 |

Kafeservering i septembersol |  | | Uteservering i septembersol er ikkje vanleg korkje her eller andre stader |
| | | | Det er ikkje akkurat vanleg at ein kan drive kafe utomhus i september, men det skjedde ved Gamleskulen i dag. I det fantastiske haustveret kosa gjestene seg med godsakene som dugnadsgjengen hadde laga til. | | | | - Men vi hadde venta større oppslutnad. Det kom ikkje fleire enn 25 vaksne og 1 barn og særleg sakna vi dei ellers så trufaste uskedelingane, seier damene bak TI-aren. | | | | Ellers har uskedalen.no vore på snarvisitt på grendehuskafeen i Herøysund, som har eit litt anna driftsopplegg enn vårt. Dei har ope annankvar torsdag og gjestene betaler 25 kroner uansett kor mykje dei et og drykk. | | | | Overskotet går til ein reisekonto, som forresten skal nyttast torsdag til veka. Då dreg ein truleg full buss til Tysnes og Haaheim gard. Det er plass også til uskedelingar! Men middagen må dei betala sjølve. | | | | I Herøysund er det også ein annan fast post på programmet som vi ikkje har og det er utlodning. | | | | Tekst og foto: Ola Matti Mathisen | | |  | | Det var ikkje akkurat kø i går. |
| | | | | |
| |
 |