Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Mange muligheter på førjuls-Oska.

05.12.2017
Klikk på bilete for full storleik
Det vert heilt sikkert god stemning når dyktige Håkon Røstbø og gjengen held konsert på Oska
 
Det er framleis gode muligheter for trivlege førjulstunder på restauranten Oska.  Denne veka er det julekomler på torsdag og søndagsmiddag i tillegg til det som er av slutta lag.  Neste helg vert avslutningshelga før jul, og den startar fredag med julebord kombinert med ein verkeleg godbit av ein konsert før ein kan kombinera julebordet med quiz om laurdagen.
 
Det er Håkon Røstbø med dei to dyktige døtrene Astrid og Ingrid som skal ha konsert fredag den 15.desember.  Dette er eg sikker på vert ei kjempflott oppleving.  Eg siterer berre meg sjølv og det eg skreiv etter å ha høyrt dei på Bøkkerkvelden på Rød i sommar:
«Dei starta med ein herleg versjon av Bob Dylan-låten 'To make you feel my love' med dei flotte stemmene til dei to jentene i førarsetet. Etter det gjekk dei over til sjølvlaga stoff. Vi fekk først to låtar som beviste at Astrid også er ein særdeles dyktig songwriter. Først fekk vi ein stemningsfull vakker popballade om mislukka kjærleik før dei gjekk over ein meir fartsfyllt og countryinspirert song der også kjærleik var tema. 
Etter desse tre låtane overtok Håkon hovudvokalen. Då vart det funkie blues der vi m.a. fekk vakre vokalharmoniar ved vakker koring av dei to døtrene. Herleg!! 
- Fantastisk! Dette er fantastisk, gjentok ein imponert Magne Huglen ved sida av meg medan dei fire dyktige musikarane fekk velfortent trampeklapp etter siste låt. Heldigvis drog dei fram eit ekstranummer. Også etter det ville publikum ha meir, og eg trur mange tenkjer som meg: Eg håpar eg får høyra dei snart att!».  Eg gler meg til å høyra dei att på Oska.
 
Den påfølgjande laurdagen er det mogeleg å trimma hjernecellene etter at ein har nytt den gode maten.  Då stiller nemleg Sammy med førjulsquiz.  Begge desse dagane får ein servert pinnekjøtt frå Lundal, ribbe frå Brakstad, pølse fra Friheim Gardsmat, heimelaga rødkål, surkål, kålrot, mandelpotet, riskrem, karamellpudding, julekaker og kaffi.  Sjølvsagt har eg testa julematen på Oska, og sjølvsagt er den heilt på topp.  Betre ribbe trur eg aldri eg har smakt!!
 
Roy Lervåg fortel at det framleis er godt med plass desse to kveldane.  For dei som ønskjer det vert det også mogeleg å kjøpa billett berre til konserten så langt det er plass.  Han reknar med konsertstart mellom kl.22 og 22.30.  Ein kan også vera med på berre quizen om det vert plass. 
 
Det ligg an til trivelege kveldar siste opningshelga på Oska på Sandakaien før jul.  Før vi kjem så langt, er det komle m/pinnekjøt og alt anna godt tilbehør førstkommande torsdag.  Søndag serverer dei kjøttgryte med svinenakke i rømmesaus med grønsaker og potetpuré, som vanleg med dessert inkludert.
 
Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.06.2018
Ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren på fredag.
Det vert ny pubkveld i Dønhaugkjedlaren fredag 22. juni. Den vellukka kvelden i mai månad gav meirsmak. Opplegget er det same,- ein uformell kveld med ei sosial ramme som høyrer ein gardspub til. Alle er velkomne i Dønhaugkjedlaren på fredag.

kb
19.06.2018
Klargjort for asfaltering i Ospelunden.
Alt er gjort klart for asfaltering i byggefeltet Ospelunden. Dersom alt går etter oppsett plan, vert alle vegar i byggefeltet asfaltert i neste veke. Det er lokalt firma som gjer jobben.

kb
19.06.2018
Spelemidlar til Uskedal Idrettslag.
Det  er løyvd Spelemidlar frå Norsk Tipping til to anlegg i Uskedalen: Idrettsanlegget Kunstgrasbanen: kr. 772.000,- Nærmiljøanlegget Klatreparken: kr. 300.000,- Søkjar er Uskedal Idrettslag.

kb
17.06.2018
Nytt parkeringareal ved Uskedal skule.
I utdrag av kommunen sin vedlikehaldsplan finn vi nytt parkeringsareal ved Uskedal skule. Tiltaket er kostnadsrekna til vel 2 mill. kr og har oppstart i 2021. Det har lenge vore ynskje om meir parkeringsareal ved skulen og barnehagen.

kb
16.06.2018
Hugs gudstenesta i morgon med gjester frå India.
Gudstenesta i morgon, sundag 17, juni. kl. 11 vert litt utanom det vanlege.Ekteparet Essi og Mary David frå barneheimen i Umred i India vert med. I dei åra Lina Håland har vore sokneprest i Uskedalen, har soknerådet støtta arbeidet ho og familien gjer for born og ungdom i dette landet.

kb
15.06.2018
Paul Are Ljosnes - 4. plass i Mazdafinale.
Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk saman med ein kollega frå Haugesund ein 4. plass i den norske Mazdafinalen for bilmekanikarar. Det er lagvis deltaking, ikkje individuell.

kb
15.06.2018
Visning på nyoppførte leilegheter i sentrum.
Sundag 17. juni kl. 17 vert det visning på nyoppførte leilegheter i Uskedalen med adresse Uskedalsvegen 510. Det er 6 seksjonar i bygget som går over tre etasjar. Det er inngang frå gateplan og heis. Meglar er DNB.

kb
14.06.2018
Elvefiske opnar natt til måndag 18. juni.
Det er bestemt at elvefiske opnar natt til måndag 18. juni kl. 00.00. Det vert gjort slik for at fisken skal få tid til å gå opp i elva. Med normal elv skulle fiske vore opna 1. juni. I det fine veret med lite vatn vart opninga utsett. No er alt klart for fiske i Uskedalselva, frå måndag 18. juni fram til 1. september.

kb
14.06.2018
Kremmaren i Uskedalen.
Artikkelen Kremmaren i Uskedalen skriven av Heidi Eikrheim ligg ute på Samarbeidsrådet for Sunnhordland si heimesida. Det handlar om Elin Enes, livet og verksemda hennar frå starten med baking og kiosk til drifta i dag med avdelingar i Uskedalen og i Rosendal. Les meir på: Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS.

kb
14.06.2018
Viktig melding frå Uskedal Båtlag.
Båtlaget bed alle med båt i båthamna å sjå over fortøyningane i kveld eller i morgon tidleg på dag. Det er torsdag venta vind med kuling styrke og kraftige vindkast frå sør og søraust. Mange har båt med berre sommarfortøyning. Her må ein innretta seg som om det var haust/vinter.

Uskedal Båtlag
Siste Nyhende
20.06.2018
300 bilar kontrollerte i Uskedalen - ei begjering.
Statens vegvesen med fire inspektørar var i Uskedalen i dag og kontrollerte 300 køyretøy. Det vart skrive ut ei begjering, noko som er eit godt resultat. Av alle desse var det berre ein som ikkje brukte bilbelte. Ein kunne ikkje syna fram vognkortet. Målet med kontrollen i Uskedalen i dag er fokus på trafikksikkerhet og førebyggjande arbeid. Då er alt like viktig, sjølv om ein berre skal ein kjapp tur på butikken.
20.06.2018
Siger til J17 jentene mot Odda 9er
Tysdag kveld spelte J17 jentene til Rosendal/Uskedal (R/U) kamp på Uskedal kunstgrasbane mot Odda 9er. Også i denne kampen har R/U måtta låna spelarar frå J14 laget, deriblant er Maria som fekk sin debut kamp for J17 laget. Ina som til vanleg spelar med G15 laget, stilte også kampklar.
19.06.2018
Maria Larsen, lærar på Uskedal skule, går for mastergrad.
Maria Larsen, lærar på Uskedal skule i praktisk estetiske fag, presenterer masterarbeidet sitt i morgon, 21. juni, på Høgskulen på Rommetveit. Masteroppgåva hennar har tittelen: Langt fra perfekt - et undervisningsdesign i utvidet tegning. Maria Larsen er tilsett i 80 % stilling i Uskedalen og har studert parallelt ved å jobba i skulen. Ho har brukt fire år på studiet fram mot ein mastergrad.
18.06.2018
Journalisten Matti med veggen full av pressefoto.
Det er truleg fyrste gongen sidan opninga av Rosendal Aldersheim i 1957 at ein bebuar har tapetsert eine veggen på rommet sitt med pressefoto. Bileta syner aktuelle hendingar og personar i perioden 1980 til år 2000. Ola Matti Mathisen er sjølv fotografen og fortel utførleg bakgrunnen til kvart av motiva. Fotosamlinga på veggen tel 63 foto så langt, 24 motiv er frå 13 ulike land.
18.06.2018
Rosendal/Uskedal J17 vann jamn kamp
Laurdag var Rosendal/Uskedal J17 (R/U) laget til Arna og spelte kamp mot Arna/Bjørnar (A/B) på Garnes kunstgrasbane. Dette var siste borte kamp i vårsesongen. R/U har nok ein kamp med redusert spelarstall, bare 8 spelarar av J17 laget kunne stilla. Med god hjelp frå J14 laget får ein stilt lag.
17.06.2018
Elvefiske er opna - videoovervakinga held fram.
Elvefiske opna i natt kl. 00.00. Turke og lite vatn gjer at opninga vart utsett frå 1. juni til i dag 18. juni. Videoovervakinga i Djupehølen held fram. Fire kamera har filma, tald og registert all fisk som har gått opp og ned i elva. Målet med registreringa er mellom anna å finna meir ut av fisken sine vandreruter. Det er Skandinaviske naturovervaking som utfører sjølve registreringa.
17.06.2018
Kreativ pynting til Festidalen.
Pyntinga til Festidalen held fram. I går var pyntegruppa med Gina Berge-Soldal som leiar vore på Sandabakkane og på Fet med nye artige installasjonar. Den raude tråden er: GARD. Det ligg mykje arbeid bak figurane og dekorasjonane. Festidalen er truleg den festivalen på Vestlandet som skårar høgast på pynting og det å skapa trivsel og eit godt miljø rundt eit arrangement.
17.06.2018
Ei internasjonal gudsteneste med dåp, gospel og Indabesøk.
Ei internasjonal gudsteneste der teksten for dagen vart lesen på engelsk av Effi David frå Infia, ja, det var noko av det kyrkjelyden fekk oppleva i kyrkja i dag. Dåpsbarnet fekk namnet Tilje og Jeanne Børretzen ( USA ) og LIna Håland song gospel, Go tell on the Mountain. Offeret gjekk sjølvsagt til Umred, den nye barneheimen i Inda med plass til 100 born når alt er oppe og går.
16.06.2018
Farvel Uskedalen - neste destinasjon er Tyrkia.
I dag tidleg klokka 08.30 løyste DE TRANSPORTER alle fortøyningane og glei fint frå kaien på Eidsvik Eigedom sitt anlegg på Børneset. Med to slepebåtar gjekk turen på nord gjennom Storsund, rundt Kalven og ut Hardangerfjorden. I skrivande stund går slepet med 5- 6 knop og posisjonen er vest for Karmøy. Skipet er seld til skipsverftet Tersan Shipyard i Tyrkia og skal byggjast om og brukast som dokk. Salsprisen er 12 mill kr.
Sponsorar
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
iDrift AS
grenda
Kvinnherad Breiband
Spar
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Kvinnherad Elektro
Sparebank 1 SR bank ASA
kvinnheringen
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Solheim Turiststajson
Uskedal Røyr og Multiservice
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS