Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Jubilanten Røysterett for Alle på sitt beste.

16.04.2018
Klikk på bilete for full storleik
Røysterett for Alle med sin musikalske leiar, Maria Malmsten, var på sitt beste på jubileumskonserten på laurdag.
 
Eit variert konsertprogram, ei strålande musikalsk framføring, nøgde koristar og god publikumstilstrøyming er stikkorda for jubileumskonserten til Røysterett for Alle. Den to timar lange konserten hadde eit lett og ledig program med stor spennvidde. Pianisten Geir Botnen var eit god val med si framføring med musikk av Grieg, Sinding, Sæverud og Geirr Tveit.
 

Svein Rimestad frå jubileumsnemnda er svært positiv i sine kommentarar. Koret er nøgd med frammøte på ein laurdag ettermiddag i strålande ver og på ei tid då det er mange arrangement dag på dag. Konserten er eit stort løft for koret med lang og intens førebuing og øving. Dei ulike stemmene har hatt mange ekstraøvingar og i forkant har det vore tre samlingar saman med Rosendal Songlag.

 

Leiar i Røystett for Alle, Lars Henrik Skogtun, fortel til Uskedalen.no at det ligg ein kjempejobb bak ei slik framføring. Han vil særleg gje ros til Maria Malmsten som har ansvaret for all regi og musikalsk framføring. Konserten er ikkje eit tapsprosjekt økonomisk, men det er heller ikkje noko særleg overskot. Det går truleg i balanse. Skogtun rosar jubileumsnemnda for godt arbeid, frå oppstarten med repetoarvalet til alt det praktiske som føl med og for sjølve gjennomføringa.

 

Konferansier Toralv Lura var god i si leiing. Med sin kunnskap om musikk og kjennskap til koret kom han godt frå oppgåva. Her går koret nye vegar og tenkjer nytt i høve til slik det ofte har vore før. Det kan vera ein stor fordel å bruka ein festleiar som ikkje er korist. Andre Eide på piano var også ny for mange med tonefylgje.

 

Etter dette løftet treng koret roa ned litt. Det neste er 17. mai. Til hausten vert det planlagd tur til Krakow og jubileumsfest. Prikken over i`en hadde vore konsert i katedralen i Saltgruvene, men det er ikkje klargjort om det let seg gjera.

 

Røysterett for Alle legg opp til eigen julekonsert i kyrkja i slutten av november.

 
 

Tekst/nett: Kristian Bringedal

Foto: Tor Edvard Taranger

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.04.2018
MATHILDE sine leirskuletokter er i gang.
I denne veka la hardangerjakta MATHILDE turen til Uskedalen med den fyrste leirskuleklassen i vår. Etter dusjing og proviantering i Uskedalen la skuta til kai på Skorpevågen i går kveld. Det var avgang midt på dagen i dag, torsdag. Kvar onsdag/torsdag i veka fram til skuleferien kan vi rekna med skute- og klassebesøk i Uskedalen.

kb
19.04.2018
Rektor for tre skular.
Bjørn Olav Tveit vert rektor for tre skular,- Malmanger, Mauranger og ungdomsskulen i Rosendal. Det er eit prøveprosjekt over fire år. På kvar skule vert det avdelingsleiarar. Tveit vil ha det overordna ansvaret.

kb
19.04.2018
Bøkkeren på Facebook og ny kontaktperson.
Bøkkerverkstaden på Rød er komen på Facebook, Her finn du vakre bilete og informasjon om bruken. Ny kontaktperson for utlån/leige er Siv Framnes, mobil 995 24 607. 

kb
19.04.2018
Nærmar seg fullt på Uskedalen Cheercamp!
Det er tydeleg at interessa for Uskedalen Cheercamp 2018 er stor.  Campen føregår 22.-26.juni, og allereie i går ettermiddag kunne arrangøren melda at det var fullt på yngste gruppe, peewee.  Derfor hadde dei utvida aldersgrensa i juniorklassen til 10-17 år, men det var berre 6 plasser att i denne klassen også. Påmeldinga vart opna i starten av denne veka.  De han lesa meir om Uskedalen Cheercamp 2018 HER.  Der finn de også påmeldingsskjema.

tid
17.04.2018
Frivilligmøte på Rosendalstunet torsdag 19. april.
Uskedalen høyrer til Rosendalstunet og Heimetenester Nord. Det vert invitert til informasjonsmøte torsdag 19. april kl. 14. Sona treng fleire frivillige frå Uskedalen som kan yta ei sosial/kulturell teneste for dei som bur på Rosendalstunet, men også for dei mange heimebuande.

kb
16.04.2018
Sykkelquiz rundt dalen 1. mai.
I forkant av opninga av Gull av grus vert det sykkelquiz rundt dalen 1. mai  mellom kl. 11 og 12. Det er innlagd postar og drikkestasjon. Ved innkomsten på skuleplassen vert det sal av kaker, kaffi og saft. All inntekt går til Gutar 13 år som skal på Bø Cup i sommar.

kb
16.04.2018
Gull av grus - opningshøgtid tysdag 1. mai.
Det vert offisiell opning av Gull av grus tysdag 1. mai frå kl. 12. Prosjektet er stort og omfattar mellom anna kunstgrasbane, klatrepark, trimapparat og turvegar. Meir om programmet kjem seinare.

kb
15.04.2018
Mange på skitur i Ulvanåso.
Også i dag vert det meldt om at mange er på tur i Ulvanåso.  På plassen ved kalkestajonen og i vegkanten er det kjåka fullt med parkerte bilar.

tid
12.04.2018
Nye sponsorar/annonsørar på årsbasis.
Redaksjonen har før lagt ut at det er ledig annonseplass på nettsida. Dei to siste, som har komne til, er Tysnes Sparebank og Rødsten Bilforretning. Det er enno plass til nokre til før vi set strek. Årsprisen er pr. dato: kr. 3.300,-

Red.
12.04.2018
Kommunale tilskot til to tiltak i Uskedalen.
På møte i Levekårskomiteen i denne veka vart det løyvd tilskot til to tiltak i Uskedalen. Festidalen vart løyvd kr. 100.000,- til årets festival. Uskedal utvikling har søkt om Investeringstilskot til oppussing av kjellaren i Gamleskulen. Løyving: kr. 230.000,-. Frå før er det løyvd kr. 70.000,-. Med dette er prosjektet løyvd maks tilskot av det ein kan få av kommunalt byggetilskot.

kb 
Siste Nyhende
20.04.2018
Oppgradering av høg- og lågspentline på Skorpo.

Det pågår eit større arbeid med oppgradering av straumforsyninga på Skorpo. Onsdag var det stor helikoptertrafikk frå Børneset industriområde til Skorpo. Stolpar og materiell kom kjapt på plass. Tilsaman vert det bygd 450 meter med ny høgspentline, 800 meter med ny lågspentline. Det vert samanhengande arbeid fram til sein sommar/tidleg haust.
19.04.2018
Kjellaren er rydda - kom og hent før det vert dumpa.

I dag er kjellaren i Gamleskulen rydda for bord, benker og anna overskotsmateriell. Mykje vert køyrt på SIM. Noko kan med enkle tiltak brukast. Difor: Ta kontakt med Egil Myhre på mobil: 926 65 535 og gjer ein avtale for henting. Når kjellaren no vert synt fram, er det viktig at den ikkje er ein stort overfylt  lagerrom. Les meir kva gjenstandar dette er:
18.04.2018
Jubileumstildeling med over kr.700.000,- til Uskedalen.

Sju av tilsaman 71 tildelingar frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad gjekk til Uskedalen. Totalt utgjer det ei løyving på kr. 703.000,-. Kommunane Stord og Odda var også med på jubileumsmarkeringa i Kulturhuset Husnes i kveld. Frå utdelinga tok til i 2011 og fram til i dag er det løyvd over 52 mill kr.
18.04.2018
Ny festeanordning sponsa av Lio Sag.

Det er montert ny festeanordning for gangbru til flytebrygge i Båthamna. Fundament, treverk og arbeidet er sponsa av Lio Sag ved Rune Myklebust. Egil Myhre har laga alle beslag. Plattforma vil vera feste for gangbru ut til flytebrygge. Installasjonen vil vera til stor hjelp ved slipping og når ein skal ta båtar på land.
16.04.2018
Rosendal/Trio tapte 2-1 mot Os/Nore Neset
Søndag spelte Rosendal/Trio årets første kamp borte mot Os/Nore Neset. Damene leverte ein god kamp, men dessverre var ikkje marginane på Rosendal/Trio si sida i denne kampen. Laget var og noko redusert, grunna forfall i spelarstallen.
16.04.2018
Rask og effektiv båtberging i Uskedal Båthamn
Onsdag i veka oppdaga to menn som arbeidde i båthamna at ein båt tok inn vatn og var i fare for å søkka. Det vart meldt frå og Jostein Hauso frå Uskedal Båtlag  Han vurderte det slik at det enno var tid til å varsla eigar. Tidleg torsdag morgon ba ein om assitanse via 110 sentralen og Branntropp Uskedal kom på plassen og starta lensing.
16.04.2018
Jubilanten Røysterett for Alle på sitt beste.
Eit variert konsertprogram, ei strålande musikalsk framføring, nøgde koristar og god publikumstilstrøyming er stikkorda for jubileumskonserten til Røysterett for Alle. Den to timar lange konserten hadde eit lett og ledig program med stor spennvidde. Pianisten Geir Botnen var eit god val med si framføring med musikk av Grieg, Sinding, Sæverud og Geirr Tveit.
15.04.2018
God framføring gav 7.plass i Hordablæsten
(OPPDATERT): Samarbeidet mellom skulekorpsa i Rosendal og Uskedalen har vore ein suksess.  Dei fleste av musikarane deltok i sin aller første konkurranse då dei deltok i Hordablæsten i Grieghallen i dag.  I konkurranse med meir garva konkurransekorps spela dei opp mot sitt beste, og dommarane belønna dei med 89 poeng og ein fin 7.plass.
14.04.2018
Cheercamp i Uskedalen denne sommaren også
I fjor var det eit nytt, godt og spennande ferietilbod i Uskedalen.  Uskedalen Cheercamp 2017 samla barn og ungdom frå heile Kvinnherad i tillegg til tilreisande til særdeles vellukka treningsdagar.  22.-26.juni er Stian Løvik og den dyktige instruktørgjengen tilbake, og mange gleder seg heilt sikkert til fem kjekke dagar.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS