Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

På utbyterik sumarcamp.

28.06.2018
Klikk på bilete for full storleik
Birk Sæle, Anna Elisabeth S. Eik og Kristian Øvstebø deltok på sumarskicampen.
 
Tre spreke uskedalsungdommar har delteke på Hordaland skikrets sin sumarcamp i Jondal og på Folgefonna.  Deltakarane herfrå var Birk Sæle, Anna Elisabeth S. Eik og Kristian Øvstebø.  Leiren varte frå 23. til 26.juni, og deltakarane fekk godt utbyte frå dagane med dyktige trenarar og gode og inspirerande treningsøkter både på ski og barmark.
 
Klikk på bilete for full storleik
Det var varierte og kjekke aktivitetar og ein fekk nye venner.
 
 
Birk Sæle og Anna Elisabeth Samland Eik er velkjende frå skisporet, og sist vinter deltok dei i både lokalt og i kretsregi med gode resultat.  Dei to var også med på campen i fjor, og dei gode erfaringane både treningsmessig og sosialt gjorde at dei såg fram til årets camp.
 
Meir overraskande for dei langrennsinteresserte var nok den tredje deltakaren, Kristian Øvstebø.  Så langt eg kjenner til har han ikkje delteke i langrenn dei siste sesongane.  Derimot er han kjend som ein god fotballspelar og løpar.  Særleg i motbakkeløp har han imponert stort.
 
 
Då eg trefte på Kristian dagen etter heimkomst, var det ein svært fornøgd gut eg møtte.  Han kunne fortelja om ei svært kjekk samling både sosialt og treningsmessig.  På spørsmål fekk eg også greie på at han ville prøve å satse på langrenn komande sesong.  Det er eit spennande valg, for vi veit at mange av toppløparane våre er råe i motbakkeløp.  Det er nok å nemna Therese Johaug.  Mange kan også sjå tilbake på ei god fotballkarriere då dei var yngre, og det vert sagt at fleire av eliteløparane kunne ha hevda seg godt i toppfotballen om dei hadde satsa i den retninga.
 
- Eg merka no godt at eg har ein god del å læra når det gjeld teknikk, kunne Kristian fortelja, men det er naturleg, og det er berre å jobba på med det så vert det betre, la den målretta ungguten til.  Han kunne også fortelja at i intervall- og kondisjonsøktene hevda han seg svært godt.
 
Møtet med Andrew Musgrave var svært inspirerande og lærerikt.
 
 
Treningane vart leia av dei beste trenarane i skikretsen med adm.sjef i Hordaland skikrets, Bernt Rusten opphaveleg frå Sandvoll, i spissen.  Men dei hadde også storfint besøk i den skotske toppløparen Andrew Musgrave som kan skilta med NM-tittel i både sprint og stafett i tillegg til topp internasjonale plasseringar.
- Han var veldig flink, og i tillegg var det inspirerande å høyra korleis han hadde kjempa seg fram til verdstoppen mellom anna ved å flytta til Norge for 8-9 år sidan, kunne Kristian fortelja om møtet med verdensstjerna som slett ikkje kjem frå nokon langrennsnasjon.
Musgrave går no for Røa same klubb som Martin Johnsrud Sundby, men han bur i Trondheim, og Kristian kunne røpa at vi i framtida kanskje får sjå han på lag med den største stjerna, Johannes Høsflot Klæbo, i Byåsen.  Han kunne også fortelja at det store målet til Musgrave som tidlegare var best i sprint, no er femmila i neste OL.
 
Det er ingen tvil om at dei tre campdeltakarane har fått ein god og inspirerande start på treningsarbeidet fram mot neste sesong.  Det vert spennande å følgja både dei og resten av løparane i den driftige skigruppa vår til vinteren.
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto:  Hordaland skikrets
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.09.2018
Strikk og drikk i Helgheim i kveld, fredag 21. sept.
Strikk og drikk har si fyrste samling for hausten i Helgheim i kveld, fredag 21. septnber, kl. 19.30.Det vert enkel servering med kaffi og te. Anna drikke på ein ha med sjølve. Ta med strikketøy eller anna handarbeid.

kb
19.09.2018
Ny butikk - kaffi og kake i morgon, torsdag 20. sept.
SPAR ynskjer velkomen til markering for at arbeidet med renovering og nye installasjonar er på plass. Det vert servert kaffi og kake frå kl. 10 i morgon, torsdag 20. september. I tillegg til tilboda denne veka, går SPAR ut med ekstra gode tilbod på nokre varer, mellom anna på kylling.

kb
19.09.2018
RYGERFONN til kai på Børneset.
Sterk vind i kveld og i natt gjer at RYGERFONN og MATHILDE ligg til kai i Uskedalen. RYGERFONN kom til Uskedalen kl. 19 etter endt rute frå Bergen til Rosendal. Vinden frå sørvest er varsla med styrke storm i vindkasta. Hardangerjakta MATHILDE ligg ved Sandakaien.

kb
19.09.2018
Bingoen startar i dag, onsdag kl. 19.
Bingoen i ungdomslaget startar i dag, onsdag 19. september, kl. 19 i Helgehim. Bingoen er eit fast innslag i Uskedalen, kvar onsdag. Frammøte er godt og tiltaket gjev ungdomslaget gode inntekter til lagsdrifta.

kb
19.09.2018
Ei travel veke for kyrkjekoret Nordsaang.
Neste veke vert ei travel veke for kyrkjekoret Nordsaang  og kantor Eva Megyesi med tre oppdrag. Bakgrunnen er bispevisitasen med mange arrangement. Tysdag kveld er det salmekveld i Husnes kyrkje, onsdag temakveld i Uskedalen og til slutt visitasgudsteneste i Kvinnherad kyrkje sundag kl. 11.

kb
18.09.2018
Kafe Tiaren 11 år i dag.
For nøyaktig 11 år sidan opna Kafe Tiaren, tysdag 18. september 2007, i Gamleskulen. Kafeen har vore i drift i alle år etter oppstarten og det utan stopp. Kafe Tiaren er open kvar tysdag heile året, bortsett frå nokre tysdagar i jula. Mellom 25 og 30 frivillige står for drifta.

kb
18.09.2018
Seniorgruppa med tur til Mannsvatn.
Seniorgruppa i Kvinnherad Turlag skipar i morgon, onsdag 19. september, til tur til Mannsvatn. Det er frammøte ved Grano i sentrum kl. 10. Turen vert rekna som middels krevjande.

kb
17.09.2018
Forvaltningskomiteen sa nei til tilbygg.
Jan Helge Pile fekk for andre gong nei i Forvaltingskomiteen til å utvida fritidsbustaden sin i Beinavikjo. Grunngjevinga for avslaget er omsynet til strandsonevernet. Søknaden omfatta også oppføring av bod og sauna.

kb
15.09.2018
Fotballjenter vert med på Demensaksjonen 2018.
Fleire jenter frå fotballen i Uskedalen vert med som bøsseberarar på Demensaksjonen 2018. Det har sin bakgrunn i at Nasjonalforeningen sentralt har avtale med Serieforeningen for jentefotball om støtte og profilering. På måndag vil ein dra nytte av denne avtalen lokalt i Uskedalen.

kb
15.09.2018
Hugs jazzkvelden på Dønhaug.
Det går slag i slag på Dønhaug. I kveld, laurdag 15. sept. kl. 20, er det jazzkveld med Torunn Eriksen. Med seg på bass har ho Kjetil Dalland. Tilskipar er Husnes Jazzklubb.

kb
Siste Nyhende
20.09.2018
Tropestormen Helene herja i Uskedalen.

Tropestormen Helene med vindstyrke opp mot 30 meter i sekunden førte til skade fleire plassar i Uskedalen. På fylkesvegen mot Ljosnes låg knekte greiner tidleg torsdag morgon. Vegen vart kjapt rydda. Eit tuntre hos Elin og Geir Enes rotvelta. To postkassehus i Ospelunden var flytta mange meter og kilte seg fast i busskuret. Ein bil på Kråkehaugen fekk bakruta knust, ikkje av flygande gjenstandar, men truleg av sterke vindkast.
20.09.2018
SPAR investerer 3 millionar i nye kjøle- og frysediskar.
SPAR har lagt ned eit stort og omfattande arbeid med oppgradering og fornying av butikken. Den totale kostnaden med å byta ut alt kjøle- og fryseutstyr til CO2 gass vert rekna til heile 3 millionar kroner. Investeringa omfattar alle diskar og skåp på kjøle- og frysevarer. Dei ny diskane er energisparande og investeringa er med og sikrar tilsette ein trygg og sikker arbeidsplass.
19.09.2018
Røysterett for Alle gjer Krakow
Som ein lekk i 30-årsjubileet til Røysterett for Alle sto ein tur til Krakow i Polen på agendaen 13.-16. september. Det vart ei opplevingsrik langhelg i ein region med ei svært så variert og interessant fortid og notid.Turnemnda hadde, saman med reisebyrået, fått snikra eit opplegg som femna det meste, både historie, kultur og det å oppleva byen og interessante stader i området rundt.
19.09.2018
Ønskjer å flytta frå Oslo til Uskedalen.
For få år sidan kom ein flott familie flyttande frå hovudstaden til Uskedalen etter at dei mellom anna hadde brukt uskedalen.no i førebuingsprosessen.  No er det mogeleg at det kan verta ein reprise.  I dag tikka ei ny melding inn til redaksjonen om ein familie som ønskjer å flytta til Uskedalen eller ein annan stad i Kvinnherad.
19.09.2018
Over 30 turglade seniorar på veg til Mannsvatnet.
Klokka ti i dag var over 30 turglade seniorar i Kvinnherad Turlag klar for avgang til Mannsvatnet i Uskedalen. Frammøte og parkering var ved Grano i sentrum. Turen er lagt opp som ein rundtur med start på Haugland og retur over Langhaugane og Storhaug attende til sentrum. Turleiarar er Steinar Kroka og Helen Sandvik Røssland.
18.09.2018
Bøkkerverkstaden - ein læringsarena for kystkultur.
I veka som var, strøymde det 130 elevar frå 7 skular til Rød og Bøkkerverkstaden for å læra meir om fartybygging og kystkultur. Det er Sunnhordland museum som kvart år gjestar alle 6. klassane i Sunnhordland med programmet Eg byggjer meg ein båt. Instruktørane var Bjørn Arve Lunde og Torhild Falk Berger.
18.09.2018
Demensaksjonen gav eit resultat på meir enn kr. 20.000,-

Det vart samla inn i overkant av kr. 20.000,- i går til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid mot demens. Det er om lag på same nivået som åra før, men då må vi ta med at talet på dei, som brukar Vipps, aukar. Nokre støttar aksjonen ved å betala inn på sentral konto. Vippsdelen vert ikkje registrert lokalt. To bøsser i andre bygder vert henta inn i dag.
17.09.2018
Etterspør historiar og bilete av doktor Haugen.
Det vert snart sett strek for innsamling av historiar om den legendariske doktor Haugen. Innsamlinga har vore overveldande med over 80 historiar så langt, frå 50 informantar i det som var Kvinnherad fram til kommunesamanslåinga på 1960 talet. For dei som ikkje har sendt inn sine historiar, er det enno tid, men det bør gjerast innan 1.oktober.  Det same gjeld om nokon sit på gode bilete eller anna arkivmateriale.
16.09.2018
Demensaksjonen - ta vel imot bøsseberarane frå kl. 17.
I dag kl. 17 startar årets demensaksjon i Uskedalen i regi av Helselaget. Nytt i år er at jenter frå fotballen er med som bøsseberarar. Innsamlinga dei siste åra og oppnådd eit resultat rundt kr. 22.000,- I tillegg kjem det som mange sender sentralt eller betaler på Nasjonalforeningen, Hordaland, sitt Vippsnummer 221612.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS