 |

Linedance berre i Helgheim | | | | | I fjor inviterte bedriftsidrettslaget i kommunen til linedance to dagar i veka - i Omvikdalen og på Husnes - og i Helgheim tredje kvar veke. I sesongen som vart innleia i kveld konsentreres heile tilbodet til Helgheim i Uskedalen. | | | | | -Vi møtest her kvar måndag frå heile kommunen. Det er praktisk, ikkje minst fordi eg er aleine om instruksjonen, seier Anne Kari Andersen i laget. | | | | | Og etter den første linedance-kvelden i Helgheim verkar det som om det var eit fornuftig val.Det møtte fram 30, noko dei som har vore med før kallar normalt. Men det blir og bemerka at det berre stilte opp ein einaste mann og at det ikkje kom ein einaste 'ny' uskedeling. Det siste var ikkje minst veteranen Berit Harriet Døssland skuffa over. | | | | Også i fjor var det rundt rekna 30 deltakarar hvis ein ser dei 3 dansestadane under eitt. | | | | (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | | | | | | | | | |
| |
 |