Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Første trekking på adventskalendaren.

30.11.2017
Klikk på bilete for full storleik
Heile 38 vinnarnummer skal trekkjast før julaftan.
 
Då er førjulsspenninga i gang.  Vi er komen til desember, og første trekkinga i Uskedal skulemusikk sin kjekke adventskalendar er unnagjort.  I dag er det trekt ut to gevinstar til heldige vinnarar.  No vert det trekkingar kvar dag fram til julaftan, og vinnarnummera vert presentert i notisar i spalta til høgre.
 
Dei som er heldige og vinn, kan ta kalendaren med til Auto 88 på Brekketoppen, og så vil dei få ut gevinsten dei har vunne.  Gevinstane skal hentast før 11.01.18.  
Uskedal skulemusikk er svært takksame overfor alle gode støttespelarar som har gjeve alle dei 38 flotte gevinstane.  Inntektene frå kalendarsalet er svært viktige for drifta av Uskedal skulemusikk.
 
Vinnarar 1.desember er:
1. Hovudlykt gjeven av MX Sport, Husnes på kalendar nr. 387.
2. Kosedyr gjeve av Libris, Husnes på kalendar nr. 161.
 
Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!
 
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Illustrasjonsfoto.
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
11.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 11.des.2017
Vi held fram med å trekkja ut heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin kjekke adventskalendar.  Vinnarar i dag er:

1. Sitjeunderlag/krakk gjeven av Kvinnherad Vekstbedrift AS, er vunnen på kalendar med nr.220

2. Oppskriftsbok, gjeven av Lerøy Sjøtroll, er vunnen på kalendar med nr.287.   Gratlasjonar til vinnarane!!

tid
10.12.2017
På julemarknad i Bergen.
Tove Myklebust Heggøy på Rabben Feriesenter har strikking som sin store hobby, og no har ho vore på julemarknad på Festplassen i Bergen med flotte gensarar, lubber og vottar og meir til som ho har strikke.  Med seg hadde ho også flotte treprodukt som far hennar, Steinar Myklebust, hadde laga.  De kan lesa meir om dette på Stordnytt.no ved å klikka HER.

tid 
10.12.2017
Grilling og aktivitetar hos Elins Matgleder laurdag.
Laurdag deltok Elins Matgleder på julemarknad på rådhusplassen i Haugesund.  Laurdag 16.12. vert det skikkeleg julemarknadsstemning hos Elins Matgleder.  I tillegg til alt det fine og gode i butikkavdelinga ver det fyr i bålpanna og ein kan grilla pølser med gode heimabakte pølsebrød. Det vert aktivitetar for ungane der dei kan laga sin eigen julepynt.  I tillegg kan vi i ro og mak ordna det vi treng til Jul av juletre (edelgran 600,-), julenek, julegåver, kaker, konfekt og mykje meir.

tid
10.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 10.des.2017
To nye heldige vinnarar er trekt ut i dag:

1. Jotunheim tursett, verdi 299,-, gjeve av Sport 1 Rosendal, er vunne på kalendar med nr.151.

2. Oppskriftsbok gjeven av Lerøy Sjøtroll, er vunnen på kalendar med nr.123.    Vi gratulerer dei to heldige vinnarane!!

tid
09.12.2017
Søndagsope på Spar Uskedalen
Spar Uskedalen kjem til å ha ope mellon kl.14 og 18 både søndag 10. og søndag 17.desember.  Velkommen!!

tid
09.12.2017
Juletre til salgs hos Elins Matgleder.
Flotte edelgran frå Ølen er no på plass hos Elins Matgleder så no er det tid for juletrehandel.

tid
09.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 9.des.2017
Då er det klart for to nye vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar:

1. Sitjeunderlag, verdi 349,-kr, gjeve av Kulør Rosendal, er vunne på kalendar med nr.81.

2. Kvinnheradspelet m.m., gjeve av Kvinnherad Energi og Breiband, er vunne på kalendar med nr.468.   Vi gratulerer vinnarane!!

tid
08.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 8.des.2017
Også i dag kan vi glede to heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Vinnarnummera er:

1. Gåvekort verdi 300,-kr, gjeve av Spar Uskedalen, er vunne på kalendar nr.36

2. Lotion og bodycream, gjeve av Cubus Husnes, er vunne på kalendar nr.353.    Vi gratulerer dei to vinnarane, og lova ny spenning i morgon.

tid
07.12.2017
Utvida opningstider hos Elins Matgleder fram til jul.
Elins Matgleder har desse opningstidene fram til jul:

Man-fre:09.00-17.00

Lørdag: 09.00-15.00

Elles er det berre å komma innom når skiltet står i krysset.  Helga 16. og 17. desember vert det «juletrehogst» og kjekke aktivitetar for heile familien.

tid

07.12.2017
Skulemusikken sin adventskalendar - 7.des.2017
Her kjem to nye nummer som skal gi glade vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Det er:

1. Gåvekort, verdi 300,-kr, gjeve av Gros Blomster, er vunne på kalendar med nr.283

2. Boka Livsglad mat frå havet, gjeven av Br. Hjønnevåg, er vunnen på kalendar med nr.154.   Vi gratulerer!!

tid
Siste Nyhende
11.12.2017
Dei unge slo an tonen!
Julekonserten som var i Uskedal kyrkje søndag, vart på alle måtar særs vellukka.  Kyrkja var fullsett, og dei frammøtte fekk oppleva eit konsertprogram som var samansett av flott julemusikk.  Gode framføringar på trekkspel, messinginstrument, orgel, piano, gitar og gode songrøyster gjorde at dei fine opplevingane kom tett.
10.12.2017
Nye GOD JUL-banner i Uskedalen.
I samband med førjulstida og jula er det mange kjekke tradisjonar her i bygda, men det skjer også koselege nye ting.  I år er det kome opp banner med ønskje om god jul på lysstolpane i sentrum der Festidalen sine banner plar henge.  Og det er Festidalen med hjelp av gode støttespelarar som står bak det kjekke og koselege tiltaket.
09.12.2017
Bidrog med julemusikk i nabobygda.
Mange bygder har fine og koselege førjulsarrangement.  Omvikdalen har sitt, og det gjekk av stabelen i ettermiddag.  Eit fast innslag under dette arrangementet har dei siste åra vore julemusikk av dei rutinerte musikarane i Uskedal musikklag.  Eg meiner at dei i alle fall har delteke dei siste fem åra.
08.12.2017
Julevandring i kyrkja for barnehagane
Dønhaug gardsbarnehage (kl. 10.00) og Uskedalen barnehage (kl. 12.15) hadde julevandring i Uskedal kyrkje i dag.  Det var to spente flokkar som til kvar si tid sto og venta i yttergangen før det braka laus.
08.12.2017
Festidalennissen trekk tre artistar opp av sekken
Tida for tradisjonar er her. Nøtter skal knekkast, og eitkvart skal eltast og kjevlast ut. Handballjentene plukkar gullet heim og Sølvgutane kaukar jola inn. Bjeller dinglar over alt, og hovmesteren får seg ein klunk for mykje kvelden før kvelden. Igjen. 
07.12.2017
Fin adventskonsert i Helgheim.
Det var adventsstemning alt då Brit Hjetland frå arrangørane Røysterett for Alle ønskte velkommen til konsert i Helgheim i kveld.  Mykje levande lys i ein sal som elles var lite lyssett, bidrog til det.  Førjulstemningen vart ytterlegare forsterka utover i programmet der vertskoret saman med gjester baud på julemusikk og andre vakre tonar.
07.12.2017
Ingebjørg Eik Band på Rosendal turisthotel
Etter ein flott oppleving på Oska, både for band og publikum, i sommar, blir det ny konsert med Ingebjørg Eik Band. Denne gongen på Rosendal Turisthotell. Dette blir ein kveld med slik jazz som alle likar!  Blant musikarane i bandet er Uskedalen sin dyktige trommis Sindre Aksnes som er komen heim på juleferie.
07.12.2017
Spar Uskedalen, først med sjølvbetjeningskassar i Kvinnherad.
I ettermiddag vart dei fire nye sjølvbetjeningskassane tatt i bruk på Spar Uskedalen.  Ein av dei første til å ta dei i bruk var 72 åringen Reidar Myklebust.    - Dette er utruleg enkelt!  Nokre meiner kanskje det er unødvendig, men dette er framtida, sa han og bygde det på mykje og god erfaring frå Bergen.
07.12.2017
Mykje vatn!
Vermeldarane har førebudd oss på ekstremt mykje regn, og det har dei fått rett i.  Regnet har sila ned jamnt og trutt, og oljehyra har kome godt med.  Ein tur rundt dalen i middagstida stadfesta også dette.  Uskedalselva er svært stor, og den går ut over sine breidder mange stader.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS