Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Festidalen - eit lite triveleg etterspel

09.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Det vert kraftig lydnivå opp gjennom dalen under Festidalen.
 
Det har tidlegare vore innvendingar til festivalleiinga frå dyrehaldarar oppetter dalen om at bråket og ljosglimta frå avsluttingsfyrverkeriet er ei svært uheldig påkjenning for dyr på beite.  I år kan det sjå ut som at også kraftig lydtrykk frå konsertane kan ha skræmt beitedyr.
 

Nærområdet og nedre del av dalen, så langt opp som til Klammeren, kan sjå ut til å ha vore påverka.  Tysdag kveld laut ei eitt år gamal kvige avlivast etter å ha vorte funnen innkilt under ein vase av rotvelta tre på eit beite ved Klammeren.  Nokre kalvar som hadde gått på beite på Døssland vart attfunne i Børsdalen nær kalkingsstasjonen.  Ein flokk kalvar som gjekk ganske nær festivalarenaen hadde teke seg ut av beitet, og var så avskræmde at dei måtte setjast innomhus.  Dei er framleis svært redde og uhandterlege, og det kan sjå ut til at ein av dei lyt naudslaktast.

 

Bondelagsmedlemene i dalen hadde måndag kveld eit krisemøte om denne saka, der og involverte bønder som ikkje var medlemer møtte.  Kjetil Mehl, formann i Hordaland bondelag, var og til stades på dette møtet.  På møtet vart det semje om å senda eit formelt brev til festivalleiinga med kopi til offentlege instansar som det og er naturleg å underretta.  I ettertid tok styret i bondelaget telefonisk kontakt med festivalleiinga og informerte om kva møtet hadde kome fram til.  Det vart semje om at ein laut gå i dialog om korleis ein kunne løysa slike problem på best mogleg vis.

 

Festivalleiinga har tysdag kveld hatt eit møte for å evaluera korleis avviklinga av sjølve arrangementet har vore.  Med bakgrunn i det som har funne stad, tok dei og opp den siste utviklinga med skadde dyr, og at media har fått nyss om saka (sjå mellom anna nettutgåva av Kvinnheringen).  Bjørn Olav Tveit beklagar på vegne av festivalleiinga sterkt det som har funne stad.  Dei har starta ein dialog med bondelaget, og vil i utgangspunktet forhalda seg til dei.  Konkrete løysingar kan me ikkje seia noko om før me har diskutert dei med bondelaget, seiar han.

 

Tekst: Svein Rimestad

Arkivfoto: Egil Høgemark

Nett:  Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
22.10.2017
Festidalen støtta TV-aksjonen.
Festidalen har gjeve 10.000 kroner i støtte til TV-aksjonen i dag.  Innsamlinga går til UNICEF sitt arbeid for å gje barn i Syria, Colombia, Mali, Pakistan og Sør-Sudan skulgang.  I dag får  ikkje kvart 5. barn i desse landa gå på skule

tid
21.10.2017
Minikonsert søndag kl.14.
Vi minner om at det vert minikonsert med Husnes skulekorps og Uskedal skulemusikk søndag 22.oktober kl.14 i Aktivitetshuset.Velkomne!

tid
20.10.2017
Siste opningshelg for thaivogna.
Poon Tip`s Thai take-away melder at dette er siste åpningshelg denne sesongen. Dei minner om at dei har åpent fra kl.14.00 - 20.00, fredag til søndag. Alle er hjertelig velkommen.

tid
20.10.2017
Buss utover etter jazzen.
Laurdag er det ny jazzkveld i Dønhaugkjedlaren. Husnes jazzklubb er arrangør, og gitaristen Svein Richard Mathisen - Somebody`s Quartet spelar.  Dørene opnar kl.20, og vi minner om at det går nattbuss frå Uskedal sentrum til Husnes og vidare utover kl.01.15.

tid
19.10.2017
Fjordhestlaget inviterer til fagkveld med stjernekusk.
Kvinnherad Fjordhestlag inviterer til ein hyggelig og lærerik fagkveld fredag 27.okt. kl.19.00 i Malmanger skule.  Øivind Mikkelsen, ein av Noregs beste konkurransekuskar, vil  m.a. fortelje om hans veg frå hobbykusk til verdsmeister. Han vil óg snakke om korleis ein legg opp utdanning og trening av unge/utrente hestar fram mot konkurranse.    Dette vert ein kveld med fagleg påfyll som passer for alle hesteinteresserte!

tid
19.10.2017
Ingen tildelingar til Uskedalen under Hjartebank.
Det var ingen av Uskedals-prosjekta som var blant dei 8 prosjekta som vart tildelt midlar under det store Hjartebank-arrangementet som vart arrangert i Husneshallen onsdag kveld.  Millionen som vart delt ut vart fordelt på 8 lag, og storleiken var på 50 tusen(1), 100 tusen(2) og 150 tusen(5).  Dei er fordelt på strekninga Skånevik til Rosendal.  Det var også søkt til prosjekt her i bygda.Det var elles fullt hus med om lag 1000 publikummarar på det flotte gratisarrangementet i Husneshallen. Sparebanken Vest var arrangør.

tid
18.10.2017
Utvida husband på haustfesten.
På haustfesten laurdag vert det møte med eit utvida husband. Husbandet vil spela taffelmusikk i forkant av opninga kl. 19. Bandet vil stå for tonefylgje til allsongane. Med i gruppa er: Tore Nordahl Perdersen ( bass), Svein Rimestad (gitar), Reidar Myklebust ( gitar) og Kristian Bringedal (trekkspel).

kb
18.10.2017
Fortent ros på rim i Kvinnheringen.
Turid og Tor Lakselv som bur i eit av husa i Hagetunet, har gjeve ein fortent ros til alle som jobbar for GULL AV GRUS-prosjektet gjennom Kvinnheringen.  Den koselege rosen er til og med på rim og lyder slik:

Roses den som roses bør, det er nettopp det vi gjør.   
For i Uskedalen på idrettsbanen skjer det mykje nytt for tiden.   
Noen flinke karer, ei seg selv de sparer.  
For å glede store, små, dagens ros den skal de få.

Turid og Tor Lakselv

tid
18.10.2017
Norge tapte EM-kamp, og Harald N. Tangen fekk annulert målet sitt.
Harald Nilsen Tangen og G16-landslaget tapte første EM-kvalifiseringskamp mot Hellas 1-0.  Rapportane fortel at Norge kjørte over Hellas i heile 2.omgang, men fekk ikkje scoring.  Rett nok sette Harald Nilsen Tangen ballen i mål, men det vart uforståeleg avblåse for offside.Neste kamp og nye muligheter kjem mot Serbia på laurdag.

tid
18.10.2017
Send oss lesarbilde.
Vi oppfordrar lesarane våre til å senda oss bilde til lesarbildespalta vår.  Sidan oppstarten av spalta i januar 2015, har vi publisert over 500 bilde frå  44 fotografar.  No minkar det på bilde i samlemappa vår, så vi blir veldig glade om de sender oss bilde, gjerne med tittel, til uskedalen.no@gmail.com.   På førehand tusen takk!

tid
Siste Nyhende
23.10.2017
Daltrekk til haustfesten av Vidar Haugland.
Uskedal ungdomslag vart skipa i 1888, og lagsbladet Daltrekk har fulgt laget på lagsmøte og festar i alle fall frå 1902.  Særtrekk med Daltrekk, har vore trekk frå dalen presentert med humor og brodd.  Til haustfesten på laurdag var Vidar Haugland bladstyrar.  Det særs velskrivne nummeret er sjølvsagt skrive på nynorsk, med sirleg handskrift slik tradisjonen var, men Vidar sa det fram på dialekt frå talarstolen. 
23.10.2017
Leppefiske starta i dag etter ein mellombels stopp.
Jostein Legland er yrkesfiskar og driv leppefiske. Det har vore stopp i fiske sidan 1. oktober, men i dag er teinene på plass att i Storsund. Leppefiske for å bekjempa laskelus er eit omdiskutert fiske. Kristiske røyster hevdar at fiske forstørrar den økologiske balansen i sjøen. Legland er fiskar og held seg til at fiske er lovleg og underlagt restriksjonar.
22.10.2017
Tale på haustfesten på vegner av ordføraren.
På haustefesten til Uskedal ungdomslag 22.oktober skulle ordførar Peder Sjo Slettebø halda festtalen.  Då dagen kom, var orføraren sjuk og måtte derfor melda forfall.  På kort tid vart det ordna med stand-in.  Denne oppgåva løyste Bjarte Døssland på ein aldeles glitrande måte, og vi set stor pris på å få dela talen med lesarane våre:
22.10.2017
Mange Uskedalsbarn var med på innsamling.
Det var kjekt å registrera at mange foreldre hadde med seg barn og ungdom då dei var bøsseberarar under dagens innsamlingsaksjon.  Innsamlinga skal sikra at barn i Syria, Colombia, Pakistan, Sør-Sudan og Mali får gå på skule og såleis er med og sikrar dei ei framtid.  Det er heile 24 mill. barn som ikkje får gå på skule i verda pga krig og konfliktar.
22.10.2017
Unge musikantar imponerte.
Dei kunne nok tenkt seg fleire musikarar både i Husnes skulekorps og i Uskedal skulemusikk, men jammen er dei flinke dei musikarane dei har.  Det fekk vi eit tydeleg bevis på under minikonserten i Aktivitetshuset søndag ettemiddag.  Det var bra med publikum som fekk ei fin musikkstund.
21.10.2017
Mange høgdepunkt i haustfestprogrammet!
Haustfesten i Helgheim laurdag var bygd etter den faste leisten, men det betyr ikkje at det var kjedeleg.  Tvert i mot hadde vi inntrykk av at publikum storkosa seg.  Programmet var godt samansett, leia på framifrå måte og kvaliteten på innslaga var av høg standard.  Maten smakte godt, og til dansen spela Trinity, favorittband for mange.
21.10.2017
Gammal bryggekunst i meir enn 20 år.
I 1995 var første gongen dei som no er Humlepungen ølbryggjarlag, hadde  brygging.  Dei hadde då i lengre tid snakka om å starta opp, og hovudmålet var å ta vare på denne tradisjonen som hadde vore vanleg på gardane, og som då var i ferd med å døy ut.  Etter det har dei hatt minst to årlege bryggingar, og i dag var Humlepungane samla på Dønhaug for å sikra juleølet.
20.10.2017
Internasjonal kulturfest for fullsett sal.
Med eit rikt, godt og tankevekkjande kulturprogram, ein fullsett, festpynta sal og og eit rikhaldig internasjonalt matbord vart den internasjonale kulturfesten i Kulturhuset Husnes fredag ettermiddag ein suksess.  Publikum hadde sitt opphav frå mange ulike kulturar, og blant dei 250 var det ein fin mix av nordmenn og innvandrarar.
20.10.2017
Reisebrev frå Lina i India.
Soknepresten vår, Lina Håland, har no vore på reise i India i om lag 3 veker.  Sentralt i turen er besøk på Umred Children Home, barneheimen der famileien hennar har gjort ein stor innsats for oppbygging og drift.  Vi vart svært glade då Lina lova å senda oss reisebrev før ho reiste, og nedanfor kan de lesa om opplevingane hennar, og det kjem fleire bilete seinare.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS