Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

I am K kjem til Festidalen.

02.02.2018
Klikk på bilete for full storleik
Det lovande bandet I am K kjem til Festidalen i år
 
I am K, vinnar av Vestlandssatsing 2018, kjem til Festidalen i år. Av 20 band, som fekk prøvd seg for ein delegasjon frå festivalbransjen, kom I am K best ut. Bandet, som truleg kjapt vert eit av dei mest interessanne banda i landet, kjem til Uskedalen i sommar.
 

I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget med melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock. Det er kvalitet i alle ledd og ingen genrebegrensingar. Denne våren kjem debutplata 'Humans' og all fokus vert retta mot I am K dette året.

 

Vestlandssatsinga har sitt utspring i 100 Dagar, som er eit talentbyggingsprosjekt. Her samlast mange arrangørar som vil gje banda eit karriereløft. Banda får synt seg fram for bransjen og gjennom sommaren for eit breitt publikum på mange festivalar.

 

Festidalen er ein del av Vestlandssatsinga, mellom anna saman med TysnesFest, Rootsfestivalen i Vikedal, Skånevik Bluesfestival, og Malakoff.

 
 

Tekst: Festidalen - redigert av Uskedalen.no

Foto: Med løyve frå Festidalen

Nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
24.02.2018
Jazzkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 9. mars kl. 21.
Husnes Jazzklubb skipar til ny jazzkveld i Dønhaugkjedlaren fedag 9. mars kl. 19.med
den kjende danske jazzartisten Kira Martini. Gruppa har namnet Kira Martini Quartet. Meir informasjon om konsert kjem seinare.

kb 
23.02.2018
Møte på Bedehuset sundag 25. febr. kl. 11.
Det vert møte på bedehuset sundag 25. februar kl. 11. Talar er Dagfinn Brandsæter frå Norsk Luthersk Misjonssamband  (NLM). Indremisjonen ynskjer alle velkomne til møte på bedehuset.

kb
23.02.2018
Kveldskøyring på ski i Ulvanoso.
Kvar kveld i denne veka er det observert kveldskøyring på ski i Ulvanoso. I myrke ser ein berre lysa frå alpinløparane sving i sving ned frå Geitadalstind til Låganoso. Uskedalen.no er ikkje kjend med kven dette er.

kb
22.02.2018
Spleiselag for nytt og betre WEB kamera.
Tove og Egil Høgemark rosar Knut A. Myklebust sitt arbeid for å få på plass eit nytt og betre WEB kamera i båthamna og campingen. Høgemark oppmodar dei som har nytte av kamera, til å vera med i eit spleiselag for å dekka kostnaden.

kb
22.02.2018
To uskedalssaker i K.styret i dag.
To saker frå Uskedalen står på saklista til K.styret i dag, torsdag 22. febr. Den eine saka er: Godkjenning av detaljreguleringsplan for 123/176 ( Stølen ) for konsentrert bygging. Den andre saka er: Naturleg avvikling av bufellesskap i Uskedalen, tilbodet som har vore for einslege mindreårige flyktningar.

kb
21.02.2018
Årsleige på Stemneplassen for 1.200,-
Lag og organisasjonar som ynskjer bruk av møterommet på Stemneplassen heile året, betaler kr. 1.200,- Då har ein tilgang til møterom med kjøkken, videokanon og lerret. I 2017 var det 3 lag som nytta seg av dett tilbodet. Ta kontakt med styret. Meir informasjon finn du her på sida, i venstre kolonne, Utleige av møtelokale - Stemneplassen.

kb
21.02.2018
Restauranten Smakifrå AS er konkurs.
Då restauranten Smakifrå stengde dørane før nyttår i fjor, var det uvisst om det vart meldt oppbod. No er det kjend at Smakifrå AS er konkurs. Stenginga av Oska er eit  tap og stort tilbakesteg for Uskedalen, med det tilbodet Roy Lervåg hadde for fastbuande og tilreisande.

kb
19.02.2018
Idrettslaget treng nye styremedlemer.
Årsmøte i Uskedal Idrettslag er 19. mars kl 19 i Gamleskulen. Saker må meldast innan 5 mars. To styremedlemer er i avgang. Difor treng Idrettslaget nye kandidatar til styret og vonar at nokon melder seg frivillig på den adressa du finn på heimesida deira.

kb
19.02.2018
Rustne Menn til Utåker i dag.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn er invitert på kafe på Utåker i dag, tysdag 20. februar, mellom kl. 11 og 13. Det er eit dagtilbod i skulen kvar tysdag i februar månad. Bygdalaget er tilskipar. Rustne Menn vil underhalda med føredrag og allsong.

kb
19.02.2018
Påmelding til Telenorrennet på torsdag 22. febr.
Det er tid for påmelding til Telenorrennet som vert skipa til torsdag ettermiiddag og kveld. Det er eit sponsa rett og det premiar til alle. Dei under 10 år går berre prologen på 850 meter i fristil. Dei over 10 år går i tillegg heat og finale. Prologen tel med i skikarusellen.

kb
Siste Nyhende
24.02.2018
Båtlaget med mange gode tiltak i 2018.
Uskedal Bålag hadde nyleg årsmøte og vedtok eit handlingsprogram for tiltak som skal gjerast i 2018. Ei av oppgåvenen er få ny asfalt etter det store arbeidet som vart gjort med drenering og opprustning av plassen. Eit anna tiltak er innføring av differensierte leigesatsar for gjestebåtar ut frå storleik.
23.02.2018
Rustne Menn med føredrag og allsong på Utåker.
Utåker har også eit kafetilbod, slik Uskedalen har med Kafe Tiaren. Rustne Menn var tysdag i denne veka invitert til Utåker med program i det som var Holmedal skule, men no i bygda si eige som bygdehus. Frammøte var godt og det var ei gild stund med føredrag, allsong og til slutt omvisning i det lokale skulemuseet.
22.02.2018
Telenorrennet - skirenn med premiar til alle.
I dag, torsdag 22 februar skipar Uskedal IL til Telenorrennet i Fjellhaugen.
Telenorrennet er eit sprint renn på 830 meter, som går i fristil.
Det heile startar med at alle går ein prolog på same lengda, og her vert det intervallstart. Prologen er som eit vanlig skirenn, og tel såleis med i skikarusellen. Deretter blir alle over 10 år delt inn i heat, og dei raskaste går vidare til ein finale, som består av utøvarar i alle aldrar. For at det heile skal verta rettferdig, vil dei raskaste som går til finalen bli ilagt ei nøye utrekna tilleggstid.
21.02.2018
Kunstprosjekt på Uskedal skule.

Måndag i denne veka hadde alle elevane ved skulen felles prosjektførebuing til vårens store eventyr, nemleg kunstprosjektet Hagen som vert gjennomført i veke 22 
Prosjektet er leia av dei to kunstnarane Anette og Andre engasjert av Fylkeskommunen. Temaet er gjenbruk av plast der ein skal skapa ein kunstig hage.

21.02.2018
Nytt og betre webkamera som skal syna campingen og båthamnene.
Knut Andreas Myklebust har ytt ei teneste med webkamera som dekkar elvosen, campingen, båthamnene og område rundt. Mange har sett pris på dette tilbodet. Det gjeld særleg dei med bubilar og hytter på campingen og dei med båtar i Øyro Marina og i Uskedal båtlag si hamn. Mange sit langt borte og er oppdatert på situasjonen i Uskedalen, til dømes ved dårleg ver.
20.02.2018
Sjømannsgrava på Curacao er funnen og vert restaurert.
På reise til Karibien og Curacao før jul vart grava til Oskar Selmer Bringedal funnen på den protestantiske kyrkjegarden Fortkerk. Bringedal døydde etter ei fallulukke på MT ANNA KNUDSEN i november 1938. Han er gravlagd på den nederlandske øya Curacao. I dag reiser sonen, Johan Bringedal, og barnebarna Oskar og Per til Curacao for å sjå til at grava vert restaurert og få markert hendinga med ei minnestund.
20.02.2018
Attval av styret i Uskedal Båtlag.
Alle i styret i Uskedal Båtlag tok attval på årsmøte i kveld. Årsmeldinga skildrar eit godt og aktivt år der mange tiltak er løyste. Ny strandstove er på plass og det er grøfta og drenert langs hamna. Det vert arbeidd med å få lagt ny asfalt på plassen. Bygningsmassen er målt og det er utført eit flott arbeid med felling av trær langs Kyrkjevegen.
20.02.2018
Regionsmøte for helselaga i Kvinnherad.
Regiosmøtet for Nasjonalforeningen for folkehelsen vart avvikla i Uskedalen, Gamleskulen 15.02.18. Dagleg leiar for fylkeskontoret, Åse Fretheim kom frå Bergen i stormen. 18 helselagsdamer frå Løfallstrand, Rosendal, Seimsfoss, Uskedalen og Husnes var med på møtet. Dei frå Hatlestrand kom ikkje på grunn av veret og tvilsam ferje.
20.02.2018
Kvinnherad Turlag med mange turar i Uskedalsfjella.
Den nye turkatalogen Ta turen 2018 frå Kvinnherad Turlag syner at heile 5 turar er lagt til fjella i Uskedalen. Det er eit utvida tuilbod i høve til det som har vore før. Det einaste vi saknar er Barnas Turlag med aktivitetar ved Fjellansbøvatnet. Kvinnherad Turlag med sin leiar Kjell Yri inviterer til stor markering torsdag 8. november. Då er turlaget 20 år.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS