Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Thor Inge Døssland
Tlf nr:932 88 237
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Reidar Myklebust
Tlf nr:477 56 944
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
Kontonr: 1503 39 82329
Last ned giro
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Flinke kulturskuleelevar med flott konsert.

14.06.2017
Klikk på bilete for full storleik
Nikolai Vågen, fiolin, si framføring av Menutt av Bach saman med læraren Olena Pasichnyk på piano var absolutt eitt av høgdepunkta.
 
Kulturskuleåret går mot slutten, og vi er no inne i ei veke med framføringar som avsluttar skuleåret.  Uskedalen.no var til stades på konserten i Rosendal samfunnshus då dette er konserten med flest deltakande her frå bygda.  Det har også vore uskedelingar med på andre framføringar, m.a. danseframsyning og rockekonsert tidlegare i veka.
 
Klikk på bilete for full storleik
Denne store gitargruppa innleia konserten på ein flott måte med Trollsandevisa. Mellom gitaristane i gruppa var uskedelingane Mathilda Valvatna-Kristiansen, Pål Ingmar Haugland og Fredrik Simensen Haugland.

Det er kjekt å vera publikum på desse konsertane.  Eg kjenner att elevar frå år til år, og det er verkeleg kjekt å sjå korleis dei utviklar seg.  Framgongen er tydeleg, og innan musikk er det viktig å gå i lære ein del år.  Det er ikkje ein kunst dei lærer på kort tid, men med tid og øving får dei ein hobby dei får ekstra stor glede av.

Konserten i kveld går absolutt inn i historien blant dei betre.  Både solistar og samspelgrupper kom svært godt frå det.  Særleg imponerte det meg korleis lærarane fekk samspelgrupper blant dei yngste til å fungera godt.  Her har det vore god framgong i kulturskulen dei siste åra.

 

Vi fekk oppleva ein variert og flott konsert der det veksla mellom samspelgrupper og solistar.  Vi fekk høyra ulike instrument med både gitar og piano, ulike messinginstrument og av strykarar fekk vi høyra både fiolin, cello og til og med kontrabass(Kjell Skarsfjord) som vert nytt tilbod i kulturskulen frå hausten av.  Innimellom dei gode instrumentalframføringane fekk vi også eit fint songinnslag av Marit Skarsfjord som framførte Radioactive.

 

Messingaspirantane fekk æra av å avslutta den flotte konserten, og det gjorde dei med glans.  Med god trøkk i spelet sitt, der dei viste dei hadde lært mykje dette første året, fekk dei det til å svinga slik at det faktisk rykte i den gamle dansefoten til underteikna. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Ingrid Klyve kom flott frå framføringa av Klessnorvals.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Uskedelingane Patryk Krawiec, Sondre Klyve og Karsten Huse Bjørnebøle hadde ei flott framføring av Streets of London saman med lærarane Ingvald(gitar) og Kjell(kontrabass). Dei framførte også ein annan kjend slager Killing me softly samt Kamp`s Jig.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Nils Rainer Vågen hadde flott euphoniumssolo på den kule låten Wizard Wheezes.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
Strykeorkester 2 imponerte verkeleg då dei framførte Oh, What a Day og William Tell. Absolutt eit høgdepunkt.
 
 
Klikk på bilete for full storleik
I det store strykeorkester 2 var desse uskedelingane med: Anna Elisabeth Eik, Astrid Kroka Raudstein, Dagny K. Raudstein, Joa Saghaug Kroka, Kaylah Stensletten, Mina W. Vetrhus, Nikolai Vågen(alle fiolin) og Deimante Zemaitaityte(cello).
 
 
Messingaspirantane hadde ein flott avslutning på konserten. Dei spela to nummer. Kjempeflott!! Og då dei avslutta med Hansel og Gretel svinga det godt i salen. 3 av aspirantane frå Uskedalen var med, Linnea Enes, Linnea M. Ripel og Torger Johan Koløy.

Tekst, fot og nett:  Thor Inge Døssland

 
 
 
  Tilbake

 
Lesarbilete
Notisar
20.08.2017
Idrettsmerketaking i morgon, mandag 21.08.
I morgon, mandag 21.08, kl.17.30 er det høve til å ta idrettsmerke på Heio.

Å ta idrettsmerke årleg er god motivasjon for å halda seg i trim, så møt opp!!
tid
20.08.2017
Marius og Trio vann igjen.
Trio fossar vidare i 5.divisjon og vann laurdag 4-0 over Søfteland på bortebane.  Marius Myklebust spela heile kampen.  Trio leiar no klart med 30 p etter 12 kampar føre Solid(26) og Søfteland(22).  Det ser dermed ut som dei styrer mot eit sikkert opprykk til 4.divisjon.

tid
19.08.2017
Klatregruppa startar treninga i morgon, sundag.
Klartregruppa i Uskedalen melder på Facebook at treninga tek til i morgon, sundag 20. august. kl. 16 - 18, i Aktivitetshuset. Dermed er sesongen i gang.

kb
19.08.2017
SmakifråOska informerer.
Laurdag er det stengt p.g.a. privat selskap, men søndag er det som vanleg søndagsmiddag frå kl.15.  Då vert det severt nydeleg marinert svinenakke med eplesaus.  Hugs å bestille!Neste veke held Oska stengt, og det vert heller ikkje søndagsmiddag den 27.august så¨derfor er det lurt å nytta sjansen denne søndagen.

tid
18.08.2017
Sesongstart i Røysterett for Alle.
Røysterett for Alle startar haustsesongen torsdag 24. august. Det tradisjonsrike koret helsar gamle og nye medlemer velkomne. Maria Malmsten er musikalsk leiar.

kb
16.08.2017
Oppstart i trimgruppa UIL.
Turngruppa inviterer til ny sesong, og oppstarten vert slik:
Step på onsdag 23.08., kl 20.
Kettlbells torsdag 24.08., kl 19.30. 
Crossmix på mandag 28.08., kl 20.
Dametrimmen mandag 04.09. kl.19.
Turngruppa ønskjer vel møtt til ein aktiv haust.

tid
14.08.2017
Skulestart for Uskedal skule.
Endeleg er det skulestart igjen. Start vert måndag 21/8 klokka 08:20 for alle klassar unntatt 1. klasse. Dei møter kl.09:30.
Det vert normal dag denne dagen så hugs nødvendig utstyr og ikkje minst niste.
Vel møtt.
Helsing Uskedalen Skule v/ Stig Berge-Soldal


tid
13.08.2017
Søndagsmiddag og Seinsommarquiz.
I dag vert det servert ei fyrrig og god oksegryte med potetpuré, grønnsaker og humus til søndagsmiddag på Oska frå kl 15.  Som vanlig er desserten inkludert.
Onsdag kl.20 er det klart for SeinsommarQuiz.  Dørene opnar då kl.18.00.  Her er det berre å melda på lag. Epost er rokokk@gmail.com og  tlf: 918 64 091

tid
12.08.2017
Uskedal helselag startar opp att med styrketreninga.
Uskedal Helselag startar igjen opp med styrketrening for vaksne/eldre i Gamleskulen måndag 14.08.17 kl. 11.00.
Ingen er for ung - eller for gamal. Litt trening gjer godt for alle. Vi ynskjer nye med på laget, gjerne fleire menn. Kom og bli med oss, melder Eli Roseth Eik i Uskedal helselag.

tid
10.08.2017
Finn fram styltene.
På museumsdagen på Rød 20. august vert det styltemeisterskap. Audun Eik vann den siste vandrepokalen til odel og eige. Bror hans, Ståle Eik, er ein skarp konkurrent. Difor: Finn fram styltene for trening. Dersom du ikkje har stylter, kan du låna på Rød.

kb
Siste Nyhende
20.08.2017
2. slåtten 3 - 4 veker forseinka.
Dårelg ver gjer at 2.slåten er 3 - 4 veker forseinka. I ei artikkel i BergensTidende nyleg kom det fram at bøndene rundt Bergen er fortvila. Forkvaliteten er dåleg, særleg for dei som driv med mjøkeproduksjon. Mange må spe på med kraftfor for å halda oppe mjølkemengda. Bonde Hans Reidar Kjærland stadfestar at bøndene i Uskedalen er i den same situasjonen.
20.08.2017
Folk kosa seg på museumsdagen.
Museumsdagen på Rødtunet vart arrangert i dag, og mot det som har vore normalt i det siste, var vergudane i godlage og på arrangørane si side.  Saman med eit fint program gjorde det at dei vel 50 publikummarane var svært fornøgde då dei gjekk på heimveg.
20.08.2017
Feira nasjonaldagen på Rødtunet.
20.august er Ungarn sin nasjonaldag.  Derfor stilte Eva Megyesi i flott ny bunad frå heimlandet då den dyktige kantoren deltok på museumsdagen på Rødtunet.   - Vi feirer nasjonaldagen for å minnast at vi fekk Kong Stefan i år 999 e.Kr., fortalde Eva, og la til at museumsdag på Rød var ein fin måte å feira dagen på.  Ho hadde tidlegare på dagen spela under gudstenesta i Holmedal kyrkje.
19.08.2017
Jørn Ø. Sunde på historisk seminar på baroniet.
Fredag den 8.september kjem Jørn Øyrehagen Sunde til temakveld i Uskedal kyrkje med føredraget «Fem tesar om reformasjonen sine verknadar på vårt samfunn».   Før den tid kan vi oppleva den dyktige formidlaren når Baroniet Rosendal arrangerer historisk seminar om reformasjonen laurdag 26.august.
19.08.2017
Røysting til stortingsvalet 31.august.
I samband med kommunevalet for to år sidan var det kraftige reaksjonar i Uskedalen på at talet på valkrinsar vart kraftig redusert, og at ein måtte køyra lange vegar for å røysta.  Ved det komande stortingsvalet vert dette retta på.  Då vert det førehandsrøysting i 3 timar i Aktivitetshuset 31.august.
18.08.2017
Helsetreninga godt i gang.
Med 11 frammøtte vart det ein god start på styrketreninga for eldre sjølv om nokre av dei faste hadde meldt forfall.  Det er Uskedal helselag som står bak denne treninga som er i Gamleskulen kvar måndag i timen mellom 11 og 12.  Det er Eli Roseth Eik som leiar treninga slik ho har gjort frå oppstarten.  Berit H. Myklebust er vikar ved behov.
17.08.2017
Kvinnherad Auto med ny bilbergingsbil.
Sigurd Myklebust trappar ikkje ned aktiviteten i firmaet sitt Kvinnherad Auto sjølv om han har passert 77 år.  Han kjører på for fullt, og i helga var han i Oslo og henta seg ny bilbergingsbil.  Det er ein 2012-modell av merket Inveco, ein flott bil som ser ut som den er ny både innvendig og utvendig.
17.08.2017
Uskedalen har fått sin Løvfallsykkel.
Uskledalen.no har før skrive om enkle tiltak som skaper trivsel i nærområde. Blomane i kryssen på Haugland og planter i ein Jøtulomn på Nedre Fet er gode døme. Mange har den siste tida merka seg ein sykkel i sentrum tvers over vegen for Zjakk frisørsalong. Den 20 år gamle sykkelen er signalgul med blomedekorasjon og skiltet Skårhaug påmontert. Med dette har Uskedal fått sin 'Løvfallsykkel'.
16.08.2017
Har du høyrt om Burmagjengen eller B- gjengen som ei venegruppe med medlemer frå heile landet likar å kalla seg. Bakgrunnen er ei Albatrossreise til Burma i 2012 der 14 medlemer i reisefylgje valde å møtast att på Sildajazzen i Haugesund året etter. Dermed var det gjort. Kvart år etter det møtest gruppa andre helga i august. Ei kultuell hending, som Kammermusikkfestivalen i Rosendal, er ofte avgjeande for valet av plassen. Dønhaug Gjestegard var ein prima plass å bu.
Sponsorar
iDrift AS
Spar
Elins Matgleder
Kvinnherad Breiband
Gros Blomster
Auto 88
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Uskedal Båtlag
Smakifråoska
Byggeriet
Kvinnherad Energi AS
kvinnheringen
Uskedal Røyr og Multiservice
Stord Lufthamn
Brødrene Hjønnevåg AS
Solheim Turiststajson
Harding
grenda
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Renhold service
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS