Uskedeling med storverk om fjordabåtane |
 | | Harald Sætre med boka på Sandakaien, der han i ung alder fekk mange og sterke inntrykk av fjordabåtane. (Foto: Kristian Bringedal) |
|
| |
No er boka til uskedelingen Harald Sætre om fjordabåtane lansert og til sals.Verket på 175 sider utgjeve på Kapabel Forlag har vorte eit storverk og ein svært grundig dokumentasjon av båtar som var og er mykje meir enn eit sjøvegs transportmiddel. |
| |
 | | Stord 1 og Granvin saman ved kai (bilete i boka) |
|
Sætre slår korrekt fast i forordet at dei er ein del av vår felles kulturarv og identitet. Med handa på hjarta: Akkurat dette kjenner vi vel alle når til dømes Stord 1 passerer Uskedalen og varslar det med fløyta? |
Sætre , født i 1949 og busett i Indre Arna, har vore bankmann sidan 1971. Men heilt frå barndommen har han vore interesssert i skip og særleg då i lokalrutebåtane som han fekk inn med morsmjølka i Uskedalen. |
| |
I Veteranskipslaget Fjordabåten har han vore svært aktiv sidan laget vart stifta for 30 år sidan og ingenting var naturlegare enn at det var han som skreiv boka om laget og båtane. Han har sjølv vore ein viktig og sentral aktør i det utruleg store arbeidet som er lagt ned for å berga særleg D/S Stord I og M/S Granvin over i ein ny epoke. Utan slike som Sætre hadde fartøyvernet her i Noreg vore eit trist kapitel og med innsatsen sin har han og profilert Uskedalen og gjort bygda kjend som reisemål. |
| |
Størst inntrykk i skildringa av innsatsen gjør naturleg nok restaureringa av Stord I etter brannen. Enkelte hevda at det ville vera økonomisk uansvarleg å starta ei gjenoppbyggjing utan grundige utgreiingar. Men det hasta med å avklara kva som skulle skje med det utbrende skroget og dei rette vedtak vart heldigvis fatta. No ser vi alle det imponerande resultatet. |
| |
”Damp, diesel og pågangsmot”har lagt stor vekt på biletstoffet som stort sett er av høg kvalitet. Så er da også Sætre ein svært dyktig fotograf som har teke dei fleste av bileta sjølv. |
| |
Sætre kjem i august attende til Uskedalen for sal og signering av boka. |
| |
Av Ola Matti Mathisen |
| |
 | | Dar kjem dampen! Ivar Medås og Johannes Kleppevik opptrer om bord på Granvin i 1983. (bilete i boka). |
|
| |
|
|
|