Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Opningsdøger med godt fiske i Uskedalselva.

16.06.2017
Klikk på bilete for full storleik
Martin Førde og Espen Garberg frå Odda bur og fiskar i Uskedalen i helga. Dei fiskar med floge i den nederste delen av elva.
 
Det er rapportert inn fem fiskar i Uskedalselva fyrste døgeret  av fiskesesongen 2017. Fordelinga er 3 laksar og 2 aurar, dei to største på 5,8 kg og 4,3 kg. Fire av fiskane er tekne på Haugland. Uskedalen.no møter Martin Førde og Espen Garberg i Djupehølen, begge frå Odda. Dei fiskar med floge og har kort fram til sundag.
 

Martin og Espen er røynde fiskarar. Det meste av fritida går med til fiske på denne tida av året. Dei fiskar i Etneelva, Lohneelva på Osterøy og i Årdalselva. Uskedalselva kan vera ei god elv, seier Martin Førde, men nett no vart det litt lite vatn. Han vurderer å dra til Etne for å halda fram med fiske der.

 

Det er 3. sesongen dei er i Uskedalen. Martin har tilgang til leileghet på Eikelandet. Slik dei ser det, er det mykje fisk i elva. Med floge held dei seg helst nederst i elva, frå Klehølen og nedover mot elvosen.

 

På heimseida til Uskedal grunn-og elveeigarlag les vi om fiskereglane i uskedalselva. Eit døgnkort kostar kr. 300,-. og det er berre 10 kort i bruk på same tid. I tillegg kjem grunneigarkort. Det vert ikkje seld sesongkort. Ungdom under 18 år fiskar gratis, men alle må vera registrerte.

 

Eim større artikkel i BT tysdag 13. juni handlar om truga villfiskstammer og om stengde elvar i Hardanger. Det gjeld mellom anna elvane i Rosendal. Etnevassdraget og Uskedalselva vert framheva som to gode elvar. Etneelva har til tider vore stengd. Uskedalselva har vore open for fiske heile tida.

 
 

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
26.06.2017
Opningstidene til Gros Blomster.
Etter ein periode med utvida opningstider i travlaste plantesesongen, går no Gros Blomster tilbake til dei vanlege opningstidene att.  Det er:
Mandag-torsdag: kl.9 - 16.30
Fredag: kl.9 - 18.
Laurdag: kl.9 - 15.

Hos Gros Blomster er det alltid ein koseleg og god handel!

tid
26.06.2017
Ferie i treninga til Uskedal helselag.
Styrketreninga for eldre/vaksne som Uskedal helselag står for, tar ferie f.o.m. 01.07.  Treninga startar opp att 14.08.2017 til vanleg tid kl.11.
God sommar!

tid
26.06.2017
Heltne Nilsen og Børven til fotballskulen.
Tirsdag vitjar dei to Brann-spelarane Torgeir Børven og Sivert Heltne Nilsen fotballskulen som no pågår i Rosendal.  For dei 152 deltakarane på fotballskulen vert det stas å møta desse to i tillegg til Kvinnherad si eiga Nest-Sotra-stjerne, Johnny Furdal.

tid
26.06.2017
Klatrekurs er avlyst.
DNT fjellsport Bergen arrangerer nybyrjar kurs i fjellklatring i Uskedalen i juni kvart år.  Årets kurs skulle ha starta i dag, men det er dessverre avlyst p.g.a. for få deltakarar.

tid
26.06.2017
Allsong på Kafe Tiaren, tysdag 27. juni
Det vert allsong på Kafe Tiaren i morgon, tysdag, kl. 12. Tekstane vert synte på skjerm. Songane er kjende, men det vert alltid lagt inn tekstar som ikkje er brukte før. Reidar Myklebust, Svein Rimestad og Kristian Bringedal spelar til og er forsongarar.

kb
25.06.2017
Parkering ved brua til Hauglandsheio.
Det er svært avgrensa med plass til parkering ved brua som går over til Hauglandsheio ovanfor Gravehølen.  Både turgåarar til Kalkestasjonen og vidare til Ulvanåso, og fiskarar har behov for parkering der.  Derfor er det viktig at plassen vert godt utnytta.
Bilane bør parkerast i retning langs med elva med fronten opp eller ned dalen, men dei må ikkje parkerast slik at dei er til hinder for trafikken over brua, då den er mykje brukt.  Dei første bilane må ikkje parkerast på tverrs då det reduserer mulighetene for å utnytta arealet.

tid
25.06.2017
Trio med rekordstor siger!
Trio var i målform, og møtte svak motstand, då dei spela mot Lyngbø 2 på Husnes i dag.  Etter 7-0 ved pause putta dei på ytterlegare 9 mål i 2.omgang slik at sluttresultatet vart 16-0.  Trio tar dermed ferie på toppen av tabellen.
Sondre Myklebust kom inn som innbytar etter vel 50 minutt, og han scora sitt første seriemål for Trio då han sette inn 16-0 minuttet før slutt og fastsette sluttresultatet.
Marius Myklebust som til vanleg spelar på Trio, var ikkje med i denne kampen.  Dei mangla også eit par spelarar til som  til vanleg er på laget.

tid
24.06.2017
Stortap mot Mathopen.
A-laget tapte heile 8-0 mot tabbellnabo Mathopen i heimekampen i Rosendal laurdag.  Dermed passerte Mathopen Rosendal på tabellen.  Sander S. Myklebust, Karsten A. Haugland, Torbjørn Steinsvik, Torstein Myklebust og Emil B. Berntsen var med på Rosendalslaget.

tid
24.06.2017
3 poeng til Rosendal/Trio-damene
Rosendal/Trio sitt damelag skulle i dag ha spela mot Fana 2 borte.  Motstandaren måtte trekkja seg frå kampen, og dermed vart Rosendal/Trio tilkjent siger 3-0 og 3 poeng.
Laget toppar for øyebikket tabellen i 4.divisjon, men dei kan verta forbigått av Loddefjord og Solid/Trott som har spela færre kampar.  Kampen mot Fana 2 skulle vore siste kamp i vårsesongen for Rosendal/Trio.

tid
22.06.2017
Sea King i Ulavnoso.
Det har truleg vore ei berging i Ulvanoso i dag. Ein Sea King var på plassen i 14 tida og hadde med bergingsmann. Helikopteret kom frå sør og returnerte same vegen. Det er ikkje meldt på politiloggen om at det skal vera berging i Ulvanoso. Difor er det noko uvisst kva oppdraget var.

kb
Siste Nyhende
26.06.2017
Flott sommarkonsert på Oska fredag
Det er fire særdeles dyktige musikarar som skal ha konsert på Oska førstkommande fredag når Ingebjørg Eik Band kjem på besøk.  Då kan vi velja om vi vil kombinera musikken med ein god Smakifrå-middag, eller om vi berre vil ha med oss konserten.  Uansett vil det verta ein herleg fredagskveld på utestaden ved båthamna. 
26.06.2017
Gøy på CheerCamp Uskedalen.
For tida føregår eit svært godt tilbod til barn og ungdom som nett har fått skuleferie, i Aktivitetshuset.  Det er CheerCamp Uskedalen. Fire dyktige instruktørar har treningar med deltakarane 4 timar kvar dag inkludert ein halv times lunsjpause.  Onsdag kl.15 vert det avslutningsshow, og der kan vi få sjå kva dei har lært, og få meir kjennskap til kva cheerleading er.
26.06.2017
Introduksjonskurs i kajakkpadling under Festidalen.
Tilboda under Festidalen vert stadig utvikla og utvida.  I år kan dei som ønskjer det få  lære å padla kajakk og læra meir om kajakkteknikk.  Kvinnherad Turlag, DNT Ung Kvinnherad og Festidalen arrangerer nemleg introduksjonskurs i kajakkpadling lørdag 5.august.  Oppmøte er på Sandakaien kl.10, og påmeldingsfristen er 3.august.
26.06.2017
Forballar i rosa, kvitt og blått.
I mange år var forballane berre i kvitt. I fjor kom dei i rosa, som ei markering og støtte i brystkreftsaka. I år finn vi mange siloballar i blått og no med fokus på og støtte til Prostatakreftforeningen. Det er Stian Haugland i Haugland Maskin som er mannen bak denne markeringa i Uskedalen og der han har oppdrag.
26.06.2017
Bildet viser helselagsdamer på jonsok 1997.
OPPDATERT:  For nokre dagar sidan viste vi dette bildet som Gunn Mari Moberg sende oss.  Vi stilte ein del spørsmål om det, og er svært glade for responsen vi fekk.  Alt dagen etter ringte leiar i helselaget, Berit H. Myklebust, og ho kunne slå fast at det var helselaget.  Ho hadde også vore i kontakt med eit par andre helselagsdamer, og skrivar Eli R. Eik skulle prøva å finna ut av det i bøkene.
25.06.2017
Topp musikk frå start til slutt!
Den gode musikken som vart framført var hovudgrunnen til den flotte stemninga som vart skapt under bøkkerkvelden på Rød laurdag kveld.  Musikken var også ei av årsakene som Kristian Bringedal trekte fram til suksessen då han tok eit historisk tilbakeblikk.  I tillegg nemnde han menyen og at det kom folk frå alle bygder.
25.06.2017
Jens Bøkkar av Olaf Agnar Gausvik.
Til bøkkerkvelden som var på Rød 24.06.2017 hadde Olaf Agnar Gausvik skrive denne songen til tonen på Waltzing Mathilda.  Den vart urframført av drivkreftene bak bøkkerkveldane, Hallvard Johan Rød og Kristian Olav Bringdal, denne kvelden.  Vi gjengjev her teksten:
24.06.2017
Biblioteket på kaien er blitt endå finare!
Nyleg skreiv vi om mini-biblioteket på Sandakaien som Spar Uskedalen har sett opp.  På veg til jobb i går stakk eg nedom Sandakaien, og då la eg merke til at den fine vesle bibliotekshytta i Spar-fargane raudt og grønt no var blitt pynta opp med potteblomster hengande på begge sider av døra.  Det var så fint at eg syntes det fortente eit bilde på uskedalen.no.
24.06.2017
Børnes er fullt. Interesse frå fleire.
Kvinnheringen.no har i dag eit større oppslag om den store interessa som har vore for kjøp av tomtar i Børnes industriområde.  Etter at det lenge hadde vore heilt stille, eksploderte interessa for industriområdet, og no er det ikkje ledig areal att.  Det er også 4 interessentar som har søkt om tom, men som har fått avslag av denne grunn.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS