Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
Vidar Haugland
Tlf nr:488 91 464
Hans Ordin Østebø
Tlf nr:907 56 032
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Godt med folk og god førjulstemning.

01.12.2017
Klikk på bilete for full storleik
Grano er tent, og grillane på plassen gjorde det ekstra koseleg.
 
Presis klokka fem vart den flotte julegrana i Uskedalen tend, og like etter tona den vakre julesongen Det lyser i stille grender frå instrumenta til dei rutinerte musikarane i Uskedal musikklag.  Då var det samla mykje publikum til dette førjulsarrangementet som har vore årvisst i ulike former heilt sidan første tenninga i 1963.
 
Klikk på bilete for full storleik
Musikklaget spelte julemusikk til tenninga for 55. gong.
 
 
Før grana vart tent i kveld hadde alt musikklagsgjengen spelt ein fin bukett kjende og kjære julesongar.  Etter tenninga heldt dei fram med nokre nummer, og sytte for at julestemningen verkeleg kom til bygda.  
 
Etter tenninga og musikken fordelte folk seg på ulike tilbod og aktivitetar. Nokre fylte opp Helgheimskjellaren der det var servering av julegraut.  Andre tok turen til hovudetasjen i ungdomshuset der det vart bydd på lappar, saft og kaffi som ein kunne kosa seg medan dei som ønskte det kunne pynta peparkaker, medan andre, helst av dei yngste, kunne pynta seg sjølv hos ansiktsmalarane.  Dei fiksa både nisse og mus.  I Helgheim var det også lynlotteri.
 
Mange tok turen til Gamleskulen der det også var fullsett.  Her kunne dei drøsa og kosa seg med store mengder deilige kaker og kaffi/saft.   På vegen dit passerte dei DNT Ung som skapte stemning rundt grillane sine og sytte for at kunne få både pinnebrød og pølser i magen.  Mange benytta seg av dette flotte tilbodet som var nytt av året.  I det fine førjulsveret med temperatur rundt null grader.
 
I kyrkja vart suksessen frå fjoråret med engleverkstad fulgt opp.  På tre ulike stasjonar laga fornøgde barn englar av forskjellig slag.  Foreldre og besteforeldre som fulgte barna var minst like fornøgde, og rundt 'produksjonsborda' var det retteleg koseleg førjulstemning.  Engleverkstaden var eit samarbeid og spleiselag mellom Tårnagentane, Dei Kreative, Hobbyklubben og soknerådet.
 
Med Børsdalsnissen i fjerne farvatn vart det julegrantenning utan han i år.  Men dei tre smånissane som erstatta han klarte seg godt.  Dei var så flinke og snille at eg trur dei må vera litt i slekt med Børsdalsnissen.  Dermed vart årets julegrantenning, der Damevennene som vanleg var hovudarrangør, på alle måtar vellukka.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Silje Mathiesen og Eirin R. Kjærland var blant dei som sytte for julegraut.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ingrid og Eirik kom saman med mamma Kjellrun Eik frå Halsnøy for å vera med på arrangementet.
 
Klikk på bilete for full storleik
Lappane til Mona Enes og Gina H. Berge-Soldal var populære.
 
Klikk på bilete for full storleik
Olav på onkel Johnny Miljeteig sitt fang vart ein flott nisse etter at Linda Jensen var ferdig med malinga.
 
Klikk på bilete for full storleik
Saima Kristine L. Døssland i midten og søstrene Silje og Stine Soldal er klar til å ta mot dei som vil pynta peparkaker.
 
Og Randi Nybakk har gjort seg klar til loddsalg.
 
Hos DNT Ung kunne vi få grilla pølser og pinnabrød.
 
I Gamleskulen var det kø for kaker og kaffi.
 
Mange ville laga papirenglar.
 
Oskar frå Korsnes i følgje med mamma Sylvia lærte å laga fine englar av blåskjel.
 
Så flotte englar laga Ebba av blåskjel.
 
Ivrige jenter lærer å laga flotte englar av Svanhill Haugland og Eli Roseth Eik.
 
 
Tekst og nett:  Thor Inge Døssland
Foto:  Veslemøy Haugland, Knut Johannes Ripel og Thor Inge Døssland
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
10.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 10.des. 2018
Også i dag er det trekt ut 2 heldige vinnarar.  To temokoppar med godis, gjevne av Kvinnherad Elektro/Uskedal skulemusikk er vunne på nr.426, og Dolce Gusto kaffimaskin, verdi 300,-, gjeven av Uskedal eigedom, er vinnen på nr.123.Vi gratulerer dei heldige!!

USM.
09.12.2018
Juletresalet startar i morgon, måndag 10. desember, ved Elins Matgleder.
Juletresalet ved Elins Matgleder startar i morgon, måndag 10. desember, kl. 08. Det er sal av nordmanna edelgran frå skog i Sandeid. Salet varer heile dagen, fram til kl. 17.00. Elin Enes fortel at ho vil ha ekstra ope laurdag og sundag komande helg.

kb
09.12.2018
Rev med skaff observert på Døssland.
Det er observert ein rev med skabb på Døssland. Reven bør avlivast. Skabb er smittsamt og dermed overførbart til katt og hund. Det er fitt fram for å jakta rev. Det er skotpremie på kr. 200,- pr. dyr. Rev med skabb misser hår og pels og frys ofte i hel på kalde vintrar.

kb
09.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 9.des. 2018
Skrujernsett, verdi 229,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne på kalendar nr. 395, medan gåvekort verdi 300,-kr, gjeve av S. Myklebust Maskinstasjon, er vunne på kalendar nr.476.Vi gratulerer dei 2 heldige vinnarane!

USM.
08.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 8.des. 2018
Vi gratulerer eigarane med nr.211 og 56 med dagens gevinstar.  Gåvekort, verdi 300,-kr, gjeve av Spar Uskedalen, er trekt ut på 211, og eigaren av nr.56 har vunne kokebok, refleksvest og buff.Vi gratulerer.

USM.
07.12.2018
To leilegheter i Nedre Halsabrotet er selde.
To leilegheter i det nye bustadfeltet i Nedre Halsabrotet er selde, kvar for 2,2 mill. kr. Seljar er Actavia Invest AS. Det brannskadde huset på Brekketoppen vart seld for kr. 430.000,-.

kb
07.12.2018
Steinar Hugland- kandidat til Årets namn.
Etter framlegg frå lesarane har lokalavisa Grenda nominert ti namn til Årets namn. Ein av dei er Steinar Haugland frå Uskedalen. Steinar er kjend frå idrettsmiljøet, frå Festidalen og ikkje minst frå tilbodet han har heime på garden for elevar som treng alternativ skule nokre dagar i veka. I Grenda finn du meir om røystinga på Årets namn.

kb
07.12.2018
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 7.des. 2018
To nye heldige vinnarar får i dag gevinstar på skulemusikken sin adventskalendar.  Eigar av nr.221 vinn eit gåvekort på 300,-kr, gjeve av Gros Blomster, medan nr.484 vinn heimestrikka sokkar m/godis, gjevne av Nelly/Uskedal skulemusikk.Vi gratulerer!!

USM
06.12.2018
Prestestillinga - 2. gongs utlysing.
Soknepreststillinga i Uskedalen er utlyst for 2. gong. Tenestestaden er Uskedal sokn, men også med teneste i andre sokner i Kvinnherad. Soknepresten vil mellom anna ha ansvaret for konfirmantarbeidet og samarbeidet mellom kyrkja, skulen og barnehagen. Utdanningskravet er Cand. theolo med praktikum eller tilsvarande. Søknadsfristen er 6 januar 2019.

kb
06.12.2018
Hardangerfjordmagasinet med reportasje om Ivar Gundersen
Harangerfjordmagasinet med eit opplag på 50 000 eks. kjem ut to gonger i året. I desemberbladet 2018 kan du lesa om Ivar Gundersen - ny banksjef i Sparebanken 1 SR-bank på Husnes. Det vert også skrive om Tysnes Sparebank der Siren Simonnes er avdelingsleiar. Magasinet er gratis og kjem til alle husstandane i Kvinnherad.

kb
Siste Nyhende
09.12.2018
Julevandring i kyrkja - tilbod til barnehagane.
Kvart år er barnehagane i Uskedalen med på Julevandrig i kyrkja, ei dramatisering av juleavangeliet og Jesu fødsel. Det er tilsette i kyrkja med Jan Ove Fagerheim i rollen som Keisar Augustus. Med seg har han trusopplærar Torild Langeland og kantor Eva Megyesi. Julevandringa er eit tilbod til dei eldste borna i Dønhaug Gardsbarnehage og Uskedal barnehage.
08.12.2018
Kven saknar ny barnesykkel ?
Attgløymde syklar langs vegen er eit aukande problem, noko vi på Uskedalen.no har skrive om mange gonger. No gjeld det ny barnesykkel, lilla med merke MOGUL, som står i Kleivadalen. Tom Haugland fortel at sykkelen ein dag tidleg i veka vart attgløymd ved garasjen hans. Ingen har meldt seg som eigar så langt.
07.12.2018
Laga middag til 15 born i Dønhaug Gardsbarnehage.
Kjøttkaker i brun saus var middagen borna i Dønhaug Gardsbarnehage fekk i går, torsdag 6. desember. Ideen er henta frå Omvikdalen barnehage der Bygdekvinnelaget lagar middag til alle borna ein gong i månaden. I Uskedalen vert det same prøvd i gardsbarnehagen med Målfrid Myklebust, Inger Naterstad og Else Mari Huse som frivillige hjelparar.
06.12.2018
Avrunda jubileumsåret med ein imponerande julekonsert.
Blandakoret Røysterett for Alle skuffar ikkje sitt publikum, heller ikkje i kveld med ein variert og innhaldsrik førjulskonsert i Uskedal kyrkje. Eit nær på fulltalig kor, dyktige solistar og gjester og ikkje minst ein inspirerande og trygg musikalsk leiar, då er grunnlaget lagt for det som truleg er den beste julekonserten i år. For den som ikkje hadde høve til å få dette med seg, ja, då er Ølve kyrkje plassen neste torsdag, 13. desember.
06.12.2018
Hundeskilta er sparka og rivne ned for 3. gong på tre år.
Audhild Lie og Magne Grindheim er plaga med at hundeskilta vert sparka eller rivne ned og det for tredje gong på tre år. Eigendomen deira ligg langs Fylkesvegen og Magne gjer alt han kan for å halda ein fin hage utan hundeskit. Hundeskilta har god effekt og ekteparet forventar at skilta får vera i fred utan vandalisme.
05.12.2018
Tor Bringedal si nye bok vil ha stor interesse i Uskedalen.
Knapt ein stol var ledig i Grendahuset då Tor Bringedal sist sundag presenterte boka Frå Bringedalsbygda til Herøysund - Bygdehistorie 1850 - 2018.  Skulekrinsen Bringedalsbygda med vel 600 innbyggjarar må vera den bygda i Kongeriket der det meste er dokumentert i bokform på ein fagleg og grundig måte, 1,7 kg og 640 sider. I tillegg kjem alt Bringedal skriv om bygda i to tidlegare bøker frå perioden 1837 - 1965.
04.12.2018
Uskedal utvikling er engasjert i saka om brannstasjonen.
Uskedal utvikling vil på styremøte i morgon ha oppe sak om brannstasjonen i bygda. Det er sendt brev til Kvinnherad kommune som syner til sak i Formannsskapet torsdag 6. desember der det er framlegg om å leggja ned fire brannstasjonar. Ein av dei er Uskedalen. Saka vart utsett på møte 14.11 då ein bad om ei økonomisk vurdering og ei meir utføring utgreiing i høve til responstid.
03.12.2018
Jubileumsåret vert avrunda med julekonsert i Uskedal kyrkje, torsdag 6. desember kl. 19.30.
Blandakoret Røysterett for Alle i Uskedalen har feira 30-årsjubileum i år, og som den siste av ulike markeringar gjennom året, vil feiringa verta runda av med to julekonsertar - 6. desember i Uskedal kyrkje, og 13. desember i Ølve kyrkje. 
03.12.2018
Julegrantenning med eige julespel.
I adventstida har det vore lys på julegrana i sentrum sidan 1963. Markeringa har utvikla seg over tid både med omsyn til innhald og tidspunkt. Uskedal Musikkalg har vore med sidan starten. Aktivitetshusets Damevener var i mange år ein viktig part i å utvikla tilskipinga til ei julemesse. Dei siste åra er markeringa forenkla og tilpassa situasjonen med at det er ei samling på ein fredag straks etter arbeidstid.
Sponsorar
Uskedal Røyr og Multiservice
Solheim Turiststajson
kvinnheringen
Brødrene Hjønnevåg AS
Stord Lufthamn
Byggeriet
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Zjakk Frisørsalong
Kvinnherad Renhold service
S. Rødsten Bilforretning A/S
Tysnes Sparebank
iDrift AS
grenda
Spar
Uskedal Båtlag
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Gros Blomster
Auto 88
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS