Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Tredoktorane i arbeid i den freda Eikjo på Bygdetunet Rød.

30.04.2018
Klikk på bilete for full storleik
Ein aborist er det same som ein trepleiar eller tredoktor som nokon kallar dette yrke.
 

Eikjo frå sein mellomalder og bøketrea på Bygdetunet Rød treng skjøtsel og sikring. Dette er eit vanskeleg og krevjande arbeid. Her trengst det fagfolk på plassen  Ein aborist er det same som ein trepleiar, ein fagperson som jobbar med stell, sikring og felling av store tre. I samanheng med arbeid i sjukehusparken på Valen, kom tredoktorane til Rød og gjorde eit stort arbeid for mellom anna å sikra tunet for skade.
 

Med tau, hjelm og sikring er dei som ein Tarzan oppi dei høge trea. Høgt heng dei og lufting er den jobben som vert gjort med¨å fjerna rotne og skadde greiner. Å kutta greiner er naudsynt, men det vert aldri gjort større inngrep enn det som er naudsynt.

 

Etter nokre dagar arbeid var det ikkje lite greiner og ved som ligg att på bakken og i vegen opp til tunet til Anlaug Rød. Eikjo og bøketrea har til tider vore skapt vanskar med trafikken gjennom tunet. Ikkje minst har stormane dei siste åra ført til brotne greiner og dermed skade på husa i bygdetunet. No skal det meste vera på stell og Eikjo frå sein mellomalder vil enno ha ei lang levetid.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

Foto: Siv Framnes

 
Klikk på bilete for full storleik
Ein aborist må ikkje vera plaga med høgdestrekk der han gjer sitt arbeid med felling,greinkutting og skjøtsel av gamle tre.
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.05.2018
Kveldsgudsteneste 1. pinsedag kl. 19.30.
Det er kveldsgudsteneste i Uskedal kyrkje i morgon, 1. pinsedag, kl. 19.30. Gudstenesta er ved sokneprest i Husnes og Holmedal, Reidar Ådnanes. Kantor Eva Megyesi sit ved orgelet.

kb
19.05.2018
Laurdagsope på Elins Matgleder.
Det er laurdagskafe på Elins Matgleder i dag fram til klokka 16. Det vert servert ein lunsjmeny med mellom anna pizza, hamburger, nachos og baguetter. I tillegg er det bollar og kaker. Linnea og Norah sit ute og sel lappar. Ta turen til Elins i dag i det fine veret.

kb
18.05.2018
Vaffelsal til inntekt Norwaycup gjengen
Norwaycuplaga (gutar 04 og jenter04) ynskjer å laga vaffelsal ved butikken i morgon frå klokko 11.30-15.00 Velkommen skal folk vera på kaffi, saft og vafler.

hoø
18.05.2018
Bringeduk etterlyser eigar
Ein flott bringeduk vart sprunge ifrå under 17.mai feiringa på skuleplassen. Den er tatt hand om, og eigaren kan ringje 91592757 for å få den tilbake.

hoø
18.05.2018
Nordsang til Fjelbergstemne.
Kyrkjekoret Nordsang vert med på det tradisjonsrike Fjelbergstemne 2. pinsedag. Det er Fjelberg og Eid Sokn saman med Misjonsalliansen som er tilskipar. Kyrkjekoret med sin musikalske leiar Eva Megyesi skal vera med på gudstenesta og på ettermiddagsmøte. Jan Ove Totland er prest og prosten i Sunnhordland, Theodorsen, medverkar.

kb
17.05.2018
2. klasse - best i Folketoget.
2. klasse vart tildelt ein gåvesjekk på kr. 500,- for det beste innslaget i Folketoget på 17. mai.  Folketoget gjekk frå Grano via Båthamna og Campingen til Stemneplassen med retur same vegen fram til skulen.

kb
16.05.2018
Bjarte Døssland - 17. mai talar i Rosendal.
Bjarte Døssland  held talen for dagen på 17. mai i Rosendal. Døssland har hatt denne oppgåva i Uskedalen minst to gonger før. Talen i Rosendal vert framført på Hestasletto klokka 12.40. Bjarte Døssland er kjend for å vera frisk i tonen, men også morosam.

kb
15.05.2018
Rådyrbukken måtte avlivast.
Rektor Stig Berge-Soldal melder at rådyrbukken måtte avlivast. Han fekk store skade ved å springa inn i gjerde og bygningar. Rådyret sprang over Kunsten mens det var elevar og arbeidsfolk ute på plassen. Avlivinga vart gjort av kyndige personar.

kb
15.05.2018
Rådyrkalv på Neset og på skuleplassen
Brått og uventa stod eit rådyr hagane på Neset i dag. Det for vidare ned på kunstgrasbanen og sprang seg fast i gjerde og vart skada. Det er uvisst om det måtte avliving til.

kb
15.05.2018
Ikkje Aktivitetsdag i år.
Det er no kjend at det ikkje vert Aktivitetsdag i Båthamna i år. Det populære arrangementet i juni månad med mellom anna Andeløp, Kaptein Sabeltann show  og Hopp i havet har i mange år vore eit fast sommarinnslag i Uskedalen. Det er Aktivitetshusets damevener som har vore tilskipar og gjort ein kjempeinnsats for å skaffa inntekter til hallen.

kb
Siste Nyhende
20.05.2018
Klar for Leirveggen i Eikedalen.
Visste du at Bergen Fjellklatrarklubb har merka klatreruter i Eikedalen. I dag møtte Uskedalen.no  to aktive friluftsmenneske ved Uskedal vassverk sitt anlegg på Sørestølen, klar for dagstur i Eikedalen med klatring i det som i Klatreføraren er kalla Leirveggen. Rune Hammersland og Hilde Nicolaisen kjem frå Sandnes og vil finna meir ut om toppturar og klatreruter i Uskedalen.
19.05.2018
30 bubilar og gjester i alle hyttene.
Det er stor pinseutfart og for mange går reisa til Uskedalen og Rabben Feriesenter. Magne Heggøy er kjempe nøgd med pinsehelga så langt. I natt var det 28 bubilar på plass. Nokre valde å ta turen til Hardanger og fruktbløminga i dag. Andre har kome til.  Alle hyttene er i bruk, noko som vil sei at 50 sengeplassar er bortleigd.
18.05.2018
Folketoget - leikane - russen sine helsingar.
Uskedalen.no var med på det meste. Vi maktar likevel ikkje å skriva om alt i det rikhaldige programmet. Styringsgruppa og komiteane skal ha skryt for god regi og flott gjennomført 17. mai. Det er god tid mellom øktene og det er høve til å helsa på og drøsa. I fint ver kan de gjerne vera avsett noko meir tid på Stemneplassen, men det er ikkje så enkelt å planleggja. Kva om det vert dårleg ver ?
17.05.2018
Ikkje 17. mai utan korsong og korpsmusikk.
Ikkje alle bygder har fleire kor og to musikkorps. Uskedalen har det meste og i dag fekk vi høyra 30 åringen Røysterett for Alle, Uskedal skulemusikklag og Uskedal musikklag. Røysterett for Alle opna gudstenesta med svensk Sommarsalm, omsett til nynorsk av Svein Rimestad. I andre avdeling fekk vi framført Erik Bye sin tekst Blå salme, som eigentleg ikkje var ein salme før Bye skreiv den 3. strofen med eit religiøst innhald. 
17.05.2018
17. mai i Uskedalen - dagen for dei gode talane.
Mykje folk, fint ver, innhaldsrikt program, glade born, god regi og gjennomføring - kva meir kan vi ynskja oss. Nasjonaldagen måtte bli vellukka. Den raude tråden i talane og helsingane er takksemd og at vi kan feira grunnlova og fridomen i eit raust samfunn med vilje til integrering og inkludering.
16.05.2018
Skjortefodno er svanger i år.
Skjortefodno i Eikedalen er fyldigare enn ho har vore før om åra på denne tid. Vi kan sei ho er svanger. Skjortefodno er forma som eit skjortebryst, men lanskapsformer og namn er ofte noko som vert skapt som ein del av fantasien og folketradisjonen. Difor er det også andre namn på fonna. Det lokale namnet er Skjortefodno.
15.05.2018
Alt er i rute til den store nasjonaldagen på torsdag.
Det lovar godt med veret. Barnehagen og skulen jobbar 17. mai og øver på song og gode innslag i Folketoget. Skulemusikken og muskklaget ligg i hardtrening med innøving av marsjar og nasjonalsongane. Med andre ord: Alt er i rute og det er berre å venta på salutten presis klokka 07.00. Men: Hugs flaggheising klokka 08.00
15.05.2018
Dei gamle morelltrea på Rød.
Eit sikkert vårteikn er det når morelltrea på Rød blømer. Olaf Agnar Gausvik skreiv ein gong eit dikt om dei gamle morelltrea som står i vegkanten. I dag susar bilane forbi i høg fart. Gausvik skriv i føreordet til diktsamlinga Det droplar og dryp at nokre gonger i livet må vi bremsa ned for å gjera oss kjende med stader, menneske, hendingar, tankar, kjensler og stemningar.
14.05.2018
Flott fotballkveld på Heio, tross tap for Rosendal/Uskedal 02/03
Kveldens heimekamp var mot Halsnøy, truleg det beste laget i j17 serien i år. Med over 20 grader og flott vær, vart det ein flott fotballkveld på Heio. Dessverre enda det med tap 1-7 til Halsnøy.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS