Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

På føredragskro laurdag: DONALD TRUMP.

06.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Joar Hoel Larsen under føredragskroa laurdag.
 
Det siste halve året har namnet Donald Trump vore nemnd i norsk presse 58000 gongar. Til samanlikning var den norske statsministeren, Erna solberg, nemnd 22000 gongar.
Den nyvalde amerikanske presidenten, Donald Trump, har skapt overskrifter, sjokk, frykt og ekstrem medieinteresse dei siste seks månadane. Kvifor?
 

Dette spørsmålet skulle Joar Hoel Larsen frå utanriksredaksjonen i NRK prøve å svare på. Han har jobba i NRK sidan 1977 og var mellom anna korrespondent i USA frå 2004 til 2007.


Hoel Larsen starta med ei drøfting rundt slagordet 'America first' som Trump tok systematisk opp att og opp att gjennom heile valkampen. Mange av USA sine innbyggjarar slekter i utgangspunktet frå Europa. Dei reiste frå Europa i misnøye og bygde opp eit Amerika som vart isolasjonistisk og meinte at Europa kunne greie seg sjølve. Han tok fram USA sitt inntog i dei to verdskrigane som døme. Første verdskrig starta 1914, og USA meinte lenge at europearane måtte kunne klare seg sjølve. Difor kom dei ikkje med før i 1917. USA heldt seg også utanføre 2. verdskrigen, - heilt til japanarane bomba Pearl Harbour 7.des. 1941. Det fann dei seg ikkje i.          

Rundt 1940 var det ei rørsle i USA som kalla seg 'America first', ei rørsle som berre engasjerte seg i saker som gav føremoner til USA. Dette slagordet gjorde Donald Trump til sitt.


Både i valkampen og det siste halve året har Trump gått ut med mange løfte til det amerikanske folk, - med mur mot Mexico og innreiseforbod frå fleire muslimdominerte land som døme. Muren er det førebels ingen som vil betale for og innreiseforbodet har han heller ikkje fått gjennomslag for, slik han hadde tenkt. Hoel Larsen nemnde i den samanheng at ingen terroristar som er tekne i USA, er komne frå nokon av desse 6-7 landa som han vil nekte all innreise frå.

 
 
 
Joar Hoel Larsen.


Hoel Larsen hevda at amerikanske veljarar ikkje har greie på politikk, - ikkje på innanrikspolitikk, og i alle fall ikkje på utanrikspolitikk. Nyhendekanalar som avisa 'New York Times' og TV-kanalen CNN er utroleg lite lest og sett. (Han sa at 1 million såg CNN kvar dag). Donald Trump er ein sint mann, og han får mange amerikanarar til å tru på seg når han snakkar om å 'stanse dei svina frå dei muslimske landa'. Han gjer mange trygge med sånne uttalar, og folk kan sei om han: Trump kan ljuge så det renn av han, men han er vår løgnar.


Trump er annleis. Han 'twitrar' meldingar om alt og alle og nyttar dei formelle styringskanalar så lite som mogeleg. Om tilsette seier ting han ikkje liker, så sparkar han dei, og kjem det fram ting som ikkje er til hans beste, nektar han å tru dei og lagar 'alternative nyhende' som høver han. Politikarar i Kongressen seier: Å vere folkevald i Kongressen no er vanskeleg, men å vere folkevald republikanar i Kongressen er eit helvete. Vi har ein president som har republikansk fleirtal, men som  er vald for ikkje å følgje spelereglane, og som har så mange kontroversielle utspel, at det ofte er svært krevjande for oss å støtte han. Vår moral og integritet er truga.


Trump er van med å gjere alt som han vil, og han prøver å styre Amerika som sin butikk. Han treng lojale medarbeidarar, og familien kan vere nyttig. I ei spørjeundersøking seier 20 % av dei spurde at dei synest det er 'lurt' av Trump å bruke eigne familiefolk i administrasjonen.


Etter 6 månader har veldig mange forstått, og kanskje Trump også, at det er stor skilnad på å styre ei stormakt og ei verksemd.

           

Mange er engstelege for konsekvensane av politikken hans. President Donald Trump har 'røska opp i' mange fastlåste rutinar i Washington, og det kan vere bra, men han har også skapt stor uro, og ei kjensle av at 'alt kan skje', med sin uførutseielege politikk. Det er ikkje bra.


Men Joar Hoel Larsen var bra.

 
 

Tekst og foto: Vidar Haugland

Nett: Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.08.2017
Idrettsmerketaking i morgon, mandag 21.08.
I morgon, mandag 21.08, kl.17.30 er det høve til å ta idrettsmerke på Heio.

Å ta idrettsmerke årleg er god motivasjon for å halda seg i trim, så møt opp!!
tid
20.08.2017
Marius og Trio vann igjen.
Trio fossar vidare i 5.divisjon og vann laurdag 4-0 over Søfteland på bortebane.  Marius Myklebust spela heile kampen.  Trio leiar no klart med 30 p etter 12 kampar føre Solid(26) og Søfteland(22).  Det ser dermed ut som dei styrer mot eit sikkert opprykk til 4.divisjon.

tid
19.08.2017
Klatregruppa startar treninga i morgon, sundag.
Klartregruppa i Uskedalen melder på Facebook at treninga tek til i morgon, sundag 20. august. kl. 16 - 18, i Aktivitetshuset. Dermed er sesongen i gang.

kb
19.08.2017
SmakifråOska informerer.
Laurdag er det stengt p.g.a. privat selskap, men søndag er det som vanleg søndagsmiddag frå kl.15.  Då vert det severt nydeleg marinert svinenakke med eplesaus.  Hugs å bestille!Neste veke held Oska stengt, og det vert heller ikkje søndagsmiddag den 27.august så¨derfor er det lurt å nytta sjansen denne søndagen.

tid
18.08.2017
Sesongstart i Røysterett for Alle.
Røysterett for Alle startar haustsesongen torsdag 24. august. Det tradisjonsrike koret helsar gamle og nye medlemer velkomne. Maria Malmsten er musikalsk leiar.

kb
16.08.2017
Oppstart i trimgruppa UIL.
Turngruppa inviterer til ny sesong, og oppstarten vert slik:
Step på onsdag 23.08., kl 20.
Kettlbells torsdag 24.08., kl 19.30. 
Crossmix på mandag 28.08., kl 20.
Dametrimmen mandag 04.09. kl.19.
Turngruppa ønskjer vel møtt til ein aktiv haust.

tid
14.08.2017
Skulestart for Uskedal skule.
Endeleg er det skulestart igjen. Start vert måndag 21/8 klokka 08:20 for alle klassar unntatt 1. klasse. Dei møter kl.09:30.
Det vert normal dag denne dagen så hugs nødvendig utstyr og ikkje minst niste.
Vel møtt.
Helsing Uskedalen Skule v/ Stig Berge-Soldal


tid
13.08.2017
Søndagsmiddag og Seinsommarquiz.
I dag vert det servert ei fyrrig og god oksegryte med potetpuré, grønnsaker og humus til søndagsmiddag på Oska frå kl 15.  Som vanlig er desserten inkludert.
Onsdag kl.20 er det klart for SeinsommarQuiz.  Dørene opnar då kl.18.00.  Her er det berre å melda på lag. Epost er rokokk@gmail.com og  tlf: 918 64 091

tid
12.08.2017
Uskedal helselag startar opp att med styrketreninga.
Uskedal Helselag startar igjen opp med styrketrening for vaksne/eldre i Gamleskulen måndag 14.08.17 kl. 11.00.
Ingen er for ung - eller for gamal. Litt trening gjer godt for alle. Vi ynskjer nye med på laget, gjerne fleire menn. Kom og bli med oss, melder Eli Roseth Eik i Uskedal helselag.

tid
10.08.2017
Finn fram styltene.
På museumsdagen på Rød 20. august vert det styltemeisterskap. Audun Eik vann den siste vandrepokalen til odel og eige. Bror hans, Ståle Eik, er ein skarp konkurrent. Difor: Finn fram styltene for trening. Dersom du ikkje har stylter, kan du låna på Rød.

kb
Siste Nyhende
20.08.2017
2. slåtten 3 - 4 veker forseinka.
Dårelg ver gjer at 2.slåten er 3 - 4 veker forseinka. I ei artikkel i BergensTidende nyleg kom det fram at bøndene rundt Bergen er fortvila. Forkvaliteten er dåleg, særleg for dei som driv med mjøkeproduksjon. Mange må spe på med kraftfor for å halda oppe mjølkemengda. Bonde Hans Reidar Kjærland stadfestar at bøndene i Uskedalen er i den same situasjonen.
20.08.2017
Folk kosa seg på museumsdagen.
Museumsdagen på Rødtunet vart arrangert i dag, og mot det som har vore normalt i det siste, var vergudane i godlage og på arrangørane si side.  Saman med eit fint program gjorde det at dei vel 50 publikummarane var svært fornøgde då dei gjekk på heimveg.
20.08.2017
Feira nasjonaldagen på Rødtunet.
20.august er Ungarn sin nasjonaldag.  Derfor stilte Eva Megyesi i flott ny bunad frå heimlandet då den dyktige kantoren deltok på museumsdagen på Rødtunet.   - Vi feirer nasjonaldagen for å minnast at vi fekk Kong Stefan i år 999 e.Kr., fortalde Eva, og la til at museumsdag på Rød var ein fin måte å feira dagen på.  Ho hadde tidlegare på dagen spela under gudstenesta i Holmedal kyrkje.
19.08.2017
Jørn Ø. Sunde på historisk seminar på baroniet.
Fredag den 8.september kjem Jørn Øyrehagen Sunde til temakveld i Uskedal kyrkje med føredraget «Fem tesar om reformasjonen sine verknadar på vårt samfunn».   Før den tid kan vi oppleva den dyktige formidlaren når Baroniet Rosendal arrangerer historisk seminar om reformasjonen laurdag 26.august.
19.08.2017
Røysting til stortingsvalet 31.august.
I samband med kommunevalet for to år sidan var det kraftige reaksjonar i Uskedalen på at talet på valkrinsar vart kraftig redusert, og at ein måtte køyra lange vegar for å røysta.  Ved det komande stortingsvalet vert dette retta på.  Då vert det førehandsrøysting i 3 timar i Aktivitetshuset 31.august.
18.08.2017
Helsetreninga godt i gang.
Med 11 frammøtte vart det ein god start på styrketreninga for eldre sjølv om nokre av dei faste hadde meldt forfall.  Det er Uskedal helselag som står bak denne treninga som er i Gamleskulen kvar måndag i timen mellom 11 og 12.  Det er Eli Roseth Eik som leiar treninga slik ho har gjort frå oppstarten.  Berit H. Myklebust er vikar ved behov.
17.08.2017
Kvinnherad Auto med ny bilbergingsbil.
Sigurd Myklebust trappar ikkje ned aktiviteten i firmaet sitt Kvinnherad Auto sjølv om han har passert 77 år.  Han kjører på for fullt, og i helga var han i Oslo og henta seg ny bilbergingsbil.  Det er ein 2012-modell av merket Inveco, ein flott bil som ser ut som den er ny både innvendig og utvendig.
17.08.2017
Uskedalen har fått sin Løvfallsykkel.
Uskledalen.no har før skrive om enkle tiltak som skaper trivsel i nærområde. Blomane i kryssen på Haugland og planter i ein Jøtulomn på Nedre Fet er gode døme. Mange har den siste tida merka seg ein sykkel i sentrum tvers over vegen for Zjakk frisørsalong. Den 20 år gamle sykkelen er signalgul med blomedekorasjon og skiltet Skårhaug påmontert. Med dette har Uskedal fått sin 'Løvfallsykkel'.
16.08.2017
Har du høyrt om Burmagjengen eller B- gjengen som ei venegruppe med medlemer frå heile landet likar å kalla seg. Bakgrunnen er ei Albatrossreise til Burma i 2012 der 14 medlemer i reisefylgje valde å møtast att på Sildajazzen i Haugesund året etter. Dermed var det gjort. Kvart år etter det møtest gruppa andre helga i august. Ei kultuell hending, som Kammermusikkfestivalen i Rosendal, er ofte avgjeande for valet av plassen. Dønhaug Gjestegard var ein prima plass å bu.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS