Uskedalen Utvikling Uskedalen Utvikling 2012-05-18T03:45:44+02:00 Truleg 500 i ny togrute Justeringen av 17.mai-programmet og då mellom annatogruta har vore vellukka. Anslag går ut på at så mange som 500vart med då toget for første gong gjekk frå Grana via Stemneplassen og over Dønhaug til skulen. Det kan verarekordoppslutnad, og det var oppsiktsvekkjande då detvar regn i lufta. Lukkelegvis heldt vergudane seg i tømme. 2012-05-17T00:00:00+02:00 Hylla den norske rettsstaten Tenk å få leva i eit land der det faktisk går an å sjikanera landets statsminister såpass usakleg som bøndene har gjortutan at nokon - aller minst statsministeren sjølv - ville finna på å meina at det ikkje skulle vera lov. Dagens talar, advokat Bjarte Døssland, kom med denne ytringamed utgangspunkt i biletet av statsministeren med ei hønepå hovudet. Det har vore utplassert også i Uskedalen. 2012-05-17T00:00:00+02:00 Familiequiz på 17. mai For fyrste gong er det i programmet for 17. mai lagt inn familiequiz.Tema er: 17.mai nasjonalt og lokalt.Spørsmåla har ulik vanskegrad 2012-05-16T00:00:00+02:00 Seigmen på topp i siste booking Festidalen er i mål med årets booking. SEIGMEN kjem! I tillegg har de ibooka Lonely Kamel, Supermale og HighasakiteArrangørane er erstolte over å få Seigmen til å spela på fredagen 2012-05-16T00:00:00+02:00 Dei 3 siste banda i Festidalen Lonely Kamel, Supermale og Highasakite er dei 3 siste Festivalbandasom har kome på plass. 2012-05-16T00:00:00+02:00 Hansen-show med vekselbruk Atle Hansen, eigentleg bømling men busett på Stord sidan 1970,er ein multimann som satsar på vekselbruk.Han er 50 prosent journalist i Sunnhordland og dertil, låtskrivar,visesongar og forfattar av 15 bøker. Ein kan leggja til skodespelar,for Atle spelar med heile kroppen når han opptrer.I dag presenterte han bortimot heile seg for elevar og lærarar i Aktivitetshuset og dei to timane var eit skikkeleg show! 2012-05-16T00:00:00+02:00 Nynorsk frå skulestart Skulen i Uskedalen ligg stadig langt framme i tevlinga om pengartil spesialprosjekt. No har skulen fått 15 000 for neste skuleårtil posjektet nynorsk frå skulestart, Nynorsksenteret står bak løyvinga. 2012-05-16T00:00:00+02:00 17. maiprogram tilpassa veret 17. maikomiteen helsar alle velkomne til nasjonaldagenVeret er ikkje det beste. Programmet vert uansett gjennomført etter oppsett plan.Med eit endra opplegg er ikkje veret eit hinder for å delta. 2012-05-16T00:00:00+02:00 Lærerik miljødag for fjerdeklassingane Eg håpar at dykk har lært noko og at dykk lærar det vidare til andre.Det sa kommunikasjonsmedarbeidar Janne Hillersøy i SIM då ho hadde proppa 17 fjerdeklasssingar frå Uskedalen med miljøkunnskap i dag.Ho trong ikkje vera bekymra for ni- og tiåringanela både under og etter for dagen at dei veit forbløffandemykje om emnet. Så hade dei også hatt 10 timarom emnet på førehand. 2012-05-15T00:00:00+02:00 Steiking av brød heile dagen Iidag har brødforsyningane prega bondeaksjonen og allereiegrytidleg var aksjonistane i Uskedalen ute og slo ned bodskapensin på jordet. Der vart det slege fast at det ikkje vartt noko brødutan bondens frø. SPAR opna klokka 8 og bøndene sjølv lensasnart hyllene. 2012-05-15T00:00:00+02:00 Dugnadsinnsats før Dagen Vi står foran den største av alle dagar for landet og mangegjer noko forå pynta opp til høgtida. Det gjeld ogsåUskedalen og i kveld er det gjort ein innsats for å gjera området rundt Grana, Gamleskulen og Helgheim reint ogpent. 2012-05-15T00:00:00+02:00 100 høyrde professor Haga Professor i revmatologi Hans-Jacob Haga frå Bergen har heldt foredragi Kvinnherad fleire gonger før, men i kveld var han første gong iUskedalen. Dit kom det rundt rekna 100 for å høyra han i Helgheimog dei vart ikkje skuffa. Revmatikarlaets leiing drøymde ikkje om atdet skulle koma så mange. 2012-05-15T00:00:00+02:00 Ku-stunt og blokade av parkering Bøndene i Uskedalen og Omvikdalen leia av Olav Hjetland Bringedalog Kjetil Mehl gjennomfører i dag første lokale fase i bondeaksjonensom er landsomfattande. Ku-stunt og blokade av parkeringa rundtrådhuset med traktorar var ein synbar og også hørbar markering.Størst merksemd vekte kua som i 3 timar var plassert ved inngangensupplert med denne bøna:Synnøve kan du mjelka og fora meg, eigaren harikkje råd lenger 2012-05-14T00:00:00+02:00 Saman om reinseanlegg? Det har vist seg svært vanskeleg å reinse svartvatn frå biotoalettog difor har skedelingane og hyttenaboane Roar Musland og Endre Myklebust gåttsaman om installasjon av eit mini reinseanlegg på Bjørkestølen.Anlegget vil ta seg av både svartvatn og gråvatn og gje betre kontrollog meir samla utslepp. Begge vil også spara kostnader. 2012-05-14T00:00:00+02:00 Om slitasjegikt i Helgheim Det er imorgon tysdag professor Hans-Jacob Haga skalorientera om slitasjegikt i eit foredrag i Helgheim. Møtettek til klokka 19.30 og det er venta interesserte frå alledelar av kommunen. 2012-05-14T00:00:00+02:00