Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Byggesteg 1 i Ospelunden klar for ferdigstilling.

04.07.2018
Klikk på bilete for full storleik
Kvinnherad Asfalt har arbeidet med asfalteringa i Ospelunden.
 
22 husvære i det som høyrer til byggdesteg 1 i Ospelunden,  er klar for ferdigstilling. Det er asfaltering i denne veka, eit stort og omfattande oppdrag der det lokal byggefirma Kvinnherad Asfalt er tildelt arbeidet. Vest Asfalt er henta inn for å hjelpa til med legginga.
 

Klargjering for asfaltering tok til for to veker sidan, men fyrst i denne veka kom det båt med asfaltlast. Oddbjørn Kroka fortel til Uskedalen.no at det totalt vert asfaltert 5000 rutemeter. Det er alle vegar ut og inn i feltet og alle private tun. Det lokale firma Kvinnherad asfalt fekk oppdaget. Kroka er godt nøgd med at slike jobbar går til lokale firma.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det er henta inn hjelp frå Vest Asfalt for å få gjort denne jobben.

Byggesteg 1 i Ospelunden er planlagt med 22 husvære/ bueiningar. Talet kan aukast til 24. Byggesteg 2 har eit langt høgare tal, heile 44 husvære. Kvinnherad kommune er klar for å overta drifta av den delen av byggefeltet som no er ferdig. Utbyggjar kan med dette samla innsatsen om klargjering og arbeidet med byggesteg 2, med vegar og tekniske installasjonar. Gravinga tek til seint på hausten.

 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Thor Inge Døssland 

 
Klikk på bilete for full storleik
Asfalteringa gjeld heile 5000 kvadratmeter. Det omfattar alle vegar og private tun.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2018
Tverrelva Kraftverk er stengd ned.
Mange av småkraftverka i Kvinnherad er stengde ned grunna turre elvar og lite magasin. Dette gjeld også for Tverrelva Kraftverk på Haugland. Med stengd produksjon kan ein ikkje dra nytte av dagens høge straumpris.

kb
19.07.2018
Leppefiske er i gang.
Jostein Legland er fiskar på heiltid. Han har starta leppefiske med opning på landsbasis tysdag i denne veka. Legland har teiner ståande i Storsund og på nordsida av Skorpo. Leveringa er til oppdrettsnæringa.

kb
19.07.2018
Marit Sjøvangen på STATSRAAD LEHMKUHL.
Sjukepleiar Marit Sjøvangen frå Uskedalen er mønstra som medisinsk ansvarleg på seglskuta STATSRAAD LEHMKUHL og skal vera med på to etappar i The Tall Ships Race. Fyrste turen går frå Esbjerg til Stavanger. Neste tur går til Healingen i Nerderland. 65 skip er påmeld.

kb
17.07.2018
Rustne Menn til Huglo 28. juli.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn skal ha allsongprogram på Huglo laurdag 28. juli. Framføringa vert på kaien ved Huglabutikken.  Motbakkeløpet Varden Opp vert skipa til same dagen.

kb
15.07.2018
Kristian Øvstebø vann Kvasshovden Opp.
Av 6 deltakarar i sin klasse vann Kristian Øvstebø Kvasshovden Opp i Ulvik, med tida 1.03.34. Nr. 2 fekk tida 1.09.35. Kristian er ein suveren vinnar og tida fortel litt om kor sterk løpar han er for tida.

kb
14.07.2018
Monsen passerte Eldbjørg og Lars langs stien.
kl. 13.30 i dag fekk vi sjå Eldbjørg og Lars Myklebust langs turstien mot Heinsæter i programmet Monsen minutt for minutt. Monsen og TV temaet gjekk forbi og uskedelingane vinka og vart zooma inn. Det var eit gildt møte. Dersom nokon har bilete, send til e-posten vår.

kb
14.07.2018
Bilete frå Uskedalen i BTsommar.
I BT laurdagsavisa finn vi to sommarbilete frå Uskedalen. Fotograf er Harald Sætre. Motiva er frå Beinavikjo i solnedgang og frå skiltet Bortover - Andre vegen ved SPAR. Nokre blinkskudd vert lagt ut i papirutgåva.

kb
13.07.2018
Eldbjørg og Lars er lenger framme på stien enn NRK teamaet og Monsen
I ei melding frå Hardangervidda og programmet Monsen minutt for minutt får vi vita at Eldbjørg og Lars Myklebust nett no er lenger framme på stien enn det som vert synt på NRK. I går såg vi nokre glimt av uskedelingane. Turen i dag går fram til Rauhelleren.

kb
12.07.2018
Hjortejaktvald med meir enn 20 dyr.
Av totalt 86 jaktvald på hjort i Kvinnherad har to vald i Uskedalen løyve til å skyta meir enn 20 dyr. Det er Kjærland/Myklebust/Ytre Rød med 30 dyr og Øvre Feet/Døssland med 20 dyr. Dei andre jaktvalda i Uskedalen har mindre enn 20 dyr i sine løyve.

kb
10.07.2018
Monsen minutt for minutt.
Uskedalen.no er kjend med at to uskedelingar skal vera med på NRK programmet Monsen minutt for minutt, 1. etappe frå Dyranut til Tuva. Start torsdag 12. juli. Fylg med. Meir og utfyllande innlegg kjem torsdag morgon.

kb
Siste Nyhende
21.07.2018
Skøyta NJØTHOLM med oselevarmodell på dekk.
Mange fekk eit vakkert syn i dag på Sandakaien. Motorskøyta NJØTHOLM frå Ålfjorden var inne på sitt faste sommarbesøk i Uskedalen. Ein oselvarmodell i 1/3 storleik stod på dekk i ei vogge. Modellen er bygd av Egil Mæland på Tysnes og er ein nøyaktig kopi av ein original færing av typen Oselvar. Eigar av NJØTHOLM er Aud (f. Hindøy) og Per B. Østensen.
21.07.2018
Ikkje stopp klipparane på Heio, men ta kontakt med dei ansvarlege.
Grasbanen på Heio vert i år klipt av to robotklipparar som vart kjøpt inn etter at Uskedal IL vart tildelt 68.000 kr frå Sparebankstiftinga til føremålet.  Dette har vist seg vellukka, og dei to klipparane samarbeider godt om jobben.  Einaste problemet har vore at klipparane har vorte parkert utan om ordning, og det har ført til at dei har vorte ståande i ro.
19.07.2018
Harald Sætre er ute med si 4. bok om veteranbåtar.
Boka 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET vert lansert på Hamnadagane og Kysten si landsstemne i Haugesund i helga. Boka er Harald Sætre si 4 bok om veteranbåtar og fartyvern. Kapabel forlag med Otto Ertsland er utgjevar. Sætre er frå Uskedalen. Det vert arbeidd med å finna ei høveleg tid der forfattaren kjem til heimbygda for sal og presentasjon.
19.07.2018
Sommmarjobben min - Ida Marie og Christoffer på SPAR.
Innlegget i dag i serien Sommarjobben min handlar om Ida Marie Eidsvik ( 16 ) og Christoffer Støle ( snart 18 ). Begge har sommarjobb på SPAR Uskedalen, ein jobb  dei trivst godt i. Før har det vore meir tilfeldige sommarjobbar som plenklypping og anna form for hjelp. No er det meir alvor i den fyrste regulære sommarjobben der ein kan få tena sine eigne pengar.
18.07.2018
Minnerike dagar med Monsen minutt for minutt.
Eldbjørg og Lars Myklebust er tilbake i Uskedalen etter fem minnerike dagar på Hardangervidda saman med NRK og Lars Monsen. Turen starta på Dyranut og gjekk via Stigstuv, Rauhelleren, Heinsæter og fram til Tuva. DNT saman med NRK var arrangør og så langt vi veit, var det til saman sju kvinnheringar med i turfylgje.
17.07.2018
Knapt 50 % avling på 2. slåtten fører til formangel.
Fyrste slåtten var dårleg. Andre slåtten vert langt verre. Med rundt rekna 50 % avling så langt ser mange av bøndene myrkt på framtida. Det vert formangel og ein må leita etter mat og få kjøpt inn kraftfor med mykje fiber. Det er ikkje betre på beita. Graset visnar og turkar bort. Mange køyrer vatn til dyra på beite. 
16.07.2018
Sommarjobben min - Hanna og Amalie på Campingen.
Uskedalen.no held fram serien Sommarjobben min. Dette innlegget handlar om Amalie Hovden Rød og Hanna Tvilde, begge 16 år og nett ferdige som elevar på Rosendal ungdomsskule. Amalie og Hanna har vore ekstrahjelp på Rabben Feriesenter frå påsketider og framover. Begge vart spurde om å vera sommarhjelp, noko dei er svært glade for.
15.07.2018
Airbnb - internasjonalt bookingsystem for overnatting.

Uskedalen med to destinasjonar så langt er ein del av boookingssystemet Airbnb. Uskedalen.no har møtt nøgde kundar som har funne Uskedalen som eit reisemål på Airbnb. Ekteparet Vestad/Timofejera med dottera Kaja har budd i Beinavijkjo knapt ei veke. Dei kjem frå Stavanger og har berre godt å sei om leilegheten, bygda, naturen og daglege turmål i kommunen. På Airbnb finn vi to utleigeobjekt i Uskedalen, i Beinavikjo og på Skorpo.
15.07.2018
Forsongar i sin eigen 90 års dag.

Mange gjester, slekt og vener,  var samla i Trygve Haugland sin 90 års dag i Helgheim i går. Jubilanten var sjølv forsongar og song solo på Å, Vestland, Vestland. Trygve Haugland har ei djup og markert basstemme. Han vert ofte bedd om å ta tonen og leia allsongen i forsamlingar. Den eldste gjesten i 90 års dagen var Klara Døssland, snart 101 år.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS