då innleiingsspelet i Norway Cup vart avslutta.  Dei overvar to kampar  der uskedelingar var på eine banehalvdelen, og tilbakemeldingane frå dei fortel at dei var svært imponert over både G14 og G16 gutane sine prestasjonar.  I dag er sluttspelet i gang.
 
Klikk på bilete for full storleik
G14 laget var i toppform tirsdag kveld.
 
 
Våre observatørar fekk sjå G14 laget til UIL i deira klart beste kamp under Oslo-opphaldet.  Dei møtte Magnet Youth Sports Org frå Tanzania.  Dette laget har vore heilt suverene i dei tre føregåande kampane i turneringa med solide sigrar.  Utgangspunktet før kampen var ulikt for dei to laga.  Mandag fekk nemleg botnlaget Bokn sin einaste siger i ein jamn kamp mot UIL, men tirsdag viste laget seg frå ei heilt anna side.  Trenar Tommy Eidsvik har tidlegare uttalt at laget har eit svært godt toppnivå, men at prestasjonane frå kamp til kamp er for ujamne.  At det stemmer viser vel kampane mandag og tirsdag.
 
Rapportane frå våre observatørar fortel om imponerande pasningsspel der kombinasjonane sat godt og der spelarane sleppte ballen i rette øyeblikk.  Det var imponerande arbeidsinnsats.  Laget hadde mange gode einskildspelarar, men dei ville ikkje trekkja fram einskildspelarar då dei meinte det først og fremst var eit velsmurt lagmaskineri som førte fram til den imponerande lagsigeren.
 
Laget frå Afrika tok oppskriftsmessig leiinga 1-0, men uskedalsgutane ville det annleis og frå dei utlikna til 1-1 styrte dei kampen.  Dei nøytraliserte den store stjerna på motstandarlaget som hadde vore så god i tidlegare kampar, og ved å spela god og underhaldande fotball vart dei dei første som vann over Magnet Youth Sports Org. Sluttresultatet vart 6-3.  Mathias Børve(3), Olve Simonnes Tveit, Kristian Øvstebø og Mads Eidsvik scora måla.  Laget vart dermed nr.3 av dei 5 laga i pulja og dei går vidare til B-sluttspel sjølv om A-sluttspel var så nær, så nær!!  Tidlegare tirsdag vart det nemleg 0-3 tap for Nanset.
 
G16 laget til Rosendal/Uskedal kunne sjå tilbake på to sigrar då dei møtte Langhus IL i siste innleiingskampen.  Rapportane fortel om at dei spela svært godt.  Langhus gjekk riktignok opp til 1-0, men etter at R/U hadde utlikna var dei ingen tvil om kor sigeren ville hamna.  R/U var det klart beste laget og hadde full kontroll og spela god fotball.  Utlikninga til R/U var litt spesiell.  Laget sette ballen i mål, men dommaren bles likevel for straffe.  I uroa rundt dette heldt imidlertid Martin H. Arnesen hovudet iskaldt og scora sikkert på straffen.  Dei to siste måla vart sett inn av Jeppe Solheim Søllesvik og Kristian Klette Hansen.  Dermed var sigersrekkja i innleiingsspelet komplett, og no vert det fullt kjør med A-sluttspel.  Motstandarlaget Langhus IL kunne også jubla etter kampen.  Dei vart nemleg nr.2 i pulja og kom såleis også til A-sluttspelet.
 
To av målscorarane i den gode kampen. Mathias Børve og Olve S. Tveit.
 
 
Jentelaget til UIL gjorde ein ny god kamp.  Dessverre enda det med 2-4 tap for Vannylven FK.  Dermed vart det 3.plass i pulja etter tre jamne kampar som gav 1 siger og 2 tap etter flott innsats.  Dermed vert det B-sluttspel for jentene.
 
For dei andre laga enda det slik:
  • G13:  Rosendal - Vålerenga Fotball Bohemene 1965 2-0.  Dermed vart det A-sluttspel med eit plussmåls margin etter 1 siger, 1 uavgjort og 1 tap, 4 poeng og 2.plass.
  • G14:  Rosendal - Syril 2-5.  Dermed vart det B-sluttspel etter 1 siger, 2 tap og 3 poeng.
  • G15:  Snarøya - Rosendal 1-2. Dermed vart det 2 tap, 1 uavgjort og 1 poeng.  Det gav 4.plass i pulja og B-sluttspel.
  • J13:  Ull/Kisa - Rosendal 0-1.  Det gav 1 siger, 2 tap og 3 poeng.  Dermed vart det 3.plass i pulja og B-sluttspel.
  • J14:  Rosendal - Skarphedin  0-1.  Det gav 1 siger, 1 uavgjort, 1 tap og 4 poeng.  Det gav 2.plass i pulja og A-sluttspel med eitt plussmåls margin.
  • J 15/16:  Holum - Rosendal  0-4.  Det resulterte i 3 tap, 4.plass i pulja og B-sluttspel.
I dag startar altså sluttspelkampane.  Då er det cup slik at det er vinn eller forsvinn.  Vi håpar på mange spennande kampar med gode prestasjonar og mykje kjekt.  Elles fortel rapportane frå Oslo om mykje god stemning, mykje kjekt og viktigast av alt eksemplarisk oppførsel.
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto: Jan Øvstebø og Vegard Døssland.
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.10.2018
REFLEKS!! REFLEKS!! REFLEKS!!
På veg til jobb i regn og mørke i dag tidleg trefte eg fleire mørk-/gråkledde Uskedalsungdommar på veg til skulebussen.  Dei var vanskelege å sjå, for refleks var heilt fråverande!! Vi set stor pris på dei flotte ungdommane våre, og bed dei og alle andre om å bruka refleks, og aller helst refleksvest, når dei går langs vegane framover.  VI VIL SJÅ DÅKE!!!

tid
17.10.2018
Har du bilete av fiskereiskapen kjer ?
I Kvinnhesminne til neste år vert det arbeidd med ein artikkel om fiske med kjer i Uskedalselva. Audun Eik i Sogelaget spør om nokon kan ha bilete av eit kjer. Det er ein fast fiskereiskap til lakse- eller aurefiske. Eit kjer er bygd i tømmer og vart brukt i fossar eller stride straumar. Reidskapen fungerer som ei teine der fisken går inn og kjem ikkje ut. Det er ikkje lov å fiska med kjer i dag. Kontakt Audun Eik: 481 52 785.


kb
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
13.10.2018
Branntroppen var med på båtberging på Sunde.
Branntropp Uskedal var med på båtberging på Sunde i går. Det var MS NYSAND som tok i vatn og som gjekk til kai for å letta skuta så mykje at den akutte faren var over.

kb
12.10.2018
To nye firma i september.
Det er registrert to nye firma i Uskedalen i september. Det er Steinsvåg Legeverksemd v/ Magnus Kr. B Steinsvåg ( enkeltmannsføretak ) og AJ Utleige og Eigedom v/ Arvid Hjelmeland - utleige av eigen eller leigd fast eigdedom.

kb
Siste Nyhende
17.10.2018
Stor mediamerksemd om Skorpo.
Skorpo er i media sitt søkjeljos. Det er ikkje nok med at NRK har sendt dokumentaren Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det neste er naturprogrammet Helt naturleg med filming frå fjellgarden Bjørnebøle og frå Johannes Hauge og gardsdrifta hans på Skorpo. Filminga vart gjort tidleg i august månad av Jan Grønseth. Episodane frå Kvinnherad vert truleg sende ein gong på våren 2019.
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
12.10.2018
800 sekker ved gjev pengar i lagskassen.

Å vera medlem i jubileumskoret Røysterett for Alle er meir enn song og konsertar. I over 15 år har koret vore i Hauglandslia på veding. Arbeidet er sosialt. Dessutan gjev det pengar i lagskassen. I 2018 reknar styret med at ein vil pakka og selja 800 sekker  ved som igjen fører til ei inntekt kring kr. 50.000,-.
11.10.2018
Ny løe på gamal tuft i Gardsbarnehagen.
Ein gardsbarnehage må ha ei løe og slik vert det i Dønhaug Gardsbarnehage. Arbeidet starta med riving av den gamle løa, utreisking og murarbeid før nytt reisverk i stål kom på plass for kort tid sidan. No er det tid for plating av vegger og tak. Løa skal vera klar til bruk tidleg i det nye året, 2019. Kostnaden er rekna til kr. 500.000,-. I tillegg kjem stor eigeninnsats.
10.10.2018
Bibelkurset held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober.

Kurset Bibelreisen med soknepresten Per Hjemdal som kursleiar held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober kl. 19. Del to av kurset handlar om Det nye Testamentet og det ope for alle der dei mest kjende bibelhistoriane vert formidla på ein ny og interessann måte. Kurset er utarbeidd av Bibelselskapet og er gratis for kyrkjelydane i Den norske kyrkja.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS