Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Rekordoppmøte på internasjonal kafèsuksess.

10.02.2018
Klikk på bilete for full storleik
Tett mellom kafègjestene i Rosendal i dag.
 
Den internasjonale kafèen som har vorte arrangert i storsalen på Rosendal Motell med jamne mellomrom dei siste åra, er blitt ein gedigen suksess.  Det er utvilsomt det meste vellukka integreringstiltaket som har vore i kommunen, og i dag var det truleg rekord både i antall frammøtte, antall nasjonalitetar og kor mange land det var matrettar frå.
 
Klikk på bilete for full storleik
Her er noko av alt det gode vi kunne forsyne oss av, men det måtte fleire bord til for å få plassert all den gode maten. Brasilianske rettar var blant godsakene, og trioen Adriana, Claudia og Sonia var blant dei som sytte for det.
 
Det er eigarane av motellet, Maren Guddal og Arne Martin Guddal Husby, som står bak dette fantastiske gratistilbodet saman med Anita og Atle Falk og andre gode hjelparar.  Mange bidrar til det fantastiske matbordet då dei bringar med seg mat i tillegg til at nokre stiller og lagar mat på plassen.  Dermed er det utruleg variert med rettar og kaker frå mange ulike land.  Dette sikrar dei frammøtte smaksopplevingar som dei elles berre kunne drøymt om.
 
Denne dagen var det kafègjester frå så mange land at det var umogeleg å få oversikten, men eg registrerte i alle fall Mexico, Colombia, Brasil, Egypt, Ukraina, Polen, Filippinene, Litauen, Afghanistan, Syria, Italia, Thailand, Tsjekkia, Spania og Eritrea i tillegg til oss som er oppvaksne her i landet. Sikkert frå fleire land òg.  Kjekt var det og at det også denne gongen var ein god del uskedelingar å sjå.  Blant dei frammøtte var alle aldersgrupper representert; - frå born og ungdom til dei svært godt vaksne.  Alle kosa seg og fekk gode opplevingar å ta med seg inn i helga.  Eg er sikker på at ingen angrar på at dei tok turen sjølv om dei gjekk glipp av at ei flott jente frå Froland tok sølv i skiskyting i OL.
 
Det brasilianske ekteparet Kelly Garbini og Mauricio Weimar sette ein ekstra spiss på den flotte feststunda.  Saman framførte dei flotte musikkperler med Kelly på elpiano og Mauricio på trommesettet.  Dei vil vi høyra meir av!
 
Eg har vore på dei fleste internasjonale kafèsamlingane som Arne Martin, Maren, Anita og Atle har stått for.  Eg er imponert!!  Det verkar det også som resten av gjestene er!  Dei er glade for å kunna bidra!  Dette tiltaket bør alle i kommunen vår vera stolte av.  Flottare integreringsarbeid skal ein leita langt og lenge etter!
 
Klikk på bilete for full storleik
Musikarparet Kelly Garbini og Mauricio Weimar sette ein ekstra spiss på stunda med flott musikk.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.10.2018
Hugs informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen.
Det er informasjonsmøte om kreft i Gamleskulen i kveld, onsdag 17. okt. kl. 18. Noko av innhaldet i møte vert informasjon om bryst- og prostatakreft. Kreftkoordinatorane vil også informera om aktivitetsmeistring for å få ein meiingsfull kvardag. Møte er ope for alle.

kb
15.10.2018
Nokre ledige billettar til haustfesten, 20. oktober
Det er god påmelding til ungdomslaget sin haustfest fyrstkomande laurdag, 20. oktober i Helgheim. Det er nokre ledige plassar. Kontakt: Rigmor Rasmussen( 470 23 450 ) eller Kristian Bringedal ( 915 31 487 ).

kb
15.10.2018
Senterpartiet med Skråblikk på Kvinnherad.
SP startar arbeidet med nytt valprogram i Uskedalen tysdag 16. oktober kl. 18 på Elins Matgleder. Bjørn Olav Tveit skal ha innleiing som skal vera eit skråblikk på Kvinnherad. Samlinga i Uskedalen i morgon er den fyrste i ein serie på tre. Tema er: Kommunal forvaltning, næringsliv/arbeidsplassar, frivillighet. Møte er ope for alle.

kb
14.10.2018
Rekordvarme og håslått i oktober.
På nokre fine dagar med vind og turke vart den siste håslåtten teken tidlegare i veka. Det er truleg varmerekord i oktober når vi tek med temperaturen på desse dagane: Torsdag: 22,9. Fredag: 20,3. Laurdag: 21,1 og Sundag: 20,7 varmegarder.

kb
14.10.2018
Kreftkafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. kl. 18.
Det vert kafe i Gamleskulen onsdag 17. okt. frå kl. 18 til kl. 20.30. På samlinga vert det fleire innlegg om det å leva med kreft. Kreftsjukepleiarane og brukarorganisasjonane vert med. Det same vert ergoterapitenesta. Det er sett av tid til servering og sosialt samvære. Uskedal Heselag er tilskipar.

kb
14.10.2018
kr. 34.700,- kom inn på Bedehusbasaren.
Det kom inn kr. 34.700,- på Bedehusbasaren i går. Det er eit svært godt resultat. Indremisjonen takkar alle for gåver, gevinstar. god støtte og godt frammøte. Pengane går til kostnader med drift og investering.

kb
13.10.2018
Branntroppen var med på båtberging på Sunde.
Branntropp Uskedal var med på båtberging på Sunde i går. Det var MS NYSAND som tok i vatn og som gjekk til kai for å letta skuta så mykje at den akutte faren var over.

kb
12.10.2018
To nye firma i september.
Det er registrert to nye firma i Uskedalen i september. Det er Steinsvåg Legeverksemd v/ Magnus Kr. B Steinsvåg ( enkeltmannsføretak ) og AJ Utleige og Eigedom v/ Arvid Hjelmeland - utleige av eigen eller leigd fast eigdedom.

kb
11.10.2018
23 varmegrader 11. oktober - er det rekord ?
Det er målt 23 varmegrader i dag i Uskedalen. Det er uvisst, men det kan vera rekord for oktober månad. Uskedalen.no vil gjerne vita det om nokon har målt høgare temperatur slik det vert gjort på vervarslinga.

kb
09.10.2018
Vil de vera bøsseberarar under TV-aksjonen?
TV-aksjonen går av stabelen 21.oktober, og innsamlinga går i år til Kirkens Bymisjon. Helene Huse Bjørnebøle har også i år teke på seg jobben som rodeleiar i Uskedalen. Ho håpar at mange vil vera med og gå rundt med bøsser.  Alle som kan tenkja seg å vera bøsseberar, må melda seg til Helene, mobil 971 56 309. Innsamlinga føregår mellom kl. 16 og 18 sondag 21.10.   Bli med!

tid
Siste Nyhende
15.10.2018
Leileghetsbygg i Uskedalen utleigd til Concolvo as.
Valo Eigedom as ved Elin Stene og Geir Rusten har inngått leigekontrakt med entreprenørfirma Concolvo as. Bakgrunnen er ein større kontrakt firma har fått i samband med utbygginga på Hydro Husnes. Det er langtidsleige, i fyrste omgang for eit år. Leigetida kan bli forlenga. Det seksjonerte leileghetsbygget har gateadresse Uskedalsvegen 510 - 512 og 5 av totalt 6 seksjonar er med i leigeavtalen. 
15.10.2018
Ein ny generasjon fruktbønder på Steinsletto.

Karoline og Bjørnar Gjerde Eik ( begge 30 år ) er dei nye fruktbøndene på Steinsletto. Oppstarten med ein rekordsesong lovar godt. Fyrste året reknar dei med å hausta 6 tonn eple for sal. Det meste går til faste kundar frå den tida Gunnbjørg og Magne Eik dreiv garden. I tillegg kjem torghandel og levering til alle som tingar frukt. Eit skilt ved Fylkesvegen syner vegen fram til plassen. Eit lite parti eple går til pressing, men det er til eige bruk.
14.10.2018
Ny rullestolinngang på Bedehuset.
Alle offentlege bygg og forsamlingshus skal ha universell utforming, noko som vil sei at huset skal vera tilpassa funksjonshemma og brukarar i rullestol. Eldre lagshus og kyrkjer er lite tilpassa for slik utforming. No har styret i Uskedal Indremisjon gjort eit stort arbeid med å gjera inngangen på Bedehuset funksjonell for alle uansett funksjonsevne. Alle kostnader er dekka av eigne midlar og arbeidet er gjort på dugnad.
13.10.2018
Basar med lange tradisjonar og alltid like populært.
Bedehusbasaren samla mykje folk i det dårlege veret. Det var vanskar med parkering og nokre måtte finna plass for bilen i sentrum og gå fram til lokale. Uskedalen har lange tradisjonar med basarar av ulike slag. Bedehusbasaren har truleg vore årleg sidan huset vart bygd på 1930 talet. Inntekta går til drift og investeringar på Bedehuset. Indremisjonsstyret reknar med ei inntekt rundt kr. 30.000,-
12.10.2018
Topp musikal og møte med Statsministeren.
Onsdag 10 oktober var det premiere på Flashdance musikal på Chareau Neuf i Oslo. Tore Sergei Myklebust er direktør i Starworks AS som er produsent og arrangør. Musikalen fekk svært god kritikk i Oslopressa, faktisk berre 5 og 6 på terningen. Mange har særleg merka seg dette at det er mange unge og dyktige artistar med i framsyninga. Statsminister Erna Solberg var på premieren og fekk helsa på direktøren Tore Sergei Myklebust.
12.10.2018
800 sekker ved gjev pengar i lagskassen.

Å vera medlem i jubileumskoret Røysterett for Alle er meir enn song og konsertar. I over 15 år har koret vore i Hauglandslia på veding. Arbeidet er sosialt. Dessutan gjev det pengar i lagskassen. I 2018 reknar styret med at ein vil pakka og selja 800 sekker  ved som igjen fører til ei inntekt kring kr. 50.000,-.
11.10.2018
Ny løe på gamal tuft i Gardsbarnehagen.
Ein gardsbarnehage må ha ei løe og slik vert det i Dønhaug Gardsbarnehage. Arbeidet starta med riving av den gamle løa, utreisking og murarbeid før nytt reisverk i stål kom på plass for kort tid sidan. No er det tid for plating av vegger og tak. Løa skal vera klar til bruk tidleg i det nye året, 2019. Kostnaden er rekna til kr. 500.000,-. I tillegg kjem stor eigeninnsats.
10.10.2018
Bibelkurset held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober.

Kurset Bibelreisen med soknepresten Per Hjemdal som kursleiar held fram i kyrkja i kveld, torsdag 11. oktober kl. 19. Del to av kurset handlar om Det nye Testamentet og det ope for alle der dei mest kjende bibelhistoriane vert formidla på ein ny og interessann måte. Kurset er utarbeidd av Bibelselskapet og er gratis for kyrkjelydane i Den norske kyrkja.
10.10.2018
Gule lappar på nokre SIM dunkar.
Dersom du har fått gul lapp på bosdunken din, tyder det at du sorterer feil og at det er komen gjenstandar i dunken som ikkje skal vera der. SIM har eit godt innarbeiddd hentesystem. Avfallet skal vera kjeldesortert med matavfall/bio, papir, plast og restavfall i kvar sine dunkar. Gul lapp på dunken fortel kva du gjer feil og at du har høve til å retta opp feilen. I verste fall vert det raud lapp og då vert ikkje dunken tømd.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS