Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Løyste parkeringsproblemet på sin måte.

07.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Parkeringsvanskane i sentrum i helga vart her løyst på ein kreativ og uvanleg måte.
 
Det var til tider parkeringsvanskar i sentrum under Festidalen sine arrangment. Det var særleg merkbart ved Gamleskulen, ved Spar og på kaien. Artig var det å sjå ein bil parkert på elveførebygginga på Nedre Fet, tett inn under Uskedal bru. Ved fyrste blikk kunne ein tru det var ei utforkøyring, men bilen var uskada og plassert med stor omtanke.
 

Uskedaen.no kjenner rett nok ikkje til om dette var ein fiskar eller ein festivalgjest. Uansett er det ein som har funne ei kreativ løysing på eit parkeringsproblem i Uskedalen ved større tilskipingar.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
19.01.2018
Kvinnherad mållag m/ årsmøte i Uskedalen.
Det vert kunngjort at årsmøte i Kvinnherad mållag er i Gamleskulen, Uskedalen, torsdag 8. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtsaker, vert Målblomen 2018 tildelt ei verksmed som brukar nynorsk i si profilering og i all skriftleg kommunikasjon. I 2017 fekk Kvinnherad Libris v/ Arne Alsaker målblomen.

kb
18.01.2018
Redusert drift på nettsida.
Frå i morgon og to veker framover vert det redusert drift på nettsida. Redaksjonssekretæren er på reise og ein vil mellom anna ikkje vera klar for å dekka så mykje stoff som går på born, unge, idrett og musikk/konsertar.

Red.
18.01.2018
Årsmøte i Kvinnherad KRF, 29. januar.
KRF i Kvinnherad har sitt årsmøte i Kvinnherad Vekst sine lokale, måndag  29. januar kl. 18. Talar er fylesleiar Pål Kårbø. KRF brukar Uskedalen fast som årsmøtebygd.

kb
17.01.2018
Bilulukke i Vågabrekko.
Om lag kl. 14.45 køyrde ein bil i autovernet i Vågabrekko mellom Uskedalen og Herøysundet. Branntroppen frå Uskedalen vart tilkalla. Sjåføren er køyrd til vanleg legesjekk.

kb
17.01.2018
Årsmøte i Uskedal Indremisjon.
Det vert årsmøte i Uskedal indremisjon fredag 19. januar kl. 19 i Bedehuset. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det andakt v/ Gunnar Kjærland. Alle er velkomne.

kb
16.01.2018
Tor Gundersen ny dametrenar.
Tor Gundersen som dei siste åra har trena J02-laget til Rosendal/Uskedalen tar no steget opp og vert trenar for damelaget komande sesong.  Gundersen har trena aldersbestemte lag etter at han gjekk av som dametrenar i 2010.  Han overtar etter Yngve Bryn som trena laget i haustsesongen.  

tid
16.01.2018
Kven saknar eit turbilskilt ?
Dersom du er eigar av eit turbilskilt (BSG) og vil ha det tilbake, kan du stoppa ved Sunnhordland Prosjektutvikling sitt leileghetsbygg på Brekketoppen v/ Solheim Turiststasjon via a vi Byggeriet. Skilet står ved bosdunkane.  Skiltet er truleg rive av i den sterke vinden.

kb
15.01.2018
Sterk storm i vindkasta.
Kurt Haugland melder om sterk storm i vindkasta i Korsneset.. Den høgste målinga vart gjort i natt med ein vindstyrke på 23,2 sek. meter. Målsetasjonen i Rosendal synte kl. 10.30 ein styrke på 37,6 som er orkan. Det er alt meldt frå om skade på hustak i område.

kb
15.01.2018
Årsmøte i Friluftslaget, måndag 12. februar.
Det vert gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er måndag 12. februar kl. 19.30 på Stemneplassen. Tillitsvalde og medlemslaga må merka seg dag og dato. Meir informasjon kjem seinare.

Styret
12.01.2018
Skisenteret lovar strålande forhold både laurdag og søndag.
- Neste åpningsdag vert i morgon lørdag og søndag klokka 10-16. Det er meldt strålende sol, -3°C litt vind på lørdag og skya vær med -1°C på søndag. Vi fyrer i grillen i barnetrekket. Velkommen skal dåke være, skriv Fjellhaugen skisenter på facebook.  Søndag vert også det første karusellrennet denne vinteren arrangert.  Det er barnerenn i forkant, og det startar kl.12.  UIL er arrangør.

tid
Siste Nyhende
19.01.2018
Kyrkjemåleri - gåve sendt frå Oregon til Uskedalen.
Uskedal sokneråd har motteke i gåve eit måleri av kyrkja. Motivet er måla av M.L. Flatebø, kona til Torleif Flatebø. Dei bur i Ophir i staten Oregon nord på Vestkysten av USA.  Måleriet kom i postpakke og vart sendt til Trygve Haugland. Trygve har vore kotaktpersonen mellom Flatebø og soknerådet. Trygve og Torleif gjekk saman for presten og dei har halde kontakten i alle år etter dette.
18.01.2018
SELSTAD treng fleire notbøtarar.
SELSTAD, Måløy, har hatt ein vellukka start i Uskedalen. Alt no søkjer dei etter fleire notbøtarar knytta til lokala på Eidsvik. SELSTAD er ein internasjonal leverandør av utstyr og kompetanse til det martime markedet. Verksemda har 11 lokalsjonar på kysten frå Trømsø i nord til Uskedalen i sør. Hovudkontoret ligg i Måløy.
18.01.2018
Jazzkveldar på Dønhaug også denne våren.
Dei siste åra har Husnes jazzklubb lagt dei fleste klubbkveldane til Dønhaugkjedlaren, og dermed vert desse jazzkonsertane eit ekstra godt tilbod til oss uskedelingane.  Denne våren er det planlagt 2 jazzkveldar på Dønhaug, men aller først slår Husnes Jazzklubb til med konsert med dyktige Karina Opdal frå Sunde, Alex Hutton og venner i Kulturhuset Husnes i morgon, 19.januar.
18.01.2018
Ikkje veglys i sentrum grunna kabelbrot.
Eit kabelbrot i sentrum gjer at det dei siste kveldane ikkje har vore veglys i område Uskedal bru til busslomma ved nedkøyrsla til skulen. Det har heller ikkje vore lys på vegen ned til kyrkja og til SPAR. Ei mellombels retting gjer at det vert lys i område frå i ettermiddag.
18.01.2018
Mellombels tilsett som rektor ved Bringedalsygda.

Stig Berge Soldal er mellombels tilsett som rektor ved Bringedlsbygda skule. Tilsetjinga gjeld ut skuleåret. Ordninga med felles rektor på fleire skular har vore prøvd før. Så langt har denne ordninga fungert fint. Det er dessutan ei praktisk løysing for kommunen og vert oftast iverksett i dei høve der eksisterande rektor vert overført til ny skule midt i skuleåret.
17.01.2018
Skulemusikken til Hordablæsten.
For kort tid sidan mottok Uskedal skulemusikk eit kjekt initiativ frå naboane i Rosendal skulekorps.  Dei lurte på om dei to korpsa kunne delta i den store korpskonkurransen Hordablæsten i Grieghallen saman.  Både styret, dirigent og ikkje minst musikarane var begeistra for invitasjonen, og i går kveld starta dei førebuingane på musikkstykka som skal spelast i konkurransen.
16.01.2018
Røysterett for Alle i jubileumsåret 2018
Som mange veit, vart blandakoret Røysterett for Alle skipa i Uskedalen i januar i 1988.  2018 er altså eit jubileumsår, og dette er tenkt markert både internt og overfor omgjevnadane.
16.01.2018
Seks leilegheter - visning sentralt i Uskedalen.
Det vert ny visning i i Mollehuset i morgon, onsdag, kl. 16 - 17. Huset er totalrenovert. Arealet omfattar både det som var forretningslokale og leileghet i 2. høgda. Bygget ligg sentralt til i Uskedalen. Det er gangavstand til handel, båthamn, barnehage, skule,  aktivitetshus/treningspark. og andre sentrumsfunksjonar.
15.01.2018
Mange brukar sjølvbetjeningskassane.
Det er no vel ein månad sidan Spar Uskedalen tok i bruk 4 sjølvbetjeningskassar i butikken.  Vi har inntrykk av at svært mange brukar dei nye kassane, og det vert understreka av opplysningar vi får frå dagleg leiar, Bente Nilsen.  Dei er svært godt fornøgde med overgangen til dei nye kassane.
Sponsorar
Auto 88
kvinnheringen
Spar
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Byggeriet
Stord Lufthamn
grenda
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Elins Matgleder
Sparebank 1 SR bank ASA
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Energi AS
Kvinnherad Breiband
iDrift AS
Solheim Turiststajson
Kvinnherad Elektro
Uskedal Røyr og Multiservice
Gros Blomster
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS