Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Gudsteneste med gjester frå India.

12.06.2018
Klikk på bilete for full storleik
Lina Håland gjestar barneheimen i Umbred i India i 2016.
 
Gudstenesta i Uskedal kyrkje på sundag vert litt utanom det vanlege. Ekteparet Effi og Mary frå barneheimen Umred Children Home i India er gjester og vil delta i gudstenesta. Etterpå vert det middag med indisk mat i Helgheim. Det er påmelding for dei som ynskjer å vera med på denne markeringa.
 

I den tida Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet hatt fleire innsamlingar til barneheimen i India, som ein del av det diakonale arbeid kyrkja skal gjera. Lina saman med foreldra har vore ansvarlege for innsamlinga og oppbygginga av barneheimen som opna i 2016. Lina Håland har ved fleire høve vore på plassen og sett framdrifta i arbeidet.

 

Effi og Mary driv barneheimen i dag. Heimen har plass til 50 born og har barnehage for 10 born. Arbeidet vidare er å få på plass arbeidstrening for ungdomar og unge vaksne. På samlinga i Uskedalen vil ekteparet fortelja om arbeidet og kva konkrete tiltak som vert gjort i tida framover.

 

Alle er velkomne til gudsteneste sundag 17, juni kl. 11.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Privat

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
15.01.2019
Årsmøte i Sogelaget er lagt til Uskedalen.
Årsmøte 2019 i Kvinnherad Sogelag er lagt til Uskedalen. Møtedato er laurdag 27. april. I forkant av sjølve årsmøte vert det føredrag, synfaring og gjesting med bakgrunn i eit tema som høver med plassen. Styremedlem Audun Eik er med i førebuingsnemnda.

kb
15.01.2019
Sagbekken - ikkje Saghaugbekken.
Ein lesar har merka seg det Uskedalen.no skreiv om vegutbering på Fylkesvegen ved nedkøyrsla til Beinavikjo. Rett namn på bekken skal vera Sagbekken, ikkje Saghaugbekken. Takk for merknad.

Red.
14.01.2019
Opningstider for Elins Matgleder, Rosendal
Elins Matgleder, Rosendal startar opp etter juleferien torsdag 17. januar kl. 11.
Nye opningstider er:
Torsdag - laurdag: kl. 11 - 17.
Sundag: kl. 14 - 18.

kb
14.01.2019
Skirenn til helga.
Med lovande vermeldingar ser det ut til at det planlagte skirennet i langrennskarusellen søndag kjem til å gå som planlagt.  Rennet går i klassisk stil, og det er UIL som er arrangør. Påmeldinga er opna, og det kan gjerast HER.  Arrangørane oppfordrar alle til å nytta høve til å vera med i trimklassen.

tid.
13.01.2019
Møte om framtidig eldrepolitikk, tysdag 15. jan. kl. 18.
Helselaga Seimsfoss, Rosendal og Løfallstrand inviterer til møte om framtidig eldrepolitikk i kommunen. Uskedal helselag er invitert og vil delta på møte. Møte er ope for alle og vil ha fokus på tiltak for eldre i åra framover. Møte er i Rosendal samfunnshus tysdag 15. januar kl. 18.00.

kb
12.01.2019
Gudsteneste med vikarprest Arne Natås.
Gudstenesta denne helga er ved vikarprest i Sunnhordland Prosti, Arne Natås. Natås har før vore sokneprest i Røldal. Det er nattverd. Gudstenesta i Uskedal kyrkje er kl 11.

kb
12.01.2019
Vasslekkasjen er lokalisert, men ikkje med nøyaktig funnplass.
Vasslekkasjen er lokalisert til Korsneset Byggefelt, men ein veit framleis ikkje nøyaktig plass. Difor bed leiar i Uskedal Vassverk alle om å sjekka vassinntaket til husa sine. Alle med naust og uthus må vera særleg merksame, høyra om det er sus i røyrane eller om det er ein synleg lekkasje i tunet eller i vegen. Det renn ut 3 liter pr. sekund. Ta kontakt med Hans Reidar Kjærland på mobil: 997 01 819

Uskedal Vassverk
11.01.2019
Gundersen sluttar som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag.
Kvinnheringen skriv i dag at Tor Gundersen ikkje held fram som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag. Tor Gundersen har i mange år vore engasjert som trenar for ulike fotballag i Kvinnherad.

kb
11.01.2019
Gunslingers tilbake til Dønhaug i påskeveka.
Dansebandet Gunslingers kjem til Uskedalen i påskeveka, onsdag 17. april. Låvedansen på Dønhaug med Gunslingers samlar alltid mykje folk. Då er det berre å gled seg og få kjøpt billett.

kb
Siste Nyhende
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
13.01.2019
Brille funnen og teken vare på.
Brille er funnen på gangvegen mellom Hagetunet og busslomma. Vi har skrive om dette før, men ingen har henta brilla som vart hengd opp i gjerde på ein godt synleg plass. Brilla med snor ligg i etui. Det kan vera barnebrille.
13.01.2019
Vikarpresten la inn ei læringsøkt for borna om dåpen.
Tidlegare sokneprest i Røldal, Arne Nataas, er prostiprest og vikar i prestetenesta i Uskedalen fram til ny sokneprest er på plass. I dag på 2. sundag i Openberringstida fekk kyrkjelyden eit møte med Nataas gjennom gudsteneste, dåp og nattverd. Dåpsbarnet Ludvig vart døypt på det som vert omtala som Jesus sin dåpsdag. Ikkje nok med det: Borna i kyrkja i dag fekk ei oppleving og eit minikurs om kva som må til for å gjennomføra ein dåp.
12.01.2019
Den store utreisedagen for sydentur til Gran Canaria.
Gran Canaria er eit populært reisemål for mange uskedelingar. Berre i dag har 10 personar frå eller med nær tilknyting til bygda avgang frå Bergen eller Stavanger med fly med Las Palmas som destinasjon. Talet på dei, som store deler av vinteren bur fast på øya, er om lag det same. I vekene framover kan ein såleis rekna at 20 uskedelingar feirerer i dette område.
11.01.2019
Synfaring på Rød og Haugland med ny kulturkonsulent
Ny kulturkonsulent etter Linda Øen er Anita Lykkja. Lykkja kjem frå Valdres, men har i mange år vore kulturkonsulent i ein av dei mange kommunane på Helgelandskysten. Ho tok til i stillinga på nyåret og brukar dei fyrste vekene på å gjera seg kjend i Kvinnherad. Linda Øen, som no er tilsett som direktør på Sunnhordland Museum, var  med på synfaringa i Uskedalen, dette for å letta overgangen og innføringa i mange saker for Anita Lykkja.
10.01.2019
Stian Helland er søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Stian Helland ( f. 1972 ) er søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Helland kjem frå Fitjar og har sidan 2014 vore sokneprest i Ringsaker. Han har utdanninga si frå Det Teologiske Menighetsfaktultet ( MF) 2008 - 2014. Stian Helland kan syna til ei brei erfaring frå yrkeslivet og frå kyrkjeleg og kulturelt arbeid.
10.01.2019
Utbetring av Fylkesvegen ved Sagbekken.
Det har lenge vore ei generande dump i vegen der den gamle Sagbekken går i røyr under Fylkesveg 48. No vert skaden utbetra. Det er Kvinnherad Maskin som gjer jobben på oppdrag for MESTA. Årsaka til skaden er truleg brot på hovudrøyra som igjen har ført til søkk i vegbanen.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS