Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Fiolettgrønt i Dønhaugkjedlaren

17.09.2017
Klikk på bilete for full storleik
Violet Green i aksjon.
 
Husnes Jazzklubb inviterte fredag kveld til ein gjennomgang av blues-/jazz-/rockhistoria frå tidleg 1900tal til vår tid, og fokuset var på kvinnelege utøvarar og musikkskaparar.  Den svenske gruppa Violet Green (and All Between) ga oss eit interessant - og til tider - tankevekkande innsyn, spekka med flotte musikalske døme.  Maria Malmsten (kjend for dei fleste) står for opplegget av vestlandsturneen til bandet.
 
Dønhaugkjedlaren er så visst ein intimscene, og 6 musikarar er vel bortimot det det er plass til utan at utøvarane skal vera i vegen for kvarandre.  Nokre og tjue tilhøyrarar hadde funne vegen denne kvelden.  Det kunne vore fleire, men hadde me vore over tretti, ville truleg me ha vore i vegen for einannan.  Klokka var om lag kvart over ni då Jarle Mehammer ynskte velkomen. 
 
Bandet starta fyrste avdeling med Bessie Smith (the Empress of the Blues) sin ʺDrag my Blues Awayʺ.  Avdelinga femna tida fram til og med depresjonen I USA.  Me fekk høyra musikk av, og deler av historia kring 10 varierte og til dels svært fargerike damer.  Ein del av dei var innblanda i ganske skandaløse hendingar, og ei av damene kunne dagen etter lauslating frå arresten servera ein låt om det som hadde gått føre seg (Ma Rainey - ʺProve it om Me Bluesʺ).  Hadde de vore til stades, ville de fått veta kva ho vart arrestert for, og de ville og fått veta kven som spytta snus, samt ein del andre spesielle særdrag einskilte av desse damene hadde.  No kan de som ikkje var der, angra.  Dei av dykk som har interesse for å gjera noko med forsøminga, kan trykka HER for å sjå kor Violet Green skal spela komande veke (det er ikkje så langt unna).  Via denne linken kan de og finna ut mykje meir om kva denne gruppa står for.  Bandmedlemene skifta om å servera anekdotar og karakteristikkar for kvart nummer, og det vart ein svært god kontakt mellom dei og dei frammøtte. 
 
Andre avdeling tok oss frå midten av 30-talet og fram til no.  Eg hadde eit inntrykk av at under fyrste avdelinga la musikarane litt band på seg.  Ein kjenner truleg ein viss pietet overfor stoffet, og vil presentera det så tru mot det opphavelege som mogleg.  Iallfall losna den musikalske snippen meir etter kvart som me nærma oss notida.  Dette er jo stoff som mange musikarar, og publikum med, er meir kjende med, og det er mange artistar og band som har laga eigne versjonar. Her fekk me høyra meir av kva dei var gode for på instrumenta sine, og eg vil påstå at ikkje mange band får til det vokale så godt som desse damene.  Flotte harmoniar og ein hovudvokalist som verkeleg levde seg inn i songen.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Ein dedisert vokalist.
 
 
 
Her fekk me mellom mykje anna høyra kor Muddy Waters stal ʺGot my Mojo Walkingʺ (frå Ann Cole), og Jerry Lee Lewis har sjølvsagt stole ʺA Whole Lotta Shakinʹ Goinʹ onʺ (frå Mabel Louise (Big Maybelle) Smith).  ʺHound Dogʺ vart presentert 3 år før Elvis av Willie Mae (Big Mama) Thornton.  Med meir varme i trøya fekk me og verkelege perlepresentasjonar:  I samband med omtalen av Janis Joplin fekk me hennar versjon av:  ʺBall and Chainʺ - ein verkeleg godbit både vokalt og instrumentalt.  Denne songen er opphaveleg av Big Mama Thornton.  Me kjem og seint til å gløyma ʺFeeling Goodʺ (Nina Simone), der keyboardinnleiinga reiste høneskinnet på ryggen alt i starten.  Då jentene takka for seg (om lag 23.15), ville ikkje applausen ta ende.  Dei gjorde då ein dundrande finale med Tina Turners versjon av ʺRolling on the Riverʺ. 
 
Det er ikkje ofte ein opplever dyktige musikarar som er så uhøgtidelege, trivst så godt i lag, er så godt samkøyrde, og dermed får i stand slik kontakt med tilhøyrarane.  Dette var jo kvinnesak i høg grad, men eg trur ikkje sjølv den mest innbarka mannssjåvinisten av oss tok seg nær av denne presentasjonen.  -Me berre godtok det.
 
Musikk og undervisning var ved - frå venstre - : Ulla Wrethagen-vokal/gitar, Elsie Petrén-saxofon, Lena Andersson-bass, Anna Hammersten-keyboard/vokal, Jenny Fall-vokal, Eva Grund-trommer.
 
 
 
Tekst og foto:  Svein Rimestad
Nett:  Thor Inge Døssland
 
 
 
 

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
21.10.2020
Planstrategi utan at Gang- og sykkelveg til Steinsletto er omtalt.
Rullering av Planstrategi er sak i kommunestyret i morgon, torsdag 22. oktober. Det er ei årleg sak om kommunen sine prioriteringar i høve til plan fram til 2024. Gang- og sykkelveg Uskedal bru - Steinsletto er ikkje omtalt i planen. Det vert til vanleg rekna eit på 2 - 3 år frå oppstart reguleringsplan til arbeid i felten. Det er med andre ord lang tid fram til ei løysing.

kb
19.10.2020
Mange tok influensavaksine alt fyrste dagen.
Mange frå Uskedalen nytta høve til vaksinering i Rosendal alt fyrste dagen. Måndagen var delt i to med frammøte i alfabetisk rekkjefylgje ut frå etternamn. Tysdag 20. oktober er det ope for alle uansett etternamn. Vaksineringa var godt organisert og kjapt gjennomført. I neste  veke er det vaksinering på Husnes.

kb
18.10.2020
Til dei som ønskjer å ta idrettsmerke.
Hei!  Dersom nokon ønskjer å ta idrettsmerke i år, så er det framleis høve for det.  Ver snill å ta kontakt med Kjersti, tlf. 415 67 095 så ordnar vi det.

mvh Kjersti Bråtun.
18.10.2020
Melding til OLIVITA-brukarar.
Mange kjøper Olivita på Rabben, og i ein periode framover kan dei kontakta Åse M. Neset(413 67 330) eller Thor Inge Døssland(932 88 237) når dei treng meir olje eller kapslar.

tid.
17.10.2020
På landsmøte i Noregs Mållag - digitalt.
Gaute Lund og Kristian Bringedal er Kvinnherad Mållag sine utsendingar på landsmøte i Noregs mållag, ikkje på Sola slik det var planlagd, men digitalt. Det tyder at begge sit i sine stover og er kopla opp til landsmøte. Begge kan melda seg til innlegg og replikk. All røysting går digitalt. Øystein Skjæveland frå Herøysundet er utsending frå Hordaland Mållag.

kb
17.10.2020
Feil telefonnummer i sak om adventskalendar.
For nokre dagar sidan hadde vi ei sak om at skulemusikken håpar at nokon kan bidra med gevinstar til den populære adventskalendaren deira.(Les HER). Dessverre var det feil telefonnummer på Monica Hermann.  Rett nummer er: 906 35 493.
tid
17.10.2020
Koronakafe kvar tysdag frå kl. 11.00.
Det vert Koronakafe kvar tysdag framover i Gamleskulen mellom kl. 11.00 og kl. 14.00. Tiltaket har etter søknad motteke støtte frå DAM stiftinga. Nasjonalforeningen for folkehelsen har merka seg kva Uskedal helselag har fått til, både med den gode søknaden og den praktiske gjennomføringa.

kb
16.10.2020
Uteskulen takkar Hjønnevåg for fiskeburgarar.
1. - 3. klasse hadde uteskule på Halsatoppen på torsdag. Elevane takkar Marit og Hjønnevåg for knallgode fiskeburgarar. Køen har neppe vore så lang for å få mat på Halsatoppen før. Det var svært populært. Takk til Marit som spanderte dette på uteskulen.

Hilde
16.10.2020
Siderproduksjon og hummarfiske på Fjelberg.
For tida er det sesong for siderprodusjon og hummarfiske.  På Fjelbergøy betyr dette både sosialt fellesskap og konkurranse blant hyttefolk og fastbuande.  Uskedalsparet Frode og Lise Karin D. Sæbø er sentrale i dette.  Nyleg vart det publisert ein video frå årets siderproduksjon på skimtvis.net.  Den kan de sjå ved å klikka HER.  Underteikna er spent på om årets drykk kan måla seg med fjorårets Tuba-sider.  Blir det noko særleg hummarfangst, har vi håp om at det dukkar opp ein video frå det seinare i sesongen.

tid.
16.10.2020
Plassering av Dagsturhytta skal vurderast på nytt.
Formannsskapet vil ha ei ny vurdering i saka om plassering av Dagsturhytta. Etter eit administrativt vedtak er plasseringa Nautavatnet. No er plasseringa sett på vent inntil dett føreligg ny utgreiing og nytt framlegg. Uskedalen ligg inne med fleire aktuelle plassar.

kb
Siste Nyhende
22.10.2020
Innhaldsrikt hus med panoramautsikt vert vurdert seld i Halsabrotet.
Eit stort og innhaldsrikt hus med panoramautsikt vert vurdert seld i Uskedalen. Tomta, som ligg i byggefeltet Halsabrotet, er på heile 1113 rutemeter. Det er panoramautsikt mot Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. I vest ligg dei ruvande fjella Ulvanoso, Englafjell og Manen. Det er kort veg til sentrale sentrumsfunksjonar, badestrand og merka turvegar og stiar til utmark og fjell.
21.10.2020
Småbarnstreff i Lavvoen på Fjellandsbø onsdag 28. oktober.
No er det lenge sidan vi har møttest på Småbarnstreff. Vi har snakka på nytt med
kommuneoverlegen. Han tilrår framleis at vi ikkje har samlingar inne på Bedehuset
med så mange barn og vaksne, der vi blandar barn frå ulike aldersgrupper og ulike
bygder. Men vi kan vera ute. Kommuneoverlegen har gitt klarsignal til det.
19.10.2020
Jubileumsboka Heia TRIO med kulturhistorisk stoff frå Uskedalen.
Jubileumsboka Heia TRIO er lansert, med over 250 sider historisk stoff med bilete og statstikk. Bakgrunnen er at på nyåret 2021 er det 75 år sidan idrettslaget TRIO vart skipa, ei samanslåing av to fotballag og eit idrettslag i område Husnes, Sunde og Valen. Skriftnemnda med Ivar Vaage som redaktør har samla laget si soge mellom to permar i ei praktbok. Samarbeidet med Uskedalen og Rosendal kjem også fram, mellom anna om Ivar B. Arnesen som trenar for A laget på 1980 og 90 talet.
19.10.2020
Humlepungen Bryggjarlag held oppe tradisjonen med julebrygget.
Tidleg laurdag morgon rauk det frå pipa på Dønhaug. Humlepungen Bryggjarlag var klar  for brygging av juleølet. Starten var faktisk for 22 år sidan, i eldhuset på bruk nr. 9 på Myklebust. Ole Jakob Albrethson frå Omvikdalen var med som instruktør. Seinare har bryggjarlaget vore aktive med fleire bryggingar kvart år. Bryggjarlaget i Uskedalen held seg til folketradisjonen med bryggjing som ein del av førebuinga til jul.
18.10.2020
Klepp på Hauglandsfjellet - eit nytt turmål i Uskedalen.
Klepp med sine to store steinar er alt eit nytt turmål i Uskedalen. Dugnadsgruppa er snart klar med den andre gapahuken og alt no finn mange turen både til Flåtene i Eikedalen og til Klepp på Hauglandsfjellet. Dersom det vert brukande arbeidsver på torsdag i denne veka, er prosjektet på det næraste fullført. Uskedalen.no kjem tilbake med innlegg og bilete av dugnadsgruppa og frå arbeidsprosessen. No handlar det mest om stien fram til Klepp.
17.10.2020
Markerte støtte til Aksnes-innsamlinga.
Veteranbandet i UML markerte i dag si støtte til innsamlinga som skal sikra at nakkeskadde og ME-sjuke Eirik Aksnes skal få ein nødvendig og viktig operasjon i Tyskland.  Dette gjorde dei ved å halda konsert ved inngangen til Spar Uskedalen. I tillegg delte dei ut kort med informasjon om korleis ein kan støtta innsamlingsaksjonen.
16.10.2020
Klargjer flytting av tenester til Beinavikjo.
Kvinnherad Vekstbedrift er i full gang med klargjering for flytting av fleire tenester frå dagens produksjonslokale til lagerbygget på Beinavikjo. Det vert gjort ved at ein byggjer eit vekstadbygg inne i det store lagerbygget. Trevare- og betongproduksjonen vert med dette flytta til topp moderne lokale med gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Trelastlageret vert også bygd om for å få plass til butikk.
15.10.2020
Vil nokon hjelpa med gevinstar til adventskalendar?
Uskedal skulemusikk sin adventskalendar har vore eit fast og populært innslag i førjulstida dei 7 føregåande åra.  No er styret i gang med førebuingane av den 8. adventskalendaren som skulemusikken står bak.  Det trengst mange gevinstar, og derfor håpar styret at nokon kan vera hjelpsame med å skaffa det.  Då han dei berre ta kontakt med Monica Hermann (906 35 483) eller andre i styret, og dei blir kjempeglade!
15.10.2020
Uskedalen nådde ikkje opp med sine plassar for Dagsturhytta.
Meir enn 20 alternative lokalitetar for plassering av Dagsturhytta er vurderte av ei adminstrativ gruppe i kommunen. Sju av plassane ligg i Uskedalen. Ingen nådde opp i kampen om ei dertil eigna plassering. Mange av dei som sende framlegg til lokalitet, tenkte at det skulle vera eit lågterkseltilbod med val av ein plass for alle i gåavstand utan for mykje bruk av bil. Ei plassering ved Nautavatnet krev bilbruk og parkeringsareale.
Sponsorar
Rabben feriesenter
Eidsvik Eigedom AS
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Kvinnherad Elektro
Uskedal Båtlag
Spar
Gros Blomster
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Renhold service
Uskedal Røyr og Multiservice
Auto 88
Ospelunden
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Breiband
Stord Lufthamn
Zjakk Frisørsalong
kvinnheringen
Sparebank 1 SR bank ASA
Grenda
Tysnes Sparebank
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS