![]() | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søk
Kontakt oss
Aktivitetar i Uskedal |
|
Lesarbilete Notisar 23.02.2019 Arbeidsuhell i skogen. Ein person vart i går, fredag 22. februar, frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter eit arbeidsuhell i skogen på Musland. Lege og ambulanse kom straks til. På Facebook les vi at personen er operert for brot i ryggen og i eine kragebeinet. Familien melder at personen er ved godt mot. kb 21.02.2019 Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. febr. kl. 14 Thaivogna opnar i morgon, fredag 22. februar kl. 14. Opningstidene inntil vidare er fredag - sundag kl. 14 - 20. I påskehelga vil det vera ope kvar dag. Menyen er fornya. kb 21.02.2019 Planprogram til ny K.plan ute på høyring. Ein observant lesar gjer oss merksam på at planprogrammet til ny kommunedelplan for Kvinnherad kommune er ute på høyring. Uskedalen med sine 9 % av innbyggjarane i kommunen er så langt ikkje nemnd med eit ord i plandokumentet. Gå inn og send kommentar. Du finn meir på: www.kvinnherad2015.no kb 21.02.2019 Påminning om årsmøte i Friluftslaget i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19. Styret i Uskedal Friluftslag minner om årsmøte som skal vera i kveld, torsdag 21. febr. kl. 19 på Stemneplassen. Medlemslaga, 10 i talet, har møterett med to medlemer kvar. I tillegg til årsmøtesaker vert det drøfting om vidare arbeid og utvikling av Stemneplassen og område som høyrer til. Styret 20.02.2019 Venstrelista skal vera klar i dag. Nominasjonskomiteeen i Venstre har meldt frå om at lista til Kommunevalet 2019 skal vera klar for kunngjering i løpet av dagen. Så langt vi kjenner til vil Venstre halda fram med kummulering av dei to fyrste kandidatane på lista. kb 19.02.2019 Familiekonsert på Bedehuset i morgon, onsdag 20. febr. kl. 17. Tårnagentkoret inviterer til familiekonsert i morgon, onsdag 20. februar kl. 17 på Bedehuset. Konserten vert på ei vanleg øving. Det vert mykje song og moro. Alle er velkomne. Nelly og Eva 19.02.2019 Rekene i stranda på Rød kan vera krill. Daude reker i stranda på Rød kan vera krill. Det er ikkje uvanleg at krill vert skylt på land på denne måten. Det er mange liknande døme frå kysten der det er stadfesta at det er krill, ikkje reke. Saka har skapt stor merksemd og Uskedalen.no skriv meir når fagkunnskapen er på plass. kb 18.02.2019 Mållagsårsmøte i Gamleskulen, tysdag 19. febr. kl. 19. Kvinnherad Mållag har sitt årsmøte i Uskedalen i morgon, tysdag 19. februar kl. 19. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det utdeling av Målblomen 2019. Tema på møte vert Bruk av nynorsk i redaksjonen med innleiing av Øystein Skjæveland. Grenda og Kvinnheringen vil vera med på møte. kb 17.02.2019 Sveinung Pile på AP lista i Stad kommune. Sveinung Pile ( 41 år ) frå Nedre Fet i Uskedalen er ført opp som nr. 28 på AP lista i nye Stad kommune. Hjartesakene hans er: Oppvekstsaker, næring og verdiskaping, forsvaret/HV og omstilling i ei digital og grønare framtid. Pile bur på Hjelle, har utdanning frå maritim næring, men har i dag arbeidet sitt innan kultur. Sveinung Pile er ein av grûndarane bak FestiDalen. kb 17.02.2019 Thaivogna opnar fredag 22. februar. Den populære Thaivogna i Uskedalen opnar etter vinteren fredag 22. februar kl. 14. Opningstida framover vert fredag - sundag kl. 14 - 20. Det er ny meny. kb Eldre Nyhende 12.02.2019 Ny utlysing om støtte frå SpareBank 1-stiftinga. Søknadsskjema frå SpareBank 1-stiftinga, Kvinnherad er lagt ut. Lag og organisasjonar registrert i Brønnøysundregisteret og med organisasjonsnummer kan no skriva søknader på gode prosjekt. Søknadsfristen er 12. mars. Det vert vurdert støtte til tiltak av ålmennnyttige føremål. Søknader skal skrivast og sendast elektronisk. Meir informasjon finn du på stiftinga si heimeside. 11.02.2019 Salmekveld med 20 salmar frå 7 musikalske tidsperiodar. Salmar til alle tider er overskrifta på salmekvelden i Uskedal kyrkje måndag 18. februar kl. 19. Kantor Eva Megyesi har vald ut 20 salmar frå dei fyrste 200 salmane i Norsk salmebok. Salmane avspeglar salmetonen frå sju ulike tidsperiodar, frå folketonane til melodiar frå nyare tid. Når heile salmeboka skal syngjast på denne måten, er dette ei nyskaping og har truleg ikkje vore gjort før. 10.02.2019 Vindmøller i Uskedalsfjella er framleis med i vurderinga. NVE sitt arbeid med Nasjonal ramme for vindkraft på land nærmar seg no slutten. Hovudrapporten skal offentleggjerast 1. april. I alt har dei peika ut 43 aktuelle område for utbygging over heile landet, og tre av desse omfattar deler av Kvinnherad. Miljødirektoratet og Riksantikvaren har no kome med framlegg til område der dei ikkje ønskjer utbygging ut frå ulike verneinteresser. I Kvinnherad er det berre fjellområda i Mauranger som er tekne med her. Med dette er fjella kring Uskedalen framleis med i vurderinga. 09.02.2019 Vart kretsmeister i langrenn. I dag vart det tradisjonelle Ulvikarennet arrangert. Løpet gjekk i fristil, og rennet var også kretsmeisterskap for Hordaland i denne stilarten. Rennet samla dermed eit stort tal deltakarar frå heile fylket. Fleire løparar frå UIL deltok i rennet, og dei hevda alle seg godt i kamp med dei beste skiløparane i fylket. Kari Bråtun gjekk heilt til topps i kvinneklassen. 09.02.2019 Aud S. Myklebust 84 år og med utstilling på Lagunen Storsenter. I dag kl. 12 opnar Aud Sørheim Myklebust utstilling på Lagunen Storsenter. Utstillinga syner det store mangfaldet som særkjenner Aud sitt arbeid. Med over 100 kunstverk finn du biletvev, maleri og monotypi. Mange av tekstilprodukta er laga på veven i Fløyen, arbeidshytta hennar i Uskedalen. Fleire av bileta har motiv frå Ulvanoso. Utstillinga er open på Lagunen fram til 23. februar. 08.02.2019 Sommarrute frå Stord til Billund og Legoland Lufthamnsjef, Jan Morten Myklebust, har ei gladmelding til alle i Uskedalen og Kvinnherad. Frå juni vert det opna ei direkterute frå Stord til Billund. Legoland ligg i Billund. Dette rutetilbodet er noko Stordflyet har jobba med i hausthalvåret 2018. No er det realitet. Familiar kan med dette reisa på weekendtur tli Danmark og få med seg store opplevingar i Legoland. 08.02.2019 Profilering - tema på årsmøte i Uskedal utvikling. Profilering var tema på årsmøte i Uskedal utvikling. Anja Strüter fortalde om innspelinga av programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, frå fyrste kontakten med redaksjonen til ferdig program. Marit Hjønnevåg, dagleg leiar i Hjønnevåg AS, tok oss med på ei kort historisk reise og vidare om det å vera fiskematprodusent med fagkunnskap, hardt arbeid og strenge krav til kvalitet. 07.02.2019 Kreftkafeen i Uskedalen - eit tilbod som bør halda fram. Tysdag i denne veka var det ny samling i Gamleskulen, det som har fått namnet Kreftkafe. Det er andre gongen Uskedal helselag inviterer kreftsjuke, pårørande og andre interesserte til ei samling om ei viktig sak. Eva Haugland er pådrivaraen. Ho helsa velkomen og informerte om kor viktig det er å møtast for erfaringsutveksling og det å få støtte når sjukedomen rammar. 06.02.2019 Gunn Mari Moberg held fram som leiar i Uskedal Utvikling. Gunn Mari Moberg tok attval som leiar i Uskedal Utvikling på årsmøte i kveld. Med seg i styret har ho: Egil Myhre, Oddbjørn Kroka, Andreas Tarberg og Henrik Lyse. Oddbjørn Kroka har med dette fast plass i styret. Ny varamedlem er Remi Andre Onarheim. Kristian Bringedal gjekk ut av styret for å samla seg om arbeidet med Uskedalen.no. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utvikla av iDrift AS |