Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Fin avslutningsfest for 7.klassingane.

15.06.2017
Klikk på bilete for full storleik
Dette plommetreet med ballongar med hjartevarme helsingar står no trygt planta på Neset.
 
Plommetreet de ser på biletet over, er ikkje noko vanleg plommetre.  Plommene er ballongar.  Ballongane er ikkje berre fylt med luft.  Dei inneheld nemleg hjartevarme helsingar.  Det er ei flott og rørande gåve til kontaktlærar Åse Neset frå avgangsklassen på Uskedal skule og vart ovverrekt på festen tirsdag kveld.
 

På avslutningsfesten for 7.klasse var det eit fint program.  Først var det eit innslag av ei dansegruppe.  Deretter vart det komikk der parodiering var sentralt.  Torbjørn Haugland, Kristian Øvstebø og Anders Isdal-Myklebust stod for det.  Torbjørn parodierte bloggaren Sophie Elise medan Kristian tok seg av rolla som Knut Arild Hareide.  Anders var journalist som intervjua desse.  Knallbra var det!  Det var det også i det neste innslaget då Torbjørn framførte ein glitrande parodi på Kongen sin nyttårstale.

Etter at latteren hadde lagt seg, framførte alle dei 23 elevane ein fellesdans som ein flott avslutning på denne programdelen.

 
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Åse overrekte ein hopptimist til kvar elev.

Det var også talar og gåveoverrekking.  Vi har fortalt om den flotte gåva frå elevane til den omtykte Åse.   Åse hadde gode ord om og til elevane.  Ho gav også gåve til kvar elev; - ein hopptimist som skulle symbolisera at no er det ein ny start.  Hilde Bringedal og Brit Hjetland hadde klassen frå 1. til 4.klasse.  Dei tala og mimra til elevane.

6.klasseforeldra hadde absolutt gjort sitt til at festen vart så vellukka.  Dei sytte for maten som var flott og delikat tillaga, og var med gjorde sitt til at elevane følte seg verdsett.  Det vart servert taco, og til dessert fekk dei is og frukt-coctail.

 

Åse Neset seier at det var ein hyggeleg kveld sjølv om det også er vemodig.  Ho trur at elevane no er klare for å begynna på ungdomsskulen, og ser fram til det.  Ho syns ungdomsskulen har gjort ein god jobb for å gjera overgangen så grei som mogeleg for elevane.  Dei har blitt tatt godt i mot, og det har vore besøk begge vegar.  Foreldra har også vore på ungdomsskulen og har fått informasjon. 

- Ungdomsskulen har handtert dette veldig godt, syns eg.  Dei starta i god tid, og eg føler tryggheten har begynt å siga inn.  Eg trur dei er klare for ungdomsskulen, seier Åse Neset. 

Eg er sikker på at ho kjem til å ta mange turar ut til plommetreet i tida framover, stoppa opp, lesa på ballongane og tenkja på dei 2 åra ho har hatt saman med dei 23 elevane.  Frå foreldrehald er eg beden om å ta med at Åse har gjort ein fantastisk jobb med klassen.

 

Tekst og nett:  Thor Inge Døssland

Foto: Kjersti N. Børve og Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.08.2017
Idrettsmerketaking i morgon, mandag 21.08.
I morgon, mandag 21.08, kl.17.30 er det høve til å ta idrettsmerke på Heio.

Å ta idrettsmerke årleg er god motivasjon for å halda seg i trim, så møt opp!!
tid
20.08.2017
Marius og Trio vann igjen.
Trio fossar vidare i 5.divisjon og vann laurdag 4-0 over Søfteland på bortebane.  Marius Myklebust spela heile kampen.  Trio leiar no klart med 30 p etter 12 kampar føre Solid(26) og Søfteland(22).  Det ser dermed ut som dei styrer mot eit sikkert opprykk til 4.divisjon.

tid
19.08.2017
Klatregruppa startar treninga i morgon, sundag.
Klartregruppa i Uskedalen melder på Facebook at treninga tek til i morgon, sundag 20. august. kl. 16 - 18, i Aktivitetshuset. Dermed er sesongen i gang.

kb
19.08.2017
SmakifråOska informerer.
Laurdag er det stengt p.g.a. privat selskap, men søndag er det som vanleg søndagsmiddag frå kl.15.  Då vert det severt nydeleg marinert svinenakke med eplesaus.  Hugs å bestille!Neste veke held Oska stengt, og det vert heller ikkje søndagsmiddag den 27.august så¨derfor er det lurt å nytta sjansen denne søndagen.

tid
18.08.2017
Sesongstart i Røysterett for Alle.
Røysterett for Alle startar haustsesongen torsdag 24. august. Det tradisjonsrike koret helsar gamle og nye medlemer velkomne. Maria Malmsten er musikalsk leiar.

kb
16.08.2017
Oppstart i trimgruppa UIL.
Turngruppa inviterer til ny sesong, og oppstarten vert slik:
Step på onsdag 23.08., kl 20.
Kettlbells torsdag 24.08., kl 19.30. 
Crossmix på mandag 28.08., kl 20.
Dametrimmen mandag 04.09. kl.19.
Turngruppa ønskjer vel møtt til ein aktiv haust.

tid
14.08.2017
Skulestart for Uskedal skule.
Endeleg er det skulestart igjen. Start vert måndag 21/8 klokka 08:20 for alle klassar unntatt 1. klasse. Dei møter kl.09:30.
Det vert normal dag denne dagen så hugs nødvendig utstyr og ikkje minst niste.
Vel møtt.
Helsing Uskedalen Skule v/ Stig Berge-Soldal


tid
13.08.2017
Søndagsmiddag og Seinsommarquiz.
I dag vert det servert ei fyrrig og god oksegryte med potetpuré, grønnsaker og humus til søndagsmiddag på Oska frå kl 15.  Som vanlig er desserten inkludert.
Onsdag kl.20 er det klart for SeinsommarQuiz.  Dørene opnar då kl.18.00.  Her er det berre å melda på lag. Epost er rokokk@gmail.com og  tlf: 918 64 091

tid
12.08.2017
Uskedal helselag startar opp att med styrketreninga.
Uskedal Helselag startar igjen opp med styrketrening for vaksne/eldre i Gamleskulen måndag 14.08.17 kl. 11.00.
Ingen er for ung - eller for gamal. Litt trening gjer godt for alle. Vi ynskjer nye med på laget, gjerne fleire menn. Kom og bli med oss, melder Eli Roseth Eik i Uskedal helselag.

tid
10.08.2017
Finn fram styltene.
På museumsdagen på Rød 20. august vert det styltemeisterskap. Audun Eik vann den siste vandrepokalen til odel og eige. Bror hans, Ståle Eik, er ein skarp konkurrent. Difor: Finn fram styltene for trening. Dersom du ikkje har stylter, kan du låna på Rød.

kb
Siste Nyhende
20.08.2017
2. slåtten 3 - 4 veker forseinka.
Dårelg ver gjer at 2.slåten er 3 - 4 veker forseinka. I ei artikkel i BergensTidende nyleg kom det fram at bøndene rundt Bergen er fortvila. Forkvaliteten er dåleg, særleg for dei som driv med mjøkeproduksjon. Mange må spe på med kraftfor for å halda oppe mjølkemengda. Bonde Hans Reidar Kjærland stadfestar at bøndene i Uskedalen er i den same situasjonen.
20.08.2017
Folk kosa seg på museumsdagen.
Museumsdagen på Rødtunet vart arrangert i dag, og mot det som har vore normalt i det siste, var vergudane i godlage og på arrangørane si side.  Saman med eit fint program gjorde det at dei vel 50 publikummarane var svært fornøgde då dei gjekk på heimveg.
20.08.2017
Feira nasjonaldagen på Rødtunet.
20.august er Ungarn sin nasjonaldag.  Derfor stilte Eva Megyesi i flott ny bunad frå heimlandet då den dyktige kantoren deltok på museumsdagen på Rødtunet.   - Vi feirer nasjonaldagen for å minnast at vi fekk Kong Stefan i år 999 e.Kr., fortalde Eva, og la til at museumsdag på Rød var ein fin måte å feira dagen på.  Ho hadde tidlegare på dagen spela under gudstenesta i Holmedal kyrkje.
19.08.2017
Jørn Ø. Sunde på historisk seminar på baroniet.
Fredag den 8.september kjem Jørn Øyrehagen Sunde til temakveld i Uskedal kyrkje med føredraget «Fem tesar om reformasjonen sine verknadar på vårt samfunn».   Før den tid kan vi oppleva den dyktige formidlaren når Baroniet Rosendal arrangerer historisk seminar om reformasjonen laurdag 26.august.
19.08.2017
Røysting til stortingsvalet 31.august.
I samband med kommunevalet for to år sidan var det kraftige reaksjonar i Uskedalen på at talet på valkrinsar vart kraftig redusert, og at ein måtte køyra lange vegar for å røysta.  Ved det komande stortingsvalet vert dette retta på.  Då vert det førehandsrøysting i 3 timar i Aktivitetshuset 31.august.
18.08.2017
Helsetreninga godt i gang.
Med 11 frammøtte vart det ein god start på styrketreninga for eldre sjølv om nokre av dei faste hadde meldt forfall.  Det er Uskedal helselag som står bak denne treninga som er i Gamleskulen kvar måndag i timen mellom 11 og 12.  Det er Eli Roseth Eik som leiar treninga slik ho har gjort frå oppstarten.  Berit H. Myklebust er vikar ved behov.
17.08.2017
Kvinnherad Auto med ny bilbergingsbil.
Sigurd Myklebust trappar ikkje ned aktiviteten i firmaet sitt Kvinnherad Auto sjølv om han har passert 77 år.  Han kjører på for fullt, og i helga var han i Oslo og henta seg ny bilbergingsbil.  Det er ein 2012-modell av merket Inveco, ein flott bil som ser ut som den er ny både innvendig og utvendig.
17.08.2017
Uskedalen har fått sin Løvfallsykkel.
Uskledalen.no har før skrive om enkle tiltak som skaper trivsel i nærområde. Blomane i kryssen på Haugland og planter i ein Jøtulomn på Nedre Fet er gode døme. Mange har den siste tida merka seg ein sykkel i sentrum tvers over vegen for Zjakk frisørsalong. Den 20 år gamle sykkelen er signalgul med blomedekorasjon og skiltet Skårhaug påmontert. Med dette har Uskedal fått sin 'Løvfallsykkel'.
16.08.2017
Har du høyrt om Burmagjengen eller B- gjengen som ei venegruppe med medlemer frå heile landet likar å kalla seg. Bakgrunnen er ei Albatrossreise til Burma i 2012 der 14 medlemer i reisefylgje valde å møtast att på Sildajazzen i Haugesund året etter. Dermed var det gjort. Kvart år etter det møtest gruppa andre helga i august. Ei kultuell hending, som Kammermusikkfestivalen i Rosendal, er ofte avgjeande for valet av plassen. Dønhaug Gjestegard var ein prima plass å bu.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS