Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Spenstig avslutning på Uskedalen Cheercamp.

27.06.2018
Klikk på bilete for full storleik
Eldste gruppe under avslutningsshowet.
 
Uskedalen Cheercamp som har pågått over fem dagar frå fredag, vart avslutta med eit sprekt show tysdag kveld.  Eit mest fullsett amfi i Aktivitetshuset fekk oppleva årets sprekaste show i Uskedalen.  Det gjekk eit gisp gjennom publikum med jamne mellomrom når deltakarane gjennomførte luftige svev, eller ballanserte på høgt plan!
 
Klikk på bilete for full storleik
Yngste gruppe under showet tysdag.
 
 
Det er andre året dei fire ungdommane Nicole Ims, Christer Haga, Stian Løvik og 
Alexander Soliman brukar litt av sommarferien sin til dette spreke og gode tilbodet til barn og ungdom her i kommunen.  Før det var cheeleading ein del av FestidaGen-programmet i to år.  Det er flott at det utvikla seg til denne campen, for då kan deltakarane få ei breiare innføring i denne spenstige og tøffe sporten.  Gleda er stor over at det er planar om ein ny camp til neste år.  Dette er ein aktivitet som det ikkje er mogeleg å få oppleva til dagleg her i kommunen.
 
Kjempepopulært er det og.  Berre to dagar etter at påmeldinga var opna, var deltakarlista fullteikna.  Einaste som er merkverdig i den samanheng er at det er så få gutar som deltar.  I byane er cheerleading ein svært populær aktivitet for gutar også.  Kanskje kjem fleire spreke kvinnheradsgutar med til neste år??
 
 
Anna Simone i imponerande ballanse før eit luftig svev.
 
 
Helene viste imponerande spenst og kroppsbeherskelse saman med mange andre.
Det var eit imponerande show publikum var vitne til tysdag.  Det var formasjonsturn med imponerande samhandling og presisjon.  Det var høgtflygande kast, ballansering på høgt plan og flikk-flakkar i fleng.  I stort tempo! I flotte t-skjorter med spesiallaga logo og med deltakarnamn på ryggen.  Eit gjennomført og flott show!!  Heile tida utstrålte deltakarane glede.  Sjølv i dei luftigaste sveva og dei mest halsbrekkande ballansekunstene var smilet på plass.  Det fortel noko om tryggheten og meistringa dei opplever!
Eg er så imponert over det desse fire instruktørane gjev til lokale barn og ungdommar.  Som noregsmeistrar er dei fagleg dyktige, men etter å ha fulgt med dei desse to åra er eg blitt imponert over kor gjennomført alt er, - frå planlegging og marknadsføring til gjennomføring.  Det er tydeleg at mange meiner det same.  Stemninga i salen tysdag og det rikhaldige kakebordet som foreldre bidrog til saman med instruktørane, fortel alt om det.
 
Vi seier berre.  Velkommen tilbake neste sommar Nicole, Stian, Alexander og Christer.  De har mange venner i Kvinnherad som ser fram til det!!
 
 
Instruktørane hadde ei imponerande oppvisning.
 
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland.
Foto: Edel Karin Lægland og Thor Inge Døssland.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.07.2018
Tverrelva Kraftverk er stengd ned.
Mange av småkraftverka i Kvinnherad er stengde ned grunna turre elvar og lite magasin. Dette gjeld også for Tverrelva Kraftverk på Haugland. Med stengd produksjon kan ein ikkje dra nytte av dagens høge straumpris.

kb
19.07.2018
Leppefiske er i gang.
Jostein Legland er fiskar på heiltid. Han har starta leppefiske med opning på landsbasis tysdag i denne veka. Legland har teiner ståande i Storsund og på nordsida av Skorpo. Leveringa er til oppdrettsnæringa.

kb
19.07.2018
Marit Sjøvangen på STATSRAAD LEHMKUHL.
Sjukepleiar Marit Sjøvangen frå Uskedalen er mønstra som medisinsk ansvarleg på seglskuta STATSRAAD LEHMKUHL og skal vera med på to etappar i The Tall Ships Race. Fyrste turen går frå Esbjerg til Stavanger. Neste tur går til Healingen i Nerderland. 65 skip er påmeld.

kb
17.07.2018
Rustne Menn til Huglo 28. juli.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn skal ha allsongprogram på Huglo laurdag 28. juli. Framføringa vert på kaien ved Huglabutikken.  Motbakkeløpet Varden Opp vert skipa til same dagen.

kb
15.07.2018
Kristian Øvstebø vann Kvasshovden Opp.
Av 6 deltakarar i sin klasse vann Kristian Øvstebø Kvasshovden Opp i Ulvik, med tida 1.03.34. Nr. 2 fekk tida 1.09.35. Kristian er ein suveren vinnar og tida fortel litt om kor sterk løpar han er for tida.

kb
14.07.2018
Monsen passerte Eldbjørg og Lars langs stien.
kl. 13.30 i dag fekk vi sjå Eldbjørg og Lars Myklebust langs turstien mot Heinsæter i programmet Monsen minutt for minutt. Monsen og TV temaet gjekk forbi og uskedelingane vinka og vart zooma inn. Det var eit gildt møte. Dersom nokon har bilete, send til e-posten vår.

kb
14.07.2018
Bilete frå Uskedalen i BTsommar.
I BT laurdagsavisa finn vi to sommarbilete frå Uskedalen. Fotograf er Harald Sætre. Motiva er frå Beinavikjo i solnedgang og frå skiltet Bortover - Andre vegen ved SPAR. Nokre blinkskudd vert lagt ut i papirutgåva.

kb
13.07.2018
Eldbjørg og Lars er lenger framme på stien enn NRK teamaet og Monsen
I ei melding frå Hardangervidda og programmet Monsen minutt for minutt får vi vita at Eldbjørg og Lars Myklebust nett no er lenger framme på stien enn det som vert synt på NRK. I går såg vi nokre glimt av uskedelingane. Turen i dag går fram til Rauhelleren.

kb
12.07.2018
Hjortejaktvald med meir enn 20 dyr.
Av totalt 86 jaktvald på hjort i Kvinnherad har to vald i Uskedalen løyve til å skyta meir enn 20 dyr. Det er Kjærland/Myklebust/Ytre Rød med 30 dyr og Øvre Feet/Døssland med 20 dyr. Dei andre jaktvalda i Uskedalen har mindre enn 20 dyr i sine løyve.

kb
10.07.2018
Monsen minutt for minutt.
Uskedalen.no er kjend med at to uskedelingar skal vera med på NRK programmet Monsen minutt for minutt, 1. etappe frå Dyranut til Tuva. Start torsdag 12. juli. Fylg med. Meir og utfyllande innlegg kjem torsdag morgon.

kb
Siste Nyhende
21.07.2018
Skøyta NJØTHOLM med oselevarmodell på dekk.
Mange fekk eit vakkert syn i dag på Sandakaien. Motorskøyta NJØTHOLM frå Ålfjorden var inne på sitt faste sommarbesøk i Uskedalen. Ein oselvarmodell i 1/3 storleik stod på dekk i ei vogge. Modellen er bygd av Egil Mæland på Tysnes og er ein nøyaktig kopi av ein original færing av typen Oselvar. Eigar av NJØTHOLM er Aud (f. Hindøy) og Per B. Østensen.
21.07.2018
Ikkje stopp klipparane på Heio, men ta kontakt med dei ansvarlege.
Grasbanen på Heio vert i år klipt av to robotklipparar som vart kjøpt inn etter at Uskedal IL vart tildelt 68.000 kr frå Sparebankstiftinga til føremålet.  Dette har vist seg vellukka, og dei to klipparane samarbeider godt om jobben.  Einaste problemet har vore at klipparane har vorte parkert utan om ordning, og det har ført til at dei har vorte ståande i ro.
19.07.2018
Harald Sætre er ute med si 4. bok om veteranbåtar.
Boka 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET vert lansert på Hamnadagane og Kysten si landsstemne i Haugesund i helga. Boka er Harald Sætre si 4 bok om veteranbåtar og fartyvern. Kapabel forlag med Otto Ertsland er utgjevar. Sætre er frå Uskedalen. Det vert arbeidd med å finna ei høveleg tid der forfattaren kjem til heimbygda for sal og presentasjon.
19.07.2018
Sommmarjobben min - Ida Marie og Christoffer på SPAR.
Innlegget i dag i serien Sommarjobben min handlar om Ida Marie Eidsvik ( 16 ) og Christoffer Støle ( snart 18 ). Begge har sommarjobb på SPAR Uskedalen, ein jobb  dei trivst godt i. Før har det vore meir tilfeldige sommarjobbar som plenklypping og anna form for hjelp. No er det meir alvor i den fyrste regulære sommarjobben der ein kan få tena sine eigne pengar.
18.07.2018
Minnerike dagar med Monsen minutt for minutt.
Eldbjørg og Lars Myklebust er tilbake i Uskedalen etter fem minnerike dagar på Hardangervidda saman med NRK og Lars Monsen. Turen starta på Dyranut og gjekk via Stigstuv, Rauhelleren, Heinsæter og fram til Tuva. DNT saman med NRK var arrangør og så langt vi veit, var det til saman sju kvinnheringar med i turfylgje.
17.07.2018
Knapt 50 % avling på 2. slåtten fører til formangel.
Fyrste slåtten var dårleg. Andre slåtten vert langt verre. Med rundt rekna 50 % avling så langt ser mange av bøndene myrkt på framtida. Det vert formangel og ein må leita etter mat og få kjøpt inn kraftfor med mykje fiber. Det er ikkje betre på beita. Graset visnar og turkar bort. Mange køyrer vatn til dyra på beite. 
16.07.2018
Sommarjobben min - Hanna og Amalie på Campingen.
Uskedalen.no held fram serien Sommarjobben min. Dette innlegget handlar om Amalie Hovden Rød og Hanna Tvilde, begge 16 år og nett ferdige som elevar på Rosendal ungdomsskule. Amalie og Hanna har vore ekstrahjelp på Rabben Feriesenter frå påsketider og framover. Begge vart spurde om å vera sommarhjelp, noko dei er svært glade for.
15.07.2018
Airbnb - internasjonalt bookingsystem for overnatting.

Uskedalen med to destinasjonar så langt er ein del av boookingssystemet Airbnb. Uskedalen.no har møtt nøgde kundar som har funne Uskedalen som eit reisemål på Airbnb. Ekteparet Vestad/Timofejera med dottera Kaja har budd i Beinavijkjo knapt ei veke. Dei kjem frå Stavanger og har berre godt å sei om leilegheten, bygda, naturen og daglege turmål i kommunen. På Airbnb finn vi to utleigeobjekt i Uskedalen, i Beinavikjo og på Skorpo.
15.07.2018
Forsongar i sin eigen 90 års dag.

Mange gjester, slekt og vener,  var samla i Trygve Haugland sin 90 års dag i Helgheim i går. Jubilanten var sjølv forsongar og song solo på Å, Vestland, Vestland. Trygve Haugland har ei djup og markert basstemme. Han vert ofte bedd om å ta tonen og leia allsongen i forsamlingar. Den eldste gjesten i 90 års dagen var Klara Døssland, snart 101 år.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS