Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Spela for klassekamerat og 85 årsjubilant i sin 70. sesong.

03.02.2018
Klikk på bilete for full storleik
Starta i musikklaget saman. I dag var Bjørgulv med og spela for 85 års-jubilanten Alfred Eik.
 
Dei har mykje til felles Bjørgulv og Alfred Eik.  Dei var bestekompisar i oppveksten på Eik, og då dei byrja på skulen vart dei klassekameratar.  Dei byrja i Uskedal musikklag same året, i 1948, og då Alfred i dag feira 85 årsdagen sin hos Elins Matgleder var Bjørgulv Eik blant musikklagsmedlemene som heidra den tidlegare ess-kornettisten med musikk.
 
Klikk på bilete for full storleik
Jubilanten Alfred Eik saman med musikklagsmedlemmer han har spela saman med eller dirigert.
Både Bjørgulv og Alfred Eik kom tidleg med i musikklaget.  Begge fekk utdelt sitt første instrument i 1948, men Bjørgulv meiner Alfred fekk instrumentet eit par månader før han.  Dette fortalde Bjørgulv då han helsa barndomsvennen frå musikklaget under feiringa hos Elins Matgleder i dag.  Alfred sykla til Haugland der han fekk utlevert ess-kornett av Sigurd Wang.  Bjørgulv fekk ein tenor overlevert i bedehuset.  Han gjekk nemleg på framhaldskule der, og Sigurd Wang kom innom med den.  Etter det sykla begge til Teigen på Haugland og fekk opplæring.  Etter ganske kort tid skifta Bjørgulv over til kornett.  Han fekk nemleg eit instrument som Olav Guddal kjøpte i Tyskland då han var i Tysklandsbrigaden.  Denne mangla hetta på 3. ventilen, men var godt brukbar, og Bjørgulv tok den med til Tema i Bergen og fekk sett ny hette på den.  
Alfred Eik vart sentral i korpslivet i Uskedalen i om lag 20 år.  I tillegg til å vera ein dyktig musikar sette han også spor etter seg når det galt instruksjon.  Han vart på mange måtar Sigurd Wang si 'musikalske høgrehand' i denne perioden.  Han vart omtala som hjelpedirigent i Guttemusikken i si tid, og det innebar at han dirigerte annakvar øving.  Etter åra i Uskedalen var Alfred Eik ein av dei som drog i gang Herøysund Musikklag og dirigerte dette korpset.
 
Helsinga frå musikklaget som Bjørgulv Eik bar fram til jubilanten, var ramma inn av musikk av musikklaget.  Det starta med 'Hurra for deg som fyller ditt år' før det fortsette med vals og marsj.  Etter helsingsorda og blomsteroverrekking avslutta musikklaget med 'Jubilant-marsj' av Per Olav Paulsen.  Fire av musikantane som var med, hadde hatt Alfred som dirigent i Guttemusikken.  Både Per Myklebust, Ståle Eik, Knut Steinsletten og Lars Myklebust har vorte dirigert av han.  Dessutan har Leif Matre spela saman med han i tillegg til nemnde Bjørgulv.
 
Etter speling og helsing vart musikklaget bydd på gode smørbrød, kaker og kaffi.  Under denne økta hadde også Bjørgulv Eik ordet.  Denne gongen meir 'på privaten', som han sa det.  På glitrande vis som berre Bjørgulv kan, fekk vi smakebitar frå barndommen til dei to kompisane.  Vi fekk høyra om då dei gjekk i same klasse og sat på same dobbelpult på skulen.  Vi fekk vita at dei laga eigen løypestreng og hadde eigen song då dei var på skogen og veda i 10-11 årsalderen.  Bjørgulv meinte det måtte vera Alfreden som hadde laga melodien sidan han spelte ess-kornett, men då Bjørgulv song den, var det nok mange som kjende att tonen til 'Å, vesle lerka'.  I tillegg til vedinga fortalde han om hyttebygging og Gutteklubben som hadde lokale i ein nedlagd revagard på Neset under krigen.  Der var begge medlemmer saman med ein gjeng jamaldringar, og det vart sagt at Birger Myklebust var headbas.  Denne klubben hadde nok imponert skulestyrar Omvik for dei fekk gå først i 17.mai-toget.  Mødrene hadde laga flotte uniformshuer, og Bjørgulv hadde med si, og 85-års jubilanten var blant dei som fekk prøva den.  Imponerande flotte huer!!  Litt musikk kom han også innpå 'på privaten'.  Han røpa at dei av og til øvde saman.  Då sat dei ute oppe på Padlane og spelte utover bygda.  Dei hadde til og med sin eigen kjenningsmelodi: 'Si du er min i denne avskjedstime'.
 
Ei flott feiring av den 85 år gamle musikkmannen.  Musikklaget sette pris på å delta, og gjestene, og særleg jubilanten, sette pris på musikken!
 
Klikk på bilete for full storleik
Her får Alfred prøvd uniformshua til Bjørgulv frå Gutteklubben som var i aktivitet under krigen.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.01.2019
Berre ein uskedeling på Krf-lista.
Krf har no klar listeframlegget til kommunevalget til hausten. På lista finn vi berre ein uskedeling. Det er Knut Olav Myklebust(42) som er plassert som nr. 19 av dei 21 kandidatane. På topp er som venta Marit Årthun frå Åkra. Ho er også den einaste kumulerte. Lista vert endeleg vedteken under nominasjons- og årsmøtet i Rosendal 4.februar.

tid
15.01.2019
Årsmøte i Sogelaget er lagt til Uskedalen.
Årsmøte 2019 i Kvinnherad Sogelag er lagt til Uskedalen. Møtedato er laurdag 27. april. I forkant av sjølve årsmøte vert det føredrag, synfaring og gjesting med bakgrunn i eit tema som høver med plassen. Styremedlem Audun Eik er med i førebuingsnemnda.

kb
15.01.2019
Sagbekken - ikkje Saghaugbekken.
Ein lesar har merka seg det Uskedalen.no skreiv om vegutbering på Fylkesvegen ved nedkøyrsla til Beinavikjo. Rett namn på bekken skal vera Sagbekken, ikkje Saghaugbekken. Takk for merknad.

Red.
14.01.2019
Opningstider for Elins Matgleder, Rosendal
Elins Matgleder, Rosendal startar opp etter juleferien torsdag 17. januar kl. 11.
Nye opningstider er:
Torsdag - laurdag: kl. 11 - 17.
Sundag: kl. 14 - 18.

kb
14.01.2019
Skirenn til helga.
Med lovande vermeldingar ser det ut til at det planlagte skirennet i langrennskarusellen søndag kjem til å gå som planlagt.  Rennet går i klassisk stil, og det er UIL som er arrangør. Påmeldinga er opna, og det kan gjerast HER.  Arrangørane oppfordrar alle til å nytta høve til å vera med i trimklassen.

tid.
13.01.2019
Møte om framtidig eldrepolitikk, tysdag 15. jan. kl. 18.
Helselaga Seimsfoss, Rosendal og Løfallstrand inviterer til møte om framtidig eldrepolitikk i kommunen. Uskedal helselag er invitert og vil delta på møte. Møte er ope for alle og vil ha fokus på tiltak for eldre i åra framover. Møte er i Rosendal samfunnshus tysdag 15. januar kl. 18.00.

kb
12.01.2019
Gudsteneste med vikarprest Arne Natås.
Gudstenesta denne helga er ved vikarprest i Sunnhordland Prosti, Arne Natås. Natås har før vore sokneprest i Røldal. Det er nattverd. Gudstenesta i Uskedal kyrkje er kl 11.

kb
12.01.2019
Vasslekkasjen er lokalisert, men ikkje med nøyaktig funnplass.
Vasslekkasjen er lokalisert til Korsneset Byggefelt, men ein veit framleis ikkje nøyaktig plass. Difor bed leiar i Uskedal Vassverk alle om å sjekka vassinntaket til husa sine. Alle med naust og uthus må vera særleg merksame, høyra om det er sus i røyrane eller om det er ein synleg lekkasje i tunet eller i vegen. Det renn ut 3 liter pr. sekund. Ta kontakt med Hans Reidar Kjærland på mobil: 997 01 819

Uskedal Vassverk
11.01.2019
Gundersen sluttar som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag.
Kvinnheringen skriv i dag at Tor Gundersen ikkje held fram som trenar for Rosendal/Trio sitt damelag. Tor Gundersen har i mange år vore engasjert som trenar for ulike fotballag i Kvinnherad.

kb
11.01.2019
Gunslingers tilbake til Dønhaug i påskeveka.
Dansebandet Gunslingers kjem til Uskedalen i påskeveka, onsdag 17. april. Låvedansen på Dønhaug med Gunslingers samlar alltid mykje folk. Då er det berre å gled seg og få kjøpt billett.

kb
Siste Nyhende
17.01.2019
Hus og bustader som vert selde i Uskedalen.
I ein oversikt i Kvinnheringen nyleg kom det fram at 6 hus/bustader ligg ute for sal i Uskedalen. Tre av desse ligg på Tveitane langs Uskedalsvegen, del av tremannsbustad ligg i Halsabrotet 7B og del av tomannsbustad ligg i Ospelunden 9A. Det har til tider vore god omsetnad på husvære i Uskedalen. Det som er av leilegheter er delvis utleigd i samband med Hydroutbygginga på Husnes.
15.01.2019
kr. 180.000,- av grasrotmidlane til Uskedalen.
Knappe kr. 180.000,- av Grasrotmidlane går til 8 ulike laga og organisasjonar i Uskedalen. Midlane kjem frå Norsk Tipping. Dersom laget er registrert i Frivilligregisteret, kan 7 % av det tipparen spelar for gå til eit lokalt lag. I Uskedalen er det åtte organisasjonar som vert overført midlar for 2018. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei løyving på kr. 91.332,- frå tilsaman 136 brukarar. Minst overføring er det til Uskedal Friluftslag med berre ein tippar.
14.01.2019
Kommunen inviterer til Dialogkafe i Helgheim, onsdag i denne veka.
Representantar frå Uskedal Helselag og Uskedal Utvikling vil vera med på Dialogkafe i Helgheim, onsdag 16. januar på dagtid. Det er Kvinnherad kommunen som inviterer til samlinga som vil ha fokus på den eldre delen av befolkninga. Dialogkafeen vert skipa til for å få innspel til arbeidet med ny kommunedelplan for omsorg, helse og sosiale. Det som før har vore delplanar, vil no bli samla i ein felles helse- og sosialplan.
13.01.2019
Brille funnen og teken vare på.
Brille er funnen på gangvegen mellom Hagetunet og busslomma. Vi har skrive om dette før, men ingen har henta brilla som vart hengd opp i gjerde på ein godt synleg plass. Brilla med snor ligg i etui. Det kan vera barnebrille.
13.01.2019
Vikarpresten la inn ei læringsøkt for borna om dåpen.
Tidlegare sokneprest i Røldal, Arne Nataas, er prostiprest og vikar i prestetenesta i Uskedalen fram til ny sokneprest er på plass. I dag på 2. sundag i Openberringstida fekk kyrkjelyden eit møte med Nataas gjennom gudsteneste, dåp og nattverd. Dåpsbarnet Ludvig vart døypt på det som vert omtala som Jesus sin dåpsdag. Ikkje nok med det: Borna i kyrkja i dag fekk ei oppleving og eit minikurs om kva som må til for å gjennomføra ein dåp.
12.01.2019
Den store utreisedagen for sydentur til Gran Canaria.
Gran Canaria er eit populært reisemål for mange uskedelingar. Berre i dag har 10 personar frå eller med nær tilknyting til bygda avgang frå Bergen eller Stavanger med fly med Las Palmas som destinasjon. Talet på dei, som store deler av vinteren bur fast på øya, er om lag det same. I vekene framover kan ein såleis rekna at 20 uskedelingar feirerer i dette område.
11.01.2019
Synfaring på Rød og Haugland med ny kulturkonsulent
Ny kulturkonsulent etter Linda Øen er Anita Lykkja. Lykkja kjem frå Valdres, men har i mange år vore kulturkonsulent i ein av dei mange kommunane på Helgelandskysten. Ho tok til i stillinga på nyåret og brukar dei fyrste vekene på å gjera seg kjend i Kvinnherad. Linda Øen, som no er tilsett som direktør på Sunnhordland Museum, var  med på synfaringa i Uskedalen, dette for å letta overgangen og innføringa i mange saker for Anita Lykkja.
10.01.2019
Stian Helland er søkjar til prestestillinga i Uskedalen.
Stian Helland ( f. 1972 ) er søkjar til soknepreststillinga i Uskedalen. Helland kjem frå Fitjar og har sidan 2014 vore sokneprest i Ringsaker. Han har utdanninga si frå Det Teologiske Menighetsfaktultet ( MF) 2008 - 2014. Stian Helland kan syna til ei brei erfaring frå yrkeslivet og frå kyrkjeleg og kulturelt arbeid.
10.01.2019
Utbetring av Fylkesvegen ved Sagbekken.
Det har lenge vore ei generande dump i vegen der den gamle Sagbekken går i røyr under Fylkesveg 48. No vert skaden utbetra. Det er Kvinnherad Maskin som gjer jobben på oppdrag for MESTA. Årsaka til skaden er truleg brot på hovudrøyra som igjen har ført til søkk i vegbanen.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Spar
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Brødrene Hjønnevåg AS
Gros Blomster
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Auto 88
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Renhold service
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS