Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

No kan du få hjelp mot bakglatte ski!

03.01.2018
Klikk på bilete for full storleik
Oddmund Soldal tilbyr preparering av ski. Her siklar han av overflødig glider.
 
Dei fleste av oss har nok opplevd at bakglatte ski har gjort det som kunne blitt fine skiopplevingar til mareritt.  Andre gonger har elendig glid øydelagt rennet eller skituren.  No tilbyr Oddmund Soldal i Korsnes hjelp med prepareringa av skia slik at fleire skal få oppleva dei gode opplevingane med ski på beina.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ved hjelp at tape er han nøye med å skilja festesone og glidesone når han legg på glider.
 
 
Oddmund Soldal kom inn i skimiljøet som ung talentfull langrensløpar i Øystese for nokre tiår sidan.  Alt då såg han kor viktig prepareringa av skia var, og han fortel at far hans var ein flink smørjar på den tida.  Etter det har interessa for skipreparering fulgt han, og han har vore på ein god del kurs innan for dette fagområdet.  Han har m.a. vore til Drammen på kurs med Ole Einar Bjørndalen sin tidlegare smørjar. 
- Mest har eg vel lært av Trygve Turtveit, smørjar i Team Veidekke Vest, seier Oddmund som er så interessert i skipreparering at då NM på ski vart arrangert på Voss i 2012, reiste han dit.  Der fekk han vera i smørjebuene på arenaen, og han saug til seg kunnskap og erfaring frå dei dyktige smørjarane der.  I tillegg til kunnskapen har han også tileigna seg mykje utstyr og hjelpemiddel for at resultatet skal verta så godt som mogeleg.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Han går han over og børstar med ein spesiell handbørste.
 
Deretter børstar og polerer han med drillbørste.
No går Oddmund Soldal ut og tilbyr å hjelpa andre med kompetansen han har bygt opp.  Han gjer ikkje det for å tena store pengar, men han har lyst å hjelpa.  Han har sett mange som har vore opprådde på grunn av dårlege ski både på turar og i konkurransar.
- Eg har sett ungar som har stilt i sin første konkurranse som dei har gledd seg til, med bakglatte ski som har gitt dei ein frykteleg nedtur slik at dei fall frå.  For turløparar har dårlege ski gitt slitsomme dagar i staden for gode ski- og naturopplevingar, seier han og legg til at det er svært viktig at skia vert preparert også for turgåarar.  I tillegg til preparering av konkurranseski tilbyr Soldal preparering i samband med trening og tur- /markagåing.  I samband med turgåing nemner han også at ski med integrerte feller er på full fart inn, og desse må også reinsast og preparerast.  Dessutan preparerer han også slalomski.
 
 
På ski med integrerte feller treng fellene reinsast og glidesonene preparerast. Her ser vi to ulike typar ski, og middel til denne behandlinga på den eine skia.
 
Prepareringa er ein heila prosess, og det er mykje å hugsa på for eit vellukka resultat.
  • Først vaskar Oddmund sålen rein.  Han brukar ulike reinsemiddel på glidsone og festesone.
  • Sålen må tørka godt ut, og strukturen vert friska opp att.
  • Det vert lagt på ny glider i opptil 3 oppvarmingar slik at sålen vert metta. Mellom kvar oppvarming er det viktig med nedkjøling.
  • Overflødig glider vert sikla vekk før handbørsting og drillbørsting.
  • Skia er no klare til å leggja på smørjing avhengig av snø- og føreforhold.
  • På ski med kantar tar han også kantsliping.
Etter å ha fulgt Oddmund medan han preparerte eit par ski, er det tydeleg at han har full kontroll på alle operasjonar.  Han er også svært nøye med utstyret han brukar.  Eg er overtydd om at denne prepareinga kan gje mange mykje betre skiopplevingar.  Når ein kjem til Oddmund med ski til behandling, vil ein også få mange gode ski- og smørjeråd med på vegen.  For dei som ønskjer å nytta dette gode tilbodet, nemner vi at Oddmund Soldal er å treffa på telefon 951 31 716.


 
Soldal utfører også kantslip på ski med kantar.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
17.06.2018
Nytt parkeringareal ved Uskedal skule.
I utdrag av kommunen sin vedlikehaldsplan finn vi nytt parkeringsareal ved Uskedal skule. Tiltaket er kostnadsrekna til vel 2 mill. kr og har oppstart i 2021. Det har lenge vore ynskje om meir parkeringsareal ved skulen og barnehagen.

kb
16.06.2018
Hugs gudstenesta i morgon med gjester frå India.
Gudstenesta i morgon, sundag 17, juni. kl. 11 vert litt utanom det vanlege.Ekteparet Essi og Mary David frå barneheimen i Umred i India vert med. I dei åra Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet støtta arbeidet ho og familien gjer for born og ungdom i dette landet.

kb
15.06.2018
Paul Are Ljosnes - 4. plass i Mazdafinale.
Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk saman med ein kollega frå Haugesund ein 4. plass i den norske Mazdafinalen for bilmekanikarar. Det er lagvis deltaking, ikkje individuell.

kb
15.06.2018
Visning på nyoppførte leilegheter i sentrum.
Sundag 17. juni kl. 17 vert det visning på nyoppførte leilegheter i Uskedalen med adresse Uskedalsvegen 510. Det er 6 seksjonar i bygget som går over tre etasjar. Det er inngang frå gateplan og heis. Meglar er DNB.

kb
14.06.2018
Elvefiske opnar natt til måndag 18. juni.
Det er bestemt at elvefiske opnar natt til måndag 18. juni kl. 00.00. Det vert gjort slik for at fisken skal få tid til å gå opp i elva. Med normal elv skulle fiske vore opna 1. juni. I det fine veret med lite vatn vart opninga utsett. No er alt klart for fiske i Uskedalselva, frå måndag 18. juni fram til 1. september.

kb
14.06.2018
Kremmaren i Uskedalen.
Artikkelen Kremmaren i Uskedalen skriven av Heidi Eikrheim ligg ute på Samarbeidsrådet for Sunnhordland si heimesida. Det handlar om Elin Enes, livet og verksemda hennar frå starten med baking og kiosk til drifta i dag med avdelingar i Uskedalen og i Rosendal. Les meir på: Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS.

kb
14.06.2018
Viktig melding frå Uskedal Båtlag.
Båtlaget bed alle med båt i båthamna å sjå over fortøyningane i kveld eller i morgon tidleg på dag. Det er torsdag venta vind med kuling styrke og kraftige vindkast frå sør og søraust. Mange har båt med berre sommarfortøyning. Her må ein innretta seg som om det var haust/vinter.

Uskedal Båtlag
14.06.2018
Andrea Rice tilbake i Dønhaugkjedlaren fredag 6. juli.
Den kjende irske artisten, Andrea Rice, er tilbake i Dønhaugkjedlaren fredag 6.juli. Med seg har ho ektemannen, Fee Dobbin, og dottera, Aoifa Dobbin. Andrea Rice har vore i Uskedalen mange gonger og det er alltid like vellukka. Artistekteparet har vore i Noreg kvart år sidan fyrste gong i 1999. Meir info om billettar og plasstinging kjem.

kb
13.06.2018
Informasjonsmøte til konfirmantane 2018/2019.
Det vert informasjonsmøte om innskriving som konfirmant 2018/2019. Alle 8. klassingane er invitert til Uskedal kyrkje i morgon, 14. juni, kl. 17.30. Påmelding innan 18. juni på www.kvinnherad.kyrkja.no

kb
12.06.2018
Rødtunet - arena for veggkunst.
Bygdetunet Rød og tunet der Siv Framnes og Atle Thoresen bur vert truleg arena for gatekunst. Det er Hardangerfjord Street Art Festival som er tilskipar. Det er løa frå 1950 talet som vert brukt til veggkunst. Meir informasjon kjem seinare.

kb
Siste Nyhende
17.06.2018
Kreativ pynting til Festidalen.
Pyntinga til Festidalen held fram. I går var pyntegruppa med Gina Berge-Soldal som leiar vore på Sandabakkane og på Fet med nye artige installasjonar. Den raude tråden er: GARD. Det ligg mykje arbeid bak figurane og dekorasjonane. Festidalen er truleg den festivalen på Vestlandet som skårar høgast på pynting og det å skapa trivsel og eit godt miljø rundt eit arrangement.
17.06.2018
Ei internasjonal gudsteneste med dåp, gospel og Indabesøk.
Ei internasjonal gudsteneste der teksten for dagen vart lesen på engelsk av Effi David frå Infia, ja, det var noko av det kyrkjelyden fekk oppleva i kyrkja i dag. Dåpsbarnet fekk namnet Tilje og Jeanne Børretzen ( USA ) og LIna Håland song gospel, Go tell on the Mountain. Offeret gjekk sjølvsagt til Umred, den nye barneheimen i Inda med plass til 100 born når alt er oppe og går.
16.06.2018
Farvel Uskedalen - neste destinasjon er Tyrkia.
I dag tidleg klokka 08.30 løyste DE TRANSPORTER alle fortøyningane og glei fint frå kaien på Eidsvik Eigedom sitt anlegg på Børneset. Med to slepebåtar gjekk turen på nord gjennom Storsund, rundt Kalven og ut Hardangerfjorden. I skrivande stund går slepet med 5- 6 knop og posisjonen er vest for Karmøy. Skipet er seld til skipsverftet Tersan Shipyard i Tyrkia og skal byggjast om og brukast som dokk. Salsprisen er 12 mill kr.
16.06.2018
Det strøymde på med gjester og helsingar til Elins.
Klokka 10 i dag opna Elins Matgleder, Rosendal, lunsjrestaurant i Rosendal. Innan ein time var mange gjester på plass ute og inne. Det strøymde på med helsingar frå næringsdrivande i Skålagato, Rosendal utvikling, leverandørar og handverkarfirma. Uskdalen.no merka seg at det var helsingar frå Uskedalen, mellom anna frå trufaste kundar og naboar.
16.06.2018
Spela ved opninga av Løveleikane.
I dag vert det arrangert eit flott idrettstemne på Husnes stadion.  Det er Løveleikane, idrettsstemne for funksjonshemma, og det er  Lionsklubbane LC Kvinnherad, LC Halsnøy og LC Stord/Fitjar som står bak arrangementet i samarbeid med idrettslaget Trio som er teknisk arrangør.  Uskedal musikklag spela i samband med opninga av leikane.
15.06.2018
Einebustad i Halsabrotet vert seld.
Ein einebustad med adresse Halsabrotet 83 vert seld med det fyrste. Det føreligg takst og familien vil i denne omgang gjera salet kjend lokalt med innlegg på Uskedalen.no. Huset er bygd i 1977, ligg vestvendt til med mykje sol og vakker utsikt mot Skorpo, Storsund og Hardangerfjorden Einebustaden med carport er velhalden og det er opparbeidd hage.
15.06.2018
Lufthamnsjefen frå Uskedalen inviterer til flyshow på Sørstokken.
I morgon, laurdag 16. juni, vert Stord Airshow arrangert på Sørstokken. Dette blir eit arrangement for heile familien, der publikum kan få sjå fly og helikopter av ulike slag, både på bakken og i lufta. Portane opnar klokka 10:00, og publikum kan då sjå eit rikt utvalg av ulike fly og helikopter på statisk utstilling.
15.06.2018
Johannes Rørvik Grov vart kjendis over natta.
Johannes Rørvik Grov med far og besteforeldre frå Uskedalen vart kjendis over natta. Johannes er 10 år og har tromma seg gjennom heile rockegruppa Metallica diskografien i perioden 1983 til 2016. Læraren hans på Kulturskulen, Maurico Weimar, har filma framføringa og lagt ut på nettet. Til no er den 12 minuttar lange innspelinga sett over 110000 gonger.
14.06.2018
Nyskapande aktivitetar på Bygdetunet og Bøkkeren.
Det er mykje nytt og interessant som skjer på Bygdetunet Rød og på Bøkkerverkstaden for tida. På Bøkkerkaien er det yogakurs kvar onsdag. Oppe i tunet vert eine løeveggen dekorert med Fjordprinsessa, skapande prosessar som er ein del av Hardangerfjord Street Art festival. Alt vert gjort i nært samarbeid med Siv Framnes og Atle Thoresen, som bur på tunet og er kontaktpersonar for museumsverksemda på Rød.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS