Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

Eldre bilete
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
21.01.2020
Årsmøte i Kvinnherad mållag, tysdag 11. februar.
Årsmøte i Kvinnherad mållag har dei siste åra vore i Uskedalen. Årsmøte 2020 er lagt til tysdag 11. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert Målblomen tildelt ei verksemd som over tid har synt positiv vilje til å bruka nynorsk internt og ut til brukarane. Kvinnherad Breiband fekk Målblomen 2019.

kb
20.01.2020
Kyrkjekoret Nordsaang syng på Nyttårskonsert i kveld.
Nyttårskonserten er i Valen kyrkje i kveld, måndag 20. januar, kl. 19.00. Kyrkjekoret Nordsaang deltek med to songar. Det vert i tillegg korpsmuikk, solosong, duett, fløyte, saxofon og orgel. Alle er velkomne.

kb
17.01.2020
Meld frå om årsmøte.
Det er tid for årsmøte i lag og organisasjonar. Melding om årsmøte er viktig informasjon. Send oss ei melding og vi legg det ut som ei kunngjering.

Red.
16.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde fører Aarebrot tradisjonen vidare.
Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde skal i helga halda Aarebrotførelesinga 2020, 1000 års rettshistorie på 200 minutt, i Aulaen på UiB. Til liks med Frank Aarebrot er Øyrehagen Sunde ein levande og engasjert formidlar. På 200 minutt skal Jørn dra linene frå mellomalderen i Bergen til dagens NAV skandale og riksrettssaka mot Donald Trump.

kb
16.01.2020
Årsmøte i Uskedal Friluftslag, måndag 17. februar.
Dette er ei kunngjering om at Uskedal Friluftslag har sitt årsmøte måndag 17. februar kl. 19.00 på Stemneplassen. Medlemslaga har møterett med to utsendingar kvar. Leiar, to styrmedlemer og varamedlemer står på val. Bondelaget er valnemnd.

kb
15.01.2020
Ny runde med søknader til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.
Søknader om gåver til allmennyttige føremål opnar tysdag 4. februar. Søknadstida er fram til tysdag 3. mars. Alle søkjer elektronisk. Meir informasjon på Facebook og på stiftinga si heimeside.

kb
14.01.2020
Opplæring i aktivitetskalenderen Friskus.
Onsdag 22. januar kl. 17.00 vert det skipa til infokveld og opplæring i friskus.com, på Rådhuset i Rosendal. Friskus er ein digital aktivitetskalender som gjer den enkelt å delta i og organisera frivillig arbeid. Alle må ha med eigen datamaskin. Meir informasjon finn du på kommunen sin heimeside.


kb
12.01.2020
PIONER 10 fots jolle funnen og sikra på Rød.
Torsdag i denne veka vart ein 10 fots PIONER funnen og dregen på land på Rød. Båten ligg på Helge Rød sin eigedom. Eigar kan sjå og henta båten der. Siste: Eigar har meldt seg.

kb
12.01.2020
Saka om brannstasjonen engasjerer.
Redaksjonen har moteke fleire kommentarar og merknader til saka om det som kan føra til nedlegging av brannstasjonen i Uskedalen. VI føl opp saka med å få fram ulike synspunkt. Dersom du har merknader, skriv kort og send til uskedalen.no@gmail.com

Red.
11.01.2020
Innsamlinga til Ukraina held fram.
Innsamlinga til Ukraina i regi av Tro - Håp - Kjærlighet stiftelsen held fram. Ring 971 47 851 for avtale om levering. Minst kr. 50,- pr. sekk som dekker felleskostnader.

kb
Siste Nyhende
22.01.2020
Uskedalen bør ha status som ei framskoten eining i Kvinnherad brann og redning.
Jan Fausk er utflytta kvinnhering og har yrkesbakgrunn både frå politiet og brannvern. Han har til no eganasjert seg mykje i saka om ny brannstasjonsstruktur i Kvinnherad. Brannsjefen går inn for modell 3 med tre brannstasjonar i Rosendal, Ølve og Husnes. I tilegg kjem tre framskotne einingar i Åkra, Halsnøy og Varaldsøy. Jan Fausk vil også ha med Uskedalen som ei framskoten eining. Les kva Fausk skriv:
21.01.2020
Stord Airshow på Stord Lufthamn, laurdag 13. juni.
Stord lufthamn markerer 35 års jubileum med å arrangera Stord Airshow 2020, laurdag 13. juni. I den anledning er det med stor glede me no kan annonsera at det Latviske oppvisningsteamet «The Baltic Bees» kjem til Stord Airshow 2020. Jan Morten Myklebust frå Uskedalen er lufthamnsjef på Sørstokken.
21.01.2020
Det går mot kommunal drift og eigarskap av Kalkdoseraren.
Staten ved Fylkesmannen vil at Kvinnherad kommune skal overta drift og eigarskap av kalkdoseraren i Uskedalsvassdraget. Anbjørn Høivik i Kvinnherad kommunen stadfestar at det er drøftingar på gang og at ein legg opp til nytt driftsopplegg i februar månad. Før det må det fremjast sak for politisk behandling.
20.01.2020
Mållaget går nye vegar i si profilering.
Kvinnherad mållag med fast møteplass i Uskedalen går nye vegar i si profilering. Det siste er at raudrussen kan tinga seg strykemerke med nynorske slagord. Det kan gjerast så enkelt at russen skriv namnet sitt på mållaget si Facebookside. Mållaget tingar strykemerka og dekkar kostnaden.
19.01.2020
Reisebrev 2 frå turen til Umbred i India.
India er eit stort land. Vi tok fly frå Chandigar til Nagpur. Vidare var det 1 time å køyra til Umred. Kjøreturen var treg for det var mykje vegarbeid. Effi David og sonen Moses henta oss. På hotellet var det stilt sidan det var etter midnatt. Effi fekk liv i personalet og vi fekk romma våre. Hotellet var 3 år gamalt og vi var dei fyrste utlendingane som var der. Personalet kunne ikkje eit einaste ord engelsk så vi måtte ha Effi som tolk. Han og famiien ordna alt.'Kvitingane' vekte oppsikt! Effi inviterte seinare personalet til å koma til skulen for å læra engelsk.
18.01.2020
Jørn Øyrehagen Sunde held Aarebrotførelesinga i morgon, sundag 19. januar.
I morgon, sundag 19. januar, arrangerer Universitetet i Bergen Aarebrotførelsinga 2020 i Aulaen på Museplassen 3. Jørn Øyrehagen Sunde frå Uskedalen er professor i rettshistorie og skal halda årets førelesing. Han skal på 200 minutt førelesa om rettshistoria frå mellomalderen til den moderne rettsstaten. Studentane er med og underheld med song og tablå frå lover i historia.
17.01.2020
Ny garasje er snart på plass etter brannen.
Natt til 1. nyårsdag vart garasjen til Affi Eidsvik totalskadd i brann. Veka etter er tomta rydda. To veker etter vert det reist ny garasje på tomta. Snakk om tempo der alt går som smurt. Uskedalen.no var på plassen i går og fekk snakka med eigaren og snikrane frå Byggefirma Kjell Høyland.
16.01.2020
Tor Erik Eide er tildelt Forsvarsmedaljen.
Tor Erik Eide ( 45 år )  frå Uskedalen er i dag tildelt Forsvarsmedaljen. Markeringa var på Haakonsvern i Bergen og sjefen for Sjøforsvaret, admiral Nils Andreas Stensønes, stod for sjølve overrekkinga. Eit av kreteria for å bli tildelt Forsvarsmedaljen er minst 25 års teneste i Forsvaret. Tor Erik Eide gjekk inn i Forsvaret som 18 åring og har sidan vore i Kongens klede.
16.01.2020
To stormfloer på 24 timar, men ikkje rekord.
Ekstremveret Didrik vart oppgradert med raudt varsel i Sunnhordland. Vasstanden var 70 til 80 centimeter over det normale i går, onsdag. Dermed vart det ikkje rekord. På natta var lite vind, på dagen berre bris styrke. Så langt vi kjenner til er det ikkje gjort skade på bygg eller på andre installasjonar i strandsona.
Sponsorar
Solheim Turiststajson
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Vekstbedrift AS
 grenda
Ospelunden
Gros Blomster
Auto 88
Stord Lufthamn
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Breiband
Kvinnherad Elektro
Eidsvik Eigedom AS
Spar
Byggeriet
Elins Matgleder
Uskedal Røyr og Multiservice
kvinnheringen
Kvinnherad Energi AS
Tysnes Sparebank
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Renhold service
Zjakk Frisørsalong
Sparebank 1 SR bank ASA
iDrift AS
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS