Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Næringsseminar – opning og to fyrste foredrag.

05.08.2017
Klikk på bilete for full storleik
Fyrst ut var Sjur og Laila Langesæter med Rosendal Event
 
Reiseliv med naturen somUtgangspunkt kan vel seiast å vera tema for næringsseminaret dette året.  Eit ganske fullsett Aktivitetshus fekk dømepå konsept av svært ulike slag, både lokale (Rosendal Event), vidtfemnande(Color Line), og sterkt krevjande, varierte og personavhengige (Lars Monsen).

 

Seminaret vart drege i gang av ein uvant oppdressa Nils Trygve Markhus som framførde Arne Torget sin kjende Kvinnherssong med tone etter Vestlandsfanden sin song til Sauda.  Eg lyt vedgå at dette er fyrste gongen eg har høyrt skikkeleg etter, og teksten er god, den.  Mest kvart bygdelag i kommunen får sine karakteristikkar, servert treffande, humoristisk og godlynt.  -Ei høveleg opning på eit seminar som jo er meint for folk som skapar, eller skal skapa noko i Kvinnherad, og der lokalt særpreg kan vera ein viktig ingrediens for nokre.

 

Deretter fekk me ein liten seanse der dagens konferansierar - ordførar Peder Sjo Slettebø og Nils Trygve Markhus) presenterte seg sjølve (eller heller kvarandre) på humoristisk og uhøgtidsamt vis, og sette stemninga for resten av dagen.  Denne stemninga heldt dei godt ved lag gjennom heile seminaret.  Det er befriande når rammene ikkje vert for strenge, og når humor skal nyttast, er det viktig at det ikkje vert platt.  Her fekk me eig god og dyktig gjennomføring.

Frå SAS til friluft

Rosendal Event vart starta for godt eit år sidan, og ekteparet Langesæter opna med ein fin videopresentasjon av noko av det dei tilbyr i ein vakker Kvinnheradsnatur.  Sjur og Laila Langesæter har båe lang tenestetid i SAS.  Gode stillingar hadde dei, men travle arbeidsdagar (-døger), og lite tid saman.  Båe har utdanning som personleg trenar frå idrettshøgskulen, og er meir enn gjennomsnittleg interesserte i friluftsliv.  Då SAS for to år sidan kom med eit tilbod om sluttpakke for pilotar med lang teneste, gjekk Sjur (og dermed også Laila) ein runde i tenkeboksen.  Kva med å få gjort meir saman av det dei til no berre hadde kunna gjera i sparsamt tilmålt fritid, og det i ein natur dei har delt sidan dei treftest, og som han har kjent heile livet?  Det vart til at dei valde å satsa på eit konsept som kunne byggja på desse delte interessene, og enda altså opp med Rosendal Event.  Dette høyrest enkelt ut, men me fekk eit lite innsyn i det mylderet av detaljar som må plasserast inn i eit slikt tilbod.  Sjølve tilbodet må tenkjast ut, og vera slik at det kan utviklast vidare etter som ein finn meir ut av kva folk vil ha.  Ein må velja, og kjenna til aktuelle målgrupper.  Kvar er det lurt å presentera tilbodet, og korleis?  Kva med samarbeid med andre aktørar?  Er det mogleg å få stød (økonomisk eller annan) frå offentlege eller andre instansar?  Berre det med korleis sjølve bygda fungerer med kommunikasjonar og opningstider syner at det og ligg eit stort tilpassingspotensiale her.  Dei ga oss døme på døme over uventa detaljar som heile tida synte seg etter som dei jobba med utviklinga, og sjølv etter starten har ikkje dette teke slutt.

 

Etter eit års drift har dei fått mange og ulike oppdrag, frå utdrikkingslag til teambildingsturar og meir spesielle ynskje frå ulike grupper.  Det tek tid å verta kjend, og Rosendal Event har ikkje overbookingsproblem enno.  Grundig oppbyggingsarbeid og utvikling lovar likevel godt for ein aktør som har valt å satsa på Kvinnherad sine kvalitetar spesielt, og det ser ut til at dei kan stå på eigne bein utan å verta slukte av større aktørar som med større ʺparaplyʺ, gjerne satsar på store og frå før kjende reisemål, og set andre destinasjonar i ein parentes utan å satsa på vidareutvikling av desse.

Color Line

Jan Helge Pile har i ei årrekkje jobba i Color Line.  Han er utdanna på skipsteknikk og har skippereksamen.  Han styrer for tida teknisk side, der han mellom anna jobbar med kontrahering av nye båtar og kva spesifikasjonar desse skal ha.  Han har og ansvaret for det tekniske med eksisterande flåte, og korleis ein skal få denne meir up to date, både for passasjerar, mennskap, og med å gjera flåten meir moderne i høve til nye miljøkrav.  Presentasjonen han ga, var likevel slik at reiarlaget ikkje treng trega på at dei ikkje sette ein av PR-folka på jobben. 

 

Me fekk eit innsyn i korleis reiarlaget jobbar for å vera på høgda i høve til nye miljøkrav som stadig melder seg.  Dei har fått prisar for nett slikt, og det til tider alt før igangsette prosjekt har vore fullførte.  Han var inne på store hybridskip (eitt er alt kontrahert) som skal kunna gå inntil ein time med ein fart av 12 knop.  Mykje arbeid har vore gjort med reinsing av eksos frå eksisterande flåte, og han ga ei innføring i arbeid som vert gjort i høve til samkøyring med andre aktørar på land for at transport skal verta miljøeffektiv også ved samkøyring - melom anna ved å nytta containerar i staden for å køyra trailerar på ferjer.  Ein ting me passasjerar ofte ikkje er klare over:  Innan passasjertrafikken er det ikkje båtbillettane reiarlaga tener pengar på, men butikkane dei har om bord.  Samarbeid med landverts reiseoperatørar i Noreg er eit felt reiarlaget og har byrja å jobba med

Etter dette innslaget var det ein halvtimes pause.  Konferansier Slettebø annonserte den slik:  ʺOg i pausen vert det i fylgje Bjarte Døssland servert inn i H... kortreist mat - ver så god!ʺ

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kø for kortreist mat

Tekst og foto:  Svein Rimestad

Nett:  Thor Inge Døssland

 
 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.08.2017
Idrettsmerketaking i morgon, mandag 21.08.
I morgon, mandag 21.08, kl.17.30 er det høve til å ta idrettsmerke på Heio.

Å ta idrettsmerke årleg er god motivasjon for å halda seg i trim, så møt opp!!
tid
20.08.2017
Marius og Trio vann igjen.
Trio fossar vidare i 5.divisjon og vann laurdag 4-0 over Søfteland på bortebane.  Marius Myklebust spela heile kampen.  Trio leiar no klart med 30 p etter 12 kampar føre Solid(26) og Søfteland(22).  Det ser dermed ut som dei styrer mot eit sikkert opprykk til 4.divisjon.

tid
19.08.2017
Klatregruppa startar treninga i morgon, sundag.
Klartregruppa i Uskedalen melder på Facebook at treninga tek til i morgon, sundag 20. august. kl. 16 - 18, i Aktivitetshuset. Dermed er sesongen i gang.

kb
19.08.2017
SmakifråOska informerer.
Laurdag er det stengt p.g.a. privat selskap, men søndag er det som vanleg søndagsmiddag frå kl.15.  Då vert det severt nydeleg marinert svinenakke med eplesaus.  Hugs å bestille!Neste veke held Oska stengt, og det vert heller ikkje søndagsmiddag den 27.august så¨derfor er det lurt å nytta sjansen denne søndagen.

tid
18.08.2017
Sesongstart i Røysterett for Alle.
Røysterett for Alle startar haustsesongen torsdag 24. august. Det tradisjonsrike koret helsar gamle og nye medlemer velkomne. Maria Malmsten er musikalsk leiar.

kb
16.08.2017
Oppstart i trimgruppa UIL.
Turngruppa inviterer til ny sesong, og oppstarten vert slik:
Step på onsdag 23.08., kl 20.
Kettlbells torsdag 24.08., kl 19.30. 
Crossmix på mandag 28.08., kl 20.
Dametrimmen mandag 04.09. kl.19.
Turngruppa ønskjer vel møtt til ein aktiv haust.

tid
14.08.2017
Skulestart for Uskedal skule.
Endeleg er det skulestart igjen. Start vert måndag 21/8 klokka 08:20 for alle klassar unntatt 1. klasse. Dei møter kl.09:30.
Det vert normal dag denne dagen så hugs nødvendig utstyr og ikkje minst niste.
Vel møtt.
Helsing Uskedalen Skule v/ Stig Berge-Soldal


tid
13.08.2017
Søndagsmiddag og Seinsommarquiz.
I dag vert det servert ei fyrrig og god oksegryte med potetpuré, grønnsaker og humus til søndagsmiddag på Oska frå kl 15.  Som vanlig er desserten inkludert.
Onsdag kl.20 er det klart for SeinsommarQuiz.  Dørene opnar då kl.18.00.  Her er det berre å melda på lag. Epost er rokokk@gmail.com og  tlf: 918 64 091

tid
12.08.2017
Uskedal helselag startar opp att med styrketreninga.
Uskedal Helselag startar igjen opp med styrketrening for vaksne/eldre i Gamleskulen måndag 14.08.17 kl. 11.00.
Ingen er for ung - eller for gamal. Litt trening gjer godt for alle. Vi ynskjer nye med på laget, gjerne fleire menn. Kom og bli med oss, melder Eli Roseth Eik i Uskedal helselag.

tid
10.08.2017
Finn fram styltene.
På museumsdagen på Rød 20. august vert det styltemeisterskap. Audun Eik vann den siste vandrepokalen til odel og eige. Bror hans, Ståle Eik, er ein skarp konkurrent. Difor: Finn fram styltene for trening. Dersom du ikkje har stylter, kan du låna på Rød.

kb
Siste Nyhende
20.08.2017
2. slåtten 3 - 4 veker forseinka.
Dårelg ver gjer at 2.slåten er 3 - 4 veker forseinka. I ei artikkel i BergensTidende nyleg kom det fram at bøndene rundt Bergen er fortvila. Forkvaliteten er dåleg, særleg for dei som driv med mjøkeproduksjon. Mange må spe på med kraftfor for å halda oppe mjølkemengda. Bonde Hans Reidar Kjærland stadfestar at bøndene i Uskedalen er i den same situasjonen.
20.08.2017
Folk kosa seg på museumsdagen.
Museumsdagen på Rødtunet vart arrangert i dag, og mot det som har vore normalt i det siste, var vergudane i godlage og på arrangørane si side.  Saman med eit fint program gjorde det at dei vel 50 publikummarane var svært fornøgde då dei gjekk på heimveg.
20.08.2017
Feira nasjonaldagen på Rødtunet.
20.august er Ungarn sin nasjonaldag.  Derfor stilte Eva Megyesi i flott ny bunad frå heimlandet då den dyktige kantoren deltok på museumsdagen på Rødtunet.   - Vi feirer nasjonaldagen for å minnast at vi fekk Kong Stefan i år 999 e.Kr., fortalde Eva, og la til at museumsdag på Rød var ein fin måte å feira dagen på.  Ho hadde tidlegare på dagen spela under gudstenesta i Holmedal kyrkje.
19.08.2017
Jørn Ø. Sunde på historisk seminar på baroniet.
Fredag den 8.september kjem Jørn Øyrehagen Sunde til temakveld i Uskedal kyrkje med føredraget «Fem tesar om reformasjonen sine verknadar på vårt samfunn».   Før den tid kan vi oppleva den dyktige formidlaren når Baroniet Rosendal arrangerer historisk seminar om reformasjonen laurdag 26.august.
19.08.2017
Røysting til stortingsvalet 31.august.
I samband med kommunevalet for to år sidan var det kraftige reaksjonar i Uskedalen på at talet på valkrinsar vart kraftig redusert, og at ein måtte køyra lange vegar for å røysta.  Ved det komande stortingsvalet vert dette retta på.  Då vert det førehandsrøysting i 3 timar i Aktivitetshuset 31.august.
18.08.2017
Helsetreninga godt i gang.
Med 11 frammøtte vart det ein god start på styrketreninga for eldre sjølv om nokre av dei faste hadde meldt forfall.  Det er Uskedal helselag som står bak denne treninga som er i Gamleskulen kvar måndag i timen mellom 11 og 12.  Det er Eli Roseth Eik som leiar treninga slik ho har gjort frå oppstarten.  Berit H. Myklebust er vikar ved behov.
17.08.2017
Kvinnherad Auto med ny bilbergingsbil.
Sigurd Myklebust trappar ikkje ned aktiviteten i firmaet sitt Kvinnherad Auto sjølv om han har passert 77 år.  Han kjører på for fullt, og i helga var han i Oslo og henta seg ny bilbergingsbil.  Det er ein 2012-modell av merket Inveco, ein flott bil som ser ut som den er ny både innvendig og utvendig.
17.08.2017
Uskedalen har fått sin Løvfallsykkel.
Uskledalen.no har før skrive om enkle tiltak som skaper trivsel i nærområde. Blomane i kryssen på Haugland og planter i ein Jøtulomn på Nedre Fet er gode døme. Mange har den siste tida merka seg ein sykkel i sentrum tvers over vegen for Zjakk frisørsalong. Den 20 år gamle sykkelen er signalgul med blomedekorasjon og skiltet Skårhaug påmontert. Med dette har Uskedal fått sin 'Løvfallsykkel'.
16.08.2017
Har du høyrt om Burmagjengen eller B- gjengen som ei venegruppe med medlemer frå heile landet likar å kalla seg. Bakgrunnen er ei Albatrossreise til Burma i 2012 der 14 medlemer i reisefylgje valde å møtast att på Sildajazzen i Haugesund året etter. Dermed var det gjort. Kvart år etter det møtest gruppa andre helga i august. Ei kultuell hending, som Kammermusikkfestivalen i Rosendal, er ofte avgjeande for valet av plassen. Dønhaug Gjestegard var ein prima plass å bu.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS